2. Komiteen sine merknader

       Komiteen viser til at Europarådet i 1996 tok opp to nye medlemsstatar. Då Kroatia vart medlem i november 1996 kom det samla medlemstalet opp i 40. Det som likevel gjer 1996 til eit merkeår i Europarådet si historie, er opptaket av Russland den 28. februar 1996. Det markerte for alvor at Europarådet no verkeleg er blitt ein alleuropeisk organisasjon. Innbyggjartalet i medlemslanda er no omlag 750 millionar.

       Sluttstrek er likevel ikkje sett for opptak av nye medlemer. Komiteen har merka seg at også Armenia, Aserbajdsjan, Georgia, Bosnia-Hercegovina og Kviterussland har søkt om medlemskap. Komiteen finn grunn til å understreke at Europarådet sitt breie geografiske nedslagsfelt har gitt organisasjonen ei stadig viktigare rolle, noko som òg er reflektert i det faktum at USA, Canada og Japan fekk observatørstatus i Rådet i 1996.

       Komiteen vil peika på at det i dag er to organisasjonar som står fram som verkeleg alleuropeiske. Det er Europarådet og OSSE, Organisasjonen for Tryggleik og Samarbeid i Europa. Komiteen har tidlegare understreka at det er viktig at desse to organisasjonane samordnar sitt arbeid best mogleg, slik at ein unngår unødvendig dobbeltarbeid. Det er ikkje minst når det gjeld menneskelege og kulturelle aspekt av samarbeidet at organisasjonane sine mandat tangerer kvarandre. Komiteen har notert seg at OSSE og Europarådet i 1996 heldt eit høgnivåmøte med deltaking av dei to organisasjonane sine formenn og generalsekretærar. I dette møtet drøfta ein særleg koordinering av arbeidet for å fremje demokrati, respekt for menneskerettane og rettsstatsprinsippet. Komiteen finn det nyttig at ein no følgjer opp dette samarbeidet, mellom anna når det gjeld mekanismene for å overvake medlemslanda sine plikter.

       Ei av dei mest utfordrande oppgåvene Europarådet har vedtatt å ta fatt på er etter komiteen sitt syn arbeidet for attreising og styrking av demokratiske institusjonar i det området som tidlegare var Jugoslavia. Komiteen har merka seg at hovudvekta i dette arbeidet ligg i Bosnia-Hercegovina, der ein i 1996 arbeidde for å etablere eit Menneskerettskammer for landet, for å førebu parlamentsvala og for å støtte repatrieringsprosessen og arbeidet med ei ny grunnlov.

       Komiteen vil i samband med vala til nasjonalforsamling som vart gjennomført i september i 1996 vise til at om Europarådet medverka, så hadde OSSE eit hovudansvar. Komiteen er klår over at det har kome ein del kritikk mot måten vala vart gjennomført på, noko som har samanheng med den spente situasjonen og mangelen på gjensidig tillit mellom dei tre folkegruppene i Bosnia-Hercegovina.

       Komiteen har òg merka seg at den Europeiske Menneskerettskommisjonen i 1996 mottok 12.142 klager om brot på Menneskerettskonvensjonen. Det er ein auke på omlag 20 % frå året før. Også Den europeiske Menneskerettsdomstolen hadde fleire saker til handsaming i 1996 enn året før.