1. Samandrag

Det blir i proposisjonen fremja forslag om regulering av grunnbeløpet i folketrygda og om auka løyvingar på statsbudsjettet for 2000 som følgje av dette.

Det blir gjort greie for drøftingane mellom staten, Norsk Pensjonistforbund, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon og Landsorganisasjonen i Noreg. Drøftingsmøta om regulering av grunnbeløpet blei haldne 30. og 31. mai 2000.

Under drøftingane la organisasjonane fram eit felles krav om justering av grunnbeløpet med kr 250 per 1. mai 2000 for å dekke opp for avviket mellom utviklinga i grunnbeløpet og årslønn for alle grupper i 1999, og med kr 2 620(4,9 pst.) frå 1. mai 2000 ut frå retningslinene for regulering av grunnbeløpet og resultata i årets inntektsoppgjer for yrkesaktive. Organisasjonane krevde òg at partane skulle bli samde om ein opptrappingsplan for grunnbeløpet for å kompensere for tidlegare underregulering.

Gjennom drøftingane vart staten og organisasjonane samde om at grunnbeløpet vert auka med kr 2 140 med verking frå 1. mai 2000. Som en følgje av dette forslaget vil pensjonen for dei einslege minstepensjonistane auke med kr 3 828 i året. For eit minstepensjonistektepar vert auken i pensjonen kr 6 600 per år. Meirutgiftene for 2000 av auken i grunnbeløpet vert omlag 3 610 mill. kroner, inkludert reguleringa av statspensjonane per 1. mai 2000.

Tabellen nedanfor viser utviklinga i minstepensjonane og pensjonane for unge uføre frå 1. januar 1990 etter forslaget til pensjonsregulering.

Utvikling av minstepensjonane og pensjonane for unge uføre i perioden 01.01.90-30.04.01. Kroner.

Minstepensjon

Unge uføre fødde før 1941

Einslege

Ektepar

Pr. år

Pr. mnd

Pr. år

Pr. mnd

Pr. år

Pr. mnd

1.01.90-30.04.90

51 839

4 320

83 972

6 998

56 748

4 729

1.05.90-30.11.90

54 220

4 518

87 960

7 330

58 980

4 915

1.12.90-30.04.91

54 378

4 532

88 217

7 351

65 2901

5 4411

1.05.91-30.04.92

56 978

4 748

92 158

7 680

75 6882

6 3072

1.05.92-30.04.93

58 583

4 882

94 752

7 896

85 7753

7 1483

1.05.93-31.12.93

59 868

4 989

96 816

8 068

87 6484

7 3044

1.01.94-30.04.94

59 868

4 989

101 0885

8 4245

87 6484

7 3044

1.05.94-31.12.94

61 116

5 093

103 200

8 600

89 4844

7 4574

1.01.95-30.04.956

61 512

5 126

103 992

8 666

89 4844

7 4574

1.05.95-30.04.96

63 372

5 281

107 136

8 928

92 184

7 682

1.05.96-30.04.97

66 240

5 520

111 984

9 332

96 360

8 030

1.05.97-30.04.987

69 360

5 780

117 456

9 788

105 672

8 8018

1.05.98-30.04.999

81 360

6 780

140 040

11 670

112 752

9 396

1.05.99-30.04.00

84 204

7 017

144 912

12 076

116 676

9 723

1.05.00-30.04.0110

88 032

7 336

151 512

12 626

121 992

10 166

1 Frå 1.1.1991

2 Frå 1.1.1992

3 Frå 1.1.1993 (Pga. hevinga av aldersgrensa)

4 Fødde før 1943 (1.1.26-31.12.42)

5 Heving av sats for særtillegget for ektepar frå 01.01.94. Ny sats 2x60,5 pst. av grunnbeløpet, dvs. dobbelt av ordinær sats og ny minstesats.

6 Heving av særtilleggssatsen frå 01.01.95. Ordinær sats utgjorde 61,55 pst. av grunnbeløpet.

7 Heving av særtilleggssatsen frå 01.05.97. Ordinær sats utgjer 63,2 pst. av grunnbeløpet (minstesats 57,5 pst.).

8 Auking av garantert poengtall frå 3 til 3,3.

9 Heving av særtilleggssatsen frå 01.05.98. Ordinær sats utgjer 79,33 pst. av grunnbeløpet, medan minstesats utgjer 74 pst. av grunnbeløpet.

10 Med atterhald om vedtak i Stortinget.

Kjelde: Sosial- og helsedepartementet

Frå 1998 til 1999 auka grunnbeløpet og tilleggs­pensjonane med 4,5 pst. medan minstepensjonen for einslege auka med 7,6 pst. og for ektepar med 8,1 pst. Ifølgje Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera var lønsveksten frå 1998 til 1999 på om lag 4,9 pst. for alle grupper under eitt.

I Revidert nasjonalbudsjett 2000 er det lagt til grunn ein gjennomsnittleg vekst i løningane frå 1999 til 2000 på om lag 3 3/4pst. for alle grupper under eitt og ein prisvekst på 2,6 pst.

Årsgjennomsnittet for grunnbeløpet og tilleggspensjonane i folketrygda vil som følgje av reguleringane i fjor og i år auke med 4,2 pst. frå 1999 til 2000. Minstepensjonen vil auke med kr 3 828 til kr 88 032 for einslege og med kr 6 600 til kr 151 512 for ektepar per 1. mai 2000.

Det blir i proposisjonen gjort greie for dei særlege skattereglane for pensjonistar som i 2000 i hovudsak er ei vidareføring av skattereglane frå 1992.

Reguleringa har òg konsekvensar for krigs­pensjoneringa, og for 2000 blir det rekna med meirutgifter på 9 mill. kroner for krigspensjoneringa for militærpersonar og på 22 mill. kroner for krigspensjoneringa for heimestyrkepersonell og sivilpersonar. Krigspensjon blir samordna med pensjonar frå folketrygda. Det blir gjort framlegg om at løyvinga under kap. 660 Krigspensjonering aukar med 31 mill. kroner.

På bakgrunn av at avtalefesta pensjon og pensjonstrygda for sjømenn skal regulerast i høve til ytingane frå folketrygda, blir det gjort framlegg om at statstilskottet til avtalefesta pensjon (kap. 666) aukar med 13 mill. kroner, og at løyvinga til pensjonstrygda for sjømenn (kap. 664) aukar med 6 mill. kroner.

Det blir rekna med at det er eit meirbehov under attføringspengar på 128 mill. kroner grunna auken i grunnbeløpet. Det blir derfor foreslått at løyvinga for 2000 under kap. 2543 Ytingar til yrkesretta attføring post 70 Attføringspengar aukar med 128 mill. kroner.

Det blir i proposisjonen gjort greie for endringar i den sjablongutrekna levekostnadsfaktoren som blir nytta ved utrekning av attføringsstønad. Endra grunnbeløp og justering av levekostnadsfaktoren reknar ein med isolert sett vil medføre eit meirbehov på om lag 9 mill. kroner under løyvinga for attføringsstønad i 2000. På bakgrunn av dette blir løyvinga for 2000 under kap. 2543 Ytingar til yrkesretta attføring post 71 Attføringsstønad foreslått auka med 9 mill. kroner.