12. Samferdselsdepartementet

12.1 Kap. 1301 Forsking og utvikling

12.1.1 Post 70 Tilskot til rasjonell og miljøvennleg transport

Samandrag

       Overføringane frå år til år har vore relativt store på denne posten. Dette har særleg samanheng med at departementet for å sikre forsvarleg bruk av midla, ved prosjektstart normalt berre utbetaler mellom 1/2 og 2/3 av tilskot som det er gitt tilsegn om. Resten blir utbetalt når godkjent prosjektrapport ligg føre. Med dette sikrar ein korrekt og tilstrekkeleg rapportering frå prosjekta.

       I St.prp. nr. 1 (1996-1997) Gul bok, kap. 7.3, er m.a. vist til at det bør vurderast å gjere større bruk av tilsegnsfullmakt for å unngå at løyvingane blir større enn det som kan kome til utbetaling, jf. også Innst.S.nr.130 (1996-1997) Innstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om Riksrevisjonens undersøkelse av manglende utnyttelse av gitte bevilgninger.

       For å få betre samsvar mellom løyvinga for 1997 og dei utbetalingar ein reknar med i løpet av året, blir det gjort framlegg om å redusere løyvinga på kap. 1301 post 70, med i alt 20  mill. kroner. Av dette må 5  mill. kroner sjåast i samanheng med inndekking av utgifter til planlegging av Ringeriksbanen, jf. omtale nedanfor. For å kunne oppretthalde eit tilfredsstillande aktivitetsnivå på dei områda som tilskota går til, blir det gjort framlegg om fullmakt til i 1997 å gi tilsegn for 20 mill. kroner ut over løyvinga på kap. 1301 post 70.

Komiteen sine merknader

       Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag om tilsagnsfullmakt, jf. forslag til vedtak XIX. Komiteen slutter seg videre til Regjeringens forlsag om å nedsette kap. 1301 post 70 med 20 mill. kroner.

12.2 Kap. 2450 Luftfartsverket

12.2.1 Post 30 Flyplassanlegg

Samandrag

       Som ein del av det samla budsjettframlegget har ein funne det tilrådeleg med ein mindre reduksjon av investeringsaktiviteten i Luftfartsverket. Ein slik reduksjon kan gjennomførast ved mindre forskyvingar av nokre prosjekt. Det blir etter dette gjort framlegg om å redusere kap. 2450 post 30, med 20  mill. kroner. Som ein konsekvens av forslaget, blir det og gjort framlegg om å redusere løyvinga under kap. 5450 post 35 med 20  mill. kroner.

Komiteen sine merknader

       Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag under kap. 2450 post 30 og kap. 5450 post 35.

12.3 Kap. 4320 Vegadministrasjon (jf. kap. 1320)

Samandrag

       Vegdirektoratet har gjort eit nytt overslag for inntektene på kap. 4320 Vegadministrasjon i St.prp. nr. 1 (1996-1997). På bakgrunn av rekneskapen for 1996 og utviklinga så langt i 1997, er auken i inntektene på dette kapitlet rekna ut til om lag 16 mill. kroner. Endringane er knytt til post 2 Diverse gebyr og post 4 Kontrollgebyr.

Alle tal i mill. kroner

  B.innst.S.nr.III 1997 Endringar Nytt forslag 1997
Post 2 Diverse gebyr 94,7 24,8 119,5
Post 4 Kontrollgebyr 31,4 -8,4 23,0
Sum 126,1 16,4 142,5


       Meirinntekta på post 2 Diverse gebyr har si årsak i større etterspurnad av førarprøver. Årsaka til reduksjonen i inntektene på post 4 Kontrollgebyr er at vegvesenet sin del av EØS-kontrollen av lette og tunge kjøretøy er blitt mindre enn tidlegare budsjettert. Det er framleis knytt uvisse til gebyrinntektene.

       Meirinntektene fører med seg meirutgifter og ein foreslår at kap. 1320 Vegadministrasjon får ein auke tilsvarande auken på inntektssida.

Komiteen sine merknader

       Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Rød Valgallianse, går inn for å redusere bevilgningen til vegadministrasjon med 100 mill. kroner til dekning av merbehov som følge av andre forslag i denne innstilling. Flertallet viser til forslag under avsnitt 18.42 vedrørende kap. 1320 Vegadministrasjon post 11.

       Flertallet fremmer følgende forslag:

Kap. 1320 Vegadministrasjon (jf. kap. 4320)
   01 Lønn og godtgjørelser,
        nedsettes med kr 25.000.000
        fra kr 1.035.200.000 til kr 1.010.200.000


       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Rød Valgallianse slutter seg til Regjeringens forslag under kap. 1320 post 01 og fremmer følgende forslag:

Kap. 1320 Vegadministrasjon
   01 Lønn og godtgjørelser,
        forhøyes med kr 16.400.000
        fra kr 11.035.200.000 til kr 1.051.600.000


       Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag om å forhøye kap. 4320 post 02 med 24,8 mill. kroner og nedsette post 04 med 8,4 mill. kroner.

12.4 Kap. 1350 Jernbaneverket

12.4.1 Post 23 Drift og vedlikehald

Samandrag

       Ved handsaminga av St.prp. nr. 64 (1995-1996)/Innst.S.nr.12 (1996-1997) vedtok Stortinget at det skal gjennomførast hovudplanlegging av to ulike korridorar for Ringeriksbanen. For 1997 er planutgiftene rekna til 20  mill. kroner. Det vedteke budsjettet for 1997 er basert på planlegging av ein korridor og det er sett av 10 mill. kroner til dette. Ein foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 1350 Jernbaneverket post 23 Drift og vedlikehald, med 10  mill. kroner i 1997.

       Av omsyn til budsjettbalansen for 1997 legg Samferdselsdepartementet opp til at auken i løyvinga blir dekt ved reduksjonar i høve til vedtekne løyvingar på

- kap. 1300 Samferdselsdepartementet post 11 Varer og tenester, med 2  mill. kroner
- kap. 1301 Forsking og utvikling m.v. post 21 Utgreiingar om miljø, trafikktryggleik m.v, med 3  mill. kroner
- kap. 1301 Forsking og utvikling m.v. post 70 Tilskot til rasjonell og miljøvennleg transport, med 5  mill. kroner.

       Reduksjonane kan gjennomførast fordi det står igjen ubrukte løyvingar for 1996 som er blitt overførte til 1997.

Komiteen sine merknader

       Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag under kap. 1350 post 23.

Standpunkttabell, avsnitt 12.4.1

    Regj.                
Kap/   forslag
post   mill kr A Sp H SV KrF V RV SB
1350.23   +10,0 +10,0 +10,0 +10,0 +10,0 +10,0 +10,0 +10,0 +10,0
1300.11   -2,0 -2,0 0 -2,0 0 0 0 0 -2,0
1301.21   -3,0 -3,0 0 -3,0 0 0 0 0 -3,0
1301.70 Det vises
  til avsnitt
  12.1.1

- nedsettes med (i forhold til foreløpig vedtatt budsjett)

+ forhøyes med (i forhold til foreløpig vedtatt budsjett)

0 ingen endring (i forhold til foreløpig vedtatt budsjett)

       Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre og representanten Stephen Bråthen, slutter seg til Regjeringens forslag om reduksjon av bevilgningen under kap. 1300 post 11 med 2 mill. kroner og under kap. 1301 post 21 med 3 mill. kroner.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti, Venstre og Rød Valgallianse går imot Regjeringens forslag under kap. 1300 post 11 og kap. 1301 post 21.

12.5 Postbanken

Samandrag

       Stortinget gjorde ved sin behandling av St.prp. nr. 2/Innst.S.nr.31 (1996-1997) og Ot.prp. nr. 2/Innst.O.nr.10 (1996-1997) følgjande vedtak:

       « Stortinget ber Regjeringen foreta en bred vurdering av Postbankens forretningsstrategi i forhold til Stortingets forutsetninger bl a innenfor rammene av statens egen samlede bankvirksomhet og av eventuelle følger for Postverket. »

       Regjeringa vil kome attende til dette på eit seinare tidspunkt.

Komiteen sine merknader

       Komiteen tar dette til orientering.