2. Behovet for lånefullmakter

       Statens opplåning blir innpassa i den pengepolitiske styringa, og ein har også tatt omsyn til utviklinga i kapitalbalansen overfor utlandet og storleiken på valutareservane. Såleis har staten i periodar lånt i utlandet for å styrkje valutareservane og i periodar lånt meir enn naudsynt innanlands for å trekkje inn likviditet frå marknaden. I januar 1997 t.d. lånte staten om lag 40 mrd. kroner meir enn planlagt i utgangspunktet for å trekkje inn att deler av den likviditeten Noregs Bank tilførte marknaden for å halde kronekursen stabil. I denne månaden vart det såleis m.a. utferda statssertifikat for 43 mrd. kroner. På det meste var uteståande i statssertifikat og kortsiktige kontolånsinnskot frå Folketrygdfondet på 97 mrd. kroner, slik at dåverande fullmaktsramme for slike lån på 100 mrd. kroner nær var uttømt. For å sikre betre handlefridom i den pengepolitiske styringa vart fullmakta for samla uteståande i kortsiktige marknadslån difor utvida med 50 mrd. kroner til 150 mrd. kroner, jf. St.prp. nr. 63 (1996-1997) og Innst.S.nr.295 1996-1997).

       I den pengepolitiske styringa tar ein normalt det utgangspunktet at statens inn- og utbetalingar (medrekna lånetransaksjonar) skal vere i balanse, dvs. vere nøytrale i forhold til storleiken på publikum sin likviditet. Overskot på statsbudsjettet vil isolert sett redusere publikum sin likviditet, men når Noregs Bank kjøper utanlandsk valuta for å byggje opp reservar for avsetninga til Statens petroleumsfond, tilfører banken likviditet svarande til overskotet før avsetningar til petroleumsfondet. Postar på statsbudsjettet som overføringar frå Noregs Bank og renter på statens utanlandslån, påverkar ikkje publikum sin likviditet direkte. Desse transaksjonane påverkar derimot storleiken på statsbudsjettet og dermed avsetninga til Statens petroleumsfond. Om ein ikkje gjer korrigeringar, vil transaksjonane indirekte få likviditetsverknad. For 1998 vil overføringar frå Noregs Bank og liknande postar vere større enn t.d. renteutgiftene på utanlandsgjelda, slik at ein vil måtte låne ekstra for å dra inn deler av den likviditeten ein tilfører gjennom transaksjonar i petroleumsfondet.

       Avdrag på statens utanlandslån vil ikkje tilføre publikum likviditet. Sidan avdraga på utanlandslåna i 1998 (16,2 mrd. kroner) er mykje større enn netto inntektspostar utan likviditetsverknad « over streken », vil ein under eit likviditetsnøytralt opplegg dekkje ein del av finansieringsbehovet på 26,2 mrd. kroner med trekk på kontantbehaldninga. Utviklinga kan likevel endre dette bildet mykje, spesielt gjeld det utviklinga i valutamarknaden.

       Utviklinga i valuta-, penge- og kredittmarknadene har vist at det er ønskeleg å ha rommelege fullmakter slik at ein kan tilpasse statens låneprogram til skiftande forhold gjennom året. På denne bakgrunnen ber ein om, på linje med opplegget for inneverande og tidlegare år, fullmakt for opptak av langsiktige lån som er større enn brutto lånebehov i 1998 på 26,2 mrd. kroner, samtidig som ein ber om rommelege fullmakter for samla uteståande i kortsiktige lån.

       Tabell 1 gjev ei samla oversikt over lånefullmaktene i 1996 og 1997 saman med forslag til fullmakter for 1998.

Tabell 1. Fullmakter for opptak av statslån i 1996 og 1997. Forslag til fullmakter for 1998. Mill. kroner.

    Ut-   Ut-
    nytting   nytting Forslag
    pr 31. Gjeldande pr 30. til
  Fullmakt desember fullmakt september fullmakt
  for 1996 1996 for 1997 1997 for 1998
Langsiktige innenlandske
lån,1 nye lån 60.000 29.700 50.000 18.700 40.000
Lån i utlandet, nye lån 10.000 0 10.000 252 10.000
Grunnkjøpsobligasjonslån,
samla utferda2 3.400 3.324 3.400 3.324 3.400
Kortsiktige lån, samla
uteståande   
- kortsiktige
    marknadspapir34 100.000 47.700 150.000 43.950 150.000
- andre kortsiktige lån 70.000 39.433 90.000 53.360 90.000
1. Inkl. langsiktige kontolån frå Folketrygdfondet.
2. Fullmakta gjeld samla utferding av obligasjonar sidan ordninga vart innførd, jf. avsnitt 2.2
3. Inkl. kortsiktige kontolån frå Folketrygdfondet.
4. Inkl. auke i fullmakt gitt ved Stortingets vedtak i juni 1997.

       Fullmakta for opptak av nye langsiktige innanlandske og utanlandske statslån blir foreslått sett til 40.000 mill. kroner og 10.000 mill. kroner, høvesvis. Fullmakta for uteståande lån i form av kortsiktige marknadspapir, herunder statssertifikat, blir foreslått halden uendra på 150.000 mill. kroner, og fullmakta for samla uteståande i andre kortsiktige lån blir foreslått halden uendra på 90.000 mill. kroner. På bakgrunn av at det no berre kan utferdast grunnkjøpsobligasjonar for oppgjer som er avtalte før utgangen av 1991, og det er rom under eksisterande ramme for å utferde nye obligasjonar, blir fullmakta for uteståande grunnkjøpsobligasjonar foreslått halden uendra på 3.400 mill. kroner.

       Det er i proposisjonen vidare gjort greie for målsetting for Statens gjeldsforvaltning, for behandlingen av over- og underkurs, samordninga av statens utanlandsgjeld og Noregs Banks valutareservar og for integreringssamarbeidet mellom Noregs Bank og sentralbankane i andre land.