5. Verksemda til kredittilsynet i 1998

Samandrag

Kredittilsynet er det sentrale offentlege organet som fører tilsyn med at finansinstitusjonane innrettar seg etter dei rettslege rammevilkåra som til kvar tid gjeld for finansmarknaden. Mellom anna skal Kredittilsynet sjå til at lover og forskrifter blir følgde.

Kredittilsynet skal, ifølgje kredittilsynslova §8 andre ledd, kvart år gi Finansdepartementet ei melding om verksemda.

Om administrasjon og personale heiter det i årsmeldinga (s. 56):

«Ved utgangen av 1998 var det 139 fast tilsatte, mot 134 ved utgangen av 1997. Av disse var 50 pst. kvinner. Kredittilsynet har generelt sett tilfredsstillende tilgang på gode søkere som er nyutdannet fra universitet og høyskoler. I tillegg legges det vekt på å knytte til seg medarbeidere med god kompetanse og bred erfaring fra bransjene.»

Mot slutten av 1998 førebudde Kredittilsynet overtakinga av tilsynet med rekneskapsførarar (autorisasjonsordninga). Ordninga blei lagd til Kredittilsynet med verknad frå 1.januar 1999.

Dei samla utgiftene til Kredittilsynet var 86,9 mill. kroner, ein auke på 10,7 pst. frå 1997. Utgiftene blir dekte ved innkrevjing frå dei tilsynspliktige.

Ein viser til Kredittilsynet si årsmelding for nærare omtale av administrative tilhøve og anna i Kredittilsynet. Årsmeldinga inneheld òg Kredittilsynet sitt syn på tilhøva i finansmarknaden og verksemder under tilsyn. Årsmeldinga frå Kredittilsynet følgjer som utrykt vedlegg til meldinga.

Merknader frå komiteen

Komiteen tek det som står i meldinga til orientering.