EØS-komiteen tok 31. juli 2000 avgjerd
om å innlemme europaparlaments- og rådsdirektiv
1999/93/EF av 13. desember 1999 om en fellesskapsramme
for elektroniske signaturer i vedlegg XI til EØS-avtala (telekommunikasjonstenester).
Bakgrunnen for direktivet er at utviklinga av
elektronisk handel over opne globale nett gjer det naudsynt med
eit harmonisert rammeverk for bruk av elektroniske signaturar.
Avgjerda i EØS-komiteen vart frå norsk
side teken med atterhald om samtykke frå Stortinget, ettersom gjennomføringa
i norsk rett gjer det naudsynt med lovendring, jf. Grunnloven § 26
andre leddet. Nærings- og handelsdepartementet vil fremje
ein eigen odeltingsproposisjon med framlegg til ei ny lov som vil
gjennomføre direktivet i norsk rett.
Etter direktivet er ein elektronisk signatur
ein kommunisert elektronisk signatur som identifiserer kven som
sender ei elektronisk melding, på same måte som ein
handskriven signatur identifiserer avsendaren ved papirbasert kommunikasjon.
Signaturen vert utferda samen med eit sertifikat som knyter underteiknaren
sin identitet til signaturen. Utferdaren av sertifikata går god
for koplinga mellom signaturen og ein fastsett identitet. Direktivet
regulerer i første rekkje verksemda til slike utferdarar
av sertifikattenester. Statane må ikkje førehandsgodkjenne
slike tilbydarar, men skal skipe eit system som gjer det mogleg å føre
tilsyn med verksemda deira.
Det er i dag inga eiga regulering av bruken
av elektroniske signaturar og tilhøyrande tenester i norsk
rett. I fleire samanhengar har det likevel vore etterlyst lovregulering
som skal leggje til rette for at elektronisk kommunikasjon og bruk
av nett som infrastruktur for samhandling skal verte like akseptert,
tillitvekkjande og ha same juridiske truverd som tradisjonell skriftleg kommunikasjon
og dokumentasjon.
Direktivet vil medverke til at tilliten til
marknaden og tilliten til bruk av elektroniske signaturar i samfunnet
aukar. Dette kan igjen medverke til at signaturteknologi vert teken
i bruk på brei basis.
Nærings- og handelsdepartementet rår
til at avgjerda i EØS-komiteen om å ta direktivet
om elektroniske signaturar inn i EØS-avtala vert godkjend.
Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Erling Brandsnes, Gunnar Breimo, Mimmi Bæivi, Karin Kjølmoen,
Kjell Opseth og Rita Tveiten, frå Framstegspartiet, Øystein
Hedstrøm og Terje Knudsen, frå Kristeleg Folkeparti,
Randi Karlstrøm og Jon Lilletun, frå Høgre, Ansgar
Gabrielsen og Ivar Kristiansen, frå Senterpartiet, leiaren
Morten Lund, og frå Venstre, Leif Helge Kongshaug, meiner
det er naudsynt å få eit harmonisert rammeverk for
bruk av elektroniske signaturar og har elles ikkje merknader.
Utkastet til innstilling frå komiteen
vart 3. november 2000 sendt utanrikskomiteen til uttale. Utanrikskomiteen
svara i brev dagsett 15. november 2000 at den ikkje hadde merknader
til utkastet til innstilling.
Komiteen har elles
ingen merknader, syner til proposisjonen og rår Stortinget
til å gjere slikt
vedtak:
Stortinget samtykkjer i godkjenning av avgjerd
nr. 66/2000 av 31. juli 2000 i EØS-komiteen om
endring av vedlegg XI til EØS-avtala (telekommunikasjonstenester),
i samsvar med eit framlagt forslag i St.prp. nr. 86 (1999-2000).
Oslo, i næringskomiteen, den 21. november 2000
Morten Lund
leiar |
Erling Brandsnes
ordførar |
Kjell Opseth
sekretær |