1. Sammendrag

I proposisjonen legg Nærings- og handelsdepartementet fram endringsforslag på statsbudsjettet for 2000.

Frå og med 2000 skal den norske medlemskapen i Den europeiske organisasjon for romverksemd betalast i EURO. I løyvinga for 2000 har ein lagt til grunn ein høgare venta EURO-kurs enn faktisk kurs på innbetalingstidspunktet. På statsbudsjettet for 2000 gjer departementet derfor framlegg om å redusere løyvinga under kap. 922 Norsk Romsenter, post 70 Tilskot, kan overførast, med 8,8 mill. kroner, frå 240,3 til 231,5 mill. kroner.

Endringar i talet på sjøfolk på norske skip som kjem inn under refusjonsordninga for sysselsetting av sjøfolk eller endringar i hyrenivået, kan føre til at dei faktiske utbetalingane blir lågare eller høgre. Utbetalingane for dei fire første terminane i 2000 viser ein reduksjon i utbetalingane i forhold til tidlegare år. På statsbudsjettet for 2000 gjer departementet derfor framlegg om å redusere løyvinga under kap. 943 Tilskot til sysselsetting av sjøfolk, post 70 Tilskot, overslagsløyving med 10 mill. kroner, frå 330 til 320 mill. kroner.

I St.prp. nr. 1 for 2000-2001 la departementet til grunn at ein ville gjere framlegg om nødvendige løyvingar til NOAH AS på statsbudsjettet for 2000 knytt til dei disposisjonane som vart vedteke på den ekstraordinære generalforsamlinga i september 1999. Så vel utvidinga som nedskrivinga av aksjekapitalen er foretatt i kapitalrekneskapen for 1999. Det vil derfor ikkje vere naudsynt å gjere framlegg om løyvingar under kap. 945 NOAH AS, på statsbudsjettet 2000.

Det er gitt ei statleg ramme på 220 mill. kroner for miljøtiltak på tomta til tidlegare Norsk Koksverk i Mo i Rana. Garantien gjeld utgifter til oppreinsking og andre miljøtiltak som blir gjennomført etter pålegg frå Statens forureiningstilsyn (SFT). Ved utgangen av 1999 var det samla utbetalt om lag 215 mill. kroner under ordninga. Departementet reknar med at det i 2000 vil bli utbetalt inntil 4,7 mill. kroner under miljøgarantien, slik at samla utbetaling maksimalt vil vere 219,7 mill. kroner pr. 31. desember 2000. På dette grunnlag gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om ei løyving på 4,7 mill. kroner som refusjon for utførte miljøtiltak på statsbudsjettet for 2000.

På statsbudsjettet for 1991 fekk departementet fullmakt til å garantere for at Norsk Jern Eiendom A/S (NJE) skulle haldast skadeslaus for eventuelle framtidige kostnader som følgje av pålegg frå SFT. Garantien på 10 mill. kroner vart forlenga med uendra ramme fram til 31. desember 2000 i statsbudsjettet for 1999. Ved utgangen av 1999 var det samla utbetalt om lag 2,7 mill. kroner under refusjonsordninga. Departementet reknar med at det i 2000 vil bli utbetalt ca. kr 300 000 under miljøgarantien, slik at samla utbetaling maksimalt vil vere nær 3 mill. kroner pr. 31. desember 2000. Departementet gjer framlegg om ei løyving på kr 300 000 som refusjon for utførte miljøtiltak på statsbudsjettet for 2000. Oppreinskingsarbeidet har teke lengre tid enn tidlegare rekna med. Departementet foreslår derfor å forlenge garantien med uendra ramme fram til 31. desember 2002.

Staten utbetalte 230 mill. kroner til Raufoss ASA for deira eigardel på 45 pst. i det nordiske ammunisjonsselskapet Nammo AS og kravde samstundes eit prisavslag på 10 mill. kroner grunna forhold som kom fram under "due diligence" gjennomgangen. Fordi spørsmålet om avslag i pris for aksjekjøpet ikkje er endeleg klårgjort, kan heile eller delar av restbeløpet på 10 mill. kroner måtte utbetalast til Raufoss ASA i 2001. Departementet gjer framlegg om at løyvinga under kap. 960 Raufoss ASA, post 90 Kjøp av aksjar i Nammo AS, vert gjort overførbar.

Som eit endelig sluttoppgjer frå staten si side til Sør-Varanger kommune for salet av Sydvaranger ASA foreslår regjeringa ei tilsegnsramme på 120 mill. kroner til ekstraordinære tiltak i Sør-Varanger kommune. Med dette vil staten si økonomiske forplikting i samband med salet av Sydvaranger ASA vere avslutta. Det vert gjort framlegg om å løyve 20 mill. kroner som omstillingstilskot til Sør-Varanger kommune og om ei tilsegnsfullmakt på 100 mill. kroner på statsbudsjettet for 2000.

Som varsla i St.prp. nr. 1 (2000-2001) viser tal frå Eksportfinans at tidlegare årgangar (1995-1999) vil få ei underdekking på om lag 150 mill. kroner. Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga til skipsfinansieringsstøtte med 150 mill. kroner, frå 687,5 til 837,5 mill. kroner på statsbudsjettet for 2000.

I proposisjonen vert gjort framlegg om at meirinntekta på 3,1 mill. kroner ved sal av lager av sukker og metall vert nytta til å styrke nødproviantlager i tråd med målsettinga for departementet sitt arbeid med beredskap. I tillegg vil det vere aktuelt å omdisponere middel til prosjektarbeid tilknytta arbeidet med å analysere forsyningssituasjonen i Nord-Noreg. På dette grunnlag er det gjort framlegg om å auke løyvinga til driftsutgifter under kap. 990 Industri- og forsyningsberedskap med 3,1 mill. kroner, frå 8,06 til 11,16 mill. kroner mot tilsvarande meirinntekter, jf. omtale under kap. 3990. På same grunnlag foreslås å auke salsinntektene under kap. 3990 Industri- og forsyningsberedskap med 3,1 mill. kroner, frå 1,6 til 4,7 mill. kroner.

Samanlikna med saldert budsjett for 2000 gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga til innlån til Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) si risikolåneordning med 815 mill. kroner, frå 5,6 til 6,415 mrd. kroner. Løyvinga til innlån til grunnfinansierings- og lågrisikolåneordninga reduserast med 8 mrd. kroner, frå 27 til 19 mrd. kroner. Departementet gjer vidare framlegg om å auke løyvinga til avdrag frå SND si risikolåneordning under kap. 5320, post 91 med 885 mill. kroner, frå 5,55 til 6,435 mrd. kroner. Løyvinga til avdrag frå grunnfinansierings- og lågrisikolåneordninga under kap. 5320, post 93 reduserast med 8 mrd. kroner, frå 27 til 19 mrd. kroner. Som følgje av at faktiske rentesatsar og renteinnbetalingar hittil i året har vore høgare enn tidlegare forutsatt og på grunnlag av prognosar for resten av året gjer departementet framlegg om at renteinntekta frå innlån til risikolåneordninga under kap. 5620, post 81 aukast med 10 mill. kroner, frå 140 til 150 mill. kroner. Vidare kan renteinntektene frå innlån til grunnfinansierings- og lågrisikolåneordninga under kap. 5620, post 86 aukast med 16 mill. kroner, frå 360 til 376 mill. kroner.