2. Komiteen sine merknader

       Komiteens fleirtal, medlemene frå Senterpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti, ser det som viktig å betre trafikktryggleiken. Fleirtalet finn det som særleg viktig å satse på å redusere ulykker, m.a. med tunge kjøretøy fordi ulykker der desse kjøretøya er innblanda ofte får dramatiske konsekvensar med omsyn til skadar på personar og materiell.

       Fleirtalet er kjend med at det vert gjennomførd ulykkesanalysegrupper med basis i vegkontor/trafikkstasjon i nokre fylke.

       Fleirtalet meiner at oppretting av tverrfaglege ulykkesanalysegrupper er viktig for å finne ut av kva som hende ved ei ulykke, og kva årsaka var. Ved å kartlegge årsaksamanhengane ved ei ulykke så nøyaktig som mogleg, kan ein best iverksette dei rette tiltaka for å redusere talet på ulykker.

       Fleirtalet vil difor be departementet syte for at det vert etablert tverrfaglege ulykkesanalysegrupper i ulike delar av landet.

       Fleirtalet ser det som nødvendig at ulykkesanalysegruppene får ei brei fagleg samansetting for å få maksimal moglegheit for innsikt i årsaka til ulykka, m.a. er de viktig at gruppa yrkessjåførar er representert der tunge kjøretøy er involverte.

       Fleirtalet foreslår:

       « Stortinget ber Regjeringa syte for at det vert etablert tverrfaglege ulykkesanalysegrupper til å granske alvorlege ulykker i ulike delar av landet der kjøretøy er involverte. »

       Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet viser til brev av 9. april 1997 til komiteen fra Samferdselsdepartementet.

       Disse medlemmer er i likhet med departementet positive til at det foretas utvidede undersøkelser for å få bedre kunnskap om ulykkesårsaker ved spesielle typer ulykker, bl.a. ulykker med tunge kjøretøyer.

       Disse medlemmer viser til at ulykkesanalysegrupper er etablert ved tre vegkontorer/trafikkstasjoner, og at ytterligere to fylker starter opp slike grupper i løpet av 1997.

       Disse medlemmer har merket seg at bruken av ulykkesanalysegrupper er under vurdering i Vegdirektoratet. Dette gjelder antall ulykkesanalysegrupper, bemanningen av dem og hvilke ulykkestyper som bør studeres.

       Disse medlemmer finner derfor ikke å kunne slutte seg til forslaget i Dok.nr.8:37 (1996-1997).