Samandrag
EØS-komitéavgjerd nr. 80/99 av 25. juni 1999 inneber at rådsdirektiv 98/49/EF om trygging av rettane til supplerande pensjon for arbeidstakarar og sjølvstendig næringsdrivande som flyttar innanfor Fellesskapet, vert lagt inn under EØS-avtala.
Vedlegg VI til EØS-avtala handlar om trygd, og inneheld m.a. forordningar som er vedtekne med sikte på å verne rettane til trygdeytingar for arbeidstakarar som flyttar innanfor Fellesskapet, og for familiane deira, jf. rådsforordning (EØF) nr. 1408/71 av 14. juni 1971 og rådsforordning (EØF) nr. 574/72 av 21. mars 1972. Desse forordningane gjeld berre lovfesta pensjonsordningar, og den fastsette samordninga omfattar såleis ikkje supplerande pensjonsordningar, med unntak av ordningar som fell inn under uttrykket "lovgjeving", jf. rådsforordning (EØF) nr. 1408/71, artikkel 1 bokstav j, første leddet.
Innføringa av eit direktiv som vernar rettane til medlemmer av supplerande pensjonsordningar som flyttar frå ein medlemsstat til ein annan, utfyller det eksisterande regelverket og er eit ledd i prosessen med å fjerne hindringar for fri rørsle av arbeidstakarar og sjølvstendig næringsdrivande innan Fellesskapet. Direktivet om supplerande pensjonsrettar vart vedteke i EU 29. juni 1998. Fristen for gjennomføring i nasjonalt regelverk er 25. juli 2001.
Gjennomføring av rådsdirektiv 98/49/EF i norsk rett gjer lovendring nødvendig, jf. pkt. 4 i proposisjonen. Avgjerda i EØS-komiteen av 25. juni 1999 om å innlemme direktivet i EØS-avtala, blei for Noregs vedkommande difor gjort med atterhald om Stortingets samtykke.
Avgjerda til EØS-komiteen og direktivet i norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.
Direktivet er gjort gjeldande for pensjonsrettar i form av alders-, uføre- og attlevandepensjon som er opparbeidd i frivillige eller pliktige supplerande pensjonsordningar. I utgangspunktet femner direktivet om arbeidsrelaterte pensjonsordningar som er skipa i samsvar med nasjonal lovgjeving og praksis, og har som føremål å sikre eit supplement til, eller erstatning for, lovpålagde tryggingsordningar. For å unngå dobbeltregulering er det gjort unntak for ordningar som høyrer inn under forordning (EØF) nr. 1408/71.
Direktivet inneber m.a. at eventuelle krav om vidareføring av opptente pensjonsrettar ved eit opphald i innbetalingane til pensjonsordninga skal vurderast likt, uavhengig av om pensjonstakaren vert verande i den same medlemsstaten eller flyttar til ein annan EØS-stat, jf. artikkel 4. Medlemsstatane skal sikre at pensjonsytingar, med frådrag av eventuelle skattar og transaksjonskostnader, kan utbetalast i andre EØS-statar enn der pensjonsordninga er etablert, jf. artikkel 5. Vidare må det vere mogleg at ein arbeidstakar som er mellombels utplassert i ein annan EØS-stat for sin vanlege arbeidsgjevar, framleis kan stå som medlem i ei supplerande pensjonsordning som er skipa i heimlandet. Innskot til slike supplerande pensjonsordningar i heimlandet skal gje unntak for ei eventuell plikt til å betale innskot til supplerande pensjonsordning i den andre medlemsstaten, jf. artikkel 6. Direktivet forpliktar også medlemsstatane til å gjere tiltak for at arbeidsgjevaren og ansvarlege forvaltarar gjev pensjonstakarar tilstrekkeleg informasjon om kva pensjonsrettar og tilgjengelege val dei har under ordninga ved flytting til ein annan medlemsstat, jf. artikkel 7.
Direktivet påverkar ikkje lovgjevinga til medlemsstatane om kollektive tiltak til trygging av yrkesin-teresser.
Det er i proposisjonen gjort nærare greie for avgjerda til EØS-komiteen og for tilhøvet til norsk rett og vurdering i høve til EØS-avtala.
Finansdepartementet legg til grunn at EØS-reglane som svarar til direktivet vil bli stetta ved vedtaking av lov- og forskriftsføresegner som nemnt i punkt 4 i proposisjonen. EØS-reglane som svarar til direktivet vil krevje ei regulering av supplerande pensjonsordningar som i dag ikkje er lovregulerte. Det krevst difor ein heimel i lov for dette.
Ein ventar ikkje at gjennomføringa av avgjerda vil gje administrative og økonomiske konsekvensar av særleg omfang. Etter Finansdepartementet si vurdering vil mellom anna reglane i direktivet om krav til informasjon kunne innebere enkelte kostnader for arbeidsgjevarar og ansvarlege forvaltarar av supplerande pensjonsordningar. Sidan det allereie er nedfelt informasjonskrav i norsk rett som omtalt under punkt 4, ventar ein at verknaden av kravet i direktivet på dette området har liten økonomisk effekt.
Kredittilsynet har tilsyn med finansinstitusjonar, mellom anna forsikringsselskap, pensjonskasser, bank og verdipapirfond. Det er vidare nedfelt i lov at Kredittilsynet fører tilsyn med pensjonsordningar oppretta i medhald av lov om føretakspensjon og lov om innskotspensjon. Det vert lagt til grunn at direktivet ikkje vil innebere meirarbeid for Kredittilsynet av særleg omfang.
Etter Finansdepartementet sitt syn vil direktivet støtte opp under utforminga av ein meir fleksibel arbeidsmarknad innan EØS-området. Departementet stiller seg positivt til eit regelverk som vernar om rettane til supplerande pensjonar, og såleis medverkar til å fremje flyten av arbeidskraft innan EØS-området. Finansdepartementet tilrår at Noreg godkjenner vedtaket i EØS-komiteen om endring av vedlegg VI om trygd i EØS-avtala. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.