1. Innledning og sammendrag

Innledning og sammendrag

Statens lånebehov og utviklingen i statsgjelden

       Statsbudsjettet for 1998, jf. St.prp. nr. 1 (1997-1998) Tillegg nr. 3 (1997-1998), er gjort opp med eit overskot på 69,3 mrd. kroner før overføringar til Statens petroleumsfond. Dette beløpet er i sin heilskap foreslått avsett i petroleumsfondet. Ein netto auke i utlån til statsbankane, kjøp/sal av aksjar og utlån til andre m.m. på 6,6 mrd. kroner, saman med avdrag på langsiktig gjeld på 19,6 mrd. kroner, gjer at staten har eit brutto finansieringsbehov på 26,2 mrd. kroner i 1998. Dette lånebehovet vil bli dekt dels ved nye låneopptak og dels ved trekk på kontantbehaldninga.

       Etter gjeldande opplegg for Statens petroleumsfond skal overføringar frå fondet dekkje det oljekorrigerte underskotet i statsbudsjettet, jf. omtale i Revidert nasjonalbudsjett 1997. Avdrag på statens gjeld og utlån til statsbankane m.v. skal dekkjast ved trekk på kontantbehaldninga eller ved nye låneopptak. Overskot på statsbudsjettet vil såleis generelt ikkje gje grunnlag for ein reduksjon i statens gjeld.

       Nivået på statskassens bruttogjeld har sidan 1993 vore om lag uendra. Ved utgangen av 1996 utgjorde statsgjelda i alt 284,8 mrd. kroner, medan fordringane utanom kapitalinnskot i forretningsdrifta, forskot og mellom rekneskap med ordinære rekneskapsførarar og andre utgjorde 386 mrd. kroner. Målt på denne måten hadde statskassen netto fordringar på 101 mrd. kroner. Når ein reknar med kapitalinnskot i forretningsdrifta m.v. og statskassens gjeld og avsetningar utanom statsgjelda, utgjorde statskassens netto finansielle fordringar ved utgangen av 1996 om lag 211 mrd. kroner (verdiane er rekna på grunnlag av bokførde verdiar), jf. vedleggstabell 24 i St.meld. nr. 1 (1997-1998).

       Statens kontantbehaldning var 83,6 mrd. kroner ved årsskiftet 1996/97. Sjølv om kontantbehaldninga ved utgangen av september 1997 var på om lag 116 mrd. kroner, reknar ein med at nivået ved inngangen til 1998 vil vere klart lågare enn ved inngangen til 1997. Dette har samanheng med at avsetninga til Statens petroleumsfond for 1997 etter gjeldande ordning først skjer 31. desember, og at statens inntektsoverskot gradvis blir bygd opp gjennom året. Som omtala i Nasjonalbudsjettet 1998, tar ein sikte på å leggje om frå årlege til kvartalsmessige overføringar til petroleumsfondet i løpet av 1998. Ei slik omlegging vil m.a. innebere at ein ikkje får den systematiske auken i kontantbehaldninga gjennom året som ein har i dag.