Innstilling frå finanskomiteen om statsrekneskapen medrekna folketrygda 1996.

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 299 (1996-1997)
  • Kildedok: St.meld. nr. 3 (1996-97)
  • Dato: 15.06.1997
  • Utgiver: finanskomiteen
  • Sidetall: 10

Til Stortinget.

1. Samandrag

1.1 Hovudtrekk i finanspolitikken

Innleiing

       Meldinga omfattar statsrekneskapen medrekna folketrygda, rekneskapen for Svalbard, statsgarantiar, tilsegns- og tingingsfullmakter, oppgåve over aksjar og informasjon om rekneskapen for dei offentlege fonda.

       I meldinga vert det gjort greie for løyvde beløp på statsbudsjettet og rekneskapsførte tal. Årsakene til avvik mellom budsjett og rekneskap blir òg omtaler.

       Ein har arbeidd med ei omlegging av meldinga. Omlegginga vil innebere at ein òg i statsrekneskapen i større grad retter søkelyset mot løyvingane på Regjeringa sine utvalde satsingsområde. Siktemålet er at meldinga i større grad enn tidlegare skal reflektere framlegget til statsbudsjett i Gul bok.

       Då Regjeringa la fram St.prp. nr. 1 (1995-1996), vart det peika på at budsjettpolitikken må brukast aktivt for å jamne ut svingingane i økonomien og styrkje sysselsettinga. Det vart òg understreka at budsjettutviklinga må vere forsvarleg i eit fleirårleg perspektiv.

       Ein viser elles til omtalen av budsjettutviklinga gjennom 1996 i Revidert nasjonalbudsjett 1996, Nasjonalbudsjettet 1997 og Revidert nasjonalbudsjett 1997.

Tabell 1. Statsbudsjettets inntekter og utgifter ekskl. lånetransaksjoner (mill. kroner)

        Nysaldert  
    Gul bok S.III budsjett Rekneskap
    1996 1996 1996 1996
1. Statsbudsjettets stilling        
  A Statsbudsjettets inntekter i alt 373.806 378.296 401.962 406.147
  A.1 Inntekter frå petroleumsverksemda 48.800 48.850 60.362 61.110
  A.2 Inntekter utan petroleumsinntekter 325.006 329.446 341.600 345.038
  B Statsbudsjettets utgifter i alt 363.196 365.894 356.467 358.991
  B.1 Utgifter til petroleumsverksemda -513 -513 -10.807 -8.777
  B.2 Utgifter utan petroleumsverksemda 363.708 366.407 367.274 367.767
  Statsbudsjettets oljekorrigerte
  overskott (A.2-B.2) -38.703 -36.961 -25.673 -22.730
+ Overført frå Statens
  petroleumsfond 38.703 36.961 25.673 25.673
= Statsbudsjettets overskott før
  lånetransaksjonar 0 0 0 2.943
2. Statens petroleumsfond         
  Statsbudsjettets netto
  kontantstraum frå
  petroleumsverksemda (A.1-B.1)
  blir overført til Statens
  petroleumsfond 49.313 49.363 71.169 69.886
  -  Overført til statsbudsjettet 38.703 36.961 25.673 25.673
  +  Renteinntekter i fondet 0 0 68 81
= Overskott i Statens petroleumsfond 10.610 12.402 45.564 44.294
3. Statsbudsjettet og Statens
  petroleumsfond samlet        
  Overskott 10.610 12.402 45.564 47.237
4. Statsbudsjettets finansieringsbehov,
  brutto 56.645 51.098 45.442 41.268


       I løpet av 1996 har løyvingane av inntekter eksklusiv lånetransaksjonar auka med 28,2 mrd. kroner frå 373,8 mrd. kroner i Gul bok til 402,0 mrd. kroner i nysaldert budsjett.

       Utgiftsløyvingane eksklusiv lånetransaksjonar vart reduserte med 2,3 mrd. kroner frå 363,2 mrd. i Gul bok til 356,5 mrd. kroner i nysaldert budsjett. Denne reduksjonen må sjåast i samanhang med at driftsinntektene frå statens direkte økonomiske engasjement i oljeverksemda auka med om lag 10,3 mrd. kroner. Då verksemda er nettobudsjettert med eit negativt driftsresultat under utgiftene på statsbudsjettet fører dette til at driftsutgiftene i statsbudsjettet vert redusert tilsvarande.

       Nysaldert budsjett gav eit oljekorrigert underskott på 25,7 mrd. kroner som er 13,0 mrd. kroner lågare enn i Gul bok. Oljeinntekter og netto inntekter frå oljeverksemda vart 21,9 mrd. kroner større enn i Gul bok. På denne bakgrunnen vart det samla overskottet i statsrekneskapen og Statens petroleumsfond vurdert å bli 35,0 mrd. kroner større ved nysalderinga av budsjettet enn i Gul bok.

       I statsregnskapen for 1996 er oljekorrigert underskott 2,9 mrd. kroner lågare enn i nysaldert budsjett. Tilbakeføringa frå Statens petroleumsfond til statskassa vart endeleg fastlagd i nysaldert budsjett, for å dekkje det oljekorrigerte underskottet som då vart forutsett. På denne bakgrunnen blir statsrekneskapen for 1996 gjort opp med et overskott på 2,9 mrd. kroner som utgjer avviket i det oljekorrigert underskottet mellom nysaldert budsjett og rekneskapen.

       Lånebehovet endra seg med 11,2 mrd. kroner frå 56,6 mrd. kroner i Gul bok til 45,4  mrd. kroner i nysaldert budsjett. Rekneskapen for 1996 syner eit lånebehov på 41,3  mrd. kroner.

Tabell 2. Hovudtala i statsrekneskapen for perioden 1992-1996 (mill. kroner).

                Avvik
                Rekne-
                skap
            Nysald.   Nysal-
  Rekne- Rekne- Rekne- Rekne- S.III bud- Rekne- dert
  skap skap skap skap   sjett skap bud-
  1992 1993 1994 1995 1996 1996 1996 sjett
Kjøp av varer
og tenester
ekskl statens
direkte
deltaking i
petroleums-
verksemda 85.219 86.689 87.815 86.925 91.475 88.277 91.406 3.129
Renter av
statsgjeld 17.575 19.516 20.653 20.455 21.169 20.549 20.110 -439
Overføringar
til andre
inkl
underskott
i statens
forretnings-
drift 237.809 242.784 246.534 249.229 253.763 258.448 256.251 -2.197
Utgifter
ekskl lån og
petroleums-
verksemd 340.603 348.989 355.002 356.609 366.407 367.274 367.767 493
Inntekter
ekskl olje-
skattar og
petroleums-
verksemd 275.231 277.093 300.503 322.173 329.446 341.601 345.037 3.436
Oljekorrigert
overskott -65.372 -71.896 -54.499 -34.436 -36.961 -25.673 -22.730 2.943
Oljeskattar 25.484 26.614 24.497 27.637 24.700 33.400 33.078 -322
Utbytte frå
Statoil 1.400 1.250 1.075 1.614 1.850 1.850 1.850 0
Inntekter
frå statens
deltaking i
petroleums-
verksemda 15.331 16.766 18.446 20.933 22.300 25.112 26.182 1.070
Utgifter
til statens
deltaking i
petroleums-
verksemda 11.709 16.607 18.442 11.674 -513 -10.806 -8.776 2.030
Netto olje-
inntekter 30.506 28.023 25.576 38.510 49.363 71.168 69.886 -1.282
Overskott
før låne-
transaksjonar
før avsetting
til Statens
petroleums-
fond -34.866 -43.873 -28.923 4.074 12.402 45.495 47.156 1.661
Netto
overført til
Statens
petroleums-
fond 0 0 0 1.981 12.402 45.495 44.213 -1.282
Overskott for
lånetransak-
sjonar -34.866 -43.873 -28.923 2.093 0 0 2.943 2.943
Utlån og
avdrag,
brutto 67.191 37.592 53.828 39.895 74.221 103.096 99.000 -4.096
Tilbake-
betalingar 46.368 14.711 50.167 42.119 23.123 57.654 54.789 -2.865
Utlån, netto 20.823 22.881 3.661 -2.224 51.098 45.442 44.211 -1.231
Samla finan-
sierings-
behov 55.689 66.754 32.584 -4.317 51.098 45.442 41.268 -4.174
Opptatte lån 41.739 100.197 5.221 16.917     41.468
Endring
i ymse
behaldningar -13.950 33.443 -27.363 21.234     200


       Når ein ser bort frå lånetransaksjonane og overføringane til og frå Statens petroleumsfond, var dei samla utgiftene for staten i 1996 på 359,0 mrd. kroner. Inntektene var på 406,1 mrd. kroner, noko som ga eit overskott i rekneskapen før overføring til Statens petroleumsfond på 47,2 mrd. kroner. Av dette overskottet er 44,2 mrd. kroner sett av til Petroleumsfondet.

       Netto oljeinntekter var i 1996 på 69,9 mrd. kroner. Dersom ein held utgiftene og inntektene knytta til utvinninga av petroleum utanom rekneskapen, viser den eit oljekorrigert underskott på 22,7 mrd. kroner. Samanlikna med 1995 har utgiftene, eksklusive petroleumsverksemd og lånetransaksjonar, gått opp med 11,2 mrd. kroner (om lag 3 pst). Inntektene har auka med 22,9 mrd. kroner (om lag 7 %). Det oljekorrigerte underskottet er dermed redusert med om lag 11,7 mrd. kroner frå 1995 til 1996. Samstundes har netto oljeinntekter gått opp med 31,4 mrd. kroner. Til saman gjer dette at budsjettbalansen er betra med 43,1 mrd. kroner, frå eit overskot før overføring til Statens petroleumsfond på 4,1 mrd. kroner i 1995 til eit overskott før overføring til Petroleumsfondet på 47,2 mrd. kroner i 1996.

1.2 Særskilte områder

Bistandsformål

       I 1996 vart det utbetalt 8.492 mill. kroner til utviklingshjelp, rekna etter den gjeldande OECD/DAC-definisjonen. Dette utgjer 0,85 % av bruttonasjonalinntekta (BNI) for 1996.

       Utbetalingane til utviklingshjelp for 1996 er 569 mill. kroner (7 %) høgare enn for 1995.

Grunnskolereforma

       Grunnskolereforma blir sett i verk frå skoleåret 1997-98. Dei meirkostnadene som det er rekna med at kommunane får som følgje av reforma, blir kompenserte over statsbudsjettet. I 1996 vart det gitt investerings- og stimuleringstilskott.Totalt er det under kap. 228 Kvalitetsutvikling i grunnskolen, post 61 Tilskott til investeringar i skolebygg for 6-åringar rekneskapsført om lag 193 mill. kroner til dette formålet. Desse tilskotta var ei forskottering av investeringskompensasjonen og vart utbetalte til kommunar som hadde skaffa lokale til den nye 1.-klassen/førskolen i 1995 og 1996.

       Resten av investerings- og stimuleringstilskottet vil bli utbetalt i 1997. Den årlege kompensasjonen for investeringskostnadene og kompensasjonen for meirkostnadene til drift vil bli utbetalt frå hausten 1997.

       Rekneskapen for 1996 viser at investeringane er noko forseinka i høve til det ein hadde rekna med i budsjettet.

Overføring til kommunar og fylkeskommunar

Kap. 571 og 572 Overføringar gjennom inntekts-systemet til kommunar og fylkeskommunar

       Inntektssystemet for kommunar og fylkeskommunar er eit system for fordeling av statlege rammetilskot. Inntektssystemet er også nært knytt til dei kommunale skatteinntektene. I 1996 blir difor i alt om lag 70 % av kommunesektoren sitt inntektsgrunnlag påverka av fordelingskriteriane i inntektssystemet.

       Gjennom inntektssystemet blir rammetilskot fordelt til dei einskilde kommunane og fylkeskommunane utan detaljerte reglar for korleis midlane skal nyttast. Eit av hovudformåla med inntektssystemet er å gjera det mogleg for kommunane sjølve å fordele ressursar på tiltak som dei meiner vil gje det beste tilbodet til innbyggjarane. Fordelinga gjennom inntektssystemet tek omsyn til variasjonar i utgiftsbehov og skatteinntekter mellom kommunane og mellom fylkeskommunane.

       Regjeringa fremma i 1996 forslag om eit nytt og forenkla inntektssystem, som skal gjelde frå 1997. Dette arbeidet er ei oppfølgjing av ein fagleg gjennomgang av systemet, leia av professor Jørn Rattsø.

       Regjeringa fremma for året 1996 (St.prp. nr. 1 (1995-1996)) forslag om å fordele kr 32.492.000 som utgiftsutjamnande rammetilskot gjennom inntektssystemet til kommunar og fylkeskommunar. Ved behandlinga av salderingsproposisjonen for 1996 og revidert nasjonalbudsjett for 1996 vart overføringane til kommunane og fylkeskommunane gjennom inntektssystemet redusert, slik at endeleg sum til fordeling blir kr 32.057.000.

Utgifter til dei somatiske sjukehusa

Kap. 760 Helse- og sosialtenesta i fylkeskommunane

       Regjeringa sine overordna mål for fylkeshelsetenesta er (jf. St.meld. nr. 50 (1993-1994)):

a) Å sikre alle som blir ramma av sjukdom og svikt i funksjonsevne tilgang på helsetenester av høg fagleg kvalitet.
b) Å tilby nok behandlingskapasitet for å unngå lang ventetid før behandling kan setjast i verk.
c) Å tilby lik og rettferdig tilgang til helsetenester for befolkninga.
d) Å sørgje for effektiv ressursbruk og gi behandling på rett nivå, samtidig som kvaliteten på tenestene blir betra.
e) Å styrkje behandlingstilbodet innanfor psykiatri og rehabilitering.

       Måla over har ein søkt å nå gjennom fleire strategiar. Dei viktigaste satsingsområda i statsbudsjettet for 1996 er:

Post 61 Refusjon poliklinisk verksemd ved sjukehusa m.v.

       Posten omfattar refusjon for poliklinisk verksemd i helseinstitusjonane sin regi, inkludert radiologi- og laboratorieverksemd. Målet er å redusere ventetida for poliklinisk behandling, det vil seie å sørgje for at flest mogleg får behandling innan dei fristane som ventetidsgarantien set.

       I perioden 1988-90 vart det gjennomført ei omlegging av takstsystemet, inkludert eit høgre refusjonsnivå, for å stimulere til auka omfang av poliklinisk verksemd og dagkirurgi innanfor prioriterte område og for behandlingsformer der ventetida for behandling er lang. Omleggjinga har medverka til å styrke sjukehusa sin økonomi og til meir rasjonell bruk av ressursane. For vidare å stimulere til auka bruk av poliklinikk og dagkirurgi vart det sett av 100 mill. kroner til auka utbetalingar for denne type behandling.

Post 65 Tilskott til pasientbehandling, rehabilitering m.m.

       Løyvinga omfattar m.a. tilskott til rehabilitering, behandling av pasientar ved somatiske sjukehus, psykiatri og omstillingstiltak i fylkeshelsetenesta. Frå 1996 blir tilskottet til auka behandlingskapasitet innan psykisk helsevern foreslått ført opp under post 68.

Rehabilitering

       Løyvinga til rehabilitering vart auka med 120 mill. kroner for å styrkje rehabilitering og tilbodet til revmatikere. Departementet har gitt støtte til tiltak som kunne gå inn i ein overordna rehabiliteringsplan. I hovudsak omfattar dette oppbygging av rehabiliteringsteam, oppbygging eller styrking av rehabiliteringsavdeling, habiliteringsteam (for barn), observasjonseining knytt til habiliteringsverksemd. Vidare har departementet gitt støtte til styrking av dei revmatologiske avdelingane.

Tilskott til drift

       For å redusere ventelister og for å gje behandlingstilbod til pasientgrupper der teknologien no gjer dette mogleg, f.eks. innanfor kreftomsorga, vart det i tillegg øyremerka 360 mill. kroner til drift av dei fylkeskommunale sjukehusa. Av desse skulle 50 mill. kroner nyttjast til psykiatrien i fylkeskommunane. Stortinget auka tilskottet til drift med 290 mill. kroner. Tilskottet blir i hovudsak fordelt etter befolkningskriterium for sjukehustenester utan at det vart sett krav til behandlingsaktivitet for utløysing av midlane.

Bruk av stykkpris for utvalde pasientgrupper

       Stortinget løyvde 35 mill. kroner øyremerka til ei stykkprisordning for utvalde diagnosegrupper der garantibrotta er størst. Vidare vart 35 mill. kroner under kap. 760.65 Tilskudd til pasientbehandling, rehabilitering m.m. (tilskudd til drift) nytta til same føremål.Tilskott vart utbetalt som ein fast sum per ferdigbehandla pasient. 1277  pasientar vart behandla gjennom ordninga.

Post 66 Helseregionale samarbeidstiltak

       Med bakgrunn i Stortinget sin behandling av St.meld. nr. 50, vart det løyvd 40 mill. kroner til ein nyoppretta post for helseregionalt samarbeid. Målet var m.a. å utvikle nettverkstenkinga innanfor helsetenesta. Vidare gikk midlane til å stø regionale samarbeids- og funksjonsfordelingstiltak mellom sjukehusa og mellom helsenivå. Tiltaka måtte vere forankra i regionale helseplanar.

Post 69 Utprøvande behandling

       Det vart løyvd 38 mill. kroner til ein nyoppretta post for utprøvande behandling (høgkostnadsmedisin), 23 av desse millionane vart øremerka til utprøvande behandling ved statssjukehusa. Målet var å prøve ut nye og lovande behandlingsformer ved ulike former for kreft, der det mangla dokumentasjongrunnlag for den effekt dei nye behandlingsformene har. Dette gav tilbod om behandlingsforsøk til fleire pasienter med alvorlege sjukdommar, samtidig som ein arbeider med å få slått fast kva effekt behandlinga har.

Eldre- og omsorgstenestene

       Pleie- og omsorgstenestene til eldre og funksjonshemma var eit av hovedsatsingsområda for Regjeringa i 1996.

       Tilskottet til omsorgstenestene vart auka med 265 mill. kroner til 504,2 mill. kroner frå 1995 til 1996. Av dette vart 150 mill. kroner nytta til eit nytt tilskott til kommunane som hadde eller ville etablere døgnteneste, og 115 mill. kroner vart nytta til styrking av det øyremerka tilskottet til pleie- og omsorgstenestene. Av tallene i statsrekneskapen for 1996 ser ein at 99 % av løyvinga vart nytta i 1996, ei auke på 3 % i høve til 1995.

       Det vart òg løyvd 45 mill. kroner til ei ny tilskottsordning for å stimulere kommunane til å skrive ut unge funksjonshemma frå alders- og sjukeheimar. Dette er eit eingongstilskott til kommunane, og vert betalt ut på grunnlag av utflyttings- og tiltaksplanar vedtatt av kommunane for den einskilde unge funksjonshemma. Målgruppa vart opphavleg anslått til om  lag 1.600 brukarar. Dette talet bygde på informasjon frå den offentlege statistikken. Mellom anna på grunnlag av ein seinare rapport frå Norges Handicapforbund og Norsk Folkehjelp blei anslaget endra og er no nedjustert til om  lag 400 brukarar. Satsen pr. brukar vart justert frå 200.000 til 300.000 kroner for at fleire personar kunne bli utskrevne. Det vart utbetalt tilskott for 86 brukarar under 67 år, og det vart nytta ialt 25,8 mill. kroner.

       Løyvinga til bustønad til pensjonistar vart auka med 80 mill. kroner til 634 mill. kroner. Det ligg pr. i dag ikkje føre data frå Husbanken som gjev grunnlag for å seie noko om effekten av den auka løyvinga.

       Tilskottet til frivilligheitssentralane vart auka med 6,5 mill. kroner til 38,5 mill. kroner i 1996. 149 sentralar fekk tilskott. Det var ein auke på 34 nye sentralar.

       Som ein lekk i regjeringa sitt opplegg for å styrke pleie- og omsorgstenestene vart det også løyvd 375 mill. kroner over Kommunal- og arbeidsdepartementet sitt budsjett (kap. 586 post 62) til tilskott til bygging av omsorgsboliger og sjukeheimar, ein auke på 100 mill. kroner. Det var søkt om tilskott for 312,5 mill. kroner, og løyvd tilskott for 301,5 mill. kroner. Ifølgje tal frå Husbanken er det gjeve tilskott til 2.949 bustader som fordeler seg slik: 1.330 sjølvstendige bustader, 354 bufellesskap, 248 bukollektiv, 884 er sjukeheimsplassar og 133 er einsengsrom.

Ansvarsreforma for menneske med psykisk utviklingshemming

       Reforma for menneske med psykisk utviklingshemming var og i 1996 eit prioritert område. Løyvingane i 1996 auka med 136 mill. kroner særleg for å styrke tilbodet til heimebuande personar. Dei viktigaste oppgåvene for kommunane i 1996 var å byggje vidare ut heimetenestene, dagtilbodet og kultur- og fritidstilbodet.

       Kommunane rapporterte at pr. 1. januar 1996 var talet på utviklingshemma som mottok hjelp i heimen auka med 600 personar det siste året. 8.700 av dei 9.200 utviklingshemma som då budde for seg sjølv, fekk slik hjelp. Kommunane opplyste at nærare 1.100 utviklingshemma skulle flytte for seg sjølv i løpet av 1996. Dei fleste av desse kjem frå foreldreheimen, og treng då meir hjelp frå kommunane enn før.

       Støttekontaktane er viktige for utviklingshemma på fritida. Kommunane sine planar var å gje 10.600 personar støttekontakttilbod i 1996, ein auke på netto 900 personar. I løpet av 1995 var talet på personar som mangla eit organisert tilbod på dagtid blitt redusert til 530, og talet på personar med eit dagtilbod (arbeid, dagsenter) var auka med om lag 800.

       Rapportane frå kommunane om status for tenestene til utviklingshemma pr. 1. januar 1997 vil bli innhenta våren 1997. Då vil ein sjå om den positive utviklinga i 1995 er vidareført i 1996, og kor godt dei nasjonale styringssignala er følgt opp.

Spesielt om satsing på sjukepengeområdet

       Det er gjennomført ei større evaluering av trygdekontora sitt oppfølgingsarbeid overfor sjukmelde, inkludert arbeid knytt til 12-vekersvedtaket. Innføringa av 12-vekersvedtaket er ein viktig del av oppfølgingsarbeidet, og pålegg det einskilde trygdekontor å vurdere tilstanden til den sjukmelde og kva for tiltak som kan vere aktuelle. Samhandling med arbeidsgivarane ser ut til å vere enklast der verksemda har godt utbygd bedriftshelseteneste og der ein satsar på helse-, miljø- og tryggingsarbeid. Dette er mest vanleg i større verksemder. Det har vore ein auke i bruken av yrkesretta attføring i sjukepengeperioden, aktiv sjukmelding og friskmelding til arbeidsformidling (dvs. til anna arbeid enn ein hadde då sjukmeldinga starta) både i 1995 og 1996. Omfanget av desse tiltaka er likevel relativt lite. I 1996 hadde 2,6 % av alle avslutta tilfelle nytta eitt av dei tre nemnde tiltak. Tilsvarande tal i 1994 var 1,1 %. Det har vore ein viss nedgang i bruken av graderte sjukmeldingar (19,5 % i 1996, 21,1 % i 1995). Evalueringa av oppfølgingsarbeidet hemmest elles av manglande omgrepsavklaring og av manglande indikatorar som på ein god måte kan skilje effektane av oppfølgingsarbeidet frå verknadene av andre tilhøve som er viktig for utviklinga i sjukefråveret.

       Attføring omfattar både yrkesretta attføring (under Kommunal- og arbeidsdepartementet) og medisinsk rehabilitering (under Sosial- og helsedepartementet). Utgiftene til medisinsk rehabilitering gjekk ned med 28,6 % frå 1994 til 1995. Reduksjonen kjem av mellom anna innskjerping av dei medisinske vilkåra og avgrensing av stønadstida til 52 veker (for nye tilfelle) frå juli 1993. Utgiftene auka med 3,3 % frå 1995 til 1996. Yrkesretta attføring viste ei utgiftsauke på 6,6 % frå 1994 til 1995. Frå 1995 til 1996 var auken på 3,1 %, alt målt i løpande kroner.

       Endringane for medisinsk rehabilitering har òg hatt følgjer for talet på uførepensjonistar. Medan auken frå 1994 til 1995 var om lag 1,1 %, vart det 3.000 fleire mottakarar av uførepensjon i 1996, noko som svarar til ein auke på 1,3 %. Utgiftene til uførepensjon steig med 6,2 %, målt i løpande kroner.

Helsestønader

       Refusjon av legemiddel på blå resept synte ein auke på 10 %, målt i løpande kroner (8,6 % i faste priser). Hovudårsaka til den sterke auken er nye og dyrare legemiddel. Ein har likevel makta å dempe utgiftsauken noko ved å redusere refusjonen på magesårmedikamentet Ulcus. Rikstrygdeverket har utvikla ein database over sal av legemiddel på blå resept. Føremonen med dette er å kunne gje betre evalueringar av dei økonomiske verknadene når ein set nye preparat på blåreseptlista.

       Utgiftene til refusjon til spesialistar og allmennlegar har auka med respektive 7,7 og 5,1 % siste året, alt målt i løpande kroner. I faste kroner var auken på 6,3 og 3,8 respektive, medan fastløntilskottet vart redusert med 0,2 %.

       Også i 1996 har ein lykkast med å redusere kostnadene til høyreapparat (mellom anna som ei følgje av pristak, pristinginger og anbod), medan utgifta til sjukepleieartiklar har auka. Auken har i hovudsak samanheng med volumauke på området.

       Refusjon sjuketransport syner ein jamn utgiftsauke dei siste par åra. Avtalane med NSB og flyselskapa har ikkje gjeve dei venta resultata, men desse er nyleg reforhandla, og ein vonar at ein no oppnår større rabattar.

OL-regnskapet

Sluttrekneskap for kap. 390 Dei olympiske vinterleikar og kap. 3390 OL-inntekter

       Kulturdepartementet la i St.prp. nr. 1 (1994-1995) Dei olympiske vinterleikane 1994, fram sluttrapport om gjennomføringa av dei olympiske vinterleikane på Lillehammer. Då det stod att innbetalingar over kap. 3390 OL-inntekter frå bl.a. mynt- og sponsorprogrammet, var talmaterialet i sluttrapporten basera på førebels rekneskapstal og prognose for forventa sluttrekneskap.

       Sluttrekneskapen for kap. 390 og kap. 3390 bygger på LOOC AS (under avvikling) sitt rekneskap for perioden 1988-97 som blei handsama av generalforsamlinga i LOOC AS (under avvikling) i april 1997. Selskapet vil deretter bli oppløyst.

       I høve til førebels rekneskapstal og prognose for forventa sluttrekneskap for kap. 390 og kap. 3390 som vart presentert i St.prp. nr. 1 (1994-1995) er beløpet under kap. 390, kr 6.422.343.000, uendra. Sluttrekneskapen for kap. 3390 har auka med 2,7 mill. kroner til kr 2.713.986.000.

       Elles har midlane som er att til etterbruksformål auka med 13,4 mill. kroner.

       Etterbruksarbeidet vedkomande OL er eit lokalt og regionalt ansvar. Ansvaret for den statlege oppfylgjinga er lagt til Kommunal- og arbeidsdepartementet. (I tråd med Stortinget sine føresetnader er etterbruk eit lokalt og regionalt ansvar.) Etterbruksplanen vart godkjent av Kommunal- og arbeidsdepartementet 18. september 1991. I samsvar med godkjent etterbruksplan er etterbruksfondet delt i eit lokalt og eit regionalt fond.

       Totalbeløpet som blir overført etterbruk er 414,9 mill. kroner. Av dette utgjer kontantbidraget ca 370 mill. kroner. Beløpet er ca 13,4 mill. kroner høgare enn estimert beløp i St.prp. nr. 1 (1994-1995). Totalbeløpet på 414,9 mill. kroner er fordelt mellom det regionale og lokale fondet i samsvar med den godkjente etterbruksplanen.

1.3 Folketrygda for 1996

       Ved utgangen av 1996 hadde snautt 956.000 personar pensjon og liknande langtidsytingar frå folketrygda som den viktigaste inntektskjelde. Tabell 5.1 i meldingen syner talet på mottakarar av stønad til livsopphald.

       Det har vore ein liten auke i talet på alderspensjonistar det siste året med ca 500 personar. Talet på alderspensjonistar er no snautt 626.000. Sidan 1991 har auken vore på 1,6 %. Utgiftene syner ein auke på 5,5 % i 1996, og sidan 1991 har veksten vore 26,1 % (målt i løpande kroner). Dette illustrerer at dei nye pensjonistane har større opparbeidde rettar til tilleggspensjon enn « gårdagens » pensjonistar. Dette tilhøve gjeld for andre pensjonsytingar òg, som til dømes uførepensjon.

       Det har altså vore ei stor auke i utgiftene frå 1995 til 1996, noko som har si årsak i mellom anna at auken i sjukefråveret heldt fram i 1996. Vidare kjem stendig nye pensjonistar til som har opparbeida seg større pensjonsrettar enn dei som fell frå. Refusjon for legemiddel på blå resept har vist ein auke på jamt 10 %.

       Etter fleire år med nedgang i sjukefråveret, auka dette i slutten av 1994 og auken har fortsett i 1996. Veksten i sjukefråværet målt i beløp var om lag 7,9 % frå 1995 til 1996. Sjukefråveret er no om lag på samme nivå som i 1990 då NHO og LO sette seg mål om å få sjukefråveret ned. I 1996 auka både talet på tilfelle med fråver og den gjennomsnittlege lengda på kvart sjukepengetilfelle. Trygdeetaten har i 1996 utarbeidd ein plan for korleis etaten skal følgje opp sjukmelde. Planen førast vidare i 1997 med særleg vekt på samhandling med ulike verksemder og helsevesenet. Kommunal- og arbeidsdepartementet har sett i gang eit prosjekt der formålet er å redusere einsidig gjentakingsarbeid. Ein ventar at dette rg kan medverke til lågare sjukefråver over tid.

       Talet på einslege forsørgjarar voks kraftig frå 1990 til 1994 og ser no ut til å ha stabilisert seg på rundt 45.000. Sjølv om talet var tilnærma uendra siste året, steig utgiftene med 3,0 %. Dei såkalla nettverksprosjekta for einslege forsørgjarar som har vore i verksemd i seks fylke, syner no lovande resultat. Føremålet med prosjekta er mellom anna å betre deltakarane si sjølvkjensle og sjølvstende. Hovudsatsinga i åra framover vert å medverke til at einslege forsørgjarar kjem ut i arbeid eller i utdanning (hjelp til sjølvhjelp).

1.4 Finanspostar og kapitalrekneskapen

Finansinntekter og finansutgifter

       Staten hadde i 1996 renteinntekter på 20.708 mill. kroner og renteutgifter på 20.110 mill. kroner. Frå 1995 til 1996 gjekk rentene av den innanlandske statsgjelda ned med 174 mill. kroner, medan rentene av den utanlandske statsgjelda gjekk ned med 170 mill. kroner.

       Renteinntektene frå statsbankane minka med 1.687 mill. kroner frå 1995 til 1996. Dette skuldast for det meste at renter frå Husbanken gjekk ned frå 8.415 mill. kroner i 1995 til 7.041 mill. kroner i 1996. Husbanken har i 1996 innbetalt store ekstraordinære avdrag på sine innlån.

Statens balansekonto

Tabell 3. Statens eignelutar og gjeld (mill. kroner)



  1995 1996 Endring
Eignelutar       
Bank- og postgirokonti m.m. 100.649 83.645 -17.004
Spesielle fond 0 74.437 74.437
Verdipapirer1 48.088 50.120 2.032
Utlån og utestående fordringer 181.911 177.344 -4.567
Forskott 705 645 -60
Kapital i statsbankane 7.561 7.967 406
Fast kapital i statsbedriftene 131.847 127.473 -4.374
Mellomrekneskapen med rekneskapsførarer 9.386 13.342 3.956
Valutabyte -2.956 -2.073 883
Statsobligasjonslån. Overkurs/underkurs -3.458 -3.335 123
Valutakursregulering, statens utanlandsgjeld -4.621 -2.120 2.501
  469.112 527.445 58.333
Gjeld       
Statsgjelda 290.758 284.892 -5.866
Kontolån frå fond under Finansdepartementets
    forvaltning 3.358 3.342 -16
Deposita og avsettingar 12.805 13.155 350
Utferda gjeldsbrev for den ikkje betalte
    delen av grunnfond i statsbankane 3.541 3.531 -10
Overførte unytta løyvingar 11.760 11.463 -297
Avslutningskonto 146.890 211.062 64.172
  469.112 527.445 58.333
1 Inkl. kapital i statens sjølvstendige bedrifter.

       Statens balansekonto omfattar ikkje investeringar i t.d. bygging av vegar, flyplassar og sjukehus. Slike investeringar vert tekne til utgift i det året aktiviteten går føre seg, og kjem derfor ikkje til uttrykk på balansekontoen. Investeringar i forretningsdrifta vert derimot aktiverte og kjem med på balansekontoen som fast kapital.

       I 1996 var statens totale inntekter 486.609 mill. kroner og dei totale utgiftene 527.877 mill. kroner. Dette gav eit finansiseringsunderskott på 41.268 mill. kroner.

       Finansieringsoverskottet og statslånemidler på 41,467 mill. kroner gav ein auke i ymse behaldningar på 200 mill. kroner. Totalt auka sum eignelutar med 58.333 mill. kroner, kor dei største endringane skuldast nedgongen i bank og postgiro på 17.004 mill. kroner og oppretting av ei ny gruppe 61 i kapitalrekneskapen for 1996 for spesielle fond på 74.437 mill. kroner.

       I 1996 gjekk utlån og utestående krav ned med 4,567 mill. kroner. I hovudsak skuldast dette minka utlån til statsbankane på 3.415 mill. kroner, utlån til statsforetak som gjekk ned med 7,916 mill. kroner og ei auke i utlån til særlovselskap med 5,642 mill. kroner. Frå 1995 til 1996 auka deposita og avsetningar med om lag 350 mill. kroner.

       Overførte unytta løyvingar minka med 64 mill. kroner frå 1995 til 1996.

       Frå og med rekneskapsåret 1996 er presentasjonen av kapitalrekneskapen endra. I samsvar med det nye Økonomireglementet for staten og « Funksjonelle krav til økonomiforvaltningen i staten », har ein søkt i større grad å syne kapitalrekneskapsposter under dei einskilte departementa.

       Finansdepartementet orienterte i St.meld. nr. 3 (1995-1996) Statsrekneskapen medrekna folketrygda om ein foreståande gjennomgang av statens kapitalrekneskap. I St.prp. nr. 74 (1996-1997) vises dei resultata som har framkome. Statsrekneskapen sin avslutningskonto syner ein netto korreksjon på 12.607 mill. kroner. Forslaga til endringar i St.prp. nr. 74 (1996-1997) er innarbeidd i kapitalrekneskapen for 1996.

Garantiar

       Garantiane hadde ved utgangen av 1996 ei samla ramme på 146,4 mrd. kroner og eit samla ansvar på 105,4 mrd. kroner.

       Samla utbetalingar var på 172,9 mill. kroner i 1996.

Offentlege fond

       Rekneskapen for 1996 omfattar 102 fond, mot 105 i 1995.

       Det har i 1996 kome til 1 nytt fond:

- Fondet for statlig næringsmiddeltilsyn i kommunane

       Med rekneskapen for 1996 fell desse fonda bort:

- Statens Naturskadefond
- Apotekeravgiftsfondet
- Utenriksdepartementets rettshjelpsfond
- Prisutgjevningsfondet for importregulerte jordbruksvarer
- Avgift til konjunkturreguleringsfondet for torskefiskeriene
- Fond for ferie- og avløserordningen i jordbruket

       Fonda har i 1996 hatt ei samla inntekt på 50.709 mill. kroner og ei samla utgift på 50.917 mill. kroner. Det gjev eit samla diftsunderskott på 208 mill. kroner.

       Dei samla eigedelane til fonda er pr. 31. desember 1996 bokførde med 6.836 mill. kroner. Dette er ei nedgang på 565 mill. kroner frå året før.

1.5 Statens petroleumsfond

       I salderingsproposisjonen 1997 ( St.prp. nr. 1 Tl.07 (1996-1997), side 21) var det ein omtale av departementet sitt opplegg for styring av Statens petroleumsfond. Der blei det lagt opp til at ein skulle informere Stortinget om resultatrekneskapen til petroleumsfondet i ein omtale i statsrekneskapen.

       I lov av 22. juni 1990 nr. 36 om Statens petroleumsfond er fondet sine inntekter og utgifter definerte. Inntektene er netto kontantstraumen frå petroleumsverksemda som blir overført frå statsbudsjettet, og avkastninga på formuen i fondet. Utgiftene er definerte slik at fondet berre kan nyttast til ei overføring til statsbudsjettet etter vedtak i Stortinget. Tabellane 4.2 og 4.3 syner respektive resultatrekneskapen og balansen for Statens petroleumsfond.

       Inntektene til fondet i 1996 utgjorde nær 69.967 mill. kroner, og 81 mill. kroner av dette var bokførte renteinntekter på fondet sine investeringar. Det er bare renteinntektene som da er rekna som avkastning. Samstundes hadde fondet netto omvurderinger på -19 mill. kroner. På bakgrunn av stortingsvedtak i nysaldert budsjett blei det overført 25.673 mill. kroner frå petroleumsfondet til statsbudsjettet. Overskottet på fondet medrekna omvurderinger i 1996 blei dermed 44.275 mill. kroner.

       Netto avsettinga i fondet, definert som netto overføringa frå statsbudsjettet, blei i 1996 på til saman 44.213 mill. kroner. Saldoen i petroleumsfondet ved utgangen av 1996 var 46.257 mill. kroner.

       Avkastninga på investeringane i fondet må vurderast ut frå storleiken på fondet i løpet av 1996. Den fyrste overføringa til fondet var på om lag 2 mrd. kroner og fann stad i mai 1996, som følgje av at nettoinntektene frå petroleumsverksemda i 1995 blei høgare enn budsjettert. Den budsjetterte netto avsettinga for 1996 blei overført til fondet ved utgangen av året.

       Endringar i dei faktiske petroleumsinntektene etter nysalderinga skal overførast til eller frå fondet etter utløpet av budsjetterminen. Statsrekneskapen syner at nettoinntektene frå petroleumsverksemda i 1996 blei om lag 1.282 mill. kroner lågare enn budsjettert. I balansen for Statens petroleumsfond pr. 31. desember 1996 er dette ført som gjeld til statskassa.

       Rekneskapen til fondet er ikkje ein del av statsrekneskapen, men tala blir presenterte til orientering.

       Ei viktig oppgåve for departementet er å evaluere korleis Norges Bank forvalter fondet sine middel. Departementet vil nytte ekstern ekspertise som hjelp i ei slik vurdering, og ein har i denne samanhengen inngått eit samarbeid med det britiske selskapet Bacon & Woodrow.

       Evalueringa vil finne stad ved at det på bakgrunn av retningslinene for investeringane i petroleumsfondet blir etablert ein såkalla referanseportefølje, som kan seiast å representere ein nøytral investeringsstrategi ut frå retningslinene. Forskjellen i avkastning mellom fondet sin portefølje og referanseporteføljen blir så splitta opp i ulike element og analysert. Departementet vil motta kvartalsvise rapportar frå Bacon & Woodrow, der rapporten ved utgangen av året vil vere noko meir omfattande. Ein legg opp til at rapportane er offentlege. Ein tek sikte på at rapporten ved utgangen av året blir teken inn som eit eige vedlegg til Statsrekneskapen. Etter planen vil rutinane for ei løpande evaluering av forvaltninga til Norges Banks vere på plass i løpet av 2. kvartal i år, slik at evalueringa truleg kan ta til frå og med 3. kvartal.

       Revisjonen av Norges Bank sin forvaltning av petroleumsfondet blir utført av Norges Bank sin revisjon, som er underlagt det stortingsoppnemnte Representantskapet. Finansdepartementet mottek frå revisjonen alle vesentlege rapportar om petroleumsfondet. Den overordna revisjonen av petroleumsfondet er lagt til Riksrevisjonen, og Riksrevisjonen byggjer sin revisjon på det arbeidet som blir utført av revisjonen til Norges Bank. Riksrevisjonen har her som elles ansvar for å følgje statsråden si maktutøving.

Tabell 4. Balanse for Statens petroleumsfond 31. desember 1996 (mill. kroner)

Aktiva     Passiva
Konto i Noregs Bank1 47.539   Mellomrekning med statskassa2 1.282
      Eigenkapital 46.257
Sum 47.539   Sum 47.539
1 I samhøve med forskrift for forvaltning av Statens petroleumsfond av 10. mai 1996 er fondet plassert på ein særskilt konto i form av kroneinnskott i Noregs Bank. Noregs Bank skal plassere desse midla i banken sitt eige namn i aktiva denominert i utanlandsk valuta. Denne særskilte porteføljen fordelte seg på desse instrumenta pr. 31. desember 1996 (mill. kroner):
2 Statsrekneskapen syner at nettoinntektene frå petroleumsverksemda i 1996 vart om lag 1.282 mill. kroner lågare enn budsjettert. Endringar i dei faktiske petroleumsinntektene etter nysalderinga skal overførast til eller frå fondet etter utløpet av budsjetterminen.

Bankinnskott 1.026
Statskassevekslar 1.372
Ihendehavarobligasjonar 43.645
Utlån 30
Ikkje forfalte kupongrenter 1.496
Innlån utanlandske bankar -30
Sum 47.539


       Renterisikoen for fondet sine plasseringar, målt ved modifisert durasjon, var 3,5 pr. 31. desember 1996. Plasseringane hadde på same tid følgjande valutafordeling (i prosent):

USD 17,5
DEM 22,5
DKK 8,0
FRF 5,0
ECU 8,4
SEK 17,1
GBP 14,6
JPY 6,9
Sum 100,0

2. Merknader frå komiteen

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Erik Dalheim, Kjell Engebretsen, Laila Kaland, Berit Brørby Larsen, Tore Nordtun, Bjørnar Olsen og Signe Øye, fra Senterpartiet, Magnhild Meltveit Kleppa, Per Olaf Lundteigen og Gudmund Restad, fra Høyre, Harald Ellefsen, Per-Kristian Foss og Arne Alsåker Spilde, fra Sosialistisk Venstreparti, Kristin Halvorsen og Eilef A Meland, fra Kristelig Folkeparti, Odd Holten og Einar Steensnæs, fra Venstre, Lars Sponheim, fra Rød Valgallianse, Erling Folkvord, og representanten Stephen Bråthen, tar redegjørelsen i meldingen om statsregnskapet for 1996 til etterretning.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet viser til at Regjeringens politikk og politiske retorikk baserer seg på at det er mulig å fastsette budsjettbalansen som en objektiv størrelse. Dette betyr at Regjeringen legger både politisk og faglig prestisje i budsjettbalansetallet. Dersom volumet av den del av norsk økonomi som går over statsbudsjettet øker, vil dette ifølge Regjeringen være skadelig. Disse medlemmer aksepterer ikke premisset om en faglig forankret fast budsjettbalanse. Budsjettet er alltid et uttrykk for politiske prioriteringer. Regjeringen tilslører de faktiske forhold ved å framstille budsjettsituasjonen som overordnet disse prioriteringer. Disse medlemmer deler selvfølgelig det syn at inflasjon og overopphetet økonomi må unngås. Dette krever imidlertid at en styrer i stort og tar de langsiktige og store politiske grep i tide. Redusert oljevirksomhet og tiltak for å dempe den private veksten er eksempler på slike hovedgrep. For å møte de store utfordringer knyttet til et bedre miljø, styrket demokrati og mer rettferdig fordeling kreves det at vi prioriterer fellesskapskassen. Disse medlemmer vil derfor prioritere en mer balansert fordeling av veksten ved å ta ut mer til offentlig sektor, framfor Regjeringens forslag som fører til en sterk vekst i privat sektor. Regjeringen reduserer relativt sett bevilgningene til offentlig sektor når veksten i privat sektor øker. Dette skaper grunnlaget for forskjells-Norge og lar de kortsiktige markedsløsninger få større makt.

       Disse medlemmer viser til at i 1995 var avviket mellom det vedtatte budsjett og statsregnskapet ca 13 mrd. kroner. For 1996 ble avviket 34,8 mrd. kroner. Utgangspunktet for budsjettet er prognosen for statens inntekter. Når det gjelder inntektene har Regjeringen systematisk undervurdert oljeinntektene de seinere år. Senest 16. juni 1997 oppjusterte Oljedirektoratet prognosen for oljeinntektene med ca 26 mrd. kroner for 1997. I framtida kan oljeinntektene bli lavere enn forutsatt. I budsjettsammenheng viser dette at rammene for budsjettet er svært usikre og at Regjeringens vektlegging av pinlig nøyaktig overholdelse av en tilfeldig satt budsjettbalanse er en politisk avledningsmanøver. Etter disse medlemmers syn fører dagens situasjon med stadig økte oljeinntekter til et vedvarende sterkt press på krona. Dette møtes av Regjeringen med en lavrentepolitikk i et forgjeves forsøk på å holde en fastkurs for krona. Dette forsterker problemene innenlands. Som folkevalgte er det vårt ansvar å ta de store grep og disse medlemmer vil på nytt understreke muligheten og behovet for å bruke petroleumslovens hjemmel for produksjonsbegrensninger for oljesektoren. Regjeringen velger å ignorere mulighetene for samfunnsstyring i stort. I stedet for forsterkes oljeavhengigheten ved en dramatisk økning i oljeinvesteringer. Premisset om at budsjettet behandler de store linjer blir således mer og mer fiktivt.

       Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti viser til at Regjeringen relativt systematisk har bommet på pris- og produksjonsanslag i petroleumssektoren. Dette er hovedgrunnen til at overskuddene har blitt høyere enn antatt. Avviket for 1996 kan leses ut av tabell 1 i denne innstillingen, der overskuddet i Statens petroleumsfond har endret seg fra budsjettanslaget i Gul bok (1996-1997) på 10,6 mrd. kroner, oppjustert i B.innst.S.nr.III (1996-1997) til 12,4 mrd. kroner, videre oppjustert i Nysaldert budsjett (1996) til 45,5 mrd. kroner, for endelig å ende som regnskapstall på 47,2 mrd. kroner ( St.meld. nr. 3 (1996-1997)). Disse medlemmer viser til at avviket mellom Gul bok og regnskapstall er på 36,6 mrd. kroner.

       Disse medlemmer vil peke på at dersom finanspolitikken skal kunne være et effektivt styringsvirkemiddel, bør det være størst mulig samsvar mellom budsjett- og regnskapstall - også på inntektssiden.

       Disse medlemmer mener det fortsatt er en fare for at produksjons- og prisanslagene i petroleumssektoren er undervurdert.

       Disse medlemmer mener at dersom Regjeringen legger seg på en « føre var »-linje i budsjettpolitikken, der overskuddene i Statens petroleumsfond stadig oppjusteres, så vil Stortinget måtte ta høyde for dette i sin budsjettbehandling. Eventuelle økonomiske begrunnelser fra Regjeringens side om at budsjettbalansen bør være på akkurat det nivået som Gul bok indikerer vil - ved gjentatte betydelige avvik mellom budsjett og regnskap - miste mye av sin kraft.

       Disse medlemmer viser til at Sosialistisk Venstreparti har lagt opp til en alternativ oljepolitikk i forhold til stortingsflertallet - både når det gjelder utvinningstempo og disponering av oljeformuen. Disse medlemmer viser til at Sosialistisk Venstreparti har lagt følgende prinsipper til grunn:

- Lavere oljeutvinningstempo - 10 % produksjonsreduksjon i 1997.
- Opprettelse av et aksjefond for norsk eierskap i næringslivet.
- Opprettelse av et energifond for forskning og utvikling av ny, ren energi og energiøkonomisering.
- Opprettelse av et investeringsfond for å oppruste og modernisere Norge med vekt på kunnskap og kompetanse, velferd og helse, alternativ energi og energiøkonomisering og jernbane og miljøvennlige transportformer.

       Komiteens medlem fra Rød Valgallianse, Erling Folkvord, viser til at Statsregnskapet for 1996 viser et overskudd (inkludert Statens petroleumsfond) på 47,2 mrd. kroner. Det vedtatte budsjettet (B.innst.S.nr.III) viste et overskudd på 12,4 mrd. kroner. Vi kan konstatere at staten i 1996 har fått en « gledelig overraskelse » på 34,8 mrd kroner.

       Samtidig er den økonomiske situasjonen svært vanskelig for mange kommuner og fylkeskommuner. Dels fører det til at viktige oppgaver blir skadelidende (det gjelder både grunnskolen og den videregående skolen, barnehagesektoren, helsevesenet, tilbudet til hjemmeboende psykisk utviklingshemmede, situasjonen for sosialklienter og deres barn, de pleietrengende gamle m.fl.). Dels fører det til at kommunen og fylkeskommunen privatiserer og selger unna viktige samfunnsmessige eiendeler innenfor blant annet vannkraftsektoren. Dette rammer ikke minst den oppvoksende generasjon.

       Dette medlem fremmer på denne bakgrunn følgende forslag:

       « Den gledelige overraskelsen på 34,8 mrd. kroner skal avsettes til et fond for styrking av kommunenes og fylkeskommunenes økonomi. Inntil 1/5 kan overføres til fondet i 1997. Resten overføres i økonomiplanperioden 1998-2001. Det presiseres at disse overføringene skal komme i tillegg til de ordinære rammene for kommunene og fylkeskommunene. »

3. Forslag frå mindretal

Forslag frå Raud Valallianse:

       Den gledelige overraskelsen på 34,8 mrd. kroner skal avsettes til et fond for styrking av kommunenes og fylkeskommunenes økonomi. Inntil 1/5 kan overføres til fondet i 1997. Resten overføres i økonomiplanperioden 1998-2001. Det presiseres at disse overføringene skal komme i tillegg til de ordinære rammene for kommunene og fylkeskommunene.

4. Tilråding frå komiteen

Komiteen viser til meldingen og til det som står foran og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

       St.meld. nr. 3(1996-1997) Statsrekneskapen medrekna folketrygda 1996 - vedlegges protokollen.

Oslo, i finanskomiteen, den 15. juni 1997.

Bjørnar Olsen, Per-Kristian Foss,
leder og ordfører. sekretær.