Avgjerd i EØS-komiteen nr. 43/2000
av 12. mai 2000, gjeld endring av vedlegg XVIII til EØS-avtala ved
innlemming av rådsdirektiv 99/70/EF om
mellombels tilsetjing. For Noreg sin del vart avgjerda i EØS-komiteen
teke med atterhald om Stortinget sitt samtykke då gjennomføringa
av direktivet i norsk rett vil krevje ei lovendring. Direktivet
vart vedteke i EU 28. juni 1999, og det tek til å gjelde
10. juli 2001.
Kommunal- og regionaldepartementet rår
til at Noreg godkjenner EU-direktivet. Utanriksdepartementet sluttar
seg til dette.
Direktivet er basert på ei rammeavtale
om mellombels tilsetjing av 18. mars 1999 mellom European Trade
Union Confederation (ETUC) (arbeidstakarorganisasjon) på den
eine sida, og Union of Industrial and Employers Confederations of
Europe (UNICE) og European Centre of Enterprises with Public Participation
(CEEP) (arbeidsgjevarorganisasjon for høvesvis private
og offentlege verksemder) på den andre sida.
Føremålet med direktivet er
for det første å setje rammer for bruken av gjentekne,
mellombels tilsetjingar. Vidare er målsetjinga å betre
vilkåra for mellombels tilsette ved m.a. å innføre
eit prinsipp om ikkje-diskriminering i høve til fast tilsette.
Samstundes skal det takast omsyn til at det trengst fleksibilitet
i arbeidslivet.
Direktivet er eit minimumsdirektiv, dvs. at
det ikkje kan nyttast som grunnlag for å gje mellombels
tilsette mindre gunstige ordningar enn dei allereie har etter nasjonal
lovgjeving. Derimot er det høve til å gje mellombels
tilsette betre vilkår enn det som følgjer av direktivteksta.
Alle mellombels tilsette er omfatta av direktivet,
med unntak av personar som er leigde ut frå vikarbyrå. Dette
tyder at direktivet også gjeld på sjøfartsområdet og
området til tenestemannslova.
Direktivet gjev tilgang til å velje
mellom gjennomføring av føresegnene i direktivet
ved avtaler mellom partane i arbeidslivet eller ved lover/forskrifter.
Hovudpunkta i direktivet er ei generell ikkje-diskrimineringsføresegn
som legg ned forbod mot diskriminering av mellombels tilsette (§ 4
i rammeavtala), i tillegg til eit krav om at det skal setjast rammer
for bruk av suksessiv, mellombels tilsetjing (§ 5 i rammeavtala).
På området til arbeidsmiljølova
stettar Noreg kjernedelen av direktivet gjennom føresegna
om mellombels tilsetjing i arbeidsmiljølova av 4. februar
1977 nr. 4 § 58 A. Hovudregelen i norsk rett er at mellombels tilsetjing
berre kan avtalast dersom typen arbeid tilseier det og arbeidet
skil seg frå det som vanlegvis vert utført i verksemda.
Føresegna svarar til § 5 bokstav a i rammeavtala,
som krev at det ligg føre "objektive grunnar" som forsvarar
bruk av mellombels tilsetjing. Etter Kommunal- og regionaldepartementet
sitt skjønn er føresegna i § 58 A i arbeidsmiljølova
strengare og gjev et betre vern for arbeidstakaren enn § 5
i rammeavtala då føresegna i arbeidsmiljølova
gjeld allereie fra inngåinga av den første tilsetjingskontrakten.
Føresegna i direktivet rettar seg som nemnt tidligare,
kun mot gjenteken inngåing av kontrakt.
Når det gjeld føresegna om
at mellombels tilsette skal verte informerte om kva ledige stillingar
som finst i verksemda, jf. § 6 nr. 1 i rammeavtala, har
arbeidsmiljølova pr. i dag inga tilsvarande føresegn.
Ei gjennomføring av direktivet krev at arbeidsmiljølova
vert endra ved at det vert teke inn ei føresegn i lova
som er i tråd med føresegna i direktivet. Kommunal-
og regionaldepartementet vil fremje ein eigen odelstingsproposisjon med
lovendringar på dette punktet.
Den generelle ikkje-diskrimineringsklausulen
har heller ikkje nokon direkte parallell i arbeidsmiljølova. Det
norske lovverket inneheld likevel ingen føresegner som
verkar diskriminerande med omsyn til mellombels tilsette. Kommunal-
og regionalministeren har bede partane i arbeidslivet om å sjå til
at også tariffavtalene stettar krava i direktivet på dette
punktet. Ettersom det i artikkel 2 i direktivet vert lagt opp til
at medlemsstatane kan velje om føresegnene i direktivet
skal gjennomførast ved lover/forskrifter eller
ved at partane i arbeidslivet ved avtale innarbeider dei føresegnene som
er naudsynte, skulle det ikkje vere naudsynt med ein eigen generell
ikkje-diskrimineringsklausul i norsk rett på det noverande
tidspunktet. Det er likevel ein føresetnad at partane i
arbeidslivet kjem fram til tilfredsstillande avtaler i medhald av
direktivet. Departementet vil følgje gjennomføringa
til partane og kontinuerleg vurdere om det er naudsynt å lovfeste
ein slik ikkje-diskrimineringsklausul.
Gjennomføringsfristen i EU for direktivet
er 19. juli 2000, men det vert opna for utsetjing i eitt år
dersom det ligg føre særlege vanskar eller dersom
iverksetjinga skal skje i form av ei tariffavtale.
Etter Arbeids- og administrasjonsdepartementet
sitt skjønn stettar tenestemannslova av 4. mars 1983 nr.
3 krava i direktivet slik at det ikkje er naudsynt med ei lovendring
på dette området.
På skipsfartsområdet trengst
det i utgangspunktet ikkje endringar i lover og forskrifter. Nærings-
og handelsministeren vil be partane i arbeidslivet innan skipsfartsnæringa
inngå avtaler som gjennomfører føresegnene
i direktivet på grunnlag av gjeldande lovgjeving. Det vil
også verte opplyst at dersom partane ikkje kjem fram til
slike avtaler, må det vurderast om det er naudsynt å endre
lover eller forskrifter for å sikre at krava i direktivet
vert stetta.
Den informasjonsføresegna som er nemnd
ovanfor krev ei endring av arbeidsmiljølova. Ut over dette
vil gjennomføringa av avgjerda i EØS-komiteen
ikkje få nemnande administrative og økonomiske
følgjer.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
lederen Berit Brørby, Aud Gaundal, Einar Johansen, Leif
Lund og Bjørnar Olsen, fra Fremskrittspartiet, Torbjørn
Andersen og Lodve Solholm, fra Kristelig Folkeparti, Anita Apelthun Sæle
og Ruth Stenersen, fra Høyre, Sverre J. Hoddevik og Erna
Solberg, fra Senterpartiet, Magnhild Meltveit Kleppa, og fra Sosialistisk
Venstreparti, Helge Bjørnsen, viser til at formålet
med direktivet er å begrense bruken av gjentatte, midlertidige
tilsettinger, og å bedre vilkårene for midlertidig
ansatte ved bl.a. å innføre et prinsipp om ikke-diskriminering
i forhold til fast ansatte. Samtidig skal det tas hensyn til fleksibilitet
i arbeidslivet.
Komiteenviser
videre til at direktivet er et minimumsdirektiv.
Komiteen har merket seg at det
er nødvendig med lovendring for å gi midlertidig
ansatte krav på informasjon om hvilke ledige stillinger
som finnes i bedriften, og at Kommunal- og regionaldepartementet
vil fremme en egen proposisjon om dette.
Komiteen understreker at partene
i arbeidslivet må se til at tariffavtalene oppfyller direktivets
krav om ikke-diskriminering av midlertidig ansatte, selv om direktivets
ikke-diskrimineringsklausul ikke har noen direkte parallell i arbeidsmiljøloven.
Dersom dette ikke gjennomføres tilfredsstillende, mener komiteen det vil
være naturlig å komme tilbake med forslag om eventuelle
lovendringer. Det samme gjelder for skipsfartsområdet.
Komiteens utkast til
innstilling ble 26. oktober 2000 oversendt utenrikskomiteen til
uttalelse. Utenrikskomiteen uttaler følgende i brev av
1. november 2000:
"Under henvisning til kommunalkomiteens brev av 26.
oktober 2000 meddeles at utenrikskomiteen ikke har merknader til
ovennevnte utkast til innstilling."
Komiteen har ellers
ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget
til å gjøre slikt
vedtak:
Stortinget samtykker til godkjenning av avgjerd
i EØS-komiteen nr. 43/2000 av 12. mai 2000 om
endring av vedlegg XVIII til EØS-avtala (Direktiv om mellombels
tilsetjing).
Oslo, i kommunalkomiteen, den 2. november 2000
Berit Brørby
leder |
Aud Gaundal
ordfører |
Erna Solberg
sekretær |