1. Samandrag

       Landbruksdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om endringar av løyvingar under enkelte kapittel og postar i statsbudsjettet for 1997.

1.1 Nasjonale tiltak innan dyrehelse og matvarekvalitet

       Det er løyvd 39,4 mill. kroner samla på kap. 1100 post 11 til nasjonale tiltak i samband med endringar i EØS-avtalen på det veterinære område, jf. St.prp. nr. 70 (1996-1997) Jordbruksoppgjøret 1997. Landbruksdepartementet gjer følgjande framlegg om fordeling av midlene:

Kap. 1100 post 11 40 mill. kroner
Kap. 1107 post 11 22,2 mill. kroner
Kap. 1112 post 50 7,2 mill. kroner
Kap. 1114 post 11 4,6 mill. kroner
  post 50 1,4 mill. kroner

1.2 Maksimalsatsar for dyr ved nedslakting

       Departementet gjer framlegg om at det gis reglar om maksimalsatsar for dyr ved nedslakting, jf. framlegg til romertallsvedtak.

       Husdyrlova åpner for at erstatning for dyr kan fastsetjast etter maksimalsatsar. Dette går fram av § 12 andre ledd, som lyder:

       « Kongen kan med Stortingets samtykke fastsette maksimalsatser for erstatning for dyr. »

       Hovudomsynet bak framlegget om maksimalsatsar er at det vil føre til ei administrativt enklare handsaming ved erstatningsutmåling. For den enkelte dyreeigar vil ordninga òg by på føremoner samanlikna med den eksisterande ordninga.

       Erstatningssatsane vil bli fastsett ved forskrift. Forvaltinga av forskrifta vil bli lagt til Statens dyrehelsetilsyn.

       For det offentlege vil framlegget ha administrativ innverknad i første rekkje for Landbruksdepartementet og Statens dyrehelsetilsyn inkl. fylkesveterinærembeta, men òg for Lensmannsetaten og domstolane som handsamar overskjønnssakene.

1.3 Omdisponering av fondskapital

       På grunn av økte utgifter til kjøttkontroll gjer departementet framlegg om å omdisponere 3,1 mill. kroner frå Fondet for næringsmiddeltilsyn i kommunane, jf. framlegg til romertallsvedtak.

1.4 Kap. 1148 Naturskade - erstatningar og sikring

       I samband med to konkrete saker i Hedmark som gjeld utbetring etter flommen på Østlandet i 1995, er det nødvendig å auke løyvinga til sikringstiltak.

       Landbruksdepartementet gjer framlegg om at 3,4 mill. kroner vert overført frå post 71 til post 70 under kap. 1148 og vert brukt til desse sikringstiltaka.

1.5 Kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m., post 76

       Med bakgrunn i avlingsprognosane for 1997 legg departementet til grunn at løyvingane for 1997 vert auka med 16 mill. kroner.

       Departementet gjer framlegg om auking av kap. 1150 post 76 med 16 mill. kroner frå 879,320 mill. kroner til 895,320 mill. kroner.

1.6 Ekstraordinære økonomiske tiltak til kriseramma bruk i reindrifta

       Departementet gjer framlegg om at løyvinga under kap. 1151 vert auka med 6,5 mill. kroner innanfor budsjettet til Landbruksdepartementet ved å disponere 4 mill. kroner av udisponert fondskapital på Reindriftens Utviklingsfond, jf. romertallsvedtak, og ved å omdisponere 1 mill. kroner under kap. 1140 post 78 til kap. 1151 post 51.

1.7 Kap. 1162/4162 Drevsjø Trelast AS

       Landbruksdepartementet gjer framlegg om at det vert løyvd 2 mill. kroner på kap. 1162 Drevsjø Trelast AS ny post 91 Lån og kap. 4162 Drevsjø Trelast AS ny post 90 Avdrag. Vidare gjer departementet framlegg om at det vert løyvd kr  27.000 på kap. 5609 Renter av lån post 82 Drevsjø Trelast AS.

1.8 Kap. 2411 Statens Landbruksbank, post 90

       Det vert gjort framlegg om at løyvingane over kap. 2411 post 90 vert auka med 69 mill. kroner frå 280,5 mill. kroner til 349,5 mill. kroner.

1.9 Kap. 5311 Statens Landbruksbank

       Landbruksdepartementet gjer på bakgrunn av lågare gebyrinntekter framlegg om at løyvinga over kap. 5311 post 01 vert redusert med 1,4 mill. kroner frå 9,4 mill. kroner til 8 mill. kroner.

       Departementet gjer framlegg om at løyvinga over kap. 5311 post 90 vert auka med 18,8 mill. kroner frå 445,7 mill. kroner til 464,5 mill. kroner.

       Landbruksdepartementet gjer vidare framlegg om at løyvinga over kap. 5311 post 04 vert redusert med 100 mill. kroner til 0 kroner og at det vert løyvd 100 mill. kroner over kap. 5311 ny post 91 Tilbakebetaling frå Landbruksbankens grunnfond.

1.10 Kap. 5601 Renter frå statsbankane

       Departementet gjer framlegg om at løyvinga under kap. 5601 post 82 vert sett ned med 18,4 mill. kroner frå 208,9 mill. kroner til 190,5 mill. kroner.

1.11 Aksjar i selskap under Landbruksdepartementet

       Løyvingsvedtaket i Stortinget om sal av aksjar i Statkorn Holding AS for 200 mill. kroner (jf. Innst.S.nr.295 (1996-1997) og B.innst.S.nr.IV (1996-1997)), jf. romertallsvedtak, utsetjast.

1.12 Innskotskapital i Statskog SF

       Landbruksdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 5652 post 80 med 2 mill. kroner frå 8,5 mill. kroner til 6,5 mill. kroner.