Innstilling frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om kringkasting og dagspresse 1996 m.v.

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 103 (1997-1998)
  • Kildedok: St.meld. nr. 62 (1996-97)
  • Dato: 19.02.1998
  • Utgiver: familie-, kultur- og administrasjonskomiteen
  • Sidetall: 9

1. Samandrag

Innleiing

       Kulturdepartementet legg med dette fram ei stortingsmelding om verksemda i kringkasting og dagspresse i 1996 og andre mediepolitiske spørsmål. I meldinga blir det lagt særleg vekt på problemstillingar i tilknyting til innføringa av digital radio i Noreg.

       Meldinga vil i hovudsak ikkje omtale mediepolitiske saker som Stortinget alt har handsama eller som er fremja for Stortinget i andre samanhengar jf. St.meld. nr. 18 (1996-1997), Ot.prp.nr.30 (1996-1997) og Ot.prp.nr.77 (1996-1997).

Allmenne utviklingstrekk

       Det samla biletet av mediebruken i Noreg syner at han er relativt stabil, jf. tabellen nedanfor.

Tabell 2.1. Tid brukt på ymse massemedia ein gjennomsnittsdag. 1991-96. Minutt

  1991 1992 1994 1995 1996
Avis 39 39 39 40 38
Fjernsyn 114 108 113 124 117
Radio 106 91 96 99 84
Plate/kassett/CD 40 32 38 31 30
Vekeblad 8 7 7 6 6
Bøker 14 13 11 12 12
Tidsskrift 6 5 5 5 5
Teikneserieblad 3 3 3 3 2
Heime-PC     10 9 11
Video 8 7 8 5 7
Minutt totalt 338 305 330 334 312

Kjelde: Norsk mediebarometer - Ssb

       Tabellane 2.2 og 2.3 syner korleis marknadsdelane var fordelte på dei ulike kringkastingskanalane i 1996:

Tabell 2.2. Marknadsdel av den samla lyttartid - radio (%)

  1993 1994 1995 1996 1997
          1. halvår
NRK 68 60 60 60 61
P4 6 27 29 30 30
Lokalradio 24 12 11 11 10

Kjelde: NRK Forskningen

Tabell 2.3. Marknadsdel av samla sjåartid - fjernsynet (%)

  1993 1994 1995 1996 1997
          1. halvår
NRK1 55 51 45 43 42
NRK2       1 2
TV2 19 24 30 32 32
TVNorge 8 8 8 7 8
TV3 6 6 6 6 7
Andre 11 11 12 11 10

Kjelde: NRK Forskningen

       Når det gjeld avismarknaden vart det ved utgangen av 1996 gitt ut 220 ulike aviser i Noreg. Det er fjerde år på rad at det samla talet på aviser veks. Landsdelsavisene styrkte sin posisjon på kostnad av laussalsavisene. Opplaget til dei lokale dagsavisene var om lag uendra frå 1995 til 1996.

       På eigarsida var det relativt få endringar med omsyn til eigarkonsentrasjon i dagspressa frå 1995 til 1996, jf. tabellen nedanfor.

Tabell 2.4. Dei tre største eigargruppene sine delar av samla opplag (%)

  1990 1993 1994 1995 1996
Schibsted 26 27 27 27 26
A-pressa 17 16 16 17 17
Orkla Media 3 8 10 10 10
Dei tre store i alt 46 51 53 54 54
Alle aviser 100 100 100 100 100

Kjelde: IJ-rapport 2/97

Digital kringkasting

       Departementet har fleire gonger orientert Stortinget om digital radio (Digital Audio Broadcasting - DAB), seinast i St.meld. nr. 12 (1996-1997) Kringkasting og dagspresse 1995 m.v.

       Arbeidet med å utvikle DAB har vore organisert som ein del av det europeiske forskingsprogrammet Eureka, og den endelege spesifikasjonen vart godkjend som europeisk standard i desember 1994.

       Digitalisering inneber at eit lydsignal først blir behandla elektronisk for deretter å bli gjort om til ein straum av tal eller bits, dvs. til eintal og nullar. Etterkvart vil DAB venteleg overta for FM og vere det dominerande radiosystemet langt inn i neste årtusen.

       DAB har mange føremoner samanlikna med det analoge radiosystemet vi har no:

- Høgare kvalitet
       Ein digital radiomottakar er « intelligent » fordi han inneheld ein liten datamaskin. Denne maskinen gjer det mogeleg å gjenskape lyden med svært god kvalitet. Kvalitetsbetringa vil vere mest merkbar for bilradio. DAB-teknologien vil vere særleg eigna for Noreg.
- Større fleksibilitet
       Frekvensane for digital radio blir inndelt i «blokker». I ei DAB-blokk vil det vere plass til opp til 6 høgkvalitets stereoprogram. Kapasiteten kan nyttast til lydprogram og/eller data. Talet på kringkastingsprogram som kan overførast i ei DAB-blokk vil vere avhengig av kva lydkvalitet ein ønskjer og kor mykje data som kan overførast i tillegg til lyden. Ein konsesjonær som disponerer ein overføringskapasitet svarande til ein « stereokanal », kan anten nytte denne til å sende eit program med stereokvalitet, eller velje å sende, t.d. på visse tider av døgnet, fleire parallelle program med lågare bitfart. Dette kan vere nyhender, kommentarar, samtaleprogram, trafikkmeldingar eller musikk med mindre krav til lydkvalitet. DAB opnar såleis for fleksibilitet når det gjeld talet på program i den frekvenskapasiteten som står til rådvelde. Gjennom dette kan kringkastarane skreddarsy attraktive radiotilbod til forbrukarane.
- Nye funksjonar
       Digitalisering vil samstundes også gjere heilt nye funksjonar mogelege. I tillegg til lyd kan også tekst og bilete overførast. Mottakaren kan òg knytast til andre digitale apparat, som til dømes PCar. Tilknyting til ein PC opnar for interaktive løysingar. Programselskapet kan gjere tekst og bilete tilgjengeleg som supplement til lydsignala. Dette vil gi tenester som minner om dei ein i dag får på CD-ROM og vil til dømes gjere undervisningsradio meir attraktivt for brukarane. Vidare kan brukarane programmere sine mottakarar til heile tida å ta inn særskilte programkategoriar. På nok lenger sikt ser ein for seg at DAB-mottakarar òg vil kunne ta imot e-post.
- Større kanaltilbod
       Overgangen til digital radio vil føre til at frekvenskapasiteten til radioformål over tid vil bli auka i høve til i dag.

       DAB er utvikla som eit kringkastingssystem som kan brukast for jordbundne sendingar, kabel og satellitt. Norkring A/S har saman med NRK og P4 signalisert interesse for å byggje ut eit jordbunde sendarnett for digital radio i Noreg.

       Den norske styringsgruppa for forsøksverksemda med DAB starta opp i 1991. I forsøksperioden har det vore etablert eit frekvensnett med sendarar i Kongsberg, Oslo og Halden. I dag blir NRK sine program P1, P2, Petre, Alltid Klassisk og P4 overførte i både DAB og analogt.

       Målet med forsøka har vore å vinne større røynsle både med DAB og med utstyret.

       Styringsgruppa for DAB har utarbeidd ein rapport om forsøksverksemda og konkluderer med at DAB er godt eigna for lydkringkasting til mobile og faste mottakarar i Noreg.

       Førebels finst det berre få og særs kostsame DAB-mottakarar. DAB-mottakarar for kommersiell bruk i Europa vil truleg bli lagde fram for sal frå byrjinga av 1998.

       Det er framleis mange usikre faktorar når det gjeld kostnadene for utbygginga av eit DAB-nett i Noreg. Førebelse utrekningar viser at ei utbygging med dekkingsgrad på 90 % vil kome på omlag 250 mill. kroner. 95 % dekkingsgrad vil koste omlag 340 mill. kroner og 99 % dekking vil koste 550 mill. kroner. Fordi ei DAB-blokk kan innehalde fleire program, vil kostnadene pr. program bli lågare enn for eit FM-program. I første omgang er interessa størst for å byggje ut det riksdekkjande nettet. Denne utbygging vil skje trinnvis. Først seinare vil det bli aktuelt å byggje ut regionblokkene.

       I dag blir det stilt ulike krav til utbygging av dei riksdekkjande kanalane. P1 når ut til 99,9 % av innbyggjarane. P2 når ut til 98,6 % medan Petre dekkjer 95,5. Til samanlikning har P4 ei dekking på 91,5 % av befolkninga. Med DAB vil alle kringkastarane i ei frekvensblokk måtte nytte den same infrastrukturen og ha same dekkingsgrad.

       Kringkastingsselskapa må sjølve avgjere om, og i tilfelle kor raskt utbygginga skal skje. Samstundes må forbrukarane sine interesser også ivaretakast. Departementet vil òg peike på radiosendingane si rolle i beredskapsmessig samanheng. Sendingane på FM kan derfor ikkje avviklast før ein har nådd ein tilfredsstillande grad av landsdekking. Departementet legg til grunn at det endelege målet skal vere ein dekkingsgrad tilsvarande den P1 har i dag.

       I ei overgangstid må begge former for radiosendingar skje parallelt. Det er vanskeleg no å ha ei klår oppfatning om kor fort forbrukarane vil byte ut dei analoge mottakarane med digitale.

       Departementet vil peike på at ei satsing på jordbundne digitale radiosendingar i overgangsfasen vil vere kostnadskrevjande for kringkastarane. Pris for leige av kapasitet vil verte fastsett gjennom tingingar mellom utbyggjaren og kringkastingsselskapa. Som nemnt må programselskapa i nokre år måtte sende både over DAB og FM. Dette inneber at selskapa dei nærmaste åra vil pådra seg relativt tunge økonomiske belastningar.

Fordeling av frekvenskapasiteten i DAB

       DAB kan nyttast både til riksdekkjande, regionale og lokale sendingar. Noreg har fått tildelt ei blokk til riksdekkjande sendingar og ei regional blokk til kvar av dei sju regionane Noreg vart inndelt i. Kvar av desse regionane dekkjer 2-4 fylke.

       Det såkalla L-bandet (frekvensar rundt 1500 Mhz) gir gode høve til dekking av mindre geografiske område og kan bli aktuelt til bruk for lokalradioformål. Kulturdepartementet har bede Samferdselsdepartementet om å arbeide for å sikre dette frekvensbandet til DAB i Noreg.

       Det er enno ikkje klårt når ei eventuell utbygging av regionblokkene vil kunne starte opp.

       P4 ønskjer å disponere ein kanal på 224 kbits/s i den riksdekkjande DAB-blokka. NRK har uttalt ønskje om å disponere resten av riksblokka. NRK ønskjer å leggje ut følgjande program i riksblokka: P1, P2, Petre, ein Innvandrarkanal og SamiRadio. I tillegg ønskjer NRK plass til tre programkanaler i alle regionblokkene, disponert for distriktssendingar, Alltid Klassisk og Alltid Nyheter.

       Departementet ser det som rimeleg at dei nasjonale allmennkringkastarane NRK og P4 blir sikra kapasitet. Departementet foreslår derfor at NRK får disponere fire einingar kvar på 224 kbits/s i den riksdekkjande DAB-blokka. Dette vil gi nok kapasitet til å kunne oppretthalde det noverande riksdekkjande programtilbodet. I tillegg vil fleksibiliteten i DAB kunne gi NRK høve til å utvide programtilbodet. Storleiken på denne auken er avhengig av korleis den samla kapasiteten til ei kvar tid blir utnytta.

       P4 bør få disponere 224 kbits/s. Dette vil kunne gi selskapet fleire mogelegheiter enn dei har med dagens teknologi. Departementet føreset at P4 aksepterer at andre kommersielle aktører får nytte DAB til riksdekkjande sendingar, og at selskapet er med på å finansiere ei utbygging som dekkjer heile befolkninga i Noreg. Eit løyve til P4 vil bli gitt m.a. på desse vilkåra.

       Det er naudsynt å gje NRK og P4 lovnad om kapasitet for å sikre at det finnast interessentar som kan tinga kapasitet og gjennom det etablere eit økonomisk grunnlag for utbygginga. Utan ei slik tilsegn vil DAB-utbygginga venteleg verte forseinka.

       Den resterande kapasiteten i riksblokka gir plass for noko over ein stereokanal. Departementet legg opp til at denne kapasiteten bør reserverast for andre aktørar, og at konsesjon vert tildelt etter offentleg utlysing. Også slike selskap må akseptere å vere med på å finansiere utbygging av sendarnett til å dekkje heile befolkninga.

       Når det ligg føre meir konkrete planar for utbygginga av dei regionale blokkane, vil departementet ta stilling til korleis kapasiteten i desse skal fordelast. NRK sine distriktssendingar vil utgjere naturlege deler i desse blokkane. I tillegg vil departementet leggje vekt på å undersøke dei tekniske og praktiske mogelegheitene for å plassere lokalradioar inn i dette biletet. Av omsyn til interessene til nærradioane tek ein òg sikte på raskast mogleg klargjering av L-bandet.

       Departementet legg til grunn at DAB-kapasiteten i hovudsak skal nyttast til radioformål. Samstundes bør det ikkje innførast restriksjonar som legg hindringar for ein optimal utnytting av nettet. Etter departementet sin oppfatning bør det derfor ikkje vere eit absolutt krav at heile kapasiteten vert nytta til radioformål gjennom heile døgeret.

       Multipleksaren er den eininga som samlar lydprogram frå kringkastarane og eventuelle datatenester inn i ein digital straum, og leverer det samansette signalet til sendarnettoperatøren. For kvar DAB-blokk vil det vere ein multipleksoperatør. I praksis inneber dette at det vil vere ei operatør for riksblokka og ein for kvar region.

       Departementet vil i samråd med aktørane og telestyresmaktene fastsetje bruken av multipleksaren som ein del av sendingsløyvet, og eventuelt gjere framlegg om lovheimel til å fastsetje kven som skal vere operatør av multipleksaren.

Behovet for regulering av nettselskapet

       Det selskapet som får konsesjon for utbygging av eit DAB-nett, vil i røynda få ei monopolstilling.

       Kulturdepartementet vil førebels ikkje tilrå at det blir innført offentleg regulering av dei kommersielle vilkåra for eit eventuelt sendarselskap. Dette har samanheng med at det vil vere relativt få selskap som etterspør desse tenestene. Vilkår for leige vil såleis verte fastsette gjennom tingingar mellom relativt likeverdige partar. I tillegg vil styresmaktene fastsetje fordelinga av kapasitet, noko som òg vil styrkje kringkastarane si posisjon i tingingane. Etter Kulturdepartementet si oppfatning bør styresmaktene likevel stille som vilkår for konsesjon at sendarselskapet opererer med ikkje-diskriminerande prisar for leige av kapasitet.

Lokalradioar

       DAB er av tekniske orsakar mindre eigna for lokalradioverksemd. Departementet vil i samband med eventuell fordeling av kapasitet i regionblokkene undersøke mogelegheitene for å plassere lokalradioar inn i desse.

       I tillegg vert det såkalla L-bandet (rundt 1.500 Mhz) rekna for å vere eit alternativ for DAB. Departementet har innvilga ein søknad frå Norsk Lokalradioforbund om oppstarting av prøvesendingar på L-bandet i Oslo-området.

Digitalt fjernsyn

       Innføringa av digitalt fjernsyn formidla over bakkesendarar vil liggje lenger fram i tid. Standardiseringsarbeidet for digitalt fjernsyn i Europa skjer gjennom det europeiske DVB-prosjektet.

       Våren 1996 vart det oppretta eit uformelt diskusjonsforum for digitalt fjernsyn, det såkalla DVB-forum. Der deltek aktuelle aktørar og representantar for styresmaktene. I andre halvdelen av 1997 er det planlagt at Norkring, NRK, TV2 og Tandberg Televisjon vil starte opp forsøk med digitalt bakkesendt fjernsyn. Også andre aktørar vil få høve til å delta i desse forsøka. Det er sett av frekvensressursar til slike forsøk.

       Kulturdepartementet har bede Samferdselsdepartementet om å starte opp arbeidet med planlegging av frekvensar for digitalt fjernsyn og for riks- og regionnetta for digital radio. Det er svært viktig at frekvensbanda ikkje blir disponerte på ein måte i dag som vil kunne vanskeleggjere utbygging av digital kringkasting i framtida.

       Samstundes er det i gang ei utvikling innan satelittsend digital-TV.

       Det må på eit seinare tidspunkt takast stilling til om det skal opnast opp for utbygging av eit jordbunde sendarnett for digitalt fjernsyn i Noreg, eller om ein i staden bør basere seg på distribusjon av digitale signalar via satellitt, kabel eller telenett. Det er ikkje mogleg å ta stilling til dette før det mellomanna ligg føre opplysningar om kva eit jordbunde sendarnett eventuelt vil koste. I det vidare arbeidet med desse spørsmåla vil departementet særleg vere opptatt av å sikre dei nasjonale allmennkringkastarane konkurransedyktige vilkår i den framtidige fjernsynsmarknaden. Departementet vil gi dei naudsynte løyvene til digitalt fjernsyn når tilhøva ligg til rette for det.

Verksemda hos allmennkringkastarane

Allmennkringkastingsrådet

       Ved behandlinga av St.meld. nr. 42 (1993-1994), Kringkasting og dagspresse 1993 m.v, slutta Stortinget seg til departementet sitt framlegg om å opprette eit eige råd for allmennkringkasting, jf. Innst.S.nr.190 (1994-1995). I samsvar med dette oppnemnde departementet 19. mars 1996 eit allmennkrinkastingsråd. Rådet har sju medlemer og er samansett av representantar frå programråda for TV2 og P4, Kringkastingsrådet og representantar frå kulturlivet og medieforskarmiljøa.

       Departementet gav rådet følgjande mandat:

       « Rådet skal vurdere om programvirksomheten i NRK, TV2 og P4 Radio Hele Norge er i samsvar med prinsippene for allmennkringkasting slik disse fremkommer i TV2s og P4s konsesjonsvilkår og i de overordnede målsettinger som Stortinget har lagt til grunn for NRKs virksomhet. Som grunnlag for vurderingen utarbeider Kulturdepartementet i samråd med Kringkasterne og rådet kriterier for evaluering av allmennkringkasting.
       Rådet skal ikke vurdere enkeltprogram, men ta stilling til hvorvidt den samlede programprofil er i samsvar med prinsippene for allmennkringkasting. Som ledd i denne vurderingen kan likevel aspekter ved enkeltprogram trekkes inn til belysning av mer generelle forhold. I den forbindelse kan rådet overfor departementet peke på hvilke programkategorier som bør styrkes.
       Rådets vurderinger skal legges frem for Kulturdepartementet i form av en årlig rapport innen 15. februar det påfølgende år. »

       Den første rapporten frå Allmennkringkastingsrådet ligg no føre. Følgjande kriterium er lagde til grunn av rådet for å evaluere verksemdene hjå allmennkringkastarane:

- Sendingane skal nå ut til heile befolkninga.
- Variert programmeny for breie og smale publikumsgrupper.
- Daglege nyhendesendingar og solid, oppfølgjande orientering om viktige samfunns- og kulturspørsmål, nasjonalt og internasjonalt.
- Styrkje norsk språk, identitet og kultur.
- Redaksjonelt sjølvstende.

Andre rådsorgan

       Vi har i dag fire råd som gjeld riksdekkjande kringkastingsverksemd: Allmennkringkastingsrådet, Kringkastingsrådet, Programrådet for TV2 og Programrådet for P4. Allmennkringkastingsrådet gir råd til departementet om allmennkringkastarane følgjer prinsippa som gjeld for allmennkringkasting.

       Departementet meiner at det no er naturleg å vurdere rådsstruktren på kringkastingsområdet på ny. Mellom anna av di programråda berre gir råd til kringkastarane, og ikkje har nokon funksjon i høve til styresmaktene, kan departementet ikkje sjå at det er naudsynt at alle slike råd blir oppnemnde av styresmaktene. Departementet legg vidare til grunn at kringkastarane får korrektiv til programverksemda si m.a. gjennom omfattande debatt i andre medium. Departementet gjer på grunnlag av dette framlegg om at prgramråda for P4 og TV2 blir lagde ned.

       Departementet legg samstundes til grunn at Kringkastingsrådet vert vidareført, jf. St.meld. nr. 32 (1992-1993), Media i tida. Etter departementet si oppfatning inneber NRK si særstilling som lisensfinansiert, offentleg eigd programselskap at det framleis er tenleg med eit programråd oppnemnt av styresmaktene.

       Allmennkringkastingsrådet bør haldast oppe som rådgjevande organ for departementet i spørsmål som gjeld allmennkringkasting. Samansetjing av rådet bør skje på fritt grunnlag.

Verksemda i Norsk rikskringkasting AS

       I samsvar med vedtak i Stortinget vart aksjeselskapet NRK oppretta i konstituerande generalforsamling 30. april 1996.

       Hovudmåla for programverksemda i NRK tek utgangspunkt i allmennkringkastaroppdraget slik det er utforma i formålsparagrafen og vedtektene i NRK AS.

       I 1996 auka det samla programtilbodet i NRK. Først og fremst skjedde det som ein følgje av at NRK2 starta sendingar. Samstundes utvida NRK det regionale fjernsynstilbodet i fire regionar. Dermed har fjernsynet fått ein tydelegare distriktsprofil. Departementet er nøgd med at NRK følgjer opp behovet for å byggje ut distriktsfjernsynstilbodet og gir eit lokalt allmennkringkastingstilbod i ein situasjon der ein har fått auka konkurranse frå private kommersielle lokalfjernynsstasjonar.

       Den totale eigenproduksjonen i fjernsynet var i 1996 på 52 %. Dette var ein auke frå 1.649 timar i 1995 til 2.053 timar i 1996. 5 % av programma var innkjøpte frå nordiske produsentar og 38 % frå andre utanlandske produksjonsselskap. 5 % av programma i NRK var i 1996 kjøpte frå uavhengige norske produsentar. Dette var ein auke frå 88 timar i 1995 til 211 timar i 1996. NRK har som mål å auke innkjøpet frå norske produksjonsselskap til 10 % av førstegangssendingane innan år 2000.

       I høve til kringkastingslova og forskrift av 28. februar 1997 nr. 153 om kringkasting skal fjernsynsselskap setje av minst 10 % av sendetida til sending av europeiske verk frå produsentar som er uavhengige av fjernsynsselskapet, jf. Rådsdirektiv 89/552/EØF , som er ein del av EØS-avtalen. Departementet ser positivt på at NRK tek sikte på å auke programinnkjøpet frå uavhengige norske produsentar fram mot år 2000.

       Sjølv om det var ein svak auke i nynorskprosenten i alle kanalar, nådde NRK heller ikkje i 1996 målet om 25 % nynorsk i verbalsendingane. I radioen var nynorskprosenten 21 i P1, 17 i P2 og 23 i P3. I fjernsynet var nynorskprosenten på 15 i NRK1 og 12 i NRK2. Departementet strekar under at arbeidet med å styrkje nynorskbruken i alle kanalar må halde fram, slik at dei vedtektsfesta måla kan nåast.

       Innvandrarsendingane på radio vart lagde om i 1996 ved at programma vart flytta frå P1 til P2 samstundes som tilbodet vart redusert til korte nyhendesendingar. Dette vart gjort for å starte førebuingar for eit nytt fjernsynstilbod for innvandrarar i 1997.

       Departementet vil peke på at NRK som allmennkringkastar har eit særskilt ansvar for å gje eit programtilbod til minoritetar og innvandrarar. Etter departementet sitt syn er NRK sitt programtilbod i radio til innvandrarar i dag noko snautt. Departementet ser likevel positivt på at NRK frå midten av september 1997 skal starte opp med eit magasinprogram for innvandrarar i fjernsyn.

       Departementet vil i kommande meldingar av denne typen avgrense omtalen av økonomiske spørsmål, og i staden leggje desse fram i budsjettsamanheng.

       Dei siste åra har NRK sine inntekter utanom lisensinntektene auka som ein følgje av auka kommersiell verksemd og inntekter frå utleige av produksjonsressursar, sal av eigedom, arkivstoff og sekundærprodukt frå progamma. Salet av fjernsynsprogram vart dobla i 1996 i høve til 1995.

       NRK hadde i 1996 eit overskot på vel 73 mill. kroner. Dette er meir enn 82 mill. kroner betre enn resultatet for 1995. Den positive utviklinga skuldast i første rekkje salet av NRK sitt analoge sendarnett i Norkring A/S.

       Tabell 4.1 syner NRK sine inntekter frå sponsing i 1996 fordelt etter inntektskjelder.

Tabell 4.1. Sponseinntekter - NRK 1996 (1.000 kroner)

Næringsliv - pengar 13.676
Næringsliv - indirekte tenester 3.370
Offentlege/Ikkje kommersiell verksemd - pengar 5.090
Offentlege/Ikkje kommersiell verksemd - indirekte tenester 3.850
Totalsum - sponseinntekter 1996 25.986

Kjelde: NRK

       NRK sine samla inntekter frå sponsing utgjer 0,97 % av dei totale inntektene i 1996. Inntektene frå sponsing for 1996 var noko høgare enn tidlegare.

       I Innst.S.nr.190 (1994-1995) føresette fleirtalet i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen at næringslivet ikkje kan stå for meir enn halvparten av sponsemidlane. Tabell 4.1 syner at den direkte pengestøtta frå næringslivet utgjer om lag halvparten av sponseinntektene. Samla inntekter frå næringslivskjelder ligg noko høgare enn det som er føresett av Stortinget. Etter det departementet er kjend med heng dette saman med ekstraordinære hendingar i 1996, særleg at NRK var vertskap for Eurosong-evenementet. Departementet legg til grunn at NRK i komande år maktar å følgje opp Stortinget sine føresetnader.

       Statens medieforvaltning skal føre tilsyn med at NRK rettar seg etter regelverket om sponsing av kringkastingsprogram. Det er ved fire høve teke opp saker med NRK i 1996. To av sakene galdt barneprogram.

       Kulturdepartementet har bede Statens medieforvaltning om å vurdere regelverket for sponsing av kringkastingsprogram og foreslå endringar.

       For å kunne gi fullgode opplysningar om sponsorinntektene, vart NRK i St.meld. nr. 12 (1996-1997) oppmoda om å lage kriterium som kunne syne omfanget av eksterne tilskott og ytingar. NRK har i eit brev til departementet oversendt kriterium for kva som skal reknast som indirekte sponsorinntekter.

       Departementet meiner at NRK sine definisjonar i nemnte brev i store trekk samsvarar med dei tolkingar departementet legg til grunn for indirekte sponsing og ein vil gå vidare med den detaljerte avklåringa.

       NRK oppretta i mars 1997 NRK Aktivum A/S som eit heileigd dotterselskap. Selskapet tok over den kommersielle verksemda som tidlegare vart driven av dei einskilde divisjonar og avdelingar i NRK. Organiseringa skal sikre eit klårare skilje mellom lisensfinansiert og kommersiell aktivitet i NRK.

       Etter omlegging til aksjeselskap har NRK inngått ei rekkje nye samarbeid og alliansar. Sendeselskapet Norkring A/S vart oppretta i samarbeid med Telenor for å reindyrke NRK som produksjonsbedrift for radio- og fjernsynsprogram.

       NRK og TV2 har saman forhandla fram samarbeidsavtalar om rettar til sportssendingar. Departementet er nøgd med at dei to største allmennkringkastingsselskapa samarbeider om overføring av sportssendingar slik at norske fjernsynssjåarar er sikra det beste tilbodet og ikkje blir skadelidne i konkurransesituasjonen.

Verksemda i TV2 AS

       Konsesjonsvilkåra til TV2 krev at programprofilen byggjer på prinsippa for allmennkringkasting, at sendingane over tid skal innehalde ein variert programmeny med program for både breie og smale sjåargrupper mellom anna den samiske folkegruppa og minoritetar, og at minst 50 % av programproduksjonen innan 8-9 år skal vere produsert i Noreg. I 1995 var 54 % av dei totale sendetimane norskproduserte program. I 1996 var dette minka til 52 %. TV2 opplyser at nedgangen kjem av at TV2 i 1996 produserte fleire timar fjernsyn enn dei gjorde i 1995.

       TV2 forklarar auken i amerikanske program frå 32 % i 1995 til 34 % i 1996 med at tøffare konkurranse om innkjøp av dei beste programma fører til at TV2 er nøydd til å kjøpe inn eit større volum, og at selskapet har fått auka sendeflate både på dag- og natterstid.

       I rapporten frå Allmennkringkastingsrådet blir det peika på at det er problematisk ut frå allmennkringkastarkriteria at norsk kulturliv er lite dekka i TV2 sine sendingar, at musikktilbodet er einsidig og at innslaget av seriøs dramatikk er avgrensa til eit fåtal spelefilmar.

       Rådet peikar vidare på at programtilbodet i TV2 ikkje er variert nok på kveldstid for ein allmennkringkastarkanal, og etterlyser eit programtilbod for « breie og smale sjåargrupper ». Rådet ser ikkje grunn til at TV2 ikkje skulle kunne sende program på samisk, teksteprogram for hørselshemma og gi eit tilbod til barn også på vekedagar.

       Departementet sluttar seg til rådets vurderingar på desse punkta og føreset at TV2 følgjer dette opp.

       Driftsresultatet for 1996 var på 122 mill. kroner før skatt. Det tilsvarande talet for 1995 var 107 mill. kroner.

       Pr. 31. desember 1996 var dei største eigarane i TV2 Schibsted ASA (33 %), Egmont Holding A/S (32 %), A-pressen ASA (23 %) og Norsk Aller (9 %).

       Ved årsskiftet var det 375 fast tilsette og engasjerte i kanalen. Det er ein auke på 20 % samanlikna med året før.

       Utbygginga av det jordbundne sendarnettet er avslutta. Auken i distribusjonen skjedde i 1996 gjennom parabol- og kabeltilknyting. Ved årsskiftet fekk 95 % av innbyggjarane i Noreg inn TV2 sine sendingar. Minst dekking har TV2 i Sogn og Fjordane og Agderfylka.

       Det er dei yngre sjåarane som ser mest på TV2.

       TV2 kjøpte i juni 1997 1/3 av aksjane i TVNorge. TV2 og TVNorge inngjekk samstundes ein samarbeidsavtale som gjev TV2 ansvar for TVNorge sitt sendeskjema. I samband med oppkjøpet fatta Stortinget vedtak om å be Regjeringa om å oppheva distribusjonsgrensa på 75 % for TV-kanalar som samarbeider med lokalfjernsyn om lokale sendingar. TV2 sitt oppkjøp vil kunne bli handsama av det nye Eigarskapstilsynet når dette vert operativt, jf. Innst.O.nr.97 (1996-1997).

Verksemda i P4

       P4 fekk 15. januar 1993 konsesjon til å drive riksdekkjande reklamefinansiert radio. I tråd med konsesjonsvilkåra vart hovudkontoret og den sentrale nyheitsredaksjonen lagt til Lillehammer.

       Etter konsesjonsvilkåra skal programverksemda til P4 følgje prinsippa for allmennkringkasting. I dette ligg at sendingane over tid skal innehalde ein variert programmeny med program for både breie og smale grupper, mellom anna barn og unge, den samiske folkegruppa og minoritetar. Det skal vere daglege nyheitssendingar og programma skal medverke til å styrkje norsk språk, identitet og kultur.

       Målt i lyttaroppslutnad er P4 den nest største radiokanalen i Noreg etter NRK P1. P4 melder at programprofiler er breie programflatar med mykje musikk.

       I rapporten frå Allmennkringskastingsrådet blir det mellom anna peika på at breidda i programma og innslaga er noko avgrensa. Rådet har i si undersøking heller ikkje registrert såkalla « nisjeprogram » eller program som er retta mot såkalla »smale » lyttargrupper.

       I St.meld. nr. 12 (1996-1997) Kringkasting og dagspresse 1995 m.v. seier departementet at konsesjonsvilkåra ligg fast når det gjeld kravet om sendingar for den samiske folkegruppa. I Innst.S.nr.138 (1996-1997) vert dette understreka av fleirtalet i komiteen, som ventar at P4 innan rimeleg kort tid finn ei løysing på dette, til dømes gjennom teknisk eller økonomisk samarbeid, og/eller kjøp av samisk programstoff frå NKR Sàmi Radio, samiske nærradioar eller frå andre produksjonsmiljø.

       Departementet ser alvorleg på at P4 enno ikkje har greidd å etablere et tilfredsstillande programtilbod for den samiske befolkninga og for « smale » lyttargrupper. Departementet vil ta dette særskilt opp med P4.

       P4 har oppretta eigne samarbeidsavtalar med ulike nærradioar.

       P4 dekkjer i dag 93 % av landet.

       I 1996 vart P4 AS notert på Oslo Børs. Ved årsskiftet var dei tre største aksjonærane i selskapet Kinnevik med 33,3 %, Endre Røsjø med 18,1 % og Tharald Brøvig med 17,8 %.

       Med ein omsetting på 166,6 mill. kroner bokførte P4 eit positivt resultat før skatt på 40,3 mill. kroner i 1996. Dette var ein reduksjon på 8,4 % frå året før.

       I 1996 var 95 personar tilsette i konsernet.

Lokalkringkasting

Lokalradio

       I 1996 tildelte Statens medieforvaltning 308 konsesjonar til nærradioar for ei ny konsesjonsperiode på fem år. Ved utlysinga av ny konsesjonsperiode la Statens medieforvaltning opp til å redusere talet på område til 140. Konsesjonsområda vart kunngjorde i samråd med Statens teleforvaltning og Norsk Lokalradioforbund. I tråd med innstillinga frå komiteen ( Innst.S.nr.190 (1994-1995)), vart det også opna for å søkje om område som skil seg frå dei tilrådde. Mange søkte om avvikande område, og resultatet vart at det vart oppretta 21 område meir enn det som var tilrådd i utgangspunktet.

       Eit konsesjonsråd oppnemnt av Kulturdepartementet gav råd ved behandling av søknadene. Ved handsaming av søknadene har det blitt lagt vekt på søkjarane sine økonomiske og faglege føresetnader for å drive lokalradio, programplanane og eventuell vidareføring av tidlegare lokalradiodrift.

       Mange lokalradioar ønskjer løyve til å samsende for å nå fleire lyttarar. Andre ønskjer i fellesskap å dekkje større arrangement. Nokre radioar med ressursar til avgrensa sendeaktivitet ønskjer å samsende med naboradioar. Statens medieforvaltning innvilga 18 søknader om samsending i 1996. Fleire av prosjekta for samsending har til formål å prøve ut samarbeid mellom konsesjonærar med sikte på eit større konsesjonsområde eller ein felles konsesjon i komande konsesjonsperiode. Statens medieforvaltning har stilt seg positiv til slike søknader. Søknadene er behandle ut frå ein hovudregel om at det maksimalt kan samsendast innan for 15 % av den totale sendetida til ein konsesjonær, og at samsendingar berre kan skje mellom konsesjonærar i tilgrensande konsesjonsområde. Det er gjort unntak frå hovudregelen der særskilde grunnar tilseier det.

       Samarbeidet mellom NRK og lokalradioane vart utvida i 1996. Ulike distriktskontor og lokalradioar i fylka rundt omkring i landet har inngått individuelle samarbeidsavtalar, det same har NRK riksradio og Radio 102 gjort. Ein femårig avtale om nyheitssendingar vart forhandla fram med radiosamanslutninga P5.

       Stortinget fatta 6. mars 1997 vedtak om at inntil 25 % av programstoffet i lokalradioane kan bli videresendt uendra frå sentral leverandør. Som ei følgje av dette vil forskrift av 28. februar 1997 nr. 153 om kringkasting bli endra. Eit utkast til endra forskrift vart send på høyring i juli 1997.

Lokalfjernsyn

       I 1996 vart det gitt 30 konsesjonar til bakkesendt allment lokalfjernsyn. Konsesjonane vart gitt for ein periode på sju år. Det var høve til å søkje om konsesjon for fire kategoriar: Allmennfjernsyn og undervisningsfjernsyn over bakkesendarar, lokalfjernsyn i kabelnett og kommunal informasjonskanal i kabelnett.

       Landet er delt i 30 område for lokalfjernsyn. Ved utarbeidinga vart det lagt vekt på Stortinget sitt ønskje om at områda må få eit sjåargrunnlag som kan tryggje lønsam drift og gi grunnlag for levedyktige lokalfjernsynsselskap.

       Nytt for denne perioden er at store regionaviser har eigardelar i 19 av dei 30 konsesjonsområda. Store regionaviser som Bergens Tidende, Stavanger Aftenblad, Adresseavisen i Trondheim og Fædrelandsvennen i Kristiansand har eigardelar i lokale selskap som har fått konsesjon. I Oslo er Arbeiderbladet medeigar i Oslo Lokal TV AS. Også mellomstore aviser er godt representerte.

       Den ordninga som vart valt, har i stor grad sikra lokalt eigarskap. For å unngå monopolisering i eit område, kan ikkje aviser som er utan reell konkurranse frå andre aviser i eit konsesjonsområde eige meir enn 49 % av eigardelane i eit lokalfjernsynsselskap. I dei fleste selskapa er avisene inne med minoritetspostar.

       Kabelnetta har plikt til å formidle bakkesendt allment lokalfjernsyn.

       Stortinget har opna for at dei allmenne lokalfjernsynskonsesjonærane på visse vilkår kan vidareformidle satellittsendingar. Statens medieforvaltning skal på førehand godkjenne slike avtalar. Statens medieforvaltning hadde i 1996 ikkje fått slike avtalar for endeleg godkjenning, men TVNorge har opplyst at det har inngått avtale med 17 lokalfjernsynsstasjonar om vidaresending av selskapet sine sendingar.

       16 konsesjonar vart tildelte livssyns- eller ideelle organisasjonar for lokalfjernsynssendingar over NRK2 sine bakkesendarar. Det er gitt fire konsesjonar til undervisningsfjernsyn og ein konsesjon til kommunal informasjonskanal i Årdal.

       I områder der konsesjonen ikkje blir tatt i bruk, blir det vurdert om konsesjonen skal utlysast på nytt.

Dagspresse

       I tidlegare meldingar om kringkasting og dagspresse har departementet gjort relativt detaljert greie for den økonomiske stoda for pressa. Denne omtalen vil frå no bli gitt i budsjettframlegget, slik at økonomiske spørsmål kan sjåast i samanheng med løyvingane på området.

       I 1996 vart det fastsett ny forskrift om produksjonstilskott til dagsaviser. Desse reglane skal til saman sikre at produksjonstilskottet ikkje går til aviseigarane som utbytte/konsernbidrag.

       Aviser som søkjer produksjonstilskott må innehalde hovudsakleg allment nyhende- og aktualitetsstoff som gjer at avisa skil seg frå andre typar publikasjonar. Dette er ein skjønnsregel som presseorganisasjonane i lengre tid har ønskt å erstatte med meir objektive reglar. Ved behandlinga av statsbudsjettet for 1997 slutta Stortinget seg til forslaget i St.prp. nr. 1 (1997-1998) om å endre definisjonen av « støtteberettiget dagspresse ». Endringa inneber at det ikkje lenger skal setjast krav til det allmenne innhaldet i avisene. Dette vil saman med enkelte justeringar av krava til opplag og talet på utgivingar i kalenderåret, gi klarare reglar enn i dag. Endringa er innarbeidd i forskrifta med verknad frå 1997.

       Storparten av produksjonstilskottet går i dag til nr. 2-avisene. Tilskottet til nr. 2-avisene blir rekna ut etter godkjent netto opplag multiplisert med talet på utgivingar pr. kalenderår og blir ytt etter ulike satsar. Såkalla riksspreidde meiningsberande aviser i Oslo og Bergen får eit særskilt ekstra tilskott. Aviser med opplag mellom 1.000 og 6.000 eksemplar får eit fast tilskott etter talet på utgivingar i veka. Nr. 1- og aleineaviser i Nordland, Troms og Finnmark får støtte etter dobbel sats.

       Talet på stadar med to aviser gjekk ned frå 13 til 12 i 1996. To aviser som fikk pressestøtte var nedlagde i 1996. Begge avisene var nr. 2-aviser.

       I 1996 var det gitt produksjonstilskott til 124 aviser. Seks nye aviser kom inn i tilskottsordninga i 1996.

Tabell 6.1. Produksjonstilskottet dei fem siste åra fordelt på avisgrupper (mill. kroner)

  1992 1993 1994 1995 1996
Aleineaviser 24,8 28,0 27,5 32,7 33,8
Nr. 1-aviser 1,1 1,1 2,0 2,0 2,0
Nr. 2-aviser 139,5 157,9 167,8 167,6 163,9
Totalt 165,7 187,2 197,3 202,2 199,7



2. Komiteens merknader

     Komiteen syner til den detaljerte gjennomgang av ulike sider ved mediebiletet som St.meld. nr. 62 (1996-1997) representerer. Komiteen ønsker ikkje å gå detaljert inn i omtalen av ulike kanalar og mediepolitiske virkemiddel i samband med meldinga. Komiteen vil handsame mediepolitiske problemstillingar i eigne saker, og gje meir generelle kommentarar knytta til dei årlege meldingane om presse og kringkasting.

       Komiteen viser til at fleirtalet i B.innst.S.nr.2 (1997-1998) ba om ei eiga stortingsmelding om innføring av digitale sendingar i fjernsynet og finansiering av dette, og at dette er ei sak Stortinget vil handsame seinare.

Digital kringkasting

       Komiteen viser til den breie semja ein har hatt når det gjeld innføring av DAB (digital audio broadcasting)-teknologien, og St.meld. nr. 62 (1996-1997) har ein brei gjennomgang av problemstillingar knytta til dette. Komiteen viser til at lokalradioane utgjer ein viktig del av totaltilbodet, og ber om at departementet arbeidar vidare med tanke på løysingar knytta til desse. Komiteen ber også om at departementet syter for at operatørar av multipleksane har tillit som nøytral instans hjå alle programselskapa.

       Komiteen vil understreke at ein òg ved tildeling av ledig kapasitet i riksblokka legg vekt på styrking av mangfold og ytringsfrihet.

Allmennkringkasting

       Komiteen har merka seg at allmennkringkastarane framleis har høg oppslutnad. Komiteen ser det som verdfullt at allmennkringkastarane medverkar til breidde og mangfald i medietilbodet, og at dei norske allmennkringkastarane hevdar seg svært godt i konkurransen med stadig sterkare internasjonale aktørar i mediabransjen.

       Komiteen syner til opprettinga av allmennkringkastingsrådet, og har merka seg at departementet legg stor vekt på dette rådets rapport i høve til omtala av verksemda allmennkringkastarane NRK, TV2 og P4.

       Komiteen har merka seg at departementet ikkje lenger ser det som ei oppgåve å oppnemne rådsorgan for TV2 og P4. Komiteen stør dette, og er samd i at TV2 og P4 sjølv må vurdere om dei ønsker å opprette programråd. Når det gjeld NRK sitt rådsorgan Kringkastingsrådet så vert det vidareført.

       Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti mener det er av stor viktighet at det oppnevnes programråd for TV2 og P4, på samme måte som det NRK i dag har. Det må være like viktig å være bevisst i programvurdering for TV2 og P4 som det det er uttrykkelig påpekt at det er for NRK.

NRK as

       Komiteen syner til at NRK vart omgjort til aksjeselskap 30. april 1996, dette har gjeve NRK as større spelerom, men komiteen vil understreke at allmennkringkastaroppgåvene ligg fast som hovudoppdraget for institusjonen, og at NRK skal halde fram som eit reklamefritt alternativ. Opprettinga av den nye fjernsynskanalen NRK2 har åpna for større breidde og variasjon i programtilbodet, noko komiteen finn positivt.

       Komiteen syner til den stadig tilbakevendande debatten om sponsing, og har merka seg at departementet vil komme til Stortinget med eigen sak om dette.

       Komiteen syner elles til meldinga når det gjeld omtala av NRK.

TV2 as

       Komiteen har merka seg at TV2 går godt økonomisk, og har registrert at TV2 stadig engasjerer seg på nye forretningsområde. Komiteen syner til rapporten frå Allmennkringkastingsrådet og ber TV2 følge opp dei punkta rådet har peikt på.

       Komiteen syner elles til meldinga når det gjeld omtale av TV2.

P4

       Komiteen syner til at P4 vart omgjort til as i 1996, og at verksemda går godt økonomisk.

       Komiteen syner til meldinga når det gjeld omtala av P4.

Lokalkringkasting

       Komiteen syner til at det i 1996 var ny tildeling av konsesjonar for lokalkringkasting, og at det i mars 1997 vart gitt åpning for at inntil 25 % av programstoffet i lokalradioane kan bli vidaresendt uendra frå sentral leverandør.

       Komiteen syner elles til meldinga når det gjeld omtale av lokalradio og lokalfjernsyn.

       Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser i den sammenheng til sine merknader i Innst.S.nr.138 (1996-1997).

Dagspresse

       Komiteen har merka seg at departementet vil gjera detaljert greie for den økonomiske stoda for pressa i budsjettframlegget, slik at økonomiske spørsmål kan sjåast i samanheng med løyvingane på området.

       Komiteen stør dette.

3. Komiteens tilråding

      Komiteen har elles ingen merknader, viser til meldinga og til det som står ovanfor og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

       St.meld. nr. 62 (1996-1997) om kringkasting og dagspresse 1996 m.v. - vert lagt ved protokollen.

Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 19. februar 1998.

Ågot Valle, Trond Helleland, Grethe G Fossum,
fung. leder. ordfører. sekretær.