I samsvar med § 75 bokstav i i Grunnlova,
legg departementet med dette fram for Stortinget ei liste over dei
pensjonane som gjeld mellombels, og som ikkje blei reviderte av
det førre Stortinget.
Heile summen av pensjonar som blei utbetalt
i 1998 var på 23 576 464 kroner. Det er løyvd
32 025 000 kroner på kap. 1541, post 01 Pensjonar frå statskassa,
på statsbudsjettet for 1999. For enkjer/enkjemenn
gjeld pensjonen så lenge dei er ugifte.
Departementet nemner nokre saker særskild,
jf. s. 1-4 i proposisjonen.
Komiteen har ingen
merknader og rår Stortinget til å gjera følgjande
vedtak:
Stortinget samtykker i at det gis
mellombels pensjonar frå statskassa i samsvar med framlagt
forslag i St.prp. nr. 63 (1998-99).
Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 20. mai 1999.
May-Helen Molvær Grimstad,
leiar. |
Ola T. Lånke,
ordførar. |
Grethe G. Fossum,
sekretær. |