Innstilling frå energi- og miljøkomiteen om sal av 22,9 pst. av Hofsfoss kraftverk i Ringerike kommune

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 219 (2000-2001)
  • Kildedok: St.prp. nr. 60 (2000-2001)
  • Dato: 02.05.2001
  • Utgiver: Energi- og miljøkomiteen
  • Sidetall: 2

Til Stortinget

Samandrag

Olje- og energidepartementet viser i proposisjonen til at AS Follum Fabrikker fekk løyve til å tileigna seg 22,9 pst. av fallrettane i Hofsfossen i Begnavassdraget i Ringerike kommune i Buskerud ved kongeleg resolusjon av 15. desember 1950. Løyvet vart gitt for 50 år med heimfall til staten 15. desember 2000. AS Follum Fabrikker har seinare fusjonert med Norske Skogindustrier ASA (Norske Skog). Hofsfoss kraftverk er eit elvekraftverk 100 pst. eigd av Norske Skog. I følgje Norske Skog har kraftverket ein gjennomsnittleg produksjon på 153 GWh/år.

Olje- og energidepartementet inngjekk avtale med Norske Skog 14. desember 2000 om heimfall og tilbakesal av 22,9 pst. av Hofsfoss kraftverk for 42 mill. kroner.

Gjennomføringa av kontrakten har gjort det naudsynt for Norske Skog å søkje om ny konsesjon etter industrikonsesjonslova for erverv av 22,9 pst. av vassfallet. Konsesjon vert gjeven av Kongen for nye 50 år med vilkår ut frå dei reglar som gjeld i dag, mellom anna om nytt heimfall til staten.

Olje- og energidepartementet har fått ein ekstern og uavhengig konsulent til å fastsetje ein marknadspris på 22,9 pst. av kraftverket slik at det i ettertid ikkje oppstår tvil med omsyn til om det er gitt konkurransevridande statsstøtte i strid med EØS-avtala. Denne prisen var grunnlaget i forhandlingane med Norske Skog.

Salssummen vart inntektsført i statsrekneskapen for 2000 under kap. 4826 Hjemfalte anlegg post 3 Salgsinntekter.

I samanheng med framlegg om sal av 22,9 pst. av Hofsfoss kraftverk til Norske Skog skal Ringerike kommune få N av salssummen. Dette utgjer 14 mill. kroner. Olje- og energidepartementet rår difor til at 14 mill. kroner vert løyvd under nytt kap. 1826 Hjemfalte anlegg post 60 Overføring til kommunale næringsfond.

Tilråding frå komiteen

Komiteen har ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

I

I statsbudsjettet for 2001 blir det gjort følgjande endring:

Kap.

Post

Formål:

Kroner

1826 (nytt)

Hjemfalte anlegg

60

Overføring til kommunale næringsfond, bevilges med

14 000 000

II

Stortinget samtykkjer i avtale mellom staten ved Olje- og energidepartementet og Norske Skogindustrier ASA om heimfall og tilbakesal av 22,9 pst. av Hofsfoss kraftverk.

Oslo, i energi- og miljøkomiteen, den 2. mai 2001

Tore Nordtun

leiar

Bror Yngve Rahm

ordførar

Aud Blattmann

sekretær