2. Saker som skal leggjast fram for Stortinget til endeleg avgjerd

Sak nr. 1

       NN, fødd 1956, har søkt om rettferdsvederlag på grunn av psykisk skade som fylgje av at han som 7-åring opplevde at far hans drap mora og søstera, og at han sjølv 5 år seinare vart utsett for drapsforsøk frå faren. Ved dette siste høvet drap faren bror til søkjaren. Faren var under sikring, men hadde avgrensa samvær med borna sine utan tilsyn.

       Sosialdepartementet uttalte at barnevernet vanskeleg kunne kritiserast for si handsaming av samværssaka i 1967/68, men stilte spørsmål ved om det ikkje burde vore stilt krav om tilsyn ved samværa. Departementet tilrådde rettferdsvederlag med kr 50.000. Statens helsetilsyn tilrådde under tvil rettferdsvederlag med kr 20.000 fordi det var gjort nokre feil ved ei tvangsinnlegging av søkjaren i 1974. Justisdepartementet uttalte m.a. at sjølv om ikkje sikringsanstalten hadde opptrådt uforsvarleg overfor borna ved etablering av samværsordninga, var søkjaren blitt urimeleg hardt ramma. Departementet tilrådde rettferdsvederlag med kr  150.000. Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til Justisdepartementet si vurdering, og rettferdsvederlag vart tilkjent med kr 150.000.

       Søkjaren klaga over storleiken på vederlaget. Statens helsetilsyn viste til at søkjaren utan skuld vart nytta som ledd i faren si rehabilitering til samfunnet. Helsetilsynet tilrådde etter ei ny vurdering rettferdsvederlag med kr 150.000 for den del av søknadsgrunnlaget som refererer seg til helsevesenet si handtering av saka. Barne- og familiedepartementet fann at barnevernet si handsaming av saka hadde vore delvis mangelfull, og tilrådde rettferdsvederlag med kr 100.000 for den del av søknadsgrunnlaget som refererer seg til barnevernet si handtering av saka.

       Justisdepartementet har fremma saka for ny handsaming i Rettferdsvederlagsutvalet. Saka høyrer med til dei aller grovaste valdssakene som har vore handsama i rettferdsvederlagssamanheng, og departementet tilrådde rettferdsvederlag med kr 150.000 utover den summen på kr 150.000 som søkjaren alt var tilkjent.

       Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til Justisdepartementet si vurdering, og tilkjende ytterlegare kr 50.000 slik at vederlaget totalt vart kr  200.000 som er maksimalgrensa for kva utvalet kan tilkjenne. Utvalet tilrådde samstundes at det vart fremma forslag for Stortinget om å tilkjenne ytterlegare kr 100.000 slik at rettferdsvederlaget samla vert på kr 300.000.

       Justisdepartementet fremmer dette forslaget.

       Komiteen tilrår at det vert tilkjent rettferdsvederlag med i alt 300.000 kroner, dvs. 100.000 kroner i tillegg det som alt er tilkjent frå utvalet si side.