Samandrag

Meldinga gjer greie for hovudsakene som vart drøfta under FNs 54. ordinære generalforsamling og dei vidareførte sesjonane av FNs 53. generalforsamling. Som vedlegg til meldinga følgjer m.a. statsministeren sitt innlegg i hovuddebatten, oversikt over FN sine medlemsland og bidragsskalaen, programbudsjettet for 2000-2001 og Noregs innlegg under den 54. generalforsamlinga.

Haustsesjonen av FNs 54. generalforsamling var prega av brytningar og tillaup til nord-sør-polarisering i drøftingane av dei viktige spørsmåla på sentrale område som fred og tryggleik, utvikling, menneskerettar og humanitære spørsmål. Generalforsamlinga må dessutan sjåast på bakgrunn av Tryggingsrådet si handsaming av Kosovo-krisa og den debatten som følgde etter at NATO greip inn.

Generalsekretær Kofi Annan la i innlegget sitt i generaldebatten vekt på problemstillinga menneskeleg tryggleik og intervensjon i lys av utviklinga og dei valdelege konfliktane i dei siste åra. Ut frå eit ønske om å styrkje FNs relevans i høve til menneskeskapte konfliktar stilte han spørsmål om suverenitetsomgrepet, stilt opp mot humanitære omsyn og menneskerettar. Hovudbodskapen var at grenser og nasjonal suverenitet ikkje kan legitimere brotsverk mot menneska, dersom Tryggingsrådet og medlemslanda er medvetne ansvaret sitt etter FN-pakta.

Generalsekretæren sitt innlegg utløyste ein viktig, men vanskeleg debatt om suverenitet, humanitær intervensjon og menneskerettar. Ei rekkje land har store reservasjonar til det dei oppfattar som ny vektlegging i spørsmålet om den grunnleggjande balansen i FN-pakta mellom statane sin suverenitet og sine suverene rettar, slik dei er nedfelte i FN-pakta artikkel 2.7, og dei andre pliktene i pakta, utanom kapittel VII. Det kom klart fram at ei rekkje utviklingsland ønskte å markere avstand til generalsekretæren si tese om humanitær intervensjon og å stadfeste prinsippet om suverenitet i så mange samanhengar som mogleg.

Det utvikla seg ei polarisering under generalforsamlinga i spørsmål som globalisering og retten til utvikling. I handelsspørsmål er det liten tvil om at utfallet av WTO sitt Seattle-møte vart oppfatta som ei styrking av utviklingslanda sine posisjonar, noko som òg spegla seg i globaliseringsdrøftingane. Godt styresett som ein grunnleggjande føresetnad for ein vellukka utviklingspolitikk møtte sterkare motstand fra G77 (utviklingslanda) enn i tidlegare år.

Reformarbeidet var prega av stillstand, delvis som følgje av ein viss reformtrøyttleik i organisasjonen og delvis ut frå dei sentrale utviklingslanda sin motstand mot reformer som kan oppfattast som svekking av påverknaden deira. Debatten i generalforsamlinga om reform av Tryggingsrådet, over to dagar i slutten av sesjonen, gav ikkje noko nytt i eit broket bilete av interesser og motinteresser. Det synest å vere eit fleirtal for ei reform, men det er vanskeleg å peike på ein formel som kan ha noko von om å oppnå det naudsynte to tredels fleirtal i forsamlinga.

FNs finansielle problem vara ved, sjølv om likviditetssituasjonen er betre enn på fleire år.

Budsjetthandsaminga var uvanleg vanskeleg, og drøftingane i budsjettkomiteen var prega av sterk usemje, særleg mellom industrilanda og mange utviklingsland om framlegg som gjekk på reformer og effektivisering. Det syntest òg klart at det dårlege klimaet i andre komitear påverka drøftingane om administrative og finansielle spørsmål.

Gledeleg var det likevel at finansieringa av dei fredstryggjande operasjonane i Kosovo, Aust-Timor og Sierra Leone og finansieringa av krigsforbrytardomstolane gjekk effektivt og raskt. Desse løyvingssakene viste at det er mogleg å få til konsensus i viktige saker.

Interessant og positivt var det òg at Rådets humanitære dagsorden vart monaleg utvida, til dømes med spørsmål om sivile i væpna konflikt, barn i væpna konflikt, mineproblematikken og handvåpen.

Noregs kandidatur til ein plass i Tryggingsrådet for perioden 2001-2002 er ei høgt prioritert sak for Regjeringa. Utgangspunktet for kandidaturet er Noregs breie engasjement i FN og i internasjonalt samarbeid generelt, og særleg i høve til fred, tryggleik og utvikling. Det vart under generalforsamlinga lagd stor vekt på ei aktiv profilering av Noregs politikk i alle relevante saker. Frå norsk side søkte ein òg, på grunnlag av den generelle politikken vår, å medverke til kompromiss i ei rekkje vanskelege saker som under denne sesjonen var prega av polarisering særleg mellom nord og sør. Det er Regjeringa si vurdering at ein på denne måten òg medverka til å styrkje kandidaturet til Tryggingsrådet.

Det gode nordiske samarbeidet vart vidareført under den 54. generalforsamlinga. Danmark, Sverige og Finlands EU-medlemskap legg likevel viktige føringar på desse landa. EU har vorte ei stadig meir sentral gruppe i FN-samarbeidet og opptrer med omsamde handlingar og talar med ei røyst. Det nordiske samarbeidet får dermed meir karakter av tette samråd og informasjonsutveksling frå sak til sak enn framføring av felles standpunkt.

Utviklinga har gjort EU til ein sentral politisk aktør og forhandlingspartnar. EU er i dag saman med gruppa for utviklingsland (G77) den viktigaste grupperinga i FN. EUs posisjon vert òg styrkt ved at dei assosierte landa i Sentral- og Aust-Europa samla følgjer EU i dei fleste spørsmåla.

Dei faste medlemmene av Tryggingsrådet, USA, Storbritannia, Frankrike, Russland og Kina, spelar i kraft av sin posisjon der alltid ei viktig rolle i FNs andre organ. Kina har ein sentral posisjon blant utviklingslanda og opererer både innanfor og utanfor G77. Russland legg mykje prestisje og ressursar i Tryggingsrådsarbeidet og søkjer aktivt å gjere innverknaden sin gjeldande i dei andre organa.

G77 valde under denne generalforsamlinga ei meir markert konfrontasjonsline enn tidlegare i høve til omstridde spørsmål som godt styresett, økonomisk omstrukturering, globalisering, utviklingsfinansiering, retten til utvikling og ikkje minst humanitære spørsmål og menneskerettsspørsmål. Dette gjorde drøftingane om ei rekkje sentrale saker vanskelege. Samtidig er det òg innan gruppa av utviklingsland eit breitt spekter av synspunkt som gjer det mogleg å søkje eit konstruktivt samarbeid på tvers av grupperingane frå sak til sak.

Det framgår av meldinga at handsaminga av nedrustingssakene under den 54. generalforsamlinga var prega av stor pessimisme. Dette spegla klårt ei internasjonal utvikling med fleire tilbakeslag på områda rustingskontroll, nedrusting og ikkje-spreiing av masseøydeleggingsvåpen. Den kjernefysiske opprustinga i Sør-Asia, det amerikanske Senatet sitt nei til ratifikasjon av prøvestansavtalen og manglande resultat med omsyn til styrking av prøvestansavtalen var mellom dei sakene som medverka til ein lite konstruktiv atmosfære for nedrustingsarbeidet under generalforsamlinga.

Kva gjeld regionale konfliktar omtalar meldinga Midt-Austen, Irak, Afrika, Balkan og Aust-Timor, og handsaminga av desse under generalforsamlinga.

Når det gjeld dei fredstryggjande operasjonane seier meldinga at Noreg pr. 31.desember 1999 deltok i sju av FNs 17 operasjonar, med 20 militære offiserar i fem operasjonar og med 25 polititenestemenn i fem operasjonar. Dei samla utgiftene til FNs fredstryggjande operasjonar er for 1999 kostnadsrekna til om lag USD 1,3 mrd., ein auke på om lag USD 400 mill. frå 1998.

I handsaminga av økonomiske og sosiale saker var gjeld, globalisering, handel og utvikling samt førebuingane til høgnivåmøtet om finansiering av utvikling i 2001 sentrale spørsmål. Det viste seg å vere vanskelegare å semjast om resolusjonane i år enn tidlegare år. Det var stor usemje i utviklingslandsgruppa og mellom utviklingsland og industriland, særleg om globalisering og finansiering av utvikling.

Generalforsamlinga si drøfting av miljø- og ressursspørsmål vart særleg knytt til diskusjonen av eit russisk resolusjonsutkast om styrkt samordning mellom miljøkonvensjonane. Til liks med føregåande år vart dette temaet svært omstridd grunna stor motstand frå utviklingslanda mot dei føreslegne tiltaka.

Handsaminga av menneskerettsspørsmål under den 54. generalforsamlinga vart sterkt prega av EUs resolusjonsframlegg om dødsstraff og saker som den militære aksjonen i Kosovo, Tryggingsrådet si handsaming av Irak, menneskerettssendelag til Aust-Timor, samt generalsekretærens tale om mellom anna humanitær intervensjon og nasjonal suverenitet. Desse sakene medverka til ei forsterking av dei motsetningane ein normalt finn i debatten om menneskerettar. Det vanskelege samarbeidsklimaet førte òg til store problem med resolusjonar utanom dødsstraffresolusjonen, mellom andre om åtferdskodeks for demokrati, om retten til utvikling, om kulturelt mangfald og om globalisering.

I Noregs hovudinnlegg i 3. komité om menneskerettar la ein vekt på verdien av fattigdomslindring og fremjing av dei økonomiske, sosiale og kulturelle rettane i tillegg til dei sivile og politiske. Det nasjonale arbeidet med menneskerettar vart presentert.

Forhandlingane om dei humanitære resolusjonane vart i år gjennomgåande vanskelegare enn tidlegare. Særleg vanskeleg var det å oppnå semje om resolusjonen om tryggleik for humanitært personell og FN-personell. Vanskane kan mellom andre sporast attende til det breiare temaet i årets generalforsamling om "humanitær intervensjon" og debatten i Tryggingsrådet på grunnlag av generalsekretærens rapport om vern av sivile i væpna konflikt. Somme utviklingsland var på denne bakgrunnen særleg opptekne av å sikre tydelege referansar til nasjonal suverenitet og kvalifisere tilvisingane til sikker og uhindra tilgang for humanitær bistand i resolusjonane.

Høgdepunket under handsaminga av kvinnespørsmål var vedtakinga av ein frivillig protokoll til Kvinnekonvensjonen. Protokollen opnar for individuelle klager til Kvinnekomiteen og gjev rett til eigen undersøkingsprosedyre. Han er eit absolutt framsteg i arbeidet med å fremje og verne kvinnene sine menneskerettar. Noreg var mellom dei første landa som skreiv under protokollen.

FNs økonomiske situasjon ved utgangen av 1999 var betre enn tidlegare ettersom FN for første gong på fleire år hadde positiv likviditet på det regulære budsjettet. Dette kjem av at USA betalte inn USD 731 mill. til FN i 1999. Men medlemslanda skuldar enno FN over USD 2 mrd., og av dette skuldar USD 1,94 mrd. til fredsstryggjande operasjonar. Generalforsamlinga vedtok eit budsjett for 2000-2001 på USD 2536 mrd.

I omtalen av juridiske spørsmål vart det framheva at respekt for folkeretten og den internasjonale rettsordenen er grunnleggjande føresetnader i FN-pakta og i FNs institusjonelle system. Markeringa av avslutninga av FNs folkerettstiår (1990-1999) demonstrerte fornya vektlegging av verdien av folkeretten for å halde ved lag internasjonal fred og tryggleik, utvikling av fredelege relasjonar mellom statar og sikring av rammevilkår for menneskerettane og dei grunnleggjande fridomane. Skipinga av to internasjonale ad hoc-straffedomstolar for krigsbrotsverk og brotsverk mot menneska, samt vedtakinga av statuttane for Den internasjonale straffedomstolen (Roma-vedtektene), inneber store framsteg når det gjeld styrking av folkeretten gjennom internasjonal institusjonsbygging. Vidare har ein i folkerettstiåret fått skipa ein eigen havrettsdomstol, som ein del av det institusjonelle systemet under FNs havrettskonvensjon (HRK) av 1982. Ei styrking og utvikling av HRKs system som den overordna rettslege ramma for tiltak i marin sektor vil vere eit hovudomsyn frå norsk side også i det vidare arbeidet med havrettsspørsmål.