1. Sammendrag

1.1 St.prp. nr. 80 (1996-1997)

1.1.1 Innleiing

       Kommunal- og arbeidsdepartementets bustøtteordning og Sosial- og helsedepartementets butilskotsordning vart samordna ved Stortinget sitt vedtak den 23. januar 1997, jf. St.prp. nr. 19 (1996-1997) og Innst.S.nr.99(1996-1997). I denne proposisjonen blir det gjort greie for departementet si oppfølging av vedtaket om samordning av dei statlege bustøtteordningane. Mellom anna fekk departementet fullmakt til å fastsetje satsane i regelverket for den nye bustøtteordninga. Det blir vidare gjort greie for konsekvensane av bustøtteutbetalingane som følgjer av det nye regelverket.

       Departementet viser til at vi no har ei god og rettvis statleg bustøtteordning for pensjonistar og trygda. Resultata av utbetalinga viser at bustøtta vart omfordelt slik Regjering og Storting la til grunn. Pensjonistar med same inntekter og buutgifter får no like mye i bustøtte frå staten. Tidlegare fekk nokre pensjonistar mindre og nokre meir i bustøtte mellom anna avhengig av kommunal praksis ved godkjenning av buutgifter før tildeling av butilskotet. I proposisjonen vert det vist til at Kommunal- og arbeidsministeren i samband med stortingsdebatten 23. januar 1997 sa at han ville komme tilbake til Stortinget med ei brei vurdering av regelverket for bustøtta. Med grunnlag i dette har departementet nøye gått gjennom resultata av utbetalinga av 1. termin og vurdert konsekvensane for den einskilde mottakar. I lys av dette varslar departementet forbetringar i regelverket.

1.1.2 Departementets oppfølging av stortingsvedtaket

       I St.prp. nr. 19 (1996-1997) heiter det:

       « Departementet vil tilrå at selve beregningsrutinen og satsene i regelverket fastsettes av departementet og tilpasses den bevilgningen som Stortinget fastsetter ved behandlingen av det årlige statsbudsjettet. »

       Det vart i statsbudsjettet for 1997 løyvd til saman 1.369 mill. kroner til bustøtte. Av desse vart 634 mill. kroner løyvd til Sosial- og helsedepartementets butilskotsordning og 735 mill. kroner til Kommunal- og arbeidsdepartementets bustøtteordning. Departementet vil her understreke at reint teknisk vil berre 2/3 av løyvinga frå Sosial- og helsedepartementets butilskotsordning kome til utbetaling i 1997, jf. St.prp. nr. 63 (1996-1997) om tilleggsløyvingar og omprioriteringar for 1997. Grunnen til dette er at 3. og siste termin, i 1997 blir utbetalt 2. januar 1998 og difor blir belasta bustøttebudsjettet for 1998.

       Departementet har, med utgangspunkt i dette og Innst.S.nr.99(1996-1997), utarbeidd satsar for utrekning av bustøtte for alders-, uføre- og etterlattepensjonistar. Det er ikkje gjort endringar i regelverket for barnefamiliar, her irekna småbarnsfamiliar. Vedtaka er følgde opp i forhold til Husbanken gjennom tillegg til tildelingsbrevet av 26. februar 1997. Buutgiftstaka for alders-, uføre- og etterlattepensjonistar med inntekter opp til minstepensjon pluss 30 %, blei auka med eit fast beløp for lys og varme. Det faste beløpet varierer med omsyn til tre klimasoner og vart fastsett til 4.600 kroner i sone 1, til 3.200 kroner i sone 2 og til 2.800 kroner i sone 3 for hushald med éin person.

       Som det vart varsla i St.prp. nr. 19 (1996-1997) starta minste rimelege buutgift på 15 % av inntekta med ei opptrapping på 0,3 % pr. 1.000 kroner i inntektsauke. Utrekninga av formuestillegget vart også presentert i St.prp. nr. 19 (1996-1997).

1.1.3 Resultata av utbetalinga frå 1. termin 1997

       Totalt 93.166 hustander fekk bustøtte 1. termin 1997. Av desse er det 77.300 alders-, uføre- og etterlatnepensjonistar og 15.866 barnefamiliar. Den gjennomsnittlege utbetalinga til barnefamiliane er uendra frå 1996 til 1997. Reglane for bustøtte til barnefamiliar er ikkje endra frå 1996 til 1997. Bustøtte til barnefamiliar blir difor ikkje nærmare omtalt i denne proposisjonen.

       Den gjennomsnittlege utbetalinga til alders-, uføre- og etterlattepensjonistar er 3.517 kroner pr. termin, eller 10.550 kroner pr. år. Bustøtta utgjer i gjennomsnitt 32 % av godkjende buutgifter. Dette er ein auke samanlikna med i fjor. Det vil seie at bustøtta no i gjennomsnitt dekkjer ein større del av buutgiftene enn det ho gjorde i 1996.

       Av 77.300 alders-, uføre- og etterlattepensjonistar som fekk bustøtte i 1997, var det om lag 28.500 som i 1996 fekk bustøtte frå begge ordningane. Vidare var det om lag 23.500 som berre fekk butilskot og om lag 18.300 som berre fekk bustøtte frå Husbanken. Dei resterande 7.000 hushalda er nye søkjarar som ikkje fekk bustøtte/butilskot i fjor.

       Utstrekningane over viser at rundt rekna 35.500 hushald har fått ein auke i støtte, og at om lag 40.000 hushald har fått ein reduksjon i støtte. Om lag 1.800 hushald har uendra støtte frå 1996. I proposisjonen vert det gjort nærare greie for fordelinga av endringar i støtte etter samordningar for dei som berre fekk bustøtte i 1996, dei som berre fekk butilskot i 1996 og dei som fekk frå begge ordningane samstundes.

1.1.4 Vurdering av resultata

       Departementet viser til at resultata av utbetalingane frå 1. termin i hovudsak er i samsvar med dei resultata som var forventa i St.prp. nr. 19 (1996-1997), kap. 6 og som låg til grunn for Stortingets vedtak. For å tilpasse regelverket til budsjettramma sette KAD budsjettrammene dekningsgraden til 60 %. Dette har ført til at det står om lag 100 mill. kroner i unytta midlar. Dette har ført til at nokon fleire har fått reduksjon og nokon færre har fått auke enn det ein rekna med. Det viser seg óg å vere fleire som har fått store reduksjonar som følgje av samordninga enn det som var forventa.

       I samsvar med det som var forventa, syner resultata at dei eller fleste av dei som berre var mottakarar av bustøtte frå Husbanken har fått ein auke i bustøtten. Dette er statistisk dokumentert og presentert i kap. 3 i proposisjonen. Når det gjeld dei som tidlegare fekk butilskot frå kommunane, kan det ikkje gjennomførast den samme statistiske analyse. Dette fordi departementet diverre ikkje har opplysningar frå kommunane om mottakarar av butilskot i 1996; korkje kven dei var eller kor mykje dei fekk. Departementet kan difor ikkje direkte samanlikne resultata for å finne ut kven som har fått meir og kven som har fått mindre i samla bustøtte.

       Resultatet av utbetalinga i 1. termin viser at dei som har fått den store reduksjonen i støtte i hovudsak er nettopp dei som har fått støtte frå begge ordningane samstundes, og som har særs høge buutgifter og eventuelt høge formuar.

       Departementet peiker på at det er uklårt om kommunane fullt ut har følgd dei statlege retningslinene vedrørande utbetaling av butilskot, mellom anna når det gjeld dekningsprosent og avrekning av bustøtte. Det som likevel verkar klårt, er at nokre kommunar har akseptert høgare buutgifter enn det som var føresett i retningslinene frå staten. Departementet har motteke og gjennomgått døme på at butilskot har dekt 42.000 av buutgifter på 53.000 kroner, eller om lag 75 % av buutgiftene. Dersom kommunen hadde følgt retningslinene frå staten, skulle støtta ha dekt 45 % av buutgiftene med ein slik kombinasjon av inntekter og buutgifter.

       I retningslinene frå staten står det uttrykkeleg at grunnlaget for utrekning av butilskot skal vere nøkterne buutgifter. Skilnader i kommunal praksis, særleg når det gjeld fastsetjing av buutgifter og fastsetjing av kommunal husleige, har ført til store skilnader i støttebeløp for hushald i lik situasjon med omsyn til buutgifter og inntekter. Dersom dei som på denne måten har fått særleg høg bustøtte skulle vere malen for alle med tilsvarande inntekter og bustadutgifter, måtte løyvinga til butilskot/bustøtte auke med over ein milliard kroner.

       Det er departementet si vurdering at dei store reduksjonane i bustøtte til einskilde er rett i høve til intensjonane med samordninga. Det er likevel slik at det for den einskilde pensjonist med svært låg inntekt og høg buutgift, og som har tilpassa seg til eit stort butilskot, vil kunne få problem med å makte buutgiftene med det no reduserte støttenivå.

1.1.5 Forbetringar av regelverket

1.1.5.1 Buutgiftstaket

       Resultata frå 1. termin viser at det er om lag 20.000 hushald av 77 300 hushald som har buutgifter over buutgiftstaket. På bakgrunn av dette og fordi buutgiftstaka ligg noko under buutgiftene knytte til ein omsorgsbustad, vil Regjeringa auke det øvre nivået for buutgifter som gir grunnlag for bustøtte med 5.000 kroner for alle hushald. Dette såkalla buutgiftstaket inkluderer det faste beløpet for lys og varme - sjablonbeløpet. Dei nye buutgiftstaka i sone 3 for dei med inntekt som ligg under 130 % av minstepensjonen vil med dette bli:

- Hushald med ein person: 42.100 kroner.
- Hushald med to personar: 55.200 kroner.
- Hushald med tre personar: 60.300 kroner.
- Hushald med fire personar: 66.000 kroner.

       Departementet viser til at det særleg er tre forhold ein bør merke seg. For det første får unge uføre lagt til grunn buutgiftstaket med to personar meir. Det vil seie at ein einsleg ung ufør får lagt til grunn buutgiftstaket for hushald med tre personar, altså 60.300 kroner, eller 5.025 kroner pr. månad. Grunnen til dette er at funksjonshemma ofte treng større og meir tilpassa bustader enn andre. Dette gjer at buutgiftene til denne gruppa er høgare enn buutgiftene til andre grupper, og at dei difor kan få lagt til grunn høgare buutgifter enn andre. Kommunalkomiteen er komen i møte på dette punktet.

       For det andre får dei andre uførepensjonistane lagt til grunn buutgiftstaket for hushald med ein person meir i hushaldet. For det tredje får eldre som bur i omsorgsbustader lagt til grunn buutgiftstaket for hushald med ein person meir. Departementet viser til at ein som bur i ein omsorgsbustad vil ha ei årleg buutgift på mellom 50.000 kroner og 55.000 kroner. Sidan buutgiftstaket etter dagens regelverk ligg i underkant av 50.000 kroner, vil departementet oppjustere maksimalgrensene for godkjende buutgifter. Dette vil medverke til at minstepensjonistar og unge uføre får dekt ein større del av buutgiftene som er knytte til ein omsorgsbustad. Det vil seie at buutgiftstaka knytte til omsorgsbustader ligg om lag på buutgiftene knytte til ein slik bustad.

       Departementet peikar på at hovudmålet med ordninga er at ho skal hjelpe hushald med låge inntekter til å kunne skaffe seg ein god bustad og kunne bli buande der. Ein auke av dei øvre grensene for buutgifter med 5.000 kroner vil auke bustøtta med opp til 3.500 kroner årleg for omlag 20.000 hushald. Ein auke av buutgiftstaka vil vere eit effektivt verkemiddel for å konsentrere støtta meir mot dei med låge inntekter og høge buutgifter og derfor kome nærare målet med ordninga.

1.1.5.2 Dekningsprosenten

       For det andre vil Regjeringa òg auke dekningsprosenten frå 60 til 70 %. Dette vil gjere at alle alders-, uføre-, og etterlattepensjonistar (77.300) får ein auke i støtte. I gjennomsnitt får dei ein auke på 1.650 kroner pr. år som følgje av auken i dekningsprosenten. For ein minstepensjonist som har buutgifter på opp til 45.000 kroner pr. år, vil ein auke av dekningsprosenten føre til at han får ein auke i bustøtta på 2.700 kroner pr. år. Dersom minstepensjonisten i tillegg bur i ein omsorgsbustad der tak for buutgift blir sett som for topersonhushald, dvs. 55.200 kroner, vil bustøttebetalinga auke opp mot 3.500 kroner.

       Samla vil endringa i bustøtte føre til at ein minstepensjonist kan få opp til 6.200 kroner meir i bustøtte pr. år og minstepensjonisten som bur i omsorgsbustad opp til 7.000 kroner. Unge uføre vil kunne få ein enno større auke i støtta.

1.1.5.3 Tilbakeverknad

       Det blir lagt til grunn at endringane i regelverket også blir gjort gjeldande frå 1. terminutbetalinga som var 9. mai. Husbanken vil gjere ei ny utrekning for 1. termin 1997. Dei som har fått mindre i støtte enn forslaget til nye satsar i regelverket, vil dermed få dette kompensert.

1.1.5.4 Overgangsordning

       Regjeringa vil dessutan innføre ei overgangsordning for dei som kan dokumentere ein stor reduksjon i bustøtte/butilskot frå 1996 til 1997. Regjeringa foreslår 40 mill. kroner til ei overgangsordning. Det har vist seg at talet på dei som har fått bustøtte frå begge bustøtteordningane er større enn det som blei lagt til grunn i St.prp. nr. 19 (1996-1997). Departementet vil derfor gi Husbanken løyve til å sende ut melding om at dei som har fått redusert bustøtte med over 6.000 kroner i år, kan søkje Husbanken om ein kompensasjon for 80 % av reduksjonen. Etter departementet si vurdering kan det dreie seg om rundt rekna 7.000 hushald. Departementet vil her presisere at ein ikkje veit kva dei einskilde faktisk har fått i butilskot og difor ikkje kva dei har fått frå begge ordningane.

       Departementet viser til at ordninga vedrørande buutgiftstaket og dekningsprosenten vil kome i tillegg og for mange dekkje dei 6.000 kronene som golvet utgjer.

1.1.5.5 Bustadavgrensinga

       Fleirtalet i kommunalkomiteen ba departementet vurdere bustadavgrensinga i ordninga. Departementet arbeider no med dette spørsmålet for å kome fram til ei god bustadsavgrensing som ikkje er avhengig av kvar bustaden er finansiert. Når dette arbeidet er avslutta vil departementet så snart som råd er kome tilbake til Stortinget med ei vurdering av denne saka.

1.1.5.6 Døme på tildeling av bustøtte

       Departementet gir i proposisjonen ei rekkje døme på tildeling av bustøtte og butilskot før og etter samordninga og med dei forbetringane i regelverket som er varsla.

1.1.6 Økonomiske konsekvensar

       Endringane i regelverket som blir presentert i proposisjonen vil føre til ei meirutbetaling av bustøtte på 180 mill. kroner. Det vil seie 80 mill. kroner over det som er disponibelt. Auke av buutgiftstaka vil føre til ei meirutbetaling på omlag 60 mill. kroner i 1997. Auke i dekningsprosenten frå 60 til 70 % vil gi ei meirutbetaling på omlag 80 mill. kroner i 1997. Overgangsordninga vil koste omlag 40 mill. kroner i 1997. Med ei disponibel løyving på 1 154 mill. kroner gjer Regjeringa framlegg om ei auke i løyvinga til kap. 580 på 80 mill. kroner.

       Departementet tilrår at auken i løyvinga til bustøtte fullt ut blir kompensert gjennom reduksjon av løyvinga til Husbankens risikofond (kap. 2412 post 70).

1.2 Dok.nr.8:82(1996-1997)

       I dokumentet fremmes følgende forslag:

       « Stortinget ber Regjeringen om snarest å fremme forslag til endring av bostøtteordningen slik at minstepensjonister og de som trenger den mest ikke faller utenfor ordningen eller ikke får den bostøtte de har behov for. »

       I dokumentet vises det til St.prp. nr. 19 (1996-1997) hvor det blant annet ble framhevet at støtten skulle konsentreres mot de med kombinasjonen av høye, men nøkterne boutgifter og lave inntekter. Forslagsstillerne viser til opplysninger fra flere kommuner som viser at minstepensjonister rammes av omleggingen. I tillegg vil omleggingen bety utbygging av færre omsorgsboliger.

       Forslagsstillerene viser til at det ikke er varslet noen sak om virkningen av samordningen av bostøtten, slik Stortinget ba om i Innst.S.nr.99(1996-1997). Av hensyn til de berørte mener forslagsstillerne at det er nødvendig å handle raskt.

1.3 Dok.nr.8:86(1996-1997)

       I dokumentet fremmes følgende forslag:

       « Stortinget ber Regjeringen sørge for at bostøtteordningen bringes i samsvar med Stortingets intensjoner i Innst.S.nr.99(1996-1997) slik at ingen enkeltpersoner eller grupper får redusert sin bostøtte i forhold til de ytelser de oppebar før samordningen av Kommunal- og arbeidsdepartementets og Sosial- og helsedepartementets bostøtteordning ble vedtatt. »

       I dokumentet vises det til St.prp. nr. 19 (1996-1997) og Innst.S.nr.99(1996-1997), samt til debatten i Stortinget 23. januar 1997 hvor representanter for flere partier ga uttrykk for at det var viktig at bostøtten ble kanalisert til dem som trengte den mest.

       Forslagsstilleren påpeker at samordningen har ført til en sterk nedgang i bostøtte for enkelte grupper, særlig minstepensjonister. Dette kan ikke være i overensstemmelse med de målsettinger partiene ga uttrykk for ved behandlingen i Stortinget.