Brev fra Utenriksdepartementet v/Thorbjørn Jagland til stortingsrepresentant Kjell Opseth, datert 6. desember 2000

Eg viser til brev datert 5. desember 2000 om handsaminga av st. prp. nr. 12 (2000-2001) i Stortinget. I brevet ditt spør du når det er ønskeleg at Næringskomiteen gjev frå seg innstillinga si i saka, og om når saka bør vere vedteken i Stortinget.

Under det førre EØS-komitémøtet (21.11.00) gav Kommisjonen uttrykk for at eit utkast til avgjerd i EØS-komiteen om dei tre tilsetjingsstoffdirektiva vart venta å liggje føre før møtet i EØS-komiteen 15. desember d.å. Det vart vist til at direktiva i utgangspunktet skulle ha vore tekne inn i EØS-avtala for 5-6 år sidan, og at tålmodet til EU alt var strekt svært langt. Frå EFTA si side vart det streka under at ein tok sikte på å leggje fram utkast til avgjerd i EØS-komiteen så snart som råd, men at ein p.g.a. handsaming i Stortinget i Noreg ikkje kunne love å leggje fram ein formell EFTA-posisjon innan 15. desember d.å. Det vart likevel streka under at utkastet i alle høve ville verte overlevert tidleg på nyåret 2001.

Ut frå det førnemnde er det ønskeleg om Stortinget har handsama saka ferdig så snøgt som råd. Eg forstår at det vil kunne vere vanskeleg å fullføre handsaminga i Stortinget innan neste EØS-komitémøte 15. desember. I den situasjonen som ligg føre, ser eg det som svært viktig at vi på møtet 15. desember kan melde frå til Kommisjonen at innstillinga frå Næringskomiteen ligg føre, og at utkast til avgjerd i EØS-komiten vil vere overlevert innan møtet i EØS-komiteen 26. januar 2001. I praksis vil plenumshandsaminga i Stortinget då måtte finne stad seinast i veke 3 neste år. Då er det teke atterhald for at vi vil måtte klarere saka internt på EFTA-sida gjennom skriftleg prosedyre før det kan leggjast fram ein formell EFTA-posisjon.