Innstilling frå næringskomiteen om endringar av løyvingar på statsbudsjettet for 1997 under Landbruksdepartementet.

1. Samandrag

       Landbruksdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om endringar av løyvingar under enkelte kapittel og postar i statsbudsjettet for 1997.

1.1 Nasjonale tiltak innan dyrehelse og matvarekvalitet

       Det er løyvd 39,4 mill. kroner samla på kap. 1100 post 11 til nasjonale tiltak i samband med endringar i EØS-avtalen på det veterinære område, jf. St.prp. nr. 70 (1996-1997) Jordbruksoppgjøret 1997. Landbruksdepartementet gjer følgjande framlegg om fordeling av midlene:

Kap. 1100 post 11 40 mill. kroner
Kap. 1107 post 11 22,2 mill. kroner
Kap. 1112 post 50 7,2 mill. kroner
Kap. 1114 post 11 4,6 mill. kroner
  post 50 1,4 mill. kroner

1.2 Maksimalsatsar for dyr ved nedslakting

       Departementet gjer framlegg om at det gis reglar om maksimalsatsar for dyr ved nedslakting, jf. framlegg til romertallsvedtak.

       Husdyrlova åpner for at erstatning for dyr kan fastsetjast etter maksimalsatsar. Dette går fram av § 12 andre ledd, som lyder:

       « Kongen kan med Stortingets samtykke fastsette maksimalsatser for erstatning for dyr. »

       Hovudomsynet bak framlegget om maksimalsatsar er at det vil føre til ei administrativt enklare handsaming ved erstatningsutmåling. For den enkelte dyreeigar vil ordninga òg by på føremoner samanlikna med den eksisterande ordninga.

       Erstatningssatsane vil bli fastsett ved forskrift. Forvaltinga av forskrifta vil bli lagt til Statens dyrehelsetilsyn.

       For det offentlege vil framlegget ha administrativ innverknad i første rekkje for Landbruksdepartementet og Statens dyrehelsetilsyn inkl. fylkesveterinærembeta, men òg for Lensmannsetaten og domstolane som handsamar overskjønnssakene.

1.3 Omdisponering av fondskapital

       På grunn av økte utgifter til kjøttkontroll gjer departementet framlegg om å omdisponere 3,1 mill. kroner frå Fondet for næringsmiddeltilsyn i kommunane, jf. framlegg til romertallsvedtak.

1.4 Kap. 1148 Naturskade - erstatningar og sikring

       I samband med to konkrete saker i Hedmark som gjeld utbetring etter flommen på Østlandet i 1995, er det nødvendig å auke løyvinga til sikringstiltak.

       Landbruksdepartementet gjer framlegg om at 3,4 mill. kroner vert overført frå post 71 til post 70 under kap. 1148 og vert brukt til desse sikringstiltaka.

1.5 Kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m., post 76

       Med bakgrunn i avlingsprognosane for 1997 legg departementet til grunn at løyvingane for 1997 vert auka med 16 mill. kroner.

       Departementet gjer framlegg om auking av kap. 1150 post 76 med 16 mill. kroner frå 879,320 mill. kroner til 895,320 mill. kroner.

1.6 Ekstraordinære økonomiske tiltak til kriseramma bruk i reindrifta

       Departementet gjer framlegg om at løyvinga under kap. 1151 vert auka med 6,5 mill. kroner innanfor budsjettet til Landbruksdepartementet ved å disponere 4 mill. kroner av udisponert fondskapital på Reindriftens Utviklingsfond, jf. romertallsvedtak, og ved å omdisponere 1 mill. kroner under kap. 1140 post 78 til kap. 1151 post 51.

1.7 Kap. 1162/4162 Drevsjø Trelast AS

       Landbruksdepartementet gjer framlegg om at det vert løyvd 2 mill. kroner på kap. 1162 Drevsjø Trelast AS ny post 91 Lån og kap. 4162 Drevsjø Trelast AS ny post 90 Avdrag. Vidare gjer departementet framlegg om at det vert løyvd kr  27.000 på kap. 5609 Renter av lån post 82 Drevsjø Trelast AS.

1.8 Kap. 2411 Statens Landbruksbank, post 90

       Det vert gjort framlegg om at løyvingane over kap. 2411 post 90 vert auka med 69 mill. kroner frå 280,5 mill. kroner til 349,5 mill. kroner.

1.9 Kap. 5311 Statens Landbruksbank

       Landbruksdepartementet gjer på bakgrunn av lågare gebyrinntekter framlegg om at løyvinga over kap. 5311 post 01 vert redusert med 1,4 mill. kroner frå 9,4 mill. kroner til 8 mill. kroner.

       Departementet gjer framlegg om at løyvinga over kap. 5311 post 90 vert auka med 18,8 mill. kroner frå 445,7 mill. kroner til 464,5 mill. kroner.

       Landbruksdepartementet gjer vidare framlegg om at løyvinga over kap. 5311 post 04 vert redusert med 100 mill. kroner til 0 kroner og at det vert løyvd 100 mill. kroner over kap. 5311 ny post 91 Tilbakebetaling frå Landbruksbankens grunnfond.

1.10 Kap. 5601 Renter frå statsbankane

       Departementet gjer framlegg om at løyvinga under kap. 5601 post 82 vert sett ned med 18,4 mill. kroner frå 208,9 mill. kroner til 190,5 mill. kroner.

1.11 Aksjar i selskap under Landbruksdepartementet

       Løyvingsvedtaket i Stortinget om sal av aksjar i Statkorn Holding AS for 200 mill. kroner (jf. Innst.S.nr.295 (1996-1997) og B.innst.S.nr.IV (1996-1997)), jf. romertallsvedtak, utsetjast.

1.12 Innskotskapital i Statskog SF

       Landbruksdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 5652 post 80 med 2 mill. kroner frå 8,5 mill. kroner til 6,5 mill. kroner.

2. Merknader frå komiteen

       Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Bjarne Håkon Hanssen, Einar Johansen, Kjell Opseth, Torstein Rudihagen, Oddbjørg Ausdal Starrfelt og Rita Tveiten, frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm og Terje Søviknes, frå Kristeleg Folkeparti, Modulf Aukan og Anita Apelthun Sæle, frå Høgre, Ansgar Gabrielsen og Ivar Kristiansen, frå Senterpartiet, leiaren Odd Roger Enoksen og frå Venstre, Leif Helge Kongshaug, har merka seg at det i samband med EØS-avtalen vert satsa ekstra innan områda dyrehelse og matvarekvalitet.

       Komiteen har vidare merka seg dei mange erstatningssakene etter pålegg om nedslakting av dyr som følge av alvorlege dyresjukdommar som til dømes skrapesjuke på sau.

       Komiteen ser det difor som naturleg at det vert innført ein form for maksimalsatsar ved erstatning for å forenkle sakshandsaminga.

       Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til egne merknader ved behandlingen av reindriftsavtalen for 1997 - 98, jf. Innst.S.nr.233 (1996-1997). Disse medlemmer mener denne typen tilskudds- og reguleringsordninger motvirker en helt nødvendig strukturrasjonalisering av reindriften. Antallet yrkesutøvere og dyr er fortsatt altfor høyt i forhold til beitegrunnlaget. Disse medlemmer vil således gå imot forslaget til bevilgning på kap. 1151 Til gjennomføring av reindriftsavtalen.



3. Tilråding frå komiteen

     Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og til det som står framanfor og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

       På statsbudsjettet for 1997 vert det gjort følgjande endringar:

I.

Utgifter:
Kap Post Betegnelse Kroner
1100   Landbruksdepartementet,
    (jf kap 4100)
  11 Varer og tjenester,
    reduseres med 35.400.000
    fra kr 72.845.000 til kr 37.445.000  
1107   Statens dyrehelsetilsyn,
    (jf kap 4107)  
  11 Varer og tjenester,
    økes med 22.200.000
    fra kr 27.135.000 til kr 49.335.000  
1112   Forvaltningsstøtte,
    utviklingsoppgaver og
    kunnskapsformidling mm  
  50 Kjøp av forvaltningsstøtte, SVL,
    økes med 7.200.000
    fra kr 70.274.000 til kr 77.474.000  
1114   Statens Næringsmiddeltilsyn,
    (jf kap 4114)  
  11 Varer og tjenester,
    økes med 4.600.000
    fra kr 30.802.000 til kr 35.402.000  
  50 Tilskott til Fondet for
    kjøttkontroll, økes med 1.400.000
    fra kr 76.446.000 til kr 77.846.000  
1140   Miljø- og næringstiltak i
    jordbruket  
  78 Konkurransestrategier for
    norsk mat, kan overføres,  
    reduseres med 1.000.000
    fra kr 15.000.000 til kr 14.000.000  
1148   Naturskadeerstatninger og sikring  
  70 Tilskudd til sikringstiltak mm,
    kan overføres, økes med 3.400.000
    fra kr 3.500.000 til kr 6.900.000  
  71 Naturskade, erstatninger,
    kan overføres, reduseres med 3.400.000
    fra kr 42.000.000 til kr 38.600.000  
1150   Til gjennomføring av
    jordbruksavtalen mm,
    (jf kap 4150)  
  76 Markedsordninger,
    overslagsbevilgning, økes med 16.000.000
    fra kr 879.320.000 til kr 895.320.000  
1151   Til gjennomføring av
    reindriftsavtalen  
  51 Tilskudd til Utviklings- og
    investeringsfondet, økes med 7.500.000
    fra kr 31.350.000 til kr 38.850.000  
1162   Drevsjø Trelast AS,
    (jf kap 4162)  
  (NY) 91 Lån, bevilges med 2.000.000
2411   Statens Landbruksbank,
    (jf kap 5311 og 5601)  
  90 Lån til Statens Landbruksbank,
    overslagsbevilgning, økes med 69.000.000
    fra kr 280.500.000 til kr 349.500.000


Inntekter:
Kap Post Betegnelse Kroner
4162   Drevsjø Trelast AS,
    (jf kap 1162)  
  (NY) 90 Avdrag, bevilges med 2.000.000
5311   Statens Landbruksbank,
    (jf kap 2411)  
  01 Gebyr, reduseres med 1.400.000
    fra kr 9.433.000 til kr 8.033.000  
  04 Reduksjon av Landbruksbankens
    reservefond, reduseres med 100.000.000
    fra kr 100.000.000 til kr 0  
  90 Avdrag, økes med 18.800.000
    fra kr 445.700.000 til kr 464.500.000  
  (NY) 91 Tilbakebetaling fra
    Landbruksbankens grunnfond,
    bevilges med 100.000.000
5601   Renter fra statsbankene,
    (jf kap 2411)  
  82 Statens Landbruksbank,
    reduseres med 18.400.000
    fra kr 208.900.000 til kr 190.500.000  
5609   Renter av lån i selskaper
    under Landbruksdepartementet  
  82 Drevsjø Trelast AS,
    bevilges med 27.000
5651   Aksjer i selskaper under
    Landbruksdepartementet  
  90 Salg av aksjer i Statkorn
    Holding AS, reduseres med 200.000.000
    fra kr 200.000.000 til kr 0  
5652   Innskuddskapital i Statskog SF  
  80 Utbytte, reduseres med 2.000.000
    fra kr 8.500.000 til kr 6.500.000  


II.

       Stortinget samtykker i at Kongen gir regler om maksimalsatser for dyr som blir pålagt nedslaktet, jf. husdyrloven § 12 andre ledd.

III.

       Stortinget samtykker i at Landbruksdepartementet i 1997 kan omdisponere 3,1 mill. kroner av udisponert fondskapital på Fondet for næringsmiddeltilsyn i kommunene til kjøttkontroll.

IV.

       Stortinget samtykker i at Landbruksdepartementet i 1997 kan omdisponere 4 mill. kroner av udisponert fondskapital på Reindriftens Utviklingsfond til ekstraordinære økonomiske tiltak til kriserammede driftsenheter i reindriften.

V.

       Stortinget ber Regjeringen komme tilbake til Stortinget med oppfølgingen av Stortingets vedtak om salg av aksjer i Statkorn Holding AS i forbindelse med Revidert budsjett 1998.

Oslo, i næringskomiteen, den 9. desember 1997.

Odd Roger Enoksen, Modulf Aukan, Kjell Opseth,
leiar. ordførar. sekretær.