1. Samandrag

       I Dok.nr.8:37 (1996-1997) fremjer representantane Johanne Gaup, Terje Sandkjær og Magnus Stangeland følgjande forslag:

       « Stortinget ber Regjeringen sørge for at det etableres tverrfaglige ulykkeskommisjoner til å granske ulykker der tunge kjøretøyer er involvert. »

       Som bakgrunn for forslaget blir det vist til at trafikktryggleiken på vegane er ei stor utfordring og det er viktig at relevante tiltak som kan bidra til auka tryggleik vert sett i verk.

       Ulykker med tunge kjøretøy representerer ei særskilt utfordring, ved at konsekvensane ofte blir dramatiske med omsyn til skadar på personar og materiell. Medan vogntog t.d. var innblanda i ca 3 % av alle ulykkene i 1995, representerte desse ulykkene ca 13 % av alle drepte i trafikken same året. Dei innblanda vogntoga forårsaka ca 37 % av ulykkene der meir enn ein trafikant var involvert i 1995.

       I satsinga på å begrense tal på tungtrafikkulykker er det svært viktig så nøyaktig som mogleg å finne ut av årsaksamanhengane, for deretter på ein realistisk måte å kunne sette i verk aktuelle tiltak. Ulykkeskommisjonar har fungert ei tid m.a. i Sverige.

       Transportnæringa er ein pådrivar for å få etablert ulykkeskommisjonar/ulykkesgrupper/ulykkespatruljer.

       Det er viktig at slike kommisjonar får ei samansetjing som gir maksimal moglegheit for innsikt i problematikken.

       Talet på slike kommisjonar bør vurderast ut frå at ein kommisjon skal dekke eit formålstenleg tal på ulykker.