Innstilling frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om samtykke til godkjenning av EØS-komiteavgjerd nr. 99/1999 av 30. juli 1999 om endring av Protokoll 31 til EØS-avtala om EFTA/EØS-statane si deltaking i den fireårige handlingsplanen til EU for å fremje sikrare bruk av Internett

Til Stortinget

Samandrag

Regjeringa ber i proposisjonen om Stortinget sitt samtykke til godkjenning av EØS-komiteen si avgjerd av 30. juli 1999.

EØS-komiteen vedtok da å endre Protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridommane, slik at samarbeidet vert utvida til å omfatte handlingsplanen for å fremje sikrare bruk av Internett. Norsk omsetjing av EØS-komitéavgjerd nr. 99/1999 av 30. juli 1999 og europaparlaments- og rådsvedtak 276/1999/EF av 25. januar 1999 følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.

Norsk deltaking i handlingsplanen til EU for å fremje sikrare bruk av Internett inneber ei folkerettsleg plikt for Noreg til å medverke økonomisk til programmet.

Nærmare om handlingsplanen for å fremje sikrare bruk av Internett

Handlingsplanen gjer framlegg om reguleringar av innhaldet på Internett (ikkje av audiovisuelle medium generelt), og skiping av eit rammeverk for sikrare bruk av Internett. Det vert lagt opp til at det skal finne stad ei sjølvregulering i industrien gjennom filtrering, klassifisiering og opplysning. Handlingsplanen har eit samla budsjett på 25 mill. euro (om lag 207,5 mill. kroner), og inneheld følgjande hovudprosjekt:

  • – Skiping av eit europeisk nett av direkteliner (tipsliner). Nettverket skal gje brukarane høve til å melde frå om innhald eller bruk som dei oppdagar gjennom sin eigen bruk av Internett, og som det er rimeleg grunn til å tru er ulovleg.

  • – Utvikling av bruk av innhaldsfiltrerings- og klassifiseringssystem. Desse innretningane skal gje Internett-brukarar som har eit ansvar for andre brukarar, eller bibliotekarar og nettverksadministratorar høve til å avgjere kva innhald dei ønskjer at dei personane som dei er ansvarlege for, skal ha tilgang til.

  • – Opplysningsaktivitetar. Føremålet med opplysnigsaktivitetane er å oppmuntre til bruk av Internett-tenester i heimar og skular ved å syte for at foreldre og lærarar får mindre grunn til å uroe seg over at det finst ulovleg og skadeleg innhald. Opplysningsaktivitetane skal gjennomførast i to etappar. I den første skal det identifiserast eigna kanalar. Vidare skal det utarbeidast underlagsmateriale som skal tilpassast språklege og kulturelle særpreg. I den andre etappen skal dei eigentlege opplysningsaktivitetane gjennomførast i heile Europa.

  • – Støttetiltak for å kunne vurdere juridiske spørsmål. Føremålet er å sikre at dei røynslene som vert gjorde gjennom bruken av gjeldande reglar, t.d. om lovval og lovbrot, vert evaluerte.

  • – Tilrettelegging for internasjonalt samarbeid på dei førnemnde områda.

Handlingsplanen er gjengitt i vedlegg 2 i proposisjonen.

Departementet sine vurderingar

Bruken av Internett i Noreg er omfattande, det er dermed lagt til rette for at Noreg også i framtida skal vere blant dei leiande informasjons- og kommunikasjonslanda. Det er eit ønskje at Noreg skal vere i fremste rekkje når det gjeld Internett-kommunikasjon, samstundes er det viktig å leggje vekt på ein medviten kurs når det gjeld dei samfunnsmessige sidene ved utviklinga av Internett.

Utgangspunktet til Regjeringa når det gjeld Internett-politikken er at dei same samfunnsmessige målsetjingane gjeld for Internett som for andre medie- og kommunikasjonsområde. Regjeringa ønskjer eit fruktbart klima for utvikling av nye tenester og eit effektivt vern av mindreårige. Føresetnaden for eit fruktbart klima er at ein tek hand om ulovleg og skadeleg innhald, sjølv om dette utgjer ein avgrensa del av det innhaldet som vert formidla via Internett. Ved å skape sikrare rammer vil Regjeringa samstundes kjempe mot ulovleg og skadeleg innhald og førebyggje at Internett vert nytta som distribusjonskanal for kriminelle.

Dei politiske målsetjingane i handlingsplanen er difor i tråd med norske interesser som omfattar vern av einskildmenneske, næringsliv, organisasjonar og det offentlege. Det er til føremon for alle at det vert skipa rammevilkår for sikrare bruk av Internett. Deltakinga i handlingsplanen til EU fell difor inn som ein naturleg del av den norske politikken for vidareutvikling av Noreg som eit informasjons- og kommunikasjonsland, og vert vurdert som føremålstenleg for alle dei partane som det gjeld, og særleg for forbrukarane.

Saka har vore lagd fram for dei departementa som er med på finansieringa av handlingsplanen. Det har ikkje vore nokon merknader.

Departementet sin konklusjon og tilrådingar

Etter Kulturdepartementet sitt syn bør Noreg delta i handlingsprogrammet fordi det er føremålstenleg med globalt og regionalt arbeid for å kjempe mot ulovleg og skadeleg innhald på Internett. Problemet er av internasjonal karakter, og Noreg har små høve til å gripe inn utanfor sitt eige jurisdiksjonsområde. Nasjonale tiltak, medrekna utvikling av sjølvregulerings- og overvakingsmekanismar, vil kunne få betre verknad dersom det vert skipa ei viss form for samordning og smarbeid på internasjonalt og europeisk plan.

Gjennom handlingsplanen til EU vil næringsliv, innbyggjarar og samfunnet elles kunne få ei betre forståing av kva framtidsutsikter og utfordringar som er knytte til Internett, og såleis medverke til auka verdiskaping.

Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.

Administrative og økonomiske konsekvensar

Det samla budsjettet for handlingsplanen er 25 mill. euro over fire år, som tilsvarar om lag 207,5 mill. kroner for perioden 1999-2002.

Den norske delen av kostnadene for den operasjonelle delen av budsjettet vil vere om lag 4 mill. kroner, eller om lag 1 mill. kroner per år. I tillegg må Noreg betale tilskot til administrative kostnader på om lag 277 000 kroner i 1999, og dessutan kostnader til ein nasjonal ekspert.

Det samla norske tilskotet er venta å vere på om lag 8 mill. kroner i dei åra planen gjeld.

I 1999 vil kostnadene verte fordelte over budsjetta til Arbeids- og administrasjonsdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Justisdepartementet, Kulturdepartementet, Kyrkje-, undervisnings- og forskingsdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet og Samferdselsdepartementet. Ein tek sikte på ei tilsvarande budsjettinndekking for åra 2000-2002.

Deltakinga i programmet får ikkje nemnande administrative konsekvensar. Det er heller ikkje naudsynt med lov- eller forskriftsendringar.

Merknader frå utenrikskomiteen

Komiteen sitt utkast til innstilling blei 21. oktober 1999 sendt til Utenrikskomiteen for merknader. I brev av 27. oktober frå Utenrikskomiteen heiter det:

«Under henvisning til komiteens brev av 21. oktober 1999 meddeles herved at utenrikskomiteen ikke har merknader til nevnte utkast til innstilling.»

Komiteen si tilråding

Komiteen har elles ingen merknader, syner til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

Stortinget samtykkjer til godkjenning av EØS-komitéavgjerd nr. 99/1999 av 30. juli 1999 om endring av Protokoll 31 til EØS-avtala om EFTA/EØS-statane si deltaking i den fireårige handlingsplanen til EU for å fremje sikrare bruk av Internett, jf. St.prp. nr. 98 (1998-1999).

Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 28. oktober 1999

May-Helen Molvær Grimstad

leiar

Trond Helleland

ordførar

Grethe G. Fossum

sekretær