Innstilling frå næringskomiteen om støtta til skipsbyggingsindustrien.

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 115 (1998-99)
  • Kildedok: St.prp. nr. 35 (1998-99).
  • Dato: 16.03.1999
  • Utgiver: Næringskomiteen
  • Sidetall: 3

Til Stortinget.

Sammendrag

Nærings- og handelsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om å auke satsane for byggetilskot til skipsbyggingsindustrien.

Støttesatsane er i dag 7 pst. for nybygg med ein verdi over 10 mill. euro og 3,5 pst. for andre kontraktar, inkl. ombygging. Gjennom EØS-avtalen har vi det same regelverk som EU for støtte til skipsbygging. Dei tillate maksimalsatsar er i dette regelverket 9 og 4,5 pst. Noreg hadde desse satsane til dei vart redusert frå 1998 av.

Skipsbyggingsindustrien er, etter fleire gode år, i ferd med å komme i ein vanskeleg situasjon på grunn av svak ordreinngang det siste året. Ordreinngangen har dei seinare åra vore:

mrd. kroner

1992

1993

1994

1995

1996

1997

2,3

7,2

10,6

6,1

10,0

20,0

Rundt halvparten av verfta vil ha sin siste leveranse i løpet av året. Enkelte verft har allereie permittert delar av arbeidsstokken.

Skipsbyggingsindustrien er ei viktig næring i mange lokalsamfunn og ein viktig del av den maritime klynga. Det kan derfor få store konsekvensar, ikkje berre på eit lokalt plan, men òg for dei maritime næringane i det heile, dersom verfta ikkje greier å få inn nye ordrar.

Regjeringa vil understreka at det først og fremst er skipsbyggingsindustrien sjølv som har hovudansvaret for å sikra konkurranseevna til næringa gjennom tilstrekkeleg omstilling og omstrukturering. Regjeringa meiner likevel, for å medverke til at norske verft vert sikra oppdrag dei nærmaste åra, at støttesatsane bør aukast til 9 og 4,5 pst. for resten av 1999. Støttesatsane for år 2000 må vurderast i samband med statsbudsjettet for år 2000.

Ein ordreinngang på 8 mrd. kroner vil krevje eit fond på rundt 750 mill. kroner. 1999-fondet på 507,5 mill. kroner må dermed aukast med om lag 250 mill. kroner. Nærings- og handelsdepartementet gjer merksam på at overslaget er uvisst. Ordreinngangen kan bli større. Då kan ein auke på 250 mill. kroner bli for liten.

Fondet vil med støttesatsar på 9 og 4,5 pst., dekke den anslåtte ordreinngangen på rundt 8 mrd. kroner. Vert ordreinngangen større, kan det bli naudsynt med tilleggsløyvingar.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Bjarne Håkon Hanssen, Einar Johansen, Kjell Opseth, Torstein Rudihagen, Oddbjørg Ausdal Starrfelt og Rita Tveiten, fra Fremskrittspartiet, Øystein Hedstrøm og Terje Knudsen, fra Kristelig Folkeparti, Modulf Aukan og Anita Apelthun Sæle, fra Høyre, Ansgar Gabrielsen og Ivar Kristiansen, fra Senterpartiet, Inga Kvalbukt, og fra Venstre, Leif Helge Kongshaug, har merket seg Regjeringens forslag om å øke satsene for byggetilskudd til skipsbyggingsindustrien på kap. 966 post 50 fra 7,0 til 9,0 pst. for nybygg til en verdi over 10 mill. euro og fra 3,5 til 4,5 pst. for mindre nybygg og ombygginger, med virkning fra 5. februar 1999.

Komiteen har registrert at ordretilgangen til norske verft har avtatt utover i 1998 og at ordreinngangen så langt i år fremdeles er svak. Komiteen er innforstått med at det er flere årsaker til dette, men at størrelsen på satsen for byggetilskuddet er en av rammebetingelsene som påvirker ordreinngangen. Overkapasitet internasjonalt og fallende oljepriser har ført til et sterkt fall i etterspørselen totalt. For norske verft har det nærmest totale bortfallet av bestillinger av nye offshorefartøy vært en sterkt medvirkende årsak til fallet i ordreinngang.

Komiteen er kjent med de problemer som eksisterer for at den fremforhandlede OECD-avtalen om normale konkurransevilkår i skipsbyggingsindustrien skal kunne settes i verk. Komiteen vil likevel peke på viktigheten av å fortsatt arbeide for å få alle de aktuelle land til å ratifisere denne avtalen.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet viser til at størrelsen på verftsstøtten de senere år har vært en usikkerhetsfaktor for bransjen. For næringslivet er stabilitet i rammevilkår av stor betydning og flertallet vil mene at det må tilstrebes også på dette området.

Eit anna fleirtal, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet og Høgre, ser føre seg at det sjølv med slike tiltak vil kunna verta vanskelege tider i verftsindustrien, og at dette serleg vil gå ut over ingeniør- og sivilingeniørsjiktet i denne industrien. Dette kan føra til tap av viktig kompetanse innan skipsbygging for framtida. Dette fleirtalet ber Regjeringa leggja vekt på dette når dei vel kven som skal få oppdraget å byggja nye fregattar for det norske forsvaret.

Sidan problema i verftsindustrien kjem samstundes med problem i leverandørindustrien, vil dette fleirtalet i tillegg be Regjeringa vurdera endringar i petroleumssektoren for å leggja betre til rette for m.a. utbygging av mindre felt og felt som står "på vent" for utbygging.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, vil be Regjeringen vurdere ytterligere tiltak for å styrke aktiviteten, og dermed hindre store sysselsettingsproblemer i verftsindustrien. Flertallet viser til et stort oppdemmet behov for fornyelse i fiskeflåten, der gjennomsnittsalderen er over 20 år. Regjeringen bes vurdere tiltak som kan stimulere til økt fornyelsestakt i fiskeflåten. Som eksempel kan nevnes økte midler til kontraheringstilskudd.

Også den norske fergeflåten har en svært høy gjennomsnittsalder. Flertallet ber Regjeringen vurdere mulighetene for en forsert fornyelse av fergeflåten, spesielt innenfor ordningen med utviklingskontrakter med norske verft.

Et annet flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet og Høyre, ber om at byggingen av et nytt forskningsfartøy - til erstatning for G.O Sars som nå er 30 år gammel - blir forsert.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet syner til at Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti gjekk inn for å oppretthalde verftsstøtta på 9 pst. og 4,5 pst. ved handsaming av 1998-budsjettet og 1999-budsjettet. Desse medlemene hadde fylgjande merknader i Budsjett-innst. S. nr. 8 (1998-99):

«Desse medlemane vil spesielt understreke at verftsindustrien er ei særs viktig distriktsnæring med store ringverknader for både privat og offentleg verksemd i Distrikts-Noreg.

Satsane for verftsstøtta vart frå 1998 redusert mot stemmene til Arbeidarpartiet, og dei er no lågare enn i andre OECD-land. Dette har, etter desse medlemane si vurdering, vore sterkt medverkande til ein reduksjon i ordretilgangen ved norske verft på 50 % samanlikna med 1997. Marknaden for den type skip som har vore norsk spesialitet har nærast tørka inn i 1998, og norske verft må inn på nye marknader og konkurrera med land som har ein høgare støttesats.»

Desse medlemene er positive til at Regjeringa no går inn for å auka satsane opp til OECD/EU-nivå att, men stiller seg undrande til at dette ikkje vart gjort i samband med handsaminga av statsbudsjettet. Dette kjem i eit serleg underleg lys når Regjeringa no finn å kunna gå inn for ei slik auke i satsane utan ekstraløyvingar, medan det i samband med budsjetthandsaminga vart gjort eit stort nummer av at Arbeidarpartiet sitt framlegg til tilleggsløyving på 125 mill. kroner ikkje ville dekka behovet.

Desse medlemene er svært kritiske til den skade norsk verftsindustri er påført ved at dei i ca. 13 månader har hatt lågare støttesatsar enn konkurrerande land, og difor har gått glipp av moglege oppdrag. Dette er uoppretteleg.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til Budsjett-innst. S. nr. 8 (1997-98) angående støttesatser til skipsbyggingsindustrien. I forbindelse med Budsjett-innst. S. I (1997-98) oppnådde regjeringspartiene en forståelse fra Fremskrittspartiet og Høyre om subsidiær støtte til et revidert opplegg som resulterte i at støttesatsene for skips-byggingsindustrien for 1998 ble satt ned fra 9 til 7 pst. for nybygg over 10 mill. euro og fra 4,5 til 3,5 pst. for mindre nybygg og ombygginger. Disse medlemmer viser til at støttesatsene er videreført på samme nivå inneværende år.

Disse medlemmer har merket seg at Regjeringen, på bakgrunn av utviklingen i skipsbyggingsindustrien, foreslår å øke støttesatsene til nivået før 1998.

Disse medlemmer mener Norge ikke er tjent med å delta i et subsidiekappløp og vil som en konsekvens av dette gå imot forslaget om å øke subsidienivået til næringen.

Komiteens tilråding

Komiteen viser til proposisjonen og til det som står foran og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

Satsane for byggetilskot til skipsbyggingsindustrien som ligg til grunn for løyvinga over kap. 966 post 50 aukast frå 7,0 til 9,0 pst. for nybygg over 10 mill. euro og frå 3,5 til 4,5 pst. for mindre nybygg og ombyggingar, med verknad frå 5.februar 1999.

Oslo, i næringskomiteen, den 16.mars 1999.

Øystein Hedstrøm,

fung. leder.

Ansgar Gabrielsen,

ordfører.

Kjell Opseth,

sekretær.