6. Luftfartsverkets økonomi

6.1 Sammendrag

Sjølvfinansiering, prognosar og ressurstilgang

       Kravet om total sjølvfinansiering bør vurderast både ut frå omsynet til billettprisane til trafikantar og næringsliv, og ut frå ei realistisk forståing av finansieringsevna Luftfartsverket har i perioden 1998-2001.

       Departementet har bede Luftfartsverket gjennomføre separate økonomiske analysar av totaløkonomien til Luftfartsverket og til Oslo Lufthavn AS for å få grunnlag for sentrale avvegingar som desse bedriftene og overordna styresmakter må gjere for å sikre ei best mogleg langsiktig utvikling av tenesteytinga.

       Prognose viser en gjennomsnittleg vekst i flytrafikken på 4,1  % pr. år fram til år 2007. Veksten er noko forskjellig i ulike marknader med 4,3  % i trafikk på utlandet og 4,0  % i innanlands trafikk utanom anbodsnettet, der veksten er rekna til 2,5  %. Tilrådd prognose for flypassasjerar komne og reist over norske lufthamner gir ein vekst frå 23,7 mill. (estimert) i 1996 til om lag 36,8 mill. i år 2007.

       Det er vidare lagt til grunn ein årleg volumvekst i grunnlaget for luftfartsavgiftene på 2,5  % frå 1997 til 1998, og deretter 3  % pr. år. For anbodsnettet er den årlege volumveksten sett til 2  %.

       Ut frå føresetnadene har Luftfartsverket rekna driftsinntektene til om lag 8,46 mrd. kroner i planperioden 1998-2001 (eksklusive Oslo Lufthavn AS og eksklusive overføringar til Luftfartsverket frå departementet).

       Noreg vil som følgje av EØS-avtalen også bli forplikta til å følgje hovudprinsippa i EU sine reglar om prising av luftfartstenester. Kommisjonen i EU arbeider med framlegg til direktiv om prinsippa for fastsetjing av lufthamnavgifter.

       Det er likevel ikkje klart om eit nytt direktiv vil krevje at lufthamnavgiftene skal fastsetjast for kvar einskild lufthamn basert på økonomien der, eller om dei skal kunne kostnadsrelaterast for eit heil nett av lufthamner, slik tilfellet er i Noreg i dag. Det er usikkert kva tid eit nytt direktiv kan tre i kraft. Regjeringa følgjer utviklinga nøye med det overordna mål å leggje til rette for eit godt og heilskapleg luftfartsnett også i framtida.

Drift av luftfartssystemet

       Luftfartsverket har for planføremål rekna driftsutgiftene sine i planperioden til rundt 6,04 mrd. kroner. Det vil innebere eit mål om å halde veksten i driftsutgiftene på 2,3  % pr. år.

       Driftskostnadene ved dei 26 regionale flyplassane er stipulerte etter normalnivået i 1997 på om lag 160 mill. kroner med 2,3 % årleg auke. Det er ikkje rekna med nokon auke som følgje av statleg overtaking av plassane og endra driftskonsept i den samanhengen. Det er derimot lagt til for auka driftskostnader som følgje av teknisk/operativ oppgradering.

       Departementet vil leggje til grunn ein produktivitetsvekst på 1  % for heile det statlege flyplassnettet, dvs. også på dei nye statlege flyplassane frå og med året etter statleg overtaking av tidlegare kommunale plassar og justert for utgifter til teknisk/operativ oppgradering.

       Det manglar pr. 1. oktober 1996 om lag 55 flygeleiarar. Departementet er ikkje nøgd med flygeleiarsituasjonen så lenge det er for få flygeleiarar i høve til behovet, og vil følgje utviklinga i behov og utdanning nøye.

       Det er under førebuing ein ny rammeavtale mellom Forsvarsdepartementet og Samferdselsdepartementet om fordeling av ansvar og utgifter ved statens flyplassar.

       Investeringar i flysikringsutstyr er prioriterte i planperioden, og leigekostnader for satellittar og internasjonale system kan bli høge i høve til gevinsten dei første åra.

       Departementet vil i samsvar med tilrådinga frå Luftfartsverket prioritere midlar til drift og vedlikehald sterkare i komande periode for å ta vare på kapitalen som ligg i flyplassnettet.

Luftfartsverkets driftsresultat i planperioden - midlar til investeringar

       Luftfartsverket sine driftsinntekter og driftsutgifter for planperioden 1998-2001, høvesvis om lag 8.460 og 6.040 mill. kroner, gir eit driftsresultat før avskrivingar på rundt 2.240 mill. kroner for planperioden 1998-2001. Da er det ikkje trekt ut midlar til investeringar korkje i Oslo-området eller i landet elles.

       Ved oppfølging av tiltak som er drøfta i Stortinget, står Luftfartsverket overfor bundne utgifter på til saman 1.360 av totalt 2.420 mill. kroner. Krava frå overordna styresmakt gjeld:

- 640 mill. kroner (i 1998): Eigenkapital i Oslo Lufthavn AS, kjøp av grunn på Gardermoen og salskostnader ved Fornebu i samsvar med Stortingets handsaming av St.prp. nr. 90 (1991-1992) samt seinare vedtak.
- 720 mill. kroner: Tekniske/operativ oppgradering inklusive ny flyplass i Båtsfjord, samt øvrige investeringar i nye statlege flyplassar i samsvar med tidlegare driftstilskotsordning til kommunale flyplassar og Stortingets handsaming av St.meld. nr. 15 (1994-1995).

       Luftfartsverket sine bundne utgifter i form av netto rentekostnader til staten er for perioden 1998-2001 rekna til 140 mill. kroner.

       Luftfartsverket har rekna behovet for investeringar i flyplassnettet til om lag 550  mill. kroner pr. år når ein ser bort frå midlar til Oslo-området og nye statlege flyplassar. I komande planperiode er det særleg behov for investeringar for å oppretthalde og møte framtidige krav til tryggleik og investeringar til utbetring av manglar i høve til gjeldande regelverk. Investeringar til forsterka vedlikehald for å oppnå rasjonell drift av eksisterande kapital må også prioriterast høgt. Dei bundne utgiftene i samband med hovudflyplassen og nye statlege flyplassar, vil for størstedelen ikkje gi avkastning på Luftfartsverkets hand i planperioden.

       Sjølv med ei venta trafikkauke på 4,1 % årleg og uendra realavgiftsnivå, finn departementet det ikkje mogleg å oppretthalde eit forsvarleg investeringsnivå i perioden utan å overføre midlar til Luftfartsverket til kjøp av pålagde, men bedriftsøkonomisk ulønsame tenester på om lag 440 mill. kroner, eller 110 mill. kroner årleg. Dette må sjåast i samanheng med at Luftfartsverket er pålagt ei rekke nye samfunnsøkonomisk nyttige, men bedriftsøkonomisk ulønsame tiltak.

       Etter dette vil Luftfartsverket i perioden 1998-2001 ha ei total planramme til investeringar utanom Osloområdet på 2.080 mill. kroner, eller gjennomsnittleg 520 mill. kroner årleg.

       Det må understrekast at tallmaterialet kan innehalde kraftige svingingar frå år til år, m.a. fordi kontantstraumen frå drifta av Fornebu fell bort.

       Krav til årsoverskot må vurderast nærare og vere i samsvar med avkastnings-/overskotspolitikk i andre liknande offentlege verksemder.

       Utviklingsansvaret for Fornebu er overført til Statsbygg og staten utbetaler 2  mrd. 1992-kroner til Luftfartsverket som blir ført som ansvarleg lån for Oslo Lufthavn AS i 1999. I 1997 var driftsresultatet for Fornebu før avskrivingar på om lag 920 mill. kroner, og etter investeringar i Fornebu og Gardermoen samt kapitaloverføringer til Oslo Lufthavn AS, var nettotilførselen til flyplassane utanom Oslo-området på om lag 200 mill. kroner.

6.2 Komiteens merknader

       Komiteen viser til merknader under 8.2.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet vil styrke Luftfartsverkets økonomi i forhold til de rammer som foreslås for kommende periode. Luftfartsverket står foran en rekke viktige oppgaver. Disse medlemmer vil vise til åpning av ny hovedflyplass, oppgradering i forbindelse med overtaking av de regionale lufthavnene, bygging av ny flyplass i Båtsfjord, samt investering i stamflyplassene. I tillegg kommer drift av de statlige flyplassene der staten går inn med tilskudd.

       Disse medlemmer har merket seg at meldingen ikke med sikkerhet kan fastslå at driftsutgiftene går ned slik som forutsatt under behandlingen av overtaking av de regionale lufthavnene i Stortinget.