16. Forsvarsdepartementet

16.1 Kap. 1760 Nyinnkjøp av materiell og nye bygg og anlegg

16.1.1 Post 45 Store nyinnkjøp, kan overførast, kan nyttast under kap. 1790 post 45

Samandrag

       Det blir foreslått ein reduksjon under post 45 på 25 mill. kroner ut frå det ein reknar med vil bli utbetalt i 1997. På grunn av betre betalingsvilkår for dei såkalla FMS-kjøpa, seinast omtalt i St.prp. nr. 1 Tl.07 (1996-1997), er det mogleg å bruke innbetalte midlar for å dekkje betaling som ein har plikt til i 1997. I tillegg blir nokre prosjekt som går inn i FMS-kjøpa forseinka. Fordi om ein ut frå realistisk budsjettering kan redusere løyvinga i 1997, er midlane likevel bundne til kontraktar som vil kome til full utbetaling i framtidige budsjetterminar.

Komiteen sine merknader

       Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag om å redusere kap. 1760 post 45 med 25 mill. kroner.

       Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti viser til sitt helhetlig opplegg for forsvarspolitikken. Disse medlemmer mener det er rom for å redusere bevilgningene over kap. 1760 post 45 med 900 mill. kroner ut over Regjeringens forslag.

       Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

Kap. 1760 Nyanskaffelser av materiell og
  nybygg og nyanlegg
   45 Store nyanskaffelser, kan overføres,
        nedsettes med kr 925.000.000
        fra kr 5.465.632.000 til kr 4.540.632.000


16.2 Forsvarets relokalisering Gardermoen - lokale for den gjenverande flysamlinga

Samandrag

       Det blir foreslått ein auke under kap. 1761 post 47 Nye bygg og anlegg med 36 mill. kroner og ein auke under kap. 4761 post 47 Sal av bustader med 15 mill. kroner.

       Riving av hangar D og to mindre bygningar som i dag gir rom for flysamlinga, og utgifter til eit nytt erstatningsbygg, vart opphavleg ikkje prosjektert inn i Forsvarets relokalisering Gardermoen. Oslo Lufthavn AS (OSL) har seinare ønskt å frigjere området ved hangar D. Det vil seie at hangaren må rivast. Forsvarsdepartementet gjekk med på dette under føresetnad av at ein ny hangar for flysamlinga kunne finansierast over kap. 1761 post 47. Prosjektet vart omtalt for Stortinget i St.prp. nr. 1 (1996-1997), der det vart føresett at flysamlinga skulle flyttast ut av hangar D innan 1. juli 1998.

       Ein ny hangar er rekna til å kosta 51 mill. kroner. Det har i ettertid vist seg at dei resterande midlane på kap. 1761 post 47 ikkje er fullt ut tilstrekkelege til å finansiere hangaren. Derfor ber ein om ei tilleggsløyving på 21 mill. kroner til forsvarsbudsjettet. I tillegg blir 15 mill. kroner dekka innanfor ramma av forsvarsbudsjettet på kap. 1761. I Forsvarsdepartementet sin investeringsproposisjon i 1997, St.prp. nr. 57 (1996-1997) er det nemnd at forslag til vedtak om desse løyvingane vil bli lagt fram i samband med Revidert nasjonalbudsjett. 15 mill. kroner blir foreslått dekt innanfor avsetninga til Luftfartsverket sitt budsjett for grunnerverv og erstatningar til Forsvaret. Desse midlane blir også foreslått løyvd på forsvarsbudsjettet under kap. 1761 post 47 og kap. 4761 post 47.

Komiteen sine merknader

       Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Rød Valgallianse, slutter seg til Regjeringens forslag om å forhøye kap. 1761 post 47 med 36 mill. kroner, og å redusere kap. 4761 post 47 med 15 mill. kroner.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti, Venstre og representanten Stephen Bråthen registrerer at Regjeringen foreslår en utbyggingsløsning for flysamlingen på Gardermoen til 51 mill. kroner. Dette er mindre enn det impliserte oppfatter som en minimumsløsning på 59,5 mill. kroner. En slik løsing er nødvendig for å sikre publikumsadgang til hangaren. Disse medlemmer viser videre til at en utbygging til 72 mill. kroner vil gi et godt anlegg og behovsdekning godt inn i neste århundre. Disse medlemmer vil gå inn for en løsning i tråd med ønskene fra de impliserte på Gardermoen og foreslår en økning på 21,9 mill. kroner.

       Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

Kap. 1761 Forsvarets relokalisering Gardermoen
   47 Nybygg og nyanlegg,
        forhøyes med kr 57.900.000
        fra kr 554.752.000 til kr 612.652.000