Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om lærarutdanning.

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 285 (1996-1997)
  • Kildedok: St.meld. nr. 48 (1996-97)
  • Dato: 13.06.1997
  • Utgiver: kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen
  • Sidetall: 10

Til Stortinget.

1. Samandrag

Departementet gjer i meldinga framlegg om struktur og innhald i lærarutdanninga. Bakgrunnen er dei omfattande reformene i grunnskole og vidaregåande opplæring og nye krav frå samfunns- og arbeidsliv. Meldinga byggjer på Lærarutdanningsutvalget si innstilling, NOU 1996:22 . Departementet skisserer prinsipp og retningsliner for oppbygginga av dei ulike lærarutdanningskategoriane som grunnlag for det vidare arbeidet med nasjonale rammeplanar for lærarutdanningane.

       Departementet legg vekt på at lærarutdanninga skal vere ein integrert del av nettverksamarbeidet mellom institusjonane i Noregsnettet. Rammeplanane skal gi klare styringssignal for å sikre at institusjonane sine fagplanar er relevante. Tiltak skal setjast i verk slik at ein får betre grunnlag for å vurdere om institusjonane gir utdanning i samsvar med rammeplanane. Departementet gjer framlegg om at innhaldet i lærarutdanninga blir fastsett i medhald av universitets- og høgskolelova, medan opplæringslova skal heimle føresegner om kompetansekrav for undervisningspersonalet i grunnskolen, vidaregåande opplæring og vaksenopplæring. Lærarutdanningslova blir etter dette oppheva.

       Departementet meiner at allmennlærarutdanning framleis skal kvalifisere for undervisning på alle steg i grunnskolen og for vaksenopplæring i grunnskolen sine fag. Departementet gjer vidare framlegg om at faglærarar og lærarar med praktisk-pedagogisk utdanning eller anna utdanning godkjend for undervisning på ungdomssteget, kan tilsetjast for undervisning på mellomsteget. Dette vil gjelde fag der dei har relevant kompetanse i eit omfang på minimum 10 vekttal, fagdidaktikk inkludert. Samstundes understrekar departementet at skoleeigar kan fastsetje nærmare spesifiserte krav ut frå lokale tilhøve. For førskolelærarutdanninga tek den nye rammeplanen frå 1995 alt omsyn til reformene i barnehage og grunnskole.

       Når det gjeld allmennlærarutdanninga, gjer departementet framlegg om å utvide den obligatoriske delen frå 50 til 60 vekttal. Engelsk skal gå inn som eit obligatorisk fag med 5 vekttal. Matematikk bli utvida frå 5 til 10 vekttal. Eit praktisk og eit estetisk fag blir obligatorisk med 5 vekttal kvar. Kristendomkunnskap med religions- og livssynsorientering har 5 vekttal som obligatorisk fag.

       Etter departementet sitt framlegg blir det ein fellesmodell dei tre første åra. I den valfrie delen det fjerde året kan studentane velje anten to einingar på 10 vekttal med den eine som « styrt val », eller ei årseining på 20 vekttal i eitt fag. Kva for fag som skal gå inn i « styrt val », vil bli fastsett for 3-årsperiodar, avhengig av behovet i skolen. Departementet ser det som viktig å styrke realfaga si stilling i lærarutdanninga. Faga skal i første omgang difor vere matematikk eller naturfag. Andre tiltak gjeld etter- og vidareutdanning og eigne « realfagliner » ved utdanningsinstitusjonane.

       For å rekruttere fleire studentar frå språklege minoritetar skal dei som er fritekne frå eksamen i sidemål i vidaregåande opplæring, òg få fritak frå kravet om eksamen i begge målformer i allmennlærarutdanninga. For døve vil det bli utvikla ein eigen studieplan. Det skal òg organiserast eit permanent tilbod for høyrande lærarar i teiknspråk. Departementet går vidare inn for å organisere praktisk-pedagogisk utdanning for allmennfag og yrkesfag i ein felles rammeplan. Organiseringa av den eittårige praktisk-pedagogiske utdanninga ved universiteta vil bli evaluert.

       Departementet peikar på at faglærarutdanninga er relativt smal, og at ein i dei fleste tilfelle kan oppnå tilsvarande fordjuping gjennom andre utdanningsvegar. Departementet gjer framlegg om å avvikle ordninga med eigne rammeplanar for fagutdanning i kropps­øving, i naturfag med matematikk og i økonomisk-administrative fag. Den noverande faglærarutdanninga i ernæring, helsefag og miljøfag blir endra til yrkesfaglærarutdanning basert på søkjarar med fagbrev, yrkespraksis og generell studiekompetanse. Etter framlegget blir to faglærarutdanningar styrte av rammeplanar. Det gjeld utdanninga i musikk, dans og drama, og utdanninga i formgjeving, kunst og handverk.

       For yrkesfaglærarutdanninga ser departementet behov for radikale endringar av struktur og innhald. Grunnen er at denne utdanninga skal kunne gi kompetanse for undervisning både i dei breie grunnkursa og i dei vidaregåande kursa i yrkesfaglege studieretningar. I tillegg skal ho førebu for undervisning på grunnskolen sitt mellom- og ungdomssteg, i arbeidsmarknadsopplæring og i vaksenopplæring. Departementet går inn for ein ny modell for treårig yrkesfaglærarutdanning, dels ved å gjere om eksisterande faglærarutdanningar, dels ved å nytte ut kapasitet og kompetanse i relevante miljø i ingeniørutdanninga. Den nye modellen skal byggje på alle yrkesfaglege studieretningar i vidaregåande opplæring og innførast i to fasar, for fem (eventuelt seks) yrkesfaglege studieretningar frå år 2000 og fullt utbygd frå år 2006. Yrkesfaglærarutdanninga kan organiserast som fulltids- og deltidsstudium, og som desentralisert utdanning. Departementet vil leggje til rette for yrkesfagleg forsking og for etter- og vidareutdanning av yrkesfaglærarar.

       Departementet meiner det er viktig å styrke rekrutteringa til samisk lærarutdanning, og vil ta initiativ til ei eiga utgreiing om samisk lærarutdanning som omfattar alle dei tre samiske språkgruppene.

       Departementet meiner vurdering av om ein kandidat er skikka for læraryrket, må finne stad under heile studiet. Rammeplanen må gi klare kriterium for krav til godkjend praksis. Ein eigen lovheimel for vurdering av om lærarstudentar er skikka for yrket, er etter departementet si meining ikkje naudsynt.

       Departementet går elles ikkje inn for eit såkalla kandidatår, men vil ta initiativ til avgrensa prøveprosjekt med rettleiing av nyutdanna lærarkandidatar. I samband med revisjon av rammeplanar vil departementet innføre vaksenpedagogikk i all grunnutdanning for lærarar. Det er òg viktig å byggje ut vidareutdanningstilbodet på dette området. Alle nye rammeplanar for lærarutdanning skal omfatte kunnskap om IT og bruk av IT. Forsking og utviklingsarbeid skal vere med på å sikre kvaliteten i utdanninga ved lærarutdanningsinstitusjonane.

       Når det gjeld økonomiske og administrative konsekvensar, meiner departementet at framlegga vil kunne løysast innanfor eksisterande rammer, eventuelt ved omdisponeringar, eller ved at departementet kjem tilbake til løyvingar i dei årlege budsjettframlegga.

2. Komiteen sine merknader

2.1 Innleiing

       Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Ottar Kaldhol, Marit Lefdal, Trond Mathisen, Tomas Norvoll, Marit Nybakk og Oddbjørg Ausdal Starrfelt, frå Senterpartiet, Jørgen Holte, Sigurd Manneråk og Rita H Roaldsen, frå Høgre, Jan Tore Sanner og Siri Frost Sterri, frå Sosialistisk Venstreparti, Øystein Djupedal, frå Kristeleg Folkeparti, leiaren Jon Lilletun og representanten Ellen Chr Christiansen, vil peike på at samfunn og arbeidsliv stiller stadig større krav til våre utdanningsinstitusjonar og til det einskilde mennesket. Som ein konsekvens av dette har vi i Noreg hatt ein periode med store reformer innafor opplæring og utdanning. Siktemålet med reformene er å gje alle høve til å skaffe seg den dugleik og kompetanse, kunnskapar og ferdigheiter som eit samfunn i endring krev. Komiteen meiner det er viktig å sjå alle reformene i samanheng. Utan å sjå heilskapen vil ein ikkje oppnå dei effektar av reformene som ein siktar mot. Endringar på eit område må difor medføre tilpassingar på andre område. Dette er utgangspunktet til departementet, og komiteen deler eit slikt syn.

2.2 Perspektiv på lærarutdanning

       I eit samfunn i endring og med store reformer i utdanningsystema vil lærarrolla stillast overfor nye krav og utfordringar. Lærarrolla må etter komiteen si meining tilpassast omleggingane i læreplanar, og lærarutdanninga må difor få eit slikt innhald at den gjer det mogleg for læraren å imøtekome intensjonane og innhaldet i læreplanane.

       Komiteen meiner det er få yrke som stiller større krav til utøvaren enn læraryrket. Krava gjeld både personlege eigenskapar og fagleg dugleik. Men yrket set òg krav til systematisk arbeid, vurdering av andre og seg sjølv, og ikkje minst krav om samarbeidsevne og vilje til omstilling. Komiteen vil òg peike på den rolla læraren spelar med omsyn til overlevering av tradisjon og formidling av kultur og verdiar. Skolen er ein viktig stad for å utvikle den kompetanse og kunnskap som nærings- og samfunnsliv har trong for. Men komiteen vil òg peike på at skolen har ein eigenverdi, og at læraren òg må vere medveten om denne rolla og ikkje minst bidra til å utvikle sjølvstendige elevar og gagnlege samfunnsmenneske med ein sunn kritisk sans.

       Skal oppseding og opplæring møte dei krav som dagen og framtida stiller, meiner komiteen at det er rett å stille strenge krav til lærarrolla. Lærarutdanninga må innrettast slik at vi får yrkesutøvarar med ei profesjonell haldning til yrkesetiske emne, god fagkunnskap med både breidde og djupne, og eit reflektert pedagogisk grunnsyn der den einskilde elev er utgangspunktet. Komiteen vil òg peike på at lærarrolla i mange høve òg omfattar å vere eit førebilete, og at rolla også stiller krav om evne til omsorg og toleranse.

       Komiteen vil vidare peike på at eleven si læring og utvikling må vere målet for alt lærararbeid. Komiteen er enig i dei hovudprinsippa som departementet vil leggje til grunn for læreplanarbeidet: Lærarutdanninga skal utvikle fagleg kompetanse, yrkesetisk kompetanse, didaktisk kompetanse, sosial kompetanse og syn for endring og utvikling. Desse kompetanseområda skal vere sentrale i rammeplanarbeidet og i utdanningstilbodet ved lærarutdanningsinstitusjonane.

2.3 Nasjonal styring av lærarutdanning

       Lærarutdanninga er i dag ein integrert del av høgre utdanning. Utdanninga vert gjeven som tilbod ved statlege høgskolar eller universitet, eller som ein kombinasjon av desse. To private høgskolar er òg tildelte eksamensrett for lærarutdanning etter nasjonale rammeplanar.

       Komiteen ser på lærarutdanninga som eit svært viktig verkemiddel for å sikre god kvalitet for all opplæring i våre skolesystem. Komiteen meiner det difor er viktig med nasjonal styring av denne utdanninga og at dette skal skje ved lov, føresegner og rammeplanar. I dag har vi tre lover som regulerer lærarutdanninga - lærarutdanningslova, universitets- og høgskolelova og grunnskolelova. Komiteen meiner at det kan vere føremålstenleg å ta inn dei paragrafane som framleis er aktuelle i lærarutdanningslova som eige kapittel i universitets- og høgskolelova. Dette vil etter komiteen si meining sikre mål, innhald og organisering av denne utdanninga.

       Med omsyn til rammeplanar vil komiteen seie seg samd med lærarutdanningsutvalet når det peikar på tre omsyn som må leggjast til grunn for utarbeiding av rammeplanar:

« 1. Rammeplanane må vere så generelle at dei ikkje blir uaktuelle om kort tid.
2. Rammeplanane må sikre at dei fagplanane institusjonane utarbeider er relevante i forhold til læreplanane for grunnskole og vidaregåande skole.
3. Rammeplanane må gje rom for lokal kreativitet. »

       Komiteen vil òg peike på den rolla som Norgesnettet og Norgesnettrådet skal spele med omsyn til rådgjeving og organisering også for lærarutdanninga. Regjering og Storting har i St.meld. nr. 40 (1990-1991) og Innst.S.nr.230 (1990-1991) gjeve retningsliner for utvikling og oppbygging av Norgesnettet. I tråd med desse retningslinene skal utdanningsinstitusjonane saman skipe eit mønster av innbyrdes kompletterande fagprofilar. Komiteen ser på Norgesnettet som viktig for koordinering og arbeidsdeling regionalt og nasjonalt i høve til lærarutdanninga. Innafor dette nettet skal ein sikre best mogleg effekt av ressursinnsatsen og at landet sitt kompetansebehov blir dekt på ein tilfredstillande måte. For lærarutdanninga vil dette særleg pålegge institusjonane eit samla ansvar for fagområde som er viktige i lærarutdanningssamanheng og i forhold til kompetansebehovet i skolen.

       Komiteen vil òg peike på behovet for å sjå til at fagplanane ved dei einskilde lærarutdanningsinstitusjonane er i samsvar med dei vedtekne nasjonale rammeplanar.

       Komiteen vil sterkt understreke behovet for å få eit betre grunnlag med omsyn til å dimensjonere lærarutdanning i forhold til behovet i framtida.

       Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Arbeidarpartiet, syner i den samanheng til sitt framlegg til vedtak i Innst.S.nr.260(1996-1997) som skal handsamast i Stortinget 17. juni 1997:

       « Stortinget ber Regjeringen fremlegge som egen sak i løpet av høsten 1997 en samlet gjennomgang og vurdering av dimensjonering innen høyere utdanning når det gjelder ulike profesjonsstudier og tiltak for å møte etterspørselen etter høyt utdannet arbeidskraft. »

       Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet syner til statsråden sitt svar der han uttaler at han vil koma med ein gjennomgang av behov for høgare utdanning i samband med budsjettproposisjonen for 1998.

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti konstaterer det faktum at departementet i meldinga legg opp til ei sterk styring av all lærarutdanning ved høgskolane. Ved den lærarutdanninga som finn stad ved universiteta, vil ikkje den same styring vere tilstades. Desse medlemene vil, om dette skulle skape vansker i forhold til m.a. kvalitetsikring av all lærarutdanning, kome tilbake til dette spørsmålet t.d. når den nye cand.mag. graden og praktisk-pedagogisk seminar er nærare utgreidd.

2.4 Utdanningskrav for lærarar

       Reformene for grunnskole og vidaregåande skole omfattar no alle elevar og lærlingar frå 6 år til 19 år. Dette stiller store krav til heilskap og samanheng i opplæringa både innanfor og mellom dei ymse stega i opplæringssystemet.

       Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti, er samd med departementet i at vi framleis skal ha ei allmennlærarutdanning som kvalifiserer for undervisning på alle trinn i grunnskolen og for vaksenopplæring i grunnskolen sine fag. Som grunngjeving for dette synet vil fleirtalet nemne følgjande moment:

1. Allmennlæraren har ofte ei rolle som klassestyrar.
2. Noreg har mange småskular der det er viktig at den einskilde lærar har brei kompetanse.
3. Allmennlæraren har eit godt grunnlag for å skape heilskap og samanheng i undervisning og opplæring på dei einskilde utdanningsstega og mellom desse.

       Det er i grunnskolen lagt stor vekt på tilpassa opplæring, og det er eit mål å gje så mange elevar som råd er slik opplæring i klassen. Allmennlæraren er òg føresett å kunna gje undervisning til vaksne i grunnskolen sine fag.

       Ut frå dette ser komiteen sitt fleirtal, alle unnateke representanten Christiansen, det som viktig at faget pedagogikk omfattar spesialpedagogikk, migrasjonspedagogikk og vaksenpedagogikk. Dei same elementa må inngå i didaktikken knytt til det eiskilde faget.

       Komiteen stør departementet sitt forslag om at dei som har faglærarutdanning og lærarar med praktisk-pedagogisk utdanning eller anna utdanning godkjend for undervisning på ungdomssteget, kan tilsetjast for undervisning på mellomsteget i fag som dei har relevant kompetanse i, og som har eit omfang på minimum 10 vekttal, inkludert fagdidaktikk.

       Komiteens medlemmer fra Høyre og representanten Christiansen viser imidlertid til sine respektive merknader og forslag under kap. 2.6 nedenfor når det gjelder krav til kompetanse for undervisning på ungdomstrinnet.

       Vidare er komiteen samd med departementet i at yrkesfaglærarar som er utdanna etter ny modell, eller yrkesfaglærarar med to år yrkesteori og praktisk-pedagogisk utdanning skal kunne tilsetjast på mellomsteget i fag som dei har relevant kompetanse i, og som har eit omfang på minst 10 vekttal, inkludert fagdidaktikk.

       Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti, stør at dette òg skal gjelde for ungdomssteget.

       Komiteens medlemmer fra Høyre og representanten Christiansen viser til sine respektive merknader og forslag under kap. 2.6 nedenfor når det gjelder ny modell for lærerutdanning og krav til undervisningskompetanse på ungdomstrinnet.

       Etter komiteen si meining må det vere stor lokal fridom til at skoleeigar kan lyse ut stillingar og tilsetje lærarar ut frå behovet for kompetanse lokalt ved den einskilde skole.

2.5 Førskolelærarutdanning

       Komiteen har ingen spesielle kommentarar.

       Komiteen vil vise til handsaming av St.meld. nr. 52 (1996-1997) Om økt førskolelærerutdekning, jf. Innst.S.nr.263(1996-1997).

2.6 Allmennlærarutdanning

       Komiteen ser norskfaget som svært viktig, og det hadde vore ønskjeleg med eit høgare vekttal under den obligatoriske delen av dette faget. Det har ikkje komiteen funne plass til. Komiteen kan av denne grunn ikkje gå inn for at dette faget vert tillagt emnet drama som metode. Komiteen viser til merknader nedanfor når det gjeld drama.

       Komiteen vil òg peike på behovet for lærarar som kan undervise i 2. framandspråk i grunnskolen. Det må leggjast til rette for at lærarutdanninga kan imøtekome dette behovet ved å organisere språkutdanningstilbodet slik at det vert høve til å få undervisning i 2. framandspråk ved nokre utdanningsinstitusjonar. For ein del elevar vil norsk vere 2. språk. Komiteen vil difor be om at det vert utarbeidd rammeplanar for norsk som 2. språk.

Hovudmodell

       Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti, er samd med departementet i å leggje følgjande prinsipp til grunn for allmennlærarutdanninga:

« 1. Utdanninga skal vere i samsvar med siktemål og retningslinjer for, organisering av og innhald i grunnskolen.
2. Utdanninga skal primært kvalifisere for arbeid på alle stega i grunnskolen og for vaksenopplæring i grunnskolens fag.
3. Utdanninga må ta omsyn til allmennlæraren si rolle som klassestyrar og den faglege og pedagogiske breidde dette føreset. »

       I ei utdanning som skal femne så vidt, står ein overfor mange vanskelege val og avvegingar. Fleirtalet ser klart at det er vanskeleg å finne løysingar på dei mange dilemma på ein fullgod måte for alle ynskje om styrking av fag, ynskje som utdanningsinstitusjonane måtte ha, og ynskje frå lærarkandidatar.

       Fleirtalet ber departementet følgje nøye med og sjå til at kapasiteten på dei ulike fagområda i lærarutdanninga er best mogleg tilpassa behovet i grunnskolen.

       Eit fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti, stør i hovudsak den modellen for allmennlærarutdanning som går fram av meldinga. Men dette fleirtalet finn grunn til å peike spesielt på faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering. Dette faget er med omsyn til lærestoff sterkt utvida med mange nye emne. Faget vil måtte innehalde fagdidaktikk med vektlegging av m.a. differensiering, dialog/samtale og dramatisering, noko som har stor overføringsverdi til andre fag. Dette fleirtalet meiner difor det vert for lite med 5 vekttal i dette faget, og vil auke dette til 10 vekttal.

       Dette fleirtalet ser det som viktig at det ikkje vert bunde meir enn 60 vekttal til obligatoriske fag. Dersom den bundne delen vert meir enn 60 vekttal, vil valfridomen bli for liten. Dette kan ha uheldige verknader både for studentar og fagmiljø ved utdanningsinstitusjonane. Av denne grunn finn ikkje dette fleirtalet plass til engelsk innanfor dei obligatoriske faga. For å sikre at ein god del studentar vel engelsk, vil dette fleirtalet gå inn for at den valfrie delen på 20 vekttal får to alternativ for studentane.

       Alternativ 1: 20 vekttal fritt val

       Alternativ 2: 10 vekttal fritt val + 10 vekttal styrt til engelsk.

       Alternativet med 10 vekttal styrt til engelsk skal ikkje gjelde for fordjupningsliner.

       Dette fleirtalet meiner departementet må kunne endre styring av fagval til andre fag enn engelsk om det skulle syne seg naudsynt.

       Normalt vil den valfrie delen liggje i det 4. studieåret. Dette fleirtalet går inn for at dei valfrie 20 vekttala skal kunne gjelde grunnskolen sine fag og andre fag, t.d. ulike pedagogiske studium, drama, IT og andre aktuelle studium som er nyttige for arbeidet i grunnskolen. Dette fleirtalet er samd med departementet i at dei valfrie faga òg skal omfemne fagdidaktikk og vegleia praksis.

       Dette fleirtalet går etter dette inn for at følgjande modell skal vere hovudmodell for allmennlærarutdanninga:

Obligatoriske fag:   
Pedagogisk teori 10 vekttal
Norsk 10 vekttal
Matematikk 10 vekttal
Kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering 10 vekttal
Praktiske fag 5 vekttal
Estetiske fag 5 vekttal
Natur, samfunn og miljø 10 vekttal
Valfag: 20 vekttal
Sum 80 vekttal


       Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti, meiner det må vere mogleg for dei einskilde utdanningsinstitusjonane å profilere bestemte fagområde - fordjupingsliner. Slike liner må kunne utviklast på fagområde med relevans for grunnskolen eller ved kombinasjonar av fag, t.d. praktisk/eller estetisk line, kommunikasjonsline, samfunnsfagleg line, pedagogiske liner osv. Ved slike fordjupingsliner meiner fleirtalet at det må vere opp til utdanningsinstitusjonen i samarbeid med Norgesnettrådet å avgjere om det vil vere føremålstenleg å gje tilbodet som eit samanhengande 4-årig studium.

       Komiteens medlemmer fra Høyre viser til sine merknader i Innst.S.nr.230 (1990-1991), og til Dok.nr.8:18(1994-1995) og Innst.S.nr.101(1994-1995), når det gjelder behovet for en faglig styrking gjennom omfattende endringer i lærerutdanningen. Disse medlemmer konstaterer at departementet et stykke på vei følger opp dette gjennom forslag om styrking av basisfagene til 10 vekttall, med unntak av engelsk som blir obligatorisk med 5 vekttall. Den obligatoriske delen av allmennlærerutdanningen blir med departementets forslag utvidet fra 50 til 60 vekttall og tilsvarer 3 år av den 4-årige utdanningen. Disse medlemmer mener imidlertid dette ikke er tilstrekkelig for å få den nødvendige faglige styrkingen av lærerutdanningen som må til for å få en kvalitativt bedre skole. Disse medlemmer vil påpeke at hovedproblemet med departementets forslag er at det fortsatt legger til grunn en felles utdanning som skal kvalifisere for undervisningskompetanse i alle fag og på alle klassetrinn i den 10-årige grunnskolen. Derved får ikke studentene den faglige fordypningen i grunnutdanningen som må til spesielt på mellom- og ungdomstrinnet i grunnskolen. Disse medlemmer mener en fremtidsrettet lærerutdanning må ta utgangspunkt i en sterkere differensiering innrettet mot de ulike aldersgruppene. Disse medlemmer legger til grunn at de to første årene har felles fagplaner og at studentene så velger « linje » de to siste årene. For småskoletrinnet er det naturlig med en faglig fordypning hvor småskole- og spesialpedagogikk utgjør en viktig del av studiet. For mellomtrinnet vil det være behov for fordypning i bredden av skolefagene, mens det for ungdomstrinnet skal være faglig fordypning av minst ett års varighet i undervisningsfagene.

       Disse medlemmer vil på denne bakgrunn fremme følgende forslag:

«1. Stortinget ber Regjeringen fremme forslag om endringer i lærerutdanningen som legger til grunn at de to siste årene i den 4-årige utdanningen innrettes mot differensierte opplegg rettet mot småskoletrinnet i samsvar med Høyres merknader i Innst.S.nr.285(1996-1997).
2. Lærere som underviser i teorifag på ungdomstrinnet skal ha minst ett års faglig fordypning.»

       Disse medlemmer legger med denne modellen til grunn at den gjennomgående allmennlærerkompetansen bortfaller, og at den enkelte lærer får kompetanse til å undervise på sitt trinn. Siden det er hensynet til allmennlærerkompetansen som skaper fagtrengsel i lærerutdanningen og vanskeliggjør faglig fordypning/spesialisering, mener disse medlemmer at Høyres modell vil gjøre det lettere å heve den faglige standard gjennom spesielle krav for undervisning på de ulike trinn i grunnskolen.

       Disse medlemmer forutsetter at det kan dispenseres fra kravet til undervisningskompetanse for trinnene ved svært små skoler.

       Disse medlemmer finner det oppsiktsvekkende at flertallet ved sitt kompromiss fjerner engelsk som obligatorisk fag i lærerutdanningen. Dette medfører også at den nødvendige styrking av lærernes kompetanse i matematikk blir svekket ved at 10 vekttall styrt valg ikke legges til matematikk, slik departementet anbefaler. Disse medlemmer mener dette ytterligere understreker behovet for en mer omgripende endring av lærerutdanningen i samsvar med Høyres forslag.

       Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti er enig med departementet i at 60 vekttall skal være bundne. Dette medlem vil på denne bakgrunn gå imot flertallets innstilling om at faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering skal økes til 10 vekttall. Dette medlem går imot departementets ønske om styrt valg i det fjerde året.

       Dette innebærer at dette medlem går inn for følgende modell:

Pedagogikk 10 vekttall
Norsk 10 vekttall
Matematikk 10 vekttall
Engelsk 5 vekttall
Kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering 5 vekttall
Praktisk fag 5 vekttall
Estetisk fag 5 vekttall
Natur, samfunn og miljø 10 vekttall
Valgfag 20 vekttall
   80 vekttall


       Det fjerde året kan studenten velge mellom 10+10 vekttall etter fritt valg eller 20 vekttall fritt valgt. Dette medlem beklager sterkt flertallets beslutning om å fjerne engelsk som obligatorisk fag.

       Komiteens medlem representanten Christiansen viser til sine merknader i Innst.S.nr.101(1994-1995) og understreker behovet for en styrking av lærerutdanningen. Dette medlem mener for det første det bør legges større vekt på en differensiert lærerutdanning hvor de to siste årene organiseres slik at studentene velger om man vil ha undervisningskompetanse på barnetrinnet eller ungdomstrinnet. Dette medlem mener det må settes strenge krav til undervisning på ungdomstrinnet ved at de lærere som skal undervise i norsk, engelsk og matematikk må ha minst 20 vekttall. Lærere som skal undervise i andre teorifag på ungdomstrinnet skal ha minst 10 vekttall i de fagene vedkommende skal undervise i.

       Dette medlem vil fremme følgende forslag:

«1. Stortinget ber Regjeringen fremme forslag om endringer i lærerutdanningen slik at denne differensieres mellom barne- og ungdomstrinnet.
2. Lærere som underviser på ungdomstrinnet skal ha minst 20 vekttall for å kunne undervise i norsk, engelsk og matematikk, og minst 10 vekttall for å undervise i andre teorifag.»

       Komiteens medlemmer fra Høyre og representanten Christiansen mener det bør satses mer på å utvikle gode linjer for realfag, språkfag og samfunnsfag ved høgskolene, og vil understreke at det må legges mer vekt på å gi studentene muligheter til å velge flere 20-vekttallsfag enn i dag. Videre mener disse medlemmer det må understrekes at det også må gis et tilbud om andre fremmedspråk enn engelsk og tysk enten direkte i lærerutdanningene eller gjennom et samarbeid med universitet eller ved andre linjer ved høgskolene.

       Når det gjelder den obligatoriske fagfordelingen, mener komiteens medlem representanten Christiansen den bør være som følger:

- 10 vekttall pedagogisk teori
- 10 vekttall norsk
- 10 vekttall matematikk
- 10 vekttall engelsk
- 5 vekttall samfunnsfag
- 5 vekttall natur og miljø
- 5 vekttall praktisk eller 5 vekttall estetisk fag.

       Dette medlem mener det er naturlig å splitte opp undervisningen i natur, samfunn og miljø som en følge av at O-faget er erstattet med to ulike fag i lærerplanen. En slik oppsplitting gjør det mulig å rendyrke de ulike fagområdene bedre. Dette medlem mener videre det er nok å pålegge studentene enten et praktisk eller et estetisk fag i den obligatoriske delen. Ved at det legges opp til flere frie vekttall enn i departementets modell kan studentene selv velge om de ønsker mer av denne typen fag.

       Dette medlem mener kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering ikke bør være et obligatorisk fag. Dette medlem vil peke på at det faget flertallet har vedtatt, er et fag med så sterk overvekt og betoning av kristendom at det er urimelig å pålegge dette faget som obligatorisk. Dette medlem vil for øvrig peke på at dette som obligatorisk fag ifølge Utlendingsdirektoratet vil kunne føre til at det blir vanskeligere å rekruttere studenter med innvandrerbakgrunn til denne utdanningen, noe dette medlem mener er uheldig.

       Når det gjelder pedagogikkfaget mener dette medlem dette bør inneholde en obligatorisk innføring i IT som hjelpemiddel og i bruk av undervisningsprogrammer på data. Videre bør emner som drama og foreldresamarbeid legges til dette faget.

Alternativ line

       Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke representanten Christiansen, viser til at komiteen i samband med høyringane har motteke eit forslag til ei alternativ line for forsterka faglærarutdanning innafor praktisk-estetiske fag frå Fellesrådet for kunstfaga i skolen. Denne lina er bygd opp på følgjande måte:



Pedagogisk teori Musikk Kunst og handverk Norsk VAL 10+10 VT
10 vt 10 vt 10 vt 10 vt Drama
        Dans
        Heimkunnskap
        Kroppsøving
4. år          
Alternativ 1: 20 vt.       Alternativ 2: 10 vt.+10 vt.
Musikk, dans   VAL   Samtlege fag i grunnutdanninga
Kunst og handverk   20 VT   (m/ styrt val for musikk eller
Norsk, drama       kunst/handverk).


       Fleirtalet ser på denne lina som interessant og meiner lærarar med ei slik utdanning vil vere nyttig ved mange skolar, og at det vil styrke det praktisk/estetiske utdanningsperspektivet i grunnskolen. Fleirtalet vil difor rå til at det vert starta opp ei slik line ved nokre høgskolar. Slik utdanning vil gi kompetanse til undervisning i dei skolefaga som inngår i studiet.

       Når det gjeld praktisk-estetiske fag, syner ellers komiteen til at det vert oppretta faglærarutdanning for musikk, dans og drama og yrkesfaglærarutdanning i formgjevingsfag. Komiteen syner vidare til at det kan etablerast fordjupingsliner i praktiske og i estetiske fag i allmennlærarutdanninga.

Rettleia praksis

       Innafor ramma av den bundne delen av allmennlærarutdanninga meiner komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti, at det skal vere 18 veker med rettleia praksis innanfor dei ulike stega i grunnskolen som utdanninga gir kompetanse for.

       Fleirtalet går inn for at dette vert lovfesta, og gjer slikt framlegg:

       « Stortinget ber Regjeringa fremje forslag om lovfesting av 18 veker med rettleia praksis innafor ramma av den bundne delen av allmennlærarutdanninga. »

       Komiteens medlemmer fra Høyre, Sosialistisk Venstreparti og representanten Christiansen mener praksistiden bør økes til 20 uker og vil fremme forslag om å lovfeste dette:

       Stortinget ber Regjeringen fremme forslag om 20 ukers rettledet praksis i allmenn lærerutdanning. »

Ymse

       Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke representanten Christiansen, vil peike på at det i lærarutdanninga er fleire emne som det er vanskeleg å finne plass til under dei ymse faga. Dette gjeld m.a. drama, trafikksikkerheit og foreldresamarbeid. Fleirtalet meiner det innafor den obligatoriske delen må finnast plass til desse emna, gjerne som samanhengande kurs. Fleirtalet ser på drama som ein arbeidsmetode som er nyttig og som kan brukast innafor mange fagområde.

       Eit fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti, meiner kurs i drama bør ha eit omfang og ein kvalitet som gjer det mogleg å lære drama som metode. Det vert utarbeidd metodisk vegleiing for høgskoleundervisninga på dette området.

       Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke representanten Christiansen, viser til at sang i hovudsak er knytta til rammeplan for musikkfaget i lærarutdanninga. Berre ein liten del av studentane vil på den måten få kontakt med musikk og sang, i motsetnad til førskolelærarutdanninga, der musikkfaget er obligatorisk for alle. Fleirtalet meiner det bør vere eit klart mål at alle som skal bli lærarar, får oppleve sang som eit naturleg uttrykksmiddel i ulike faglege samanhengar. Fleirtalet føreset på denne bakgrunn at sang vert integrert i rammeplanane for faga som inngår i lærarutdanninga.

       Komiteens medlem representanten Christiansen vil vise til sine generelle merknader om allmennlærerutdanningen ovenfor.

2.7 Praktisk-pedagogisk utdanning

       Komiteen sluttar seg til departementet sin konklusjon om struktur, innhald og organisering av praktisk-pedagogisk utdanning for allmennfag og yrkesfag. Komiteen er òg samd i at det vert utarbeidd ein felles rammeplan for desse to retningane. Komiteen ser det som viktig at ein gjennom ein felles rammeplan kan få to utdanningstradisjonar til å møtast og dra nytte av felles erfaringar. Komiteen er nøgd med at departementet vil leggje til rette for utviklingsarbeid innanfor fag- og yrkesdidaktikk, og meiner dette skal finne stad både ved høgskolar og universitet.

2.8 Faglærarutdanning

       Komiteen vil understreke kor viktig det er at vi har ei breidde på lærarutdanningane slik at dei samla gjev ein variert og allsidig struktur som dekkjer behovet i opplæringssystemet. I denne samanheng er faglærarutdanningane viktige.

       Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti, er likevel samd med departementet i at ein i hovudsak ikkje skal oppretthalde faglærarutdanningar som kan oppnåast gjennom ei anna lærarutdanning.

       Komiteens medlemmer fra Høyre og representanten Christiansen viser til sine merknader ovenfor under pkt. 2.6 om behovet for en faglig styrking gjennom omfattende endringer i lærerutdanningen. Disse medlemmer mener på denne bakgrunn det er uheldig å legge ned faglærerutdanninger som fordypning i ulike fag i grunn- og videregående skole. Disse medlemmer vil derfor gå imot dette.

       Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke representanten Christiansen, meiner at dei utdanningane som departementet vil oppretthalde og utvikle som faglærarutdanningar - musikk, dans og drama og formgjeving, kunst og handverk - kan kome til å bety svært mykje for utviklinga av desse faga i skoleverket.

       Når det gjeld faglærarutdanning i kroppsøving, er fleirtalet ikkje samd med departementet i å avvikle denne. Etter som den tida elevane oppheld seg på skolen vert lengre, vil kroppsøving som fag verta viktigare og trongen for høg fagkunnskap om fysisk fostring vil auke. Fleirtalet vil derfor fremje forslag om at det framleis skal vere faglærarutdanning i kroppsøving:

       « Faglærarutdanning i kroppsøving skal oppretthaldast. »

2.9 Yrkesfaglærarutdanning

       Komiteen er godt nøgd med dette kapitlet i meldinga og sluttar seg i hovudsak til denne.

       Komiteen ser det som viktig å koma i gang med ny modell for yrkesfaglærarutdanning snarast mogleg og stør difor departementet sitt framlegg om inntil vidare å krevja 2 års praksis før opptak. Komiteen ber departementet vurdere å utvida krav om inntil 4 års praksis etter ein innkjøringsperiode.

       Komiteen meiner at kravet om studiekompetanse før opptak ikkje må vere absolutt, og at det må vere rom for å ta opp studentar utan studiekompetanse og gje tilbod om dette i tilknyting til yrkesfaglærarutdanninga. Komiteen føreset at dei slik oppnår generell studiekompetanse anten ved forkurs eller i løpet av studietida. Komiteen viser elles til Innst.S.nr.259(1996-1997).

2.10 Samisk lærarutdanning

       Komiteen har registrert omtale i meldinga av vanskane med å rekruttere til samisk lærerutdanning og at ei av årsakene kan vere manglande studiekompetanse. Komiteen vil be departementet vurdere tiltak som kan fremje rekruttering og fagleg miljø i samisk lærarutdanning, m.a. fjernundervisning og andre desentraliserte tilbod.

       Komiteen ber òg om at følgjande punkt blir vurderte i utgreiinga av samisk lærarutdanning:

- At samisk høgskole som eit ledd i Norgesnett-tenkinga får ein sentral funksjon for samisk lærarutdanning.
- Å betre rekrutteringa ved å auke talet på valfrie vekttal.
- Å utgreie «tradisjonskunnskap», m.a. duodij, som eit eige fag.
- Å utgreie Norden som rekrutteringsområde for samisk lærarutdanning.

       Komiteen sluttar seg elles til meldinga.

2.11 Fellestiltak for all lærarutdanning

2.11.1 Vurdering av om kandidatar er skikkafor læraryrket

       Komiteen ser på kvalitetssikring som viktig i høve til alle ledd i utdanningssystema. Ikkje minst er det viktig at det personalet som skal ha den viktige oppgåva å undervise i våre skolar, er skikka for arbeidet. Komiteen meiner ei ordning med vurdering av om lærarkandidatar er skikka for arbeidet, må lovfestast. Ei slik ordning må byggjast opp omkring følgjande punkt:

a) Institusjonar som utdannar lærarar, må ha ansvar for vurdering av om lærarar er skikka for yrket.
b) Ei ordning med vurdering av om kandidatar er skikka eller ikkje, må gjennomførast i heile studietida og ikkje, som no, berre ved avslutninga av studiet.
c) Departementet må lage definisjonar som hjelpemiddel for dei som skal utføre vurderinga, av kva som er ein skikka/ uskikka lærar.
d) For å sikre ei mest mogleg rettferdig ordning må vurderinga av om ein lærarstudent er skikka eller ikkje, handsamast av ein breitt samansett komiti på institusjonen og endeleg avgjerast av institusjonen sitt styre. Departementet må utarbeide klare retningsliner og prosedyrar for vurderingsarbeidet.
e) Ved opptak til studiet eller praktisk-pedagogisk seminar må alle studentar få informasjon om kva ei vurdering av om kandidaten er skikka eller ikkje, vil innebere.

       Komiteen vil fremje forslag om lovfesting av vurdering av om lærarkandidatar er skikka/uskikka. Komiteen viser her òg til endringa av lov om universitet og høgskolar med omsyn til krav om politiattest ved opptak til særskilte studium, jf. Innst.O.nr.99(1996-1997). Komiteen gjer slikt framlegg:

       « Stortinget ber Regjeringa gjere framlegg om lovfesting av vurdering av om lærarkandidatar er skikka/uskikka til yrket. »

2.11.2 Kandidatår

       Komiteen sluttar seg til departementet sine vurderingar og meiner ein kan få nyttig kunnskap og erfaring ved å setje i verk prøveprosjekt etter fleire ulike modellar.

2.11.3 Informasjonsteknologi

       Komiteen vil sterkt understreke at komiteen ser på informasjonsteknologi (IT) som eit svært viktig område å vektleggje i lærarutdanninga. Innanfor dette området vil vi få sterk vekst i komande år, og denne teknologien vil både på godt og vondt vere ein reiskap som vil omforme mange område og strukturar i arbeids- og samfunnsliv. Samstundes vil denne teknologien opne viktige kjelder til kunnskap og informasjon. Lærarstudentane må få grundig kunnskap om IT og samfunn, men òg om IT som pedagogisk metode og arbeidsmåte i grunnskolen. Komiteen meiner òg at utdanningstilhøva må leggjast slik til rette at studentane under lærarutdanninga kan gjere seg nytte av IT i opplæringa på dei fleste fagområde. Det må òg leggjast til rette for praksissituasjonar som gjer det mogleg for studentane å nytte denne teknologien i praksisopplæringa.

       Elles vil komiteen peike på den store trongen det er for etter- og vidareutdanning på dette området.

2.11.4 Vaksenopplæring

       Komiteen vil vise til den lange tradisjonen som folkeopplysningstanken har i landet vårt. Komiteen ser det som særs viktig å vidareføre denne og ber Regjeringa ta med seg dette perspektivet under utforminga av planar innafor vaksenopplæring.

       Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke representanten Christiansen, meiner òg at folkehøgskolane kan spele ei viktig rolle i samband med vaksenopplæring. Lærarutdanninga må difor òg gje kompetanse for vaksenopplæring i folkehøgskolane.

       Komiteen sluttar seg elles til meldinga.

2.11.5 Forsking og utviklingsarbeid

       Komiteen vil understreke behovet for å styrke fag- og yrkesdidaktisk forsking ved både høgskolar og universitet.

       Komiteen sluttar seg elles til meldinga.

2.11.6 Etter- og vidareutdanning for lærarar

       Alle reformene som dei siste åra er sett ut i livet har auka behovet for etter- og vidareutdanning i heile utdanningssystemet. Komiteen vil understreke den store verdi høg kompetanse har for den einskilde og for verdiskaping. Kompetanse må likevel ajourførast og vidareutviklast i eit samfunn med stadig raskare endringar. Det er av denne grunn ei stor oppgåve å vedlikehalde kompetansekapitalen, og omgrepet livslang læring vert ei utfordring. Ikkje minst er denne utfordringa stor i forhold til alle lærarar som sjølv er kompetanseleverandørar til store grupper i vårt samfunn. Komiteen meiner difor at etter- og vidareutdanning for lærarar må styrkast i dei komande år.

2.12 Økonomiske og administrative konsekvensar

       Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Arbeidarpartiet, meiner at dei økonomiske konsekvensane ikkje er nok utgreidde.

       Fleirtalet vil difor be om at dei økonomiske konsekvensane vert nærare utgreidde og lagde fram for Stortinget i samband med framlegging av statsbudsjett.

       Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet syner til dei årlege budsjetthandsamingane.

3. Forslag frå mindretal

Forslag frå Høgre, Sosialistisk Venstreparti og representanten Christiansen:

Forslag 1

       Stortinget ber Regjeringen fremme forslag om 20 ukers rettledet praksis i allmenn lærerutdanning.

Forslag frå Høgre:

Forslag 2

1. Stortinget ber Regjeringen fremme forslag om endringer i lærerutdanningen som legger til grunn at de to siste årene i den 4-årige utdanningen innrettes mot differensierte opplegg rettet mot småskoletrinnet i samsvar med Høyres merknader i Innst.S.nr.285(1996-1997).
2. Lærere som underviser i teorifag på ungdomstrinnet skal ha minst ett års faglig fordypning.

Forslag frå representanten Christiansen:

Forslag 3

1. Stortinget ber Regjeringen fremme forslag om endringer i lærerutdanningen slik at denne differensieres mellom barne- og ungdomstrinnet.
2. Lærere som underviser på ungdomstrinnet skal ha minst 20 vekttall for å kunne undervise i norsk, engelsk og matematikk, og minst 10 vekttall for å undervise i andre teorifag.

4. Komiteen si tilråding

Komiteen syner til det som står over, og til meldinga og rår Stortinget til å gjere slike

vedtak:

I.

       Stortinget ber Regjeringa fremje forslag om lovfesting av 18 veker med rettleia praksis innafor ramma av den bundne delen av allmennlærarutdanninga.

II.

       Faglærarutdanning i kroppsøving skal oppretthaldast.

III.

       Stortinget ber Regjeringa gjere framlegg om lovfesting av vurdering av om lærarkandidatar er skikka/uskikka til yrket.

IV.

       St.meld. nr. 48 (1996-1997) - Om lærarutdanning - vert lagd ved møteboka.

Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 13. juni 1997.

Jon Lilletun, Sigurd Manneråk, Siri Frost Sterri,
leiar. ordførar. sekretær.