3. Klagesaker

Sak nr. 2

       NN, fødd 1923, lobotomert i 1953.

       I St.prp. nr. 44 (1994-1995) er det gjort nærare greie for de retningslinene Helsetilsynet, Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet har fylgt ved vurderinga av om rettferdsvederlag bør tilkjennast i lobotomisaker.

       De vegleiande retningslinene som har vore lagde til grunn ved vurderinga refererer seg til uvanlege diagnosar eller indikasjonar for inngrepet, kort observasjonstid eller manglande forsøk på anna behandling og ung alder. I tillegg er det gjort spesielle vurderingar av kva som er rimeleg mellom anna på bakgrunn av dei faktiske konsekvensane inngrepet har hatt for søkjaren.

       Søkjaren hadde diagnosen schizofreni. Før inngrepet var søkjaren på sjukehus til observasjon i 6 år. Det vart forsøkt alternative behandlingsmetodar utan effekt, og alder ved inngrepet var 30 år. Det er ikkje dokumentert at søkjaren har fått heilt spesielle skader etter inngrepet samanlikna med andre lobotomerte.

       Helsetilsynet fann at vilkåra for rettferdsvederlag ikkje var oppfylt. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til Helsetilsynet si vurdering, og rettferdsvederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har påklaga avslaget.

       Helsetilsynet viser til at klagen ikkje inneheld nye medisinske opplysningar, og Justisdepartementet tilrår at klagen ikkje vert teken til fylgje.

       Komiteen tilrår at klagen vert avslått.

Sak nr. 3

       NN, fødd 1916, har søkt om rettferdsvederlag for påstått mangelfull gjenopplivningshjelp som vart gjeve ektefellen i samband med at denne uventa døydde i 1993.

       Statens helsetilsyn viste m.a. til at ein ikkje fann grunnlag for kritikk av helsetenesta for det arbeidet som vart utført i samband med gjenopplivingsforsøket, og at det berre i unntakstilfelle kan bli aktuelt med erstatning til pårørande/etterlatne. Helsetilsynet tilrådde ikkje rettferdsvederlag. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til Helsetilsynet si vurdering, og rettferdsvederlag vart ikkje tilkjent.

       I klagen held søkjaren fast ved sine merknader om kritikkverdig behandling frå ambulansepersonellet si side.

       Helsetilsynet viser til at klagen ikkje inneheld nye medisinske opplysningar, og Justisdepartementet tilrår at klagen ikkje vert teken til fylgje.

       Komiteen tilrår at klagen vert avslått.

Sak nr. 4

       NN, fødd 1934, har søkt om rettferdsvederlag på grunn av påført høyresidig lamming og talefeil etter ein hjerneoperasjon for aneurysme (utviding av ei hjernearteriegrein) i 1989. Saka er handsama i Norsk Pasientskadeerstatning med avslag.

       Statens helsetilsyn uttalte m.a. at hjerneinfarkt var ein pårekneleg komplikasjon til det inngrepet som vart gjort, og måtte sjåast i relasjon til høg risiko for spontan hjernebløding dersom operasjon ikkje hadde vore utført. Helsetilsynet tilrådde ikkje rettferdsvederlag. Justisdepartementet slutta seg til Helsetilsynet si vurdering, og Rettferdsvederlagsutvalet tilkjende ikkje erstatning.

       Søkjaren har påklaga avslaget.

       Helsetilsynet uttalar m.a. at ein held fast ved den tidlegare tilrådinga og Justisdepartementet tilrår at klagen ikkje vert teken til fylgje.

       Komiteen tilrår at klagen vert avslått.

Sak nr. 5

       NN, fødd 1929, har søkt om rettferdsvederlag fordi ho meiner seg feilbehandla då ho fekk fjerna kneskåla på høgre kne i 1971. Ho skal òg ha fått mangelfull informasjon om konsekvensane av inngrepet. Søkjaren har i dag kroniske og invalidiserande smerter.

       Statens helsetilsyn viste til at søkjaren hadde fått den behandlinga og undersøkinga som var mogleg å gje henne, og fann ikkje at det låg føre kritikkverdige tilhøve ved behandlinga. Helsetilsynet tilrådde ikkje rettferdsvederlag. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til Helsetilsynet si vurdering, og rettferdsvederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har påklaga avslaget.

       Helsetilsynet held fast ved si tidlegare tilråding, og Justisdepartementet tilrår at klagen ikkje vert teken til fylgje.

       Komiteen tilrår at klagen vert avslått.

Sak nr. 6

       NN, fødd 1969, har søkt om rettferdsvederlag på grunnlag av påstått feilbehandling og manglande oppfølging av lungeliding under militær førstegongsteneste i 1990.

       Helsetilsynet fann ikkje grunnlag for å kritisere den behandlinga som vart gitt søkjaren under førstegongstenesta, og tilrådde ikkje rettferdsvederlag. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til denne vurderinga, og rettferdsvederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har påklaga avslaget.

       Helsetilsynet uttaler at det er lite truleg at tilhøve knytta til militærtenesta i Nord-Noreg spela nokon rolle for utviklinga av søkjaren si lungeliding, og held fast ved si tidlegare tilråding. Justisdepartementet tilrår at klagen ikkje vert teken til fylgje.

       Komiteen tilrår at klagen vert avslått.

Sak nr. 7

       NN, fødd 1932, har søkt om rettferdsvederlag på grunn av komplikasjonar etter underlivsoperasjonar i 1966 og 1979. Søkjaren er uføretrygda.

       Helsetilsynet viste m.a. til at dei oppståtte komplikasjonane vart påviste med ein gong og tilfredsstillande behandla, og ein meinte det ikkje låg føre mangelfull eller feil medisinsk behandling av søkjaren. Helsetilsynet tilrådde ikkje rettferdsvederlag. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til Helsetilsynet si vurdering, og rettferdsvederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har påklaga avslaget.

       Helsetilsynet viser til at klagen ikkje inneheld nye medisinske opplysningar og Justisdepartementet tilrår at klagen ikkje vert teken til fylgje.

       Komiteen tilrår at klagen vert avslått.

Sak nr. 8

       NN, fødd 1950, har søkt om rettferdsvederlag på grunn av skadeverknader etter langvarig bruk av Trilafon.

       Helsetilsynet fann det mest sannsynleg at søkjaren sine plager ikkje hadde si årsak i Trilafon, og tilrådde ikkje rettferdsvederlag. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til Helsetilsynet si vurdering, og rettferdsvederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har klaga over avslaget.

       Helsetilsynet held fast ved si tidlegare tilråding, og Justisdepartementet tilrår at klagen ikkje vert teken til fylgje.

       Komiteen tilrår at klagen vert avslått.

Sak nr. 9

       NN, fødd 1935, har søkt om rettferdsvederlag som fylgje av dei hørselsproblema ho har etter å ha blitt operert for otosklerose (forbeining av knoklane i det indre øyra) i 1982.

       Statens helsetilsyn fann at søkjaren kunne ha blitt betre informert i samband med operasjonane. Operasjonane måtte likevel sjåast på bakgrunn av den alvorlege øyresjukdomen søkjaren hadde, og dei oppståtte komplikasjonane var påreknelege. Rettferdsvederlag vart ikkje tilrådd. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til denne vurderinga, og rettferdsvederlag vart ikkje tilkjent.

       I klagen vert det uttalt at operasjonen vart gjennomført i strid med avtale om at den skulle avbrytast dersom dei anatomiske tilhøva var vanskelege. Søkjaren hevdar òg at avslaget byggjer på ein feil av di Helsetilsynet skriv at sluttresultatet truleg ville ha blitt det same sjølv om operasjonen ikkje hadde blitt gjennomført.

       Helsetilsynet viser til at dei anatomiske tilhøva ikkje vart vurderte som upårekneleg kompliserte for operasjonen. Hørselstapet har truleg gått noko raskare på grunn av dei oppståtte komplikasjonane, men det er umogleg å vurdere korleis resultatet ville vore i dag utan operasjon. Helsetilsynet held difor fast ved den tidlegare tilrådinga si, og Justisdepartementet tilrår at klagen ikkje vert teken til fylgje.

       Komiteen tilrår at klagen vert avslått.

Sak nr. 10

       NN, fødd 1932, har søkt om rettferdsvederlag med grunnlag i påstand om feilbehandling frå det psykiatriske behandlingsapparatet.

       Helsetilsynet la til grunn at det ikkje låg føre noko som tydde på feilbehandling eller feil bruk av lov om psykisk helsevern, og tilrådde ikkje rettferdsvederlag. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til denne vurderinga og rettferdsvederlag vart ikkje tilkjent.

       I klagen hevdar søkjaren at påstandane om sinnsliding byggjer på gissing frå legane si side.

       Helsetilsynet viser til at klagen ikkje inneheld nye medisinske opplysningar, og Justisdepartementet tilrår at klagen ikkje vert teken til fylgje.

       Komiteen tilrår at klagen vert avslått.

Sak nr. 11

       NN, fødd 1949, har søkt om rettferdsvederlag med grunnlag i tilstand etter øyreoperasjon i 1960. Ho vart reoperert i 1963, men først i 1978 vart ho operert med vellukka resultat.

       Statens helsetilsyn viste til at komplikasjonane var påreknelege og at inngrepet var komplisert. At reoperasjon ikkje vart gjort tidlegare, hadde samanhang med kompliserte anatomiske tilhøve og dermed frykt for fleire komplikasjonar. Helsetilsynet tilrådde ikkje rettferdsvederlag. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til Helsetilsynet si vurdering, og rettferdsvederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har klaga over avslaget.

       Helsetilsynet viser til at klagen ikkje inneheld nye medisinske opplysningar, og Justisdepartementet tilrår at klagen ikkje vert teken til fylgje.

       Komiteen tilrår at klagen vert avslått.

Sak nr. 12

       NN, fødd 1957, har søkt om rettferdsvederlag fordi han føler seg mangelfullt undersøkt i samband med fastsetjing av arbeidshemming. Dette har fått konsekvensar for uføretidspunktet som søkjaren meiner burde vore sett til eit tidlegare tidspunkt.

       Statens helsetilsyn hadde ingen merknader til dei sakkunnige erklæringane som var avgitt i saka, og tilrådde ikkje rettferdsvederlag. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til Helsetilsynet si vurdering, og rettferdsvederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har påklaga avslaget.

       Helsetilsynet viser til at det ikkje vert lagt fram nye opplysningar som skulle ha noko å seie for den medisinske vurderinga av saka, og Justisdepartementet tilrår at klagen ikkje vert teken til fylgje.

       Komiteen tilrår at klagen vert avslått.

Sak nr. 13

       NN, fødd 1933, har søkt om rettferdsvederlag på grunnlag av varige og invalidiserande smerter som vert relaterte til bruk av for stram gips under behandling av beinbrot i 1983.

       Statens helsetilsyn fann at det ikkje var grunnlag for å kritisere den behandlinga søkjaren hadde fått, og meinte det var beinbrotet som var skuld i lidingane, ikkje behandlinga. Helsetilsynet tilrådde ikkje rettferdsvederlag. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til denne vurderinga, og rettferdsvederlag vart ikkje tilkjent.

       I klagen uttaler søkjaren at det ligg føre årsakssamanheng mellom søkjaren sine lidingar og den behandlinga ho fekk.

       Helsetilsynet viser til at klagen ikkje inneheld nye opplysningar som endrar den tidlegare tilrådinga, og Justisdepartementet tilrår at klagen ikkje vert teken til fylgje.

       Komiteen tilrår at klagen vert avslått.

Sak nr. 14

       NN, fødd 1967, har søkt om rettferdsvederlag grunna uhaldbare og invalidiserande smerter etter eit inngrep i underlivet i 1985.

       Statens helsetilsyn fann at søkjaren hadde fått adekvat diagnostikk og behandling for sine lidingar, og tilrådde ikkje rettferdsvederlag. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til denne vurderinga, og rettferdsvederlag vart ikkje innvilga.

       I klaga uttaler søkjaren at ho framleis lir av sterke smerter, og ho klagar over oppførselen frå enkelte legar.

       Helsetilsynet viser til at klagen ikkje inneheld nye medisinske opplysningar som skulle ha noko å seie for saka, og Justisdepartementet tilrår at klagen ikkje vert teken til fylgje.

       Komiteen tilrår at klagen vert avslått.

Sak nr. 15

       NN, fødd 1959, har søkt om rettferdsvederlag etter ei tvangsinnlegging på psykiatrisk sjukehus i 1994. Søkjaren meiner tvangsinnlegginga var urettmessig.

       Helsetilsynet la til grunn at tvangsinnlegginga var godt underbygd, og tilrådde ikkje rettferdsvederlag. Justisdepartementet viste til at søknaden burde vore lagt fram for Norsk Pasientskadeerstatning og gjorde framlegg om at saka skulle avvisast. Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til Justisdepartementet si vurdering, og rettferdsvederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har påklaga avslaget.

       Helsetilsynet viser til at klagen ikkje inneheld nye opplysningar, og Justisdepartementet tilrår at klagen ikkje vert teken til fylgje.

       Komiteen tilrår at klagen vert avslått.

Sak nr. 16

       NN, fødd 1941, har søkt om rettferdsvederlag for feil diagnose ved X psykiatriske sjukehus i 1979. Diagnosen (schizofreni) vart seinare nytta i søknad om uføretrygd, noko søkjaren meiner har øydelagt livet og arbeidssjansane hans.

       Helsetilsynet fann at det ikkje var fagleg godt grunngjeve å nytte diagnosen schizofreni for søkjaren sin sjukdom. Tilsynet fann det likevel ikkje dokumentert at diagnosen hadde bidratt til at livet hans var blitt øydelagt og til at sjansane hans i arbeidslivet var blitt minimale, og tilrådde ikkje rettferdsvederlag.

       Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til Helsetilsynet si vurdering, og rettferdsvederlag vart ikkje tilkjent.

       I klagen uttaler søkjaren at han for nesten 20 år sidan vart påtvunge uførepensjon på grunn av diagnosen schizofreni.

       Helsetilsynet viser til at klagen ikkje inneheld nye medisinske opplysningar, og Justisdepartementet tilrår at klagen ikkje vert teken til fylgje.

       Komiteen tilrår at klagen vert avslått.

Sak nr. 17

       NN, fødd 1937, har søkt om rettferdsvederlag på grunn av påstått feilbehandling i samband med ryggproblem.

       Helsetilsynet fann ikkje å kunne kritisere den behandlinga søkjaren fekk, og tilrådde ikkje rettferdsvederlag. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til Helsetilsynet si vurdering, og rettferdsvederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har påklaga avslaget.

       Helsetilsynet viser til at det ikkje er kome til nye medisinske opplysningar, og Justisdepartementet tilrår at klagen ikkje vert teken til fylgje.

       Komiteen tilrår at klagen vert avslått.

Sak nr. 18

       NN, fødd 1928, har søkt om rettferdsvederlag på bakgrunn av langvarige problem med kjeve- og tannsmerter som òg har medført store utgifter. Søkjaren trur at hennar problem kjem frå amalgamforgifting.

       Statens helsetilsyn uttalte m.a. at det ut frå dokumentert kunnskap i dag ikkje er haldepunkt for å fastslå at amalgam skaper slike smerteproblem som søkjaren har. Helsetilsynet tilrådde ikkje rettferdsvederlag. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til Helsetilsynet sin konklusjon, og rettferdsvederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har påklaga avslaget.

       Helsetilsynet viser til at klagen ikkje inneheld nye medisinske opplysningar som skulle ha noko å seie for saka, og Justisdepartementet tilrår at klagen ikkje vert teken til fylgje.

       Komiteen tilrår at klagen vert avslått.

Sak nr. 19

       NN, fødd 1938, har søkt om rettferdsvederlag grunna komplikasjonar etter ei hjarteundersøking som vart gjort før ein hjarteoperasjon. Ein søknad til Norsk Pasientskadeerstatning er avslått.

       Statens helsetilsyn uttalte m.a. at søkjaren gjekk gjennom ei naudsynt preoperativ hjarteundersøking som vart komplisert med bløding og nerveklemming. Komplikasjonen var sjeldan, men pårekneleg. Rettferdsvederlag vart ikkje tilrådd. Justisdepartementet uttalte at vedtak etter Norsk Pasientskadeerstatning ikkje bør overprøvast etter rettferdsvederlagsordninga, og slutta seg elles til faginstansen si vurdering. Rettferdsvederlagsutvalet tilkjente ikkje rettferdsvederlag.

       I klagen vert det m.a. uttalt at komplikasjonen har gjeve søkjaren daglege smerter, og at ho ikkje ville ha gjennomført undersøkinga dersom ho hadde vore kjend med risikoen for komplikasjonen.

       Statens helsetilsyn viser til at saka ikkje inneheld nye opplysningar som skulle ha noko å seie for saka, og Justisdepartementet tilrår at klagen ikkje vert teken til fylgje.

       Komiteen tilrår at klagen vert avslått.

Sak nr. 20

       NN, fødd 1981, har søkt om rettferdsvederlag på grunn av feilbehandling i samband med mora sin graviditet, søkjaren sin fødsel og etterfølgjande operasjonar. Søkjaren er fødd med vatnhovud og ryggmargsbrokk.

       Helsetilsynet viste til at mora til søkjaren ikkje fekk mangelfulle eller gale råd i samband med svangerskapet. Det er dessutan svært tvilsamt om ei tidlegare forløysing hadde minska skaden hos søkjaren. Helsetilsynet tilrådde på dette grunnlaget ikkje rettferdsvederlag. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til Helsetilsynet si vurdering, og rettferdsvederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har påklaga avslaget.

       Helsetilsynet viser til at klagen ikkje inneheld nye medisinske opplysningar, og Justisdepartementet tilrår at klagen ikkje vert teken til fylgje.

       Komiteen tilrår at klagen vert avslått.

Sak nr. 21

       NN, fødd 1961, har søkt om rettferdsvederlag på grunn av feildiagnose og feilbehandling av ryggliding frå 1989. Prolaps vart konstatert først i 1991. Før denne tida rekna ein med at lidinga hennar hadde psykiske årsaker.

       Statens helsetilsyn viste m.a. til at søkjaren var særs grundig og systematisk undersøkt, og at rygglidinga var vurdert av erfarne ortopedar som ikkje hadde funne nokon indikasjon for kirurgisk behandling. Helsetilsynet tilrådde ikkje rettferdsvederlag. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til denne vurderinga, og rettferdsvederlag vart ikkje tilkjent.

       I klagen vert det presisert at det ikkje er ein eventuell manglande operasjon av ryggen det er klaga over, men det faktum at søkjaren vart innlagt ved ei psykiatrisk avdeling og avvist med at hennar liding var av psykisk karakter.

       Helsetilsynet viser til at klagen ikkje inneheld nye medisinske opplysningar som skulle ha noko å seie for saka, og Justisdepartementet tilrår at klagen ikkje vert teken til fylgje.

       Komiteen tilrår at klagen vert avslått.

Sak nr. 22

       NN, fødd 1961, har søkt om rettferdsvederlag fordi ho meiner å ha blitt feilbehandla ved at ho i ein alder av 15 år fekk sett inn spiral. Det vert hevda at spiralbruken har ført til underlivsproblem og barnløyse.

       Helsetilsynet viste til at sjølv om bruk av spiral aukar sjansen for underlivsbetennelse, var det ikkje svært sannsynleg at spiralbruken er årsak til søkjaren sine seinare problem. Rettferdsvederlag vart ikkje tilrådd. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til Helsetilsynet si vurdering, og rettferdsvederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har påklaga avslaget.

       Helsetilsynet held fast ved den tidlegare tilrådinga si, og Justisdepartementet tilrår at klagen ikkje vert teken til fylgje.

       Komiteen tilrår at klagen vert avslått.

Sak nr. 23

       NN, fødd 1916, har søkt om rettferdsvederlag grunna problem etter ein operasjon med fjerning av ein del av magesekken i 1983. Han hevdar at han vart stilt i utsikt at han venteleg ville bli smertefri etter operasjonen.

       Statens helsetilsyn viste m.a. til at behandlinga ikkje hadde vore kritikkverdig sjølv om operasjonen ikkje var fullt ut vellukka. Ein meinte søkjaren hadde fått eit for positivt inntrykk av utsiktene etter operasjonen, men rettferdsvederlag vart likevel ikkje tilrådd. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til Helsetilsynet si vurdering, og rettferdsvederlag vart ikkje tilkjent.

       I klagen viser søkjaren til at han ikkje vart tilfredsstillande informert om inngrepet og fylgjene av dette.

       Helsetilsynet meiner det er lite truleg at den legen som behandla søkjaren har garantert smertefridom, og held fast ved si tidlegare tilråding. Justisdepartementet tilrår at klagen ikkje vert teken til fylgje.

       Komiteen tilrår at klagen vert avslått.

Sak nr. 24

       NN, fødd 1934, har søkt om rettferdsvederlag på grunn av lobotomiinngrep og innlegging på psykiatrisk sjukehus mot sin vilje.

       Helsetilsynet uttalte at søkjaren fleire gonger hadde fått saka si handsama av tilsynsmaktene, som har konkludert med at han hadde fått adekvat behandling for lidinga si. Det var ikkje dokumentert at søkjaren faktisk var blitt lobotomert. Rettferdsvederlag vart ikkje tilrådd. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til Helsetilsynet si vurdering, og rettferdsvederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren klagar over vedtaket.

       Helsetilsynet viser til at klagen ikkje inneheld nye moment som skulle ha noko å seie for saka, og Justisdepartementet tilrår at klagen ikkje vert teken til fylgje.

       Komiteen tilrår at klagen vert avslått.

Sak nr. 25

       NN, fødd 1916, har søkt om rettferdsvederlag for monaleg forverring av allergiske plager etter ei urografi-undersøking (røntgenundersøking av nyrene) i 1992.

       Helsetilsynet fann ikkje grunnlag for påstanden om at den utførte urografien kunne ha påført søkjaren allergiske plager, og tilrådde ikkje rettferdsvederlag. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til Helsetilsynet si vurdering, og rettferdsvederlag vart ikkje tilkjent.

       I klagen vert det vist til ei legeerklæring der ein spesialist i hudsjukdommar uttaler at det er rimeleg å setje søkjaren sine plager i direkte relasjon til urografien.

       Helsetilsynet held fast ved si tidlegare vurdering, og Justisdepartementet tilrår at klagen ikkje vert teken til fylgje.

       Komiteen tilrår at klagen vert avslått.

Sak nr. 26

       NN, fødd 1960, har søkt om rettferdsvederlag fordi ho meiner seg feilbehandla i samband med at barnet ho fødde i 1990, døydde kort tid etter fødselen. Saka er tidlegare avvist av Norsk Pasientskadeerstatning som forelda.

       Statens helsetilsyn viste til ei vurdering frå eit spesialistutval for fødeverksemd som uttalte at behandlinga av barnet kunne vore meir intensiv. Helsedirektoratet var einig i dette. Det var likevel ikkje grunn til å kritisere den behandlinga som faktisk vart gitt. Den mest intensive behandlinga ville sannsynlegvis ikkje kunne ha hindra varig skade eller at barnet døydde. Helsetilsynet tilrådde ikkje rettferdsvederlag. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til Helsetilsynet si vurdering, og rettferdsvederlag vart ikkje tilkjent.

       I klagen vert det gjort gjeldande at barnet døydde pga. for trongt bekken, saman med mangelfull medisinsk behandling etter fødselen.

       Helsetilsynet meiner at det ikkje er noko som tyder på at det var eit mishøve mellom bekkenet og storleiken på barnet og at dette kunne ha vore årsaka til dødsfallet. Tilsynet held fast ved si tidlegare tilråding, og Justisdepartementet tilrår at klagen ikkje vert teken til fylgje.

       Komiteen tilrår at klagen vert avslått.

Sak nr. 27

       NN, fødd 1945, har søkt om rettferdsvederlag for påstått feilbehandling og manglande diagnostikk av Conns syndrom (godarta svulst i binyrebarken) ved X sjukehus og Y helsesenter. Han vart operert først i 1992 etter å ha vore behandla med blodtrykkssenkande medikament sidan 1987. Han har i dag store magesmerter.

       Statens helsetilsyn viste til at søkjaren i tide fekk diagnostisert ei særs sjeldan årsak til høgt blodtrykk (Conns syndrom), og at han såleis vart frisk for ein alvorleg sjukdom. Søkjaren sine magesmerter måtte reknast som ein uunngåeleg komplikasjon. Helsetilsynet tilrådde ikkje rettferdsvederlag. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til Helsetilsynet si vurdering, og rettferdsvederlag vart ikkje tilkjent.

       I klagen vert det vist til at søkjaren sin sjukdom burde ha vore diagnostisert på eit langt tidlegare tidspunkt.

       Helsetilsynet viser til at klagen ikkje inneheld nye medisinske opplysningar, og Justisdepartementet tilrår at klagen ikkje vert teken til fylgje.

       Komiteen tilrår at klagen vert avslått.

Sak nr. 28

       NN, fødd 1944, har søkt om rettferdsvederlag for påståtte feil i tidlegare sjukejournalar om at søkjaren var evneveik og hadde ei psykotisk liding.

       Statens helsetilsyn viste m.a. til at diagnosen paranoid psykose ikkje kunne vurderast som urett. Vurderinga som evneveik var først nemnd med klåre reservasjonar, men var seinare kome fram som diagnose. Det var sannsynleg at søkjaren si paranoide legning var det sentrale, og at uføretrygda som var innvilga mellom anna på grunnlag av vurderinga som evneveik, hadde vore til gode for henne. Helsetilsynet tilrådde ikkje rettferdsvederlag. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til Helsetilsynet si vurdering, og rettferdsvederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har påklaga avslaget.

       Helsetilsynet viser til at klagen ikkje inneheld nye medisinske opplysningar, og Justisdepartementet tilrår at klagen ikkje vert teken til fylgje.

       Komiteen tilrår at klagen vert avslått.

Sak nr. 29

       NN, fødd 1951, har søkt om rettferdsvederlag for langvarige plager etter at ho ved eit operativt inngrep i 1981 opplevde å vere vaken under delar av inngrepet.

       Helsetilsynet konkluderte med at det ikkje var dokumentert feil av medisinsk art, men at søkjaren si oppleving av smerte og å vere vaken under operasjonen var ei stor påkjenning. Rettferdsvederlag vart tilrådd med kr 70.000. Justisdepartementet uttalte at ein ikkje fann det tilstrekkeleg sannsynleg at søkjaren sine plager kunne førast attende til det operative inngrepet aleine, og tilrådde rettferdsvederlag med kr 30.000. Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til Justisdepartementet si vurdering, og rettferdsvederlag vart tilkjent med kr 30.000.

       Søkjaren klagar over storleiken på erstatninga. I klagen vert det opplyst at ho har fått innvilga attføringstrygd på grunn av det traumet ho opplevde ved å bli operert utan at narkosen ga ønska verknad.

       Helsetilsynet held fast ved si tidlegare tilråding, og Justisdepartementet tilrår at klagen ikkje vert teken til fylgje.

       Komiteen tilrår at klagen vert avslått.

Sak nr. 30

       NN, fødd 1950, har søkt om rettferdsvederlag grunna kroniske smerter i høgre kne som fylgje av påstått feilbehandling av langvarige problem med høgre kneledd.

       Statens helsetilsyn fann at utviklinga av refleksdystrofi måtte reknast som ein sjeldan komplikasjon, og diagnosen vart først stilt etter 10 år. Helsetilsynet tilrådde rettferdsvederlag med kr  40.000. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til Helsetilsynet si vurdering, og rettferdsvederlag vart tilkjent med kr  40.000.

       Søkjaren har klaga over storleiken på vederlaget.

       Helsetilsynet har handsama saka på ny, men finn ikkje at søkjaren sine lidingar har grunnlag i klanderverdig behandling frå det offentlege. Etter innsetjing av eit kunstig kneledd har søkjaren no ikkje så store smerter. Tilsynet held fast ved si tidlegare tilråding, og Justisdepartementet rår til at klagen ikkje vert teken til fylgje.

       Komiteen tilrår at klagen vert avslått.

Sak nr. 31

       NN, fødd 1972, har søkt om rettferdsvederlag på grunn av skader som fylgje av for sein behandling av blindtarmbetennelse i 1984.

       Statens helsetilsyn fann det dokumentert at søkjaren hadde vore utsett for feilvurderingar i primærhelsetenesta, og tilrådde rettferdsvederlag med kr  40.000. Justisdepartementet slutta seg til denne vurderinga, medan Rettferdsvederlagsutvalet tilrådde rettferdsvederlag med kr  60.000.

       Søkjaren har klaga over storleiken på vederlaget.

       Helsetilsynet syner til at klagen ikkje inneheld nye medisinske opplysningar, og Justisdepartementet tilrår at klagen ikkje vert teken til fylgje.

       Komiteen tilrår at klagen vert avslått.

Sak nr. 32

       NN, fødd 1932, har søkt om rettferdsvederlag på grunnlag av mangelfull skulegong under krigen.

       Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet uttalte at skuletilbodet over lang tid var mangelfullt for alle born som vaks opp i denne delen av landet under krigen, og at departementet ikkje tidlegare hadde tilrådd rettferdsvederlag på dette grunnlaget. Rettferdsvederlag vart ikkje tilrådd. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til denne vurderinga, og rettferdsvederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har klaga over avslaget.

       Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet meiner at det ikkje ligg føre nye opplysningar som kan endra den tidlegare tilrådinga, og Justisdepartementet tilrår at klagen ikkje vert teken til fylgje.

       Komiteen tilrår at klagen vert avslått.

Sak nr. 33

       NN, fødd 1945, har søkt om rettferdsvederlag med grunnlag i mangelfull undervisning i spesialskule.

       Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet fann at søkjaren hadde fått den stønaden og undervisninga som var mogleg å gi i den aktuelle tidsperioden, og tilrådde ikkje rettferdsvederlag. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til denne vurderinga, og rettferdsvederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har klaga over avslaget.

       Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet uttaler at klagen ikkje inneheld opplysningar som endrar den tidlegare tilrådinga deira, og Justisdepartementet tilrår at klagen ikkje vert teken til fylgje.

       Komiteen tilrår at klagen vert avslått.

Sak nr. 34

       NN, fødd 1943, har søkt om rettferdsvederlag på grunn av mangelfull grunnskuleopplæring og feilplassering på institusjon for evneveike med psykiske skader til fylgje. Det vert òg peikt på at ho ved to høve skal ha vore utsett for seksuelle overgrep på institusjonen.

       Barne- og familiedepartementet fann at plasseringa i åndsveikeomsorga ikkje var kritikkverdig. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet uttalte under tvil at det ikkje var urimeleg om søkjaren fekk ei viss erstatning, sjølv om den undervisninga ho fekk ikkje kunne kritiserast med tanke på dei ressursane ein hadde på denne tida. Det vart særleg lagt vekt på at institusjonsplasseringa kunne ha vore sett på som ei enkel løysing for det offentlege, og rettferdsvederlag vart tilrådd med kr  50.000. Justisdepartementet fann at opplysningane om overgrep ikkje var tilstrekkeleg dokumenterte til å danne grunnlag for rettferdsvederlag, men slutta seg elles til tilrådinga om rettferdsvederlag med kr  50.000. Rettferdsvederlagsutvalet fann at når Barne- og familiedepartementet som fagdepartement var kome til at barnevernet ikkje kunne klandrast, kunne Rettferdsvederlagsutvalet ikkje sjå at søkjaren var komen spesielt uheldig ut, samanlikna med born i tilsvarande situasjon. Rettferdsvederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har klaga over avslaget.

       Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet og Barne- og familiedepartementet syner til at klagen ikkje inneheld nye opplysningar som gjer at vedtaket burde endrast, og Justisdepartementet tilrår at klagen ikkje vert teken til fylgje.

       Komiteen sluttar seg til tilrådinga frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet og Justisdepartementet, og tilrår at rettferdsvederlag vert innvilga med 50.000 kroner.

Sak nr. 35

       NN, fødd 1962, har søkt om rettferdsvederlag fordi ho meiner å ha fått reduserte sjansar til opplæring og arbeid fordi ho ikkje fekk ta til på skulen i rett tid, og fordi ho vart feilplassert på spesialskule.

       Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet uttalte at det ikkje var sannsynleg at skulestart i rett tid ville ha endra søkjaren sine læreutsikter monaleg slik at det ville ha eliminert trongen for spesialundervisning. Departementet tilrådde ikkje rettferdsvederlag. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til denne vurderinga, og rettferdsvederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har klaga over avslaget.

       Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet står fast ved si tidlegare tilråding, og Justisdepartementet tilrår at klagen ikkje vert teken til fylgje.

       Komiteen tilrår at klagen vert avslått.

Sak nr. 36

       NN, fødd 1953, har søkt om rettferdsvederlag på grunn av mangelfull grunnskuleutdanning, i tillegg til at ho skal ha vore utsett for overgrep ved X offentlege skule.

       Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet synte m.a. til at søkjaren sin oppvekst og skulegong hadde vore utrygg og problematisk. Vedtaket om å plassere søkjaren på X offentlege skule var sett i verk då den ordinære skulegongen ikkje lenger kunne gjennomførast på grunn av rømmingsforsøk og stort fråvær. Departementet fann likevel at ein ikkje kunne klandre det offentlege for dette. Ein kunne ikkje leggje til grunn at det hadde vore direkte overgrep ved skulen, og departementet tilrådde ikkje rettferdsvederlag. Barne- og familiedepartementet meinte at barnevernet ikkje kunne kritiserast, og fann ikkje grunnlag for å tilrå rettferdsvederlag. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til fagdepartementa sine vurderingar, og rettferdsvederlag vart ikkje tilkjent.

       I klagen vert det halde fast ved at søkjaren vart utsett for feilplassering då ho vart plassert på X offentlege skule, og at ho har fått mangelfull undervisning.

       Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet og Barne- og familiedepartementet held fast ved sine tidlegare tilrådingar, og Justisdepartementet tilrår at klagen ikkje vert teken til fylgje.

       Komiteen tilrår at klagen vert avslått.

Sak nr. 37

       NN, fødd 1935, har søkt om rettferdsvederlag på grunn av mangelfull skulegong. Søkjaren er av taterfamilie, og har ikkje hatt skulegong.

       Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet tilrådde rettferdsvederlag med kr  50.000. Justisdepartementet synte til Stortinget si handsaming av samanliknbare saker i Innst.S.nr.75 (1996-1997), og tilrådde rettferdsvederlag med kr  60.000. Rettferdsvederlagsutvalet tilkjente rettferdsvederlag med kr  60.000.

       I klagen syner søkjaren til at det tilkjente vederlaget er for lågt.

       Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet syner til at det ikkje ligg føre nye opplysningar som gjer at vedtaket bør endrast, og Justisdepartementet tilrår at klagen ikkje vert teken til fylgje.

       Komiteen tilrår at klagen vert avslått.

Sak nr. 38

       NN, fødd 1923, har søkt om rettferdsvederlag fordi han ikkje har hatt skulegong. Søkjaren er av taterslekt, og familien reiste mykje omkring. Han søkte om rettferdsvederlag på same grunnlag i 1980, men fekk avslag.

       Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet tilrådde rettferdsvederlag med kr  50.000. Justisdepartementet synte til Stortinget si handsaming av Innst.S.nr.75 (1996-1997), og tilrådde rettferdsvederlag med kr  60.000. Rettferdsvederlagsutvalet tilkjente rettferdsvederlag med kr  60.000.

       I klagen ber søkjaren om at beløpet vert auka med kr  10.000.

       Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet syner til at klagen ikkje inneheld nye opplysningar, og Justisdepartementet tilrår at klagen ikkje vert teken til fylgje.

       Komiteen tilrår at klagen vert avslått.

Sak nr. 39

       NN, fødd 1930, har søkt om rettferdsvederlag grunna påstand om ulovleg plassering i fosterheim, overgrep i barndommen og mangelfull skulegong. Søkjaren er av taterslekt, og vart saman med fire sysken plassert på barneheim i 1941. Søknaden er sett fram og handsama parallelt med søknad frå søkjaren si syster, jf. sak nr. 40.

       Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet fann at søkjaren var komen spesielt dårleg ut samanlikna med andre, sjølv om ho avslutta grunnskuleeksamen med særs godt resultat. Departementet tilrådde at rettferdsvederlag vart tilkjent med kr  30.000. Barne- og familiedepartementet tilrådde rettferdsvederlag med kr  75.000, med bakgrunn i at syskena vart urettmessig åtskilde ved plassering i fosterheimen og opplevde mishandling på barneheimen. Justisdepartementet la avgjerande vekt på at søkjaren avslutta grunnskuleeksamen, og tilrådde ikkje rettferdsvederlag på grunnlag av mangelfull skulegong. Departementet slutta seg likevel til Barne- og familiedepartementet si vurdering, og tilrådde rettferdsvederlag med kr 60.000. Rettferdsvederlagsutvalet tilkjente rettferdsvederlag med kr 75.000.

       Det vert klaga over storleiken på vederlaget.

       Barne- og familiedepartementet og Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet held fast ved si tidlegare tilråding, og Justisdepartementet tilrår at klagen ikkje vert teken til fylgje.

       Komiteen tilrår at klagen vert avslått.

Sak nr. 40

       NN, fødd 1933, har søkt om rettferdsvederlag med grunnlag i påstand om feilplassering i fosterheim, overgrep i barndommen og mangelfull skulegong. Søkjaren er av taterslekt, og vart saman med fire sysken plassert på barneheim i 1941. Ho vart i 1943 plassert i fosterheim og åtskilt frå syskena sine, jf. sak nr. 39.

       Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet fann at søkjaren var komen spesielt dårleg ut samanlikna med andre, sjølv om søkjaren avslutta folkeskuleeksamen med særs godt resultat. Fagdepartementet tilrådde at rettferdsvederlag vart tilkjent med kr  30.000. Barne- og familiedepartementet tilrådde rettferdsvederlag med kr  75.000, med bakgrunn i at syskena vart urettmessig åtskilde ved plassering i fosterheim og opplevde mishandling på barneheimen. Justisdepartementet la avgjerande vekt på at søkjaren hadde fullført grunnskuleeksamen, og tilrådde ikkje rettferdsvederlag på grunnlag av mangelfull skulegong. Departementet slutta seg likevel til Barne- og familiedepartementet si vurdering, og tilrådde rettferdsvederlag med kr  60.000. Rettferdsvederlagsutvalet tilkjente rettferdsvederlag med kr  75.000.

       Det vert klaga over storleiken på vederlaget.

       Barne- og familiedepartementet og Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet held fast ved si tidlegare tilråding, og Justisdepartementet tilrår at klagen ikkje vert teken til fylgje.

       Komiteen tilrår at klagen vert avslått.

Sak nr. 41

       NN, fødd 1963, har søkt om rettferdsvederlag fordi han hevdar å ha fått mangelfull oppfølging frå det offentlege fordi han har lesevanskar.

       Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet fann at mangelfullt opplæringstilbod, saman med vanskelege sosiale tilhøve, førte til at søkjaren kom særs uheldig ut, og tilrådde rettferdsvederlag med kr  75.000. Justisdepartementet uttalte at det var klanderverdig at søkjaren sin dysleksi ikkje hadde vorte oppdaga tidlegare, og slutta seg til denne tilrådinga. Rettferdsvederlagsutvalet tilkjente rettferdsvederlag med kr  75.000.

       Det vert klaga over storleiken på vederlaget.

       Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet syner til at klagen ikkje inneheld opplysningar som fører til endring av departementet si tidlegare tilråding, og Justisdepartementet tilrår at klagen ikkje vert teken til fylgje.

       Komiteen tilrår at klagen vert avslått.

Sak nr. 42

       NN, fødd 1956, har søkt om rettferdsvederlag med grunnlag i at søkjaren som born vart sendt på barneheim og seinare på spesialskule.

       Barne- og familiedepartementet fann at den behandlinga og oppfølginga søkjaren fekk av barnevernstyresmaktene var tilfredsstillande og tilsvarande det som andre born og unge fekk i den aktuelle perioden, og tilrådde ikkje rettferdsvederlag. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til denne vurderinga, og rettferdsvederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har klaga over avslaget.

       Barne- og familiedepartementet og Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet finn ikkje grunnlag for å endre si tidlegare tilråding, og Justisdepartementet tilrår at klagen ikkje vert teken til fylgje.

       Komiteen tilrår at klagen vert avslått.

Sak nr. 43

       Fire sysken, fødd høvesvis i 1968, 1969, 1975 og 1976, har søkt om rettferdsvederlag fordi det offentlege skal ha forsømt seg ved ikkje å gripe tilstrekkeleg inn andsynes familien på bakgrunn av dei overgrepa og den mishandlinga dei vart utsette for av far deira under oppveksten. Faren til borna vart i 1990 dømd for omfattande grov vald mot alle dei fire borna sine. Alle syskena er tilstått valdsofferstatning på dette grunnlaget.

       Barne- og familiedepartementet synte til at korkje heradsretten eller lagmannsretten hadde funne at kommunen hadde vore aktlaus på ein slik måte at det gav rett til erstatning ved ikkje å gripe ytterlegare inn andsynes familien. Det ville innebere ei overprøving av domstolane å vurdere om det offentlege har forsømt seg i denne saka, og departementet fann difor ikkje å kunne ta dette spørsmålet opp til drøfting. Departementet tilrådde ikkje rettferdsvederlag. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til denne vurderinga, og rettferdsvederlag vart ikkje tilkjent.

       I klagen vert det m.a. synt til at søkjarane har lidd ein overlast utover det som fell inn under valdsoffererstatningsordninga.

       Barne- og familiedepartementet held fast ved si tidlegare tilråding, og Justisdepartementet tilrår at klagen ikkje vert teken til fylgje.

       Komiteen tilrår at klagen vert avslått.

Sak nr. 44

       NN, fødd 1966, har søkt om rettferdsvederlag på grunn av den behandlinga ho har fått av barnevernet. Søkjaren meiner at barnevernet har forsømt seg ved ikkje å gjere noko med dei tilhøva ho levde under som born, og at barnevernet ikkje skulle ha freista å ta frå henne hennar eige born.

       Barne- og familiedepartementet fann at det var uheldig at ingen hadde grepe inn mot den behandlinga søkjaren fekk i heimen fram til 1979. Det var likevel ikkje grunn til å kritisere barnevernet fordi barnevernet på dette tidspunktet ikkje hadde kjennskap til at søkjaren lei overlast. Når det galdt søkjaren sitt møte med barnevernet som vaksen, fann departementet det tvilsamt om barnevernet hadde høve til å gjere vedtak om å ta seg av barnet før det var fødd, men synte til at det var ein viss praksis for slike type vedtak. Vedtaket om å overta omsorga for barnet til søkjaren vart ikkje sett i verk. Departementet tilrådde ikkje rettferdsvederlag. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til denne vurderinga, og rettferdsvederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har klaga over avslaget.

       Barne- og familiedepartementet held fast ved si tidlegare tilråding, og Justisdepartementet tilrår at klagen ikkje vert teken til fylgje.

       Komiteen tilrår at klagen vert avslått.

Sak nr. 45

       NN, fødd 1950, har søkt om rettferdsvederlag på grunnlag av at ho vart seksuelt misbrukt i barndommen.

       Dei overgrepa det er tale om fann ikkje stad i Noreg, og den påståtte overgriparen er heller ikkje norsk og har ikkje tilknyting til landet. Søkjaren flytta seinare til Noreg og er no norsk statsborgar.

       Justisdepartementet synte til valdsoffererstatningsføresegnene § 3 der det framgår at valdsoffererstatning berre vert ytt i særlege tilfelle for skade som er skjedd utanfor riket. Departementet fann det rimeleg å avgrense rettferdsvederlagsordninga på tilsvarande måte, og Justisdepartementet tilrådde ikkje rettferdsvederlag. Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til Justisdepartementet si vurdering, og rettferdsvederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har klaga over vedtaket og syner til at ho har vore busett i Noreg sidan 1971/72.

       Justisdepartementet syner til at styresmaktene i X har opplyst at ho fell utanfor dei reglane som gjeld i landet når det gjeld valdsoffererstatning, fordi desse reglane berre får verknad for tilhøve som har funne stad etter 1. mars 1974. Departementet tilrår at klagen ikkje vert teken til fylgje.

       Komiteen tilrår at klagen vert avslått.

Sak nr. 46

       NN, fødd 1944, har søkt om rettferdsvederlag fordi ho skal ha vore utsett for eit seksuelt overgrep frå ein lege i 1969.

       Legen vart ved dom i heradsretten i 1969 funnen skuldig i overgrepet, samt for grov tenesteforsømming og for usømeleg framferd mot den krenkte. Skadevaldaren understreka at den straffeføresegna han vart funnen skuldig i å ha overtrådd, berre gald misbruk av stillinga som lege, og ikkje valdtekt. Han meinte elles at den psykiske påkjenninga av hendinga for søkjaren i det vesentlege måtte skuldast den massive påverknaden frå miljøet i ettertid. Justisdepartementet synte til at overgrepet var grovt, og at dette hadde ført til monalege skadeverknader for søkjaren. Departementet tilrådde rettferdsvederlag med kr  60.000. Rettferdsvederlagsutvalet fann ikkje å kunne leggje til grunn at hendinga i 1969 var årsaka til dei vanskane søkjaren no har, og rettferdsvederlag vart ikkje tilkjent.

       I klagen syner søkjaren til tilrådinga frå Justisdepartementet, og meiner at det i Rettferdsvederlagsutvalet sine vurderingar er haldningar som synest å vere i utakt med samfunnet i dag.

       Justisdepartementet tilrår at klagen ikkje vert teken til fylgje.

       Komiteen er einig med Justisdepartementet i at søkjaren har vore utsett for eit grovt overgrep som har ført til monalege skadeverknader for henne. Komiteen tilrår rettferdsvederlag innvilga med 75.000 kroner.

Sak nr. 47

       14 veteranar frå den andre verdskrigen har søkt om rettferdsvederlag grunna tap av eigedelar/effektar som vart stole på X-moen i 1940. Søkjarane tok del i krigshandlingane ved Y i 1940. Storleiken på dei vederlaga det er søkt om er gjennomsnittleg 10-11.000 kroner på kvar av dei. Søknadene er tilnærma like, og dei vert difor handsama under eitt.

       Forsvarsdepartementet synte til mellombels lover av 19. juli 1946 og 25. april 1947 som heimla rett til erstatning for skader på bygningar og ved tap av lausøyre under krigen. Departementet fann ikkje å kunne leggje vekt på at søkjarane hevda at dei nemnde ordningane var ukjende for dei, og rettferdsvederlag vart ikkje tilrådd. Justisdepartementet slutta seg til denne vurderinga. Rettferdsvederlagsutvalet streka under at rettferdsvederlagsordninga ikkje er meint som noko supplement til andre etablerte erstatningsordningar. Ordninga er meint å vere ei hjelp til personar som er komne særs uheldig ut i livet, og utvalet meinte at tap av nokre få personlege eigedelar lang tid attende ikkje kunne femna om ein slik karakteristikk. Rettferdsvederlag vart såleis ikkje tilkjent.

       Søkjarane har klaga over avslaget.

       Forsvarsdepartementet held fast ved sitt syn om at søkjarane hadde hatt godt høve til å søkje om erstatning for eigedelane sine etter dei etablerte erstatningsordningane som galdt i etterkrigstida. Departementet held fast ved si tidlegare tilråding. Justisdepartementet tilrår at klagen ikkje vert teken til fylgje.

       Komiteen tilrår at klagen vert avslått.

Sak nr. 48

       NN, fødd 1943, har søkt om rettferdsvederlag på grunn av ein hørselsskade han fekk under teneste i Forsvaret i perioden 1963-65.

       Forsvarsdepartementet såg ikkje bort i frå at det var ein årsakssamanheng mellom ubåttenesta og hørselsproblema til søkjaren, og synte til at Forsvaret til ein viss grad kunne klandrast for skaden. Departementet tilrådde rettferdsvederlag med kr  35.000. Ut frå ei samla vurdering av skaden, samanheld med uvissa omkring årsakssamanhengen mellom støypåkjenninga og øyresuset, tilrådde Justisdepartementet ikkje rettferdsvederlag. Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til Justisdepartementet si vurdering, og rettferdsvederlag vart ikkje tilkjent.

       I klagen syner søkjaren m.a. til at det ikkje er tvil om årsakssamanhengen mellom støypåkjenninga og at han fekk øyresus.

       Forsvarsdepartementet held fast ved si tidlegare tilråding, medan Justisdepartementet tilrår at klagen ikkje vert teken til fylgje.

       Komiteen tilrår at klagen vert avslått.

Sak nr. 49

       NN, fødd 1964, har søkt om rettferdsvederlag med grunnlag i psykiske etterverknader etter at søkjaren opplevde at ein person sprengte seg sjølv til døde på X politikammer i 1987.

       X politikammer uttalte at norske styresmakter ikkje kunne verne borgarane mot slike handlingar frå einskildpersonar, og tilrådde ikkje rettferdsvederlag. Justisdepartementet uttalte at staten ikkje kunne ha noko ansvar for bombeulukka, og at det heller ikkje var andre omstende som kunne vere grunnlag for å tilrå rettferdsvederlag. Rettferdsvederlagsutvalet tilkjente ikkje rettferdsvederlag.

       Søkjaren har klaga over avslaget.

       X politikammer syner til at klagen ikkje inneheld nye opplysningar, og Justisdepartementet tilrår at klagen ikkje vert teken til fylgje.

       Komiteen tilrår at klagen vert avslått.

Sak nr. 50

       NN, fødd 1928 og NM, fødd 1930, har søkt om rettferdsvederlag på grunnlag av meirkostnader ved kjøp av ny bustad etter at deira tidlegare bustad vart innløyst som fylgje av vegutbygging. Det har ikkje vore mogleg å få ny bustad for innløysingssummen, og søkjarane har bygd nytt hus. Dette har ført til ei monaleg gjeldsbyrde.

       Vegdirektoratet synte til at søkjarane fekk meir enn full erstatning for den innløyste eigedommen, og Samferdsledepartementet fann på denne bakgrunnen ikkje å kunne tilrå rettferdsvederlag. Justisdepartementet slutta seg til denne vurderinga, og synte òg til at rettferdsvederlag ikkje skal vere eit supplement til andre erstatningsordningar. Rettferdsvederlagsutvalet tilkjente ikkje rettferdsvederlag.

       Søkjaren har klaga over avslaget.

       Korkje Samferdsledepartementet eller Vegdirektoratet finn at det ligg føre nye moment i klagen, og Justisdepartementet tilrår at klagen ikkje vert teken til fylgje.

       Komiteen tilrår at klagen vert avslått.

Sak nr. 51

       NN, fødd 1963, har søkt om rettferdsvederlag grunna påstand om manglande tilbod han som funksjonshemma har fått etter at han avslutta skulegongen.

       Sosial- og helsedepartementet uttalte m.a. at det ofte er vanskeleg å finne eigna tilbod til personar som fell utanfor den ordinære arbeidsmarknaden, og fann ikkje grunnlag for å tilrå rettferdsvederlag. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til denne vurderinga, og rettferdsvederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har klaga over avslaget.

       Sosial- og helsedepartementet syner til at klagen ikkje inneheld nye opplysningar som gjev grunnlag for å endre departementet si tidlegare tilråding, og Justisdepartementet tilrår at klagen ikkje vert teken til fylgje.

       Komiteen tilrår at klagen vert avslått.

Sak nr. 52

       NN, fødd 1939, har søkt om rettferdsvederlag fordi ho meiner seg sett til side ved tilsetting i skuleverket pga. urettmessige skuldingar frå rektor.

       Arbeidstilsynet fann, på bakgrunn av dei usikre momenta i saka, ikkje å kunne tilrå rettferdsvederlag. Kommunal- og arbeidsdepartementet synte til at søkjaren ikkje har lagt fram dokumentasjon for at dei påståtte skuldingane er fremja, og heller ikkje for at det er årsakssamanheng mellom skuldingane og utfallet av tilsettinga. Rettferdsvederlag vart ikkje tilrådd. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til dette, og rettferdsvederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har klaga over avslaget.

       Arbeidstilsynet syner til at klagen ikkje inneheld nye opplysningar som skulle ha noko å seie for saka, og Justisdepartementet tilrår at klagen ikkje vert teken til fylgje.

       Komiteen tilrår at klagen vert avslått.

Sak nr. 53

       NN, fødd 1948, har søkt om rettferdsvederlag fordi han hevdar å ha fått for lita hjelp og rettleiing frå X sosialkontor då han vart gjeldsoffer.

       Sosial- og helsedepartementet fann at sosialkontoret ikkje hadde forsømt seg på ein slik måte at det kunne gi grunnlag for rettferdsvederlag. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til denne vurderinga, og rettferdsvederlag vart ikkje tilkjent.

       I klagen peikar søkjaren på at avslaget byggjer på feil faktum.

       Sosial- og helsedepartementet syner til at det ikkje ligg føre nye opplysningar som gjev grunnlag for å endre deira tidlegare tilråding, og Justisdepartementet tilrår at klagen ikkje vert teken til fylgje.

       Komiteen tilrår at klagen vert avslått.

Sak nr. 54

       NN, fødd 1943, har søkt om rettferdsvederlag fordi han i 1962 skal ha vorte stempla som udugande i militærteneste på feil premissar, grunna ein falsk legeattest.

       Statens helsetilsyn opplyste at søkjaren tidlegare har søkt om rettferdsvederlag på mest det same grunnlaget i 1975 og 1985, og at han fekk avslag på båe søknadene. Den sist nemnde søknaden vart òg anka inn for Stortinget, som i desember 1987 fatta vedtak om at anken ikkje skulle takast til fylgje. Helsetilsynet meinte at det i denne omgangen ikkje kom fram nye opplysningar som tilsa at ein burde innvilge rettferdsvederlag. Justisdepartementet slutta seg til Helsetilsynet si vurdering, og tilrådde ikkje rettferdsvederlag. Rettferdsvederlagsutvalet sitt fleirtal fann at det var tvil om den opprinnelege diagnosen var rett, og rettferdsvederlag vart tilkjent med kr  30.000.

       Søkjaren har klaga over storleiken på vederlaget.

       Helsetilsynet syner til at klagen ikkje inneheld nye medisinske opplysningar, og Justisdepartementet tilrår at klagen ikkje vert teken til fylgje.

       Komiteen tilrår at klagen vert avslått.

Sak nr. 55

       NN, fødd 1945, har søkt om rettferdsvederlag fordi han er varig sett ut av arbeidslivet som fylgje av at innhaldet i eit brev om bakgrunnen hans er vorte kjent i ein stor krins av personar med same arbeidsfelt. Han følte seg skandalisert og flytta frå byen han budde i.

       Justisdepartementet meinte at sjølv om saka burde ha vore handsama noko annleis, var feilen ikkje av ein slik karakter at ein kunne tilrå rettferdsvederlag. Rettferdsvederlagsutvalet peika på at saka burde ha vore handtert med meir varsemd andsynes NN, og tilkjente rettferdsvederlag med kr  30.000. Det vart lagt vekt på at NN hadde motteke ei monaleg erstatning frå den etaten som mottok brevet.

       Det vert klaga over storleiken på vederlaget.

       Justisdepartementet tilrår at klagen ikkje vert teken til fylgje.

       Komiteen viser til at søkjaren meiner klagen hans er blitt mistydd av departementet, og at han har klaga på saksframstillinga i proposisjonen. Advokaten til søkjaren har i eit brev komiteen har fått oversendt frå departementet datert 8. oktober 1997 gjort nærare greie for dette.

       Komiteen tilrår etter ei heilskapsvurdering av saka at vederlaget vert auka til kr  60.000.