1. Programkategori 21.2 Luftfartsformål

Sammendrag

Statleg overtaking av regionale lufthamner

       I proposisjonen blir det orientert om fullføringa av den statlege overtakinga av dei regionale lufthamnene.

       Den statlege overtaking av dei regionale lufthamnene er fullført pr. 1. februar 1998. Dei samla kompensasjonane utgjer om lag 202,5 mill. kroner. Med atterhald om eventuelle justeringar vil det etter løyvingane på kap. 1311 post 60 for 1997 og 1998 stå att å betale om lag 102 mill. kroner av den samla kompensasjonen, i tillegg til renter for utsett betaling.

Utgreiingar om flypass i Markane i Stryn

       I samband med utgreiingar av alternative traséar for kyststamvegen i Nordfjord/søre Sunnmøre, har Samferdselsdepartementet bedt Luftfartsverket vurdere ein eventuell ny flyplass i Markane i Stryn som erstatning for flyplassane Ørsta-Volda og Sandane.

       På grunnlag av låg regularitet for flyplass i Markane og vurdering av terrengforholda på staden som lite gunstige reint anleggsteknisk, vil Samferdselsdepartementet ikkje gå vidare med planane om å byggje ny flyplass i Markane i Stryn.

Gudbrandsdal Lufthavn AS - søknad om konsesjon

       Samferdselsdepartementet orienterer om at det ikkje er grunnlag for at staten skal medverke økonomisk til ein flyplass ved Tolstadåsen, og har derfor i brev av 5. mars 1998 til Gudbrandsdal Lufthavn AS avslått søknad om konsesjon for bygging og drift av ny lufthamn på Tolstadåsen i Oppland.

Komiteens merknader

       Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sigrun Eng, Eirin Faldet, Sverre Myrli, Gunn Olsen, Ola Røtvei og Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, fra Fremskrittspartiet, Thore Aksel Nistad og Christopher Stensaker, fra Kristelig Folkeparti, Rigmor Kofoed-Larsen og Jan Sahl, fra Høyre, Ellen Gjerpe Hansen og lederen Oddvard Nilsen, fra Senterpartiet, Jorunn Ringstad, fra Sosialistisk Venstreparti, Inge Myrvoll, og fra Venstre, May Britt Vihovde, slutter seg til departementets vurderinger når det gjelder utredningene om ny flyplass i Markane i Stryn og statlig økonomisk medvirkning til flyplass ved Tolstadåsen i Oppland.

       Komiteen viser for øvrig til St.meld. nr. 38 (1996-1997) hvor det ble pekt på at Nord-Gudbrandsdalsregionen har behov for bedre kommunikasjoner, men at regionen er lite tjent med at ressursene blir brukt til flyplass på Tolstadåsen. Framtidig utbedring av vegsamband og tilbudet på Dovrebanen vil gi bedre effekt av investeringene. Komiteen slutter seg til dette.