6. Særmerknader fra Kristeleg Folkeparti

Komiteen sin medlem frå Kristeleg Folkeparti konstaterer at grunnlaget for Regjeringa sitt forhandlingsopplegg byggjer på ei vidareføring av fleirtalstilrådingane (Arbeidarpartiet og Høgre) i innstillinga til St.prp. nr. 8 (1992-1993). Denne medlemen legg vidare til grunn at næringsorganisasjonane si tilråding til avtalen, må sjåast ut frå den landbrukspolitikk det til ei kvar tid er fleirtal for i Stortinget.

       Denne medlemen legg vekt på at ein ved forhandlingane fekk ei styrking av dei mindre einingane.

       Denne medlemen syner til at Kristeleg Folkeparti i Innst.S.nr.92(1992-1993) la svært stor vekt på at næringsorganisasjonane sin forhandlingsrett skulle respekterast.

       Denne medlemen legg derfor avgjerande vekt på at forhandlingsinstituttet har fungert ved dette jordbruksoppgjeret.

       Denne medlemen vil på denne bakgrunn stø den framforhandla avtalen.