Innstilling frå sosialkomiteen om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om deltaking for EFTA/EØS-statane i dei lengde delprogramma innanfor EU-programmet for folkehelse (2001-2002)

Til Stortinget

Samandrag

EU-programmet for folkehelse omfattar i alt åtte delprogram i tillegg til eit eige nettverk for overvaking av smittsame sjukdommar. Seks av desse programma går ut før det tidspunktet ein reknar med at det nye EU-programmet for folkehelse vil ta til å gjelde, truleg frå 1. januar 2003. Noreg er alt med i dette samarbeidet, og det blir uttala at det difor er ønskeleg å ta del i lenginga av dei eksisterande seks programma inntil det nye folkehelseprogrammet tek til å gjelde. Den norske deltakinga i desse programma går ut dels 31. desember 2000 og dels 31. desember 2001.

Utkastet til avgjerd i EØS-komiteen gjeld endring av protokoll 31 til EØS-avtala ved lenging av følgjande handlingsprogram:

  • – Handlingsprogrammet for helsefremjande tiltak, helseopplysning, helseutdanning og helseopplæring

  • – Handlingsprogrammet for kampen mot kreft

  • – Handlingsprogrammet for førebygging av AIDS og visse andre smittsame sjukdommar

  • – Handlingsprogrammet for førebygging av narkotikavanebruk

  • – Handlingsprogrammet for helseovervaking

  • – Handlingsprogrammet for forureiningsbetinga sjukdommar

Norsk deltaking i lenginga av desse programma gjer det naudsynt med løyvingsvedtak og samtykke frå Stortinget til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen.

Det blir i proposisjonen kort gjort nærmare greie for dei einskilde handlingsprogramma.

Sidan den norske deltakinga vil bli finansiert over ei tidsramme på to år, må Stortinget gje samtykke til deltaking i avgjerda i EØS-komiteen.

For å hindre at Noreg seinkar iverksetjinga av avgjerda og gjere det mogleg for EFTA/EØS-statane å ta del i programmet så tidleg som råd, gjer Regjeringa framlegg om at Stortinget gjev sitt samtykke før avgjerda er teken i EØS-komiteen, som eit samtykke til deltaking i avgjerda i EØS-komiteen. Då vil det ikkje vere naudsynt å ta noko atterhald for konstitusjonelle prosedyrar ved vedtakinga.

Det er i venta at avgjerda i EØS-komiteen vert teken i møtet til komiteen 30. mars 2001, men datoen kan verte endra. Det er ikkje venta at utkastet til avgjerd i EØS-komiteen vil verte endra. Dersom den endelege avgjerda skil seg vesentleg frå det utkastet som vert lagt fram i denne proposisjonen, vil saka verte lagt fram for Stortinget på nytt.

Lenginga av dei seks delprogramma har eit samla budsjett på 79,1 mill. euro for åra 2001 og 2002. Dette inneber berre ei årleg prisjustering i høve til dei noverande budsjetta for delprogramma. Sosial- og helsedepartementet dekkjer utgiftene til norsk deltaking i delprogramma over kap. 719 post 21 og over kap. 614 post 21 for narkotikaprogrammet. Utrekninga finn stad på etterskot, og vil for 2000 vere om lag 5,2 mill. kroner til saman for dei seks delprogramma. Ved medlemskap i alle delprogramma for heile året vil utgiftene kome opp i om lag 6,5 mill. kroner i 2001 og 2002.

Sosial- og helsedepartementet har utnemnt representantar til programstyra for delprogramma, og oppnemnt ei eiga referansegruppe for arbeidet nasjonalt som fungerer som mellomledd til norske fagmiljø. Det er òg utnemnt ei eiga arbeidsgruppe for folkehelseprogramma, som har jamlege møte med Kommisjonen. Denne gruppa vert no leidd av Island.

Det blir uttala at det har synt seg at utveksling av røynsler med EU og medverknad i EU-finansierte prosjekt under desse programma har tilført norske miljø nyttig informasjon.

Sosial- og helsedepartementet rår til at Noreg tek del i dei lengde delprogramma innanfor EU-programmet for folkehelse, og Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.

Uttale frå utanrikskomiteen

Utkast til innstilling er sendt over til utanrikskomiteen til uttale. I brev dagsett 27. februar 2001 uttalar utanrikskomiteen:

"Under henvisning til komiteens brev av 22. februar meddeles at utenrikskomiteen ikke har merknader til nevnte utkast til innstilling."

Tilråding frå komiteen

Komiteen har ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

Stortinget samtykker i at Noreg tek del i ei avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 31 i EØS-avtalen om deltaking for EFTA/EØS-statane i dei lengde delprogramma innanfor EU-programmet for folkehelse (2001-2002).

Oslo, i sosialkomiteen, den 27. februar 2001

John I. Alvheim

leiar

Annelise Høegh

ordførar

Are Næss

sekretær