4.1 Årsmeldinga for 1998

Samandrag

Årsmeldinga 1998 for Noregs Bank blei handsama og godkjend i hovudstyremøte 10.mars 1999. Etter §28 i "lov av 24.mai 1985 nr. 28 om Norges Bank og pengevesenet (sentralbankloven)" skal årsmelding og årsrekneskap sendast til departementet for å leggjast fram for Kongen og gjerast kjende for Stortinget. Etter §5 i instruks skal Riksrevisjonen sende "et eksemplar av de i §2 nevnte dokumenter til Stortinget sammen med sine mulige bemerkninger om resultatet av kontrollen". Årsmeldinga følgjer meldinga som utrykt vedlegg.

Det er i meldinga gjort greie for leiing og administrasjon av Noregs Bank i 1998.

Etter sentralbanklova §1 skal Noregs Bank mellom anna vere utøvande og rådgjevande organ i penge-, kreditt- og valutapolitikken. Banken skal gi ut setlar og mynt og fremje eit effektivt betalingssystem. Vidare skal banken overvake penge-, kreditt- og valutamarknadene.

Det følgjande er ei kort framstilling av verksemda i 1998 som byggjer på årsmeldinga frå Noregs Bank. For ein meir utfyllande gjennomgang viser ein til årsmeldinga. Ein viser òg til omtalen av penge-, kreditt- og renteutviklinga i nasjonalbudsjettpublikasjonane.

Noregs Bank sitt nye system for oppgjer av pengeposisjonar mellom bankane og Noregs Bank (NBO) blei innført 24.november 1997. Det blei i 1998 arbeidd vidare med å etablere eit nytt grensesnitt mellom NICS (Norwegian Interbank Clearing Ssytem) og NBO, som gjer det mogleg for bankane å sende bruttotransaksjonar elektronisk til Noregs Bank via NICS. Den 12.mars 1999 blei grensesnittet etablert, og frå då av kunne bankane og Noregs Bank i fellesskap ta i bruk eit fullverdig system for bruttooppgjer i sann tid. Målet med systemet er å redusere risikoen og auke effektiviteten i betalingsoppgjeret. Systemet er i samsvar med internasjonale standardar.

ØMU-landa sitt felles system for grensekryssande betalingar i euro, TARGET, blei sett i verk den 4.januar 1999. Noregs Bank var i 1998 i jamleg kontakt med ESB for å diskutere ei framtidig norsk tilknyting til TARGET via Noregs Bank. Førebels finst det ikkje ei slik tilknyting, men norske bankar har tilgang til TARGET direkte via filialar i EU-land eller via korrespondentbankar.

Noregs Bank er oppgjersbank for pengeoppgjeret knytt til dei verdipapirtransaksjonane som blir avrekna i Verdipapirsentralen (VPS). Arbeidet med prosjektet "Nytt VerdiPapir Oppgjørssystem (VPO)", som skal sikre betre risikohandtering i verdipapiroppgjeret, skal tilpassast reglane som følgjer ved innarbeiding av rådsdirektiv 98/26 om endeleg oppgjer i betalingssystem i verdipapiroppgjerssystem i norsk rett.

Dei 20 største valutabankane i verda (G20) starta i 1996 arbeidet for å etablere eit system som skulle kunne redusere risiko i valutahandel. Ei gruppe med noko mindre bankar (G40) der DnB er med, har arbeidd aktivt for at fleire bankar og fleire valutaer skal vere med. Bankane i desse to gruppene har saman etablert selskapet Continouous Linked Settlement (CLS). I ein fleirvaluta oppgjersbank selskapet skal etablere (CLSB), er det planlagt at oppgjeret av valutakontrakter skal skje simultant. Gjennom 1998 har Noregs Bank stått i kontakt med andre sentralbankar og selskapet bak CLS med tanke på å få med norske kroner som ein av dei aktuelle valutaene CLS vil operere i. Arbeidet blir vidareført i 1999.

Ved utgangen av 1998 var det setlar for 42837 mill. kroner i sirkulasjon hos publikum, føretak og bankar. Gjennomsnittleg var det setlar for 40487 mill. kroner i sirkulasjon i 1998. Dette er ein auke på 5,8 pst. i forhold til 1997.

Med den nye 5-kronemynten er innføringa av ei ny norsk myntrekkje, som starta med innføringa av 20-kronemynten 1.november 1994, gjennomført.

Forretningsverksemda i kasseområdet i Noregs Bank gav 41 mill. kroner i inntekt i 1998, ein auke på 21 pst. i forhold til 1997.

«Forskrift 6.mai 1994 nr. 331 om kursordninga til den norske krona" gir nærare retningslinjer for gjennomføringa av pengepolitikken. I §2 i forskrifta heiter det m.a. at "Norges Banks løpende utøvelse av pengepolitikken skal rettes inn mot stabilitet i kronens verdi målt mot europeiske valutaer, med utgangspunkt i kursleiet siden kronen begynte å flyte den 10.desember 1992. Ved vesentlige endringer i kursen skal virkemidlene innrettes med sikte på at kursen etter hvert bringes tilbake til utgangsleiet".

I brev av 21.oktober 1998 til Finansdepartementet om det økonomiske opplegget for 1998 la Noregs Bank vekt på korleis ein kunne sikre at kronekursen, som var vesentleg svekt i forhold til utgangsleiet, skulle vende tilbake til dette leiet. I brevet heiter det m.a.:

«Det er gjensidig sammenheng mellom prisstigningen og utviklingen i valutakursen. Over tid er en pris- og kostnadsvekst om lag på linje med utviklingen i andre europeiske land en forutsetning for å kunne holde en stabil valutakurs mot disse landene. Samtidig har kursutviklingen stor betydning for pris- og kostnadsveksten gjennom virkningen av valutakursen på importprisene.

Over tid vil et troverdig mål om stabil valutakurs mot europeiske valutaer innebære at rentenivået må tilpasses utviklingen i europeiske renter. Det følger derfor av ansvarsdelingen i den økonomiske politikken at finanspolitikken på lang sikt må innrettes mot å skape rom for en nedgang i rentenivået ned mot europeiske renter, uten at det av dette oppstår varige ubalanser og press i økonomien.»

Arbeidet med å analysere pris- og kostnadsutviklinga blei vidareført, m.a. ved at banken publiserer kvartalsvise inflasjonsrapportar. I rapportane vurderer ein utviklinga i prisar og faktorar bak prisutviklinga, og banken gir overslag for prisveksten 18 månader fram i tid. I inflasjonsrapport nr. 4 blei det publisert mellomlangsiktige prognosar for norsk økonomi.

Noregs Bank innrettar verkemidla sine med omsyn til å stabilisere kursutviklinga for krona med utgangspunkt i det kursleiet som er definert i valutaforskrifta. Banken påverkar de korte rentene gjennom å fastsetje ein "korridor" for rentenivået i pengemarknaden via dei såkalla signalrentene, foliorenta og D-lånsrenta. Foliorenta er renta bankane får på innskota sine på foliokonto i Noregs Bank, og D-lånsrenta er renta bankane må betale når dei nyttar låneretten som er knytt til denne foliokontoen og tek opp daglån i Noregs Bank. Grunna depresieringspress på krona blei desse rentene heva sju gonger i løpet av 1998 med til saman 4,5 prosenteiningar. Rentekorridoren blei heva frå 3,50 - 5,50 pst. ved inngangen til 1998 til 8,00 - 10,00 pst. ved utgangen av 1998.

Ved bruk av instrument som påverkar likviditeten i pengemarknaden, motverkar Noregs Bank dei sesongprega svingingane i likviditeten til bankane som m.a. følgjer av inn- og utbetalingar på staten sine konti i Noregs Bank. Innanfor "rentekorridoren" kan Noregs Bank påverke rentenivået i pengemarknaden ved å tilføre eller trekkje inn likviditet frå banksystemet. Dei viktigaste verkemidla i denne samanhengen er gjenkjøpsavtalar i statspapir og utlegging av kortsiktige lån eller innskot med fast rente (F-lån og F-innskot). Gjenkjøpsavtalar har hatt løpetid på mellom ei og to veker. I 1998 blei det lagt ut 23 F-lån, 65 F-innskot og 21 gjenkjøpsavtalar. Dette er ein auke jamført med 1997 i alle instrument. Likviditeten blir òg påverka av emisjonar av statspapir og av Noregs Bank sin handel med statspapir. Sentralbanken brukte ikkje valutaswappar (avtale om bytte av valuta) i 1998. Sentralbanken fastset rammer for bankane sine D-lån i Noregs Bank. Desse rammene blei auka frå 7 til 15 pst. av forvaltningskapitalen fråtrekt D-lån den 15.desember 1998.

Den operative retningslinja for Noregs Banks utøving av pengepolitikken er at banken skal føre vidare ein stabil valutakurs mot europeiske valutaer. Ved vesentlege endringar i valutakursen skal verkemidla i pengepolitikken rettast inn med sikte på at valutakursen etter kvart skal bringast tilbake til utgangsleiet. Det er samtidig avgrensa kor sterke verkemiddel i form av renteendringar og kjøp og sal av valuta Noregs Bank kan nytte for å halde kronekursen stabil. Dette er ein viktig forskjell frå det fastkursregimet ein hadde inntil 10.desember 1992.

Oppbygginga av Statens petroleumsfond inneber at Noregs Bank over lengre tid skal kjøpe valuta som i omfang tilsvarar oppbygginga av petroleumsfondet. Fram til og med 1.juli kjøpte Noregs Bank regelmessig utanlandsk valuta til Statens petroleumsfond og Statens petroleumsforsikringsfond. Samla kjøp i første halvår 1998 var 25,2 mrd. kroner, mens det i same periode blei selt valuta ut frå pengepolitiske formål for 0,1 mrd. kroner. Etter 1.juli blei det ikkje kjøpt valuta til oppbygging av petroleumsfondet. Med verknad frå 1.august blei det inngått ein avtale mellom Noregs Bank og Finansdepartementet om direkte overføring til Noregs Bank av valutainntekter staten mottek via SDØE (Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda).

Det er i meldinga gjort nærare greie for Noregs Bank sine oppgåver og rådgiving i samband med penge-, kreditt- og valutapolitikken, finansstatistikk, valutastatistikk og valutaregulering og anna verksemd.

Merknader frå komiteen

Komiteen tek det som står i meldinga til orientering.

4.2 Rekneskap og budsjett for 1998

Samandrag

Tabell 4.2 og 4.3 i meldinga viser Noregs Banks balanserekneskap ved utgangen av 1998, samanlikna med tilsvarande tal for 1995, 1996 og 1997.

4.2.1 Noregs Banks aktiva

Avkastninga på netto valutareservar utgjer 27288 mill. kroner i 1998 mot 18296 mill. kroner i 1997. Av avkastninga i 1998 utgjer valutakursgevinsten 14703 mill. kroner mot ein valutakursgevinst på 5704 mill. kroner i 1997.

Amerikanske dollar utgjorde 20,3 pst. av valutareservane ved utgangen av 1998 mot 12,5 pst. året før. Tilsvarande utgjorde tyske mark 27,8 pst. i 1998 mot 32,4 pst. ved utgangen av 1997.

Noregs Bank sine gullreservar er førte opp under internasjonale reservar med 284,8 mill. kroner. Den bokførte verdien er utrekna på grunnlag av den offisielle gullprisen som er fastsett av Det internasjonale valutafondet (IMF), som tilsvarar ein kilopris på 7732,27 kroner. Marknadsverdien på gull er vesentleg høgare enn dette. Posten "Andre fordringar på utlandet" består m.a. av den delen av Noregs kvote i IMF som er i norske kroner. Tilsvarande gjeldsbeløp er bokført under diverse gjeld til utlandet.

Noregs Bank si behandling av norske verdipapir er sett saman av omsetjelege sertifikat og norske statsobligasjonar. I 1998 kjøpte sentralbanken statssertifikat i første- og andrehandsmarknaden for om lag 3,4 mrd. kroner. Då Noregs Banks behandling av einskilde statssertifikat blei små, etterteikna Noregs Bank statssertifikat for 2,5 mrd. kroner.

Noregs Bank sin eigedomsmasse, maskinar og inventar utgjer 2064 mill. kroner pr. 31.desember 1998.

4.2.2 Noregs Banks passiva

Setlar og mynt i omløp auka i 1998 med 0,1 mrd. kroner til 46,1 mrd. kroner, mot 46,0 mrd. kroner året før. Innskot frå statskassa minka i 1998 med 33,2 mrd. kroner til 51,2 mrd. kroner, mot 84,4 mrd. kroner året før. Eigenkapitalen auka med 20,2 mrd. kroner til 59,4 mrd. kroner, mot 39,2 mrd. kroner ved utgangen av 1997.

Statens petroleumsfond er plassert som kroneinnskot på særskild konto i Noregs Bank. Noregs Bank plasserer desse midlane særskilt i banken sitt eige namn i aktiva denominerte i utanlandsk valuta. Forvaltninga blir handsama i samsvar med forskrift 3.oktober 1997 nr. 1073 for forvaltning av Statens petroleumsfond. Fondet utgjorde 31.desember 1998 167,6 mrd. kroner, målt etter bokført verdi. Marknadsverdien av fondet sine verdipapir var på same tid 171,8 mrd. kroner.

4.3 Resultatrekneskapen for 1998

Tabell 4.4 viser Noregs Bank sin resultatrekneskap for 1998.

Noregs Bank hadde i 1998 eit overskot etter kursreguleringar på 23,5 mrd. kroner, mot 14,1 mrd. kroner året før.

Samla renteinntekter for Noregs Bank var for 1998 11,9 mrd. kroner, mot 14,0 mrd. kroner i 1997. Renteinntektene frå innanlandske sektorar var i 1998 på 1,1 mrd. kroner, mot 0,8 mrd. kroner i 1997. Renteinntekter frå utanlandske sektorer i 1998 var 10,8 mrd. kroner, mot 13,2 mrd. kroner året før.

Netto driftskostnader for Noregs Bank var i 1998 på 660,2 mill. kroner, mot 718,2 mill. kroner i 1997. Personalkostnadene i 1998 utgjorde 484,0 mill. kroner, mot 455,4 mill. kroner ved utgangen av 1997.

4.3.1 Disponering av overskotet i 1998

Retningslinjene for avsetjing og disponering av Noregs Bank sitt overskot blei fastsette i kgl. res. 7.februar 1986. Retningslinjene er endra fleire gonger, seinast ved kgl. res. 17.januar 1997, og har følgjande ordlyd:

  • «1. Av Noregs Banks overskudd avsettes til kursreguleringsfondet inntil dette har nådd 10pst. av bankens fordringer i norske verdipapirer og 20pst. av bankens netto valutareserver unntatt immuniseringsporteføljen og de midler som forvaltes for Statens petroleumsfond, andre fordringer/forpliktelser overfor utlandet og eventuelt andre engasjementer som av hovedstyret vurderes å ha ikke ubetydelig kursrisiko. Immuniseringsporteføljen svarer til den del av Noregs Banks valutareserver som er skilt ut som egen portefølje der avkastning godskrives/belastes staten i samme års regnskap. Det samme gjelder for porteføljen til Statens petroleumsfond. Dersom kursreguleringsfondet er større enn det som følger av forholdstallene nevnt i pkt. 1, første avsnitt, skal det overskytende tilbakeføres til resultatregnskapet.

  • 2. Eventuelt overskudd etter avsetning til, eller tilførsel fra kursreguleringsfondet, avsettes til overføringsfondet.

  • 3. Fra overføringsfondet overføres hvert årsoppgjør til statskassen et beløp svarende til gjennomsnittet av brutto avsetninger til overføringsfondet ved de tre foregående årsoppgjør.

  • 4. Eventuelle underskudd i Noregs Banks regnskap dekkes ved overføringer fra kursreguleringsfondet.»

Ved utgangen av 1998 utgjer kursreguleringsfondet meir enn det som følgjer av pkt. 1, 1. punktum i retningslinjene. Det overskytande, 2997,9 mill. kroner, blir overført til disposisjon i samsvar med pkt. 1, 4. punktum i retningslinjene. Kursreguleringsfondet utgjer etter dette 27571,9 mill. kroner til overføringsfondet.

I samsvar med pkt. 2 i retningslinjene blir det overført 26571,9 mill. kroner til overføringsfondet.

I samsvar med pkt. 3 i retningslinjene blir det overført 3400,6 mill. kroner til statskassa.

Merknader frå komiteen

Komiteen tek det som står i meldinga til orientering.