Innstilling fra utenrikskomiteen om samtykke til ratifikasjon av valfri protokoll av 25. mai 2000 om sal av barn, barneprostitusjon og barnepornografi, til FNs konvensjon av 20. november 1989 om rettane til barnet

Til Stortinget

Sammendrag

Den valfrie protokollen om sal av barn, barneprostitusjon og barnepornografi, til FNs barnekonvensjon av 20. november 1989 blei vedteken 25. mai 2000 av Generalforsamlinga i FN. Protokollen blei underteikna av Noreg 13. juni 2000. Per mars 2001 har 72 statar underteikna han, medan to statar har ratifisert han.

Barnekonvensjonen sikrar barn rettar på ei rekkje område, og fastset m.a. prinsippet om at det som er til beste for barnet skal vere det primære omsynet i alle saker som gjeld barn. Med "barn" meiner ein i konvensjonen alle personar under 18 år, med mindre nasjonal lovgjeving set ein lågare myndigrettsalder. I dag er Barnekonvensjonen den menneskerettskonvensjonen som har størst tilslutnad, med 191 partar. Noreg ratifiserte Barnekonvensjonen 8. januar 1991.

Barnekonvensjonen inneheld fleire føresegner som skal verne barn mot å bli utnytta, medrekna artikkel 34 om at statane pliktar å verne barn mot seksuell utnytting. Den valfrie protokollen inneber ei styrking av Barnekonvensjonen, særleg fordi han pålegg statane å gjere ei lang rekkje handlingar som er knytte til sal av barn, barneprostitusjon og barnepornografi, straffbare i lovgjevinga. Protokollen definerer desse handlingane. Behovet for å styrkje det internasjonale samarbeidet, medrekna i form av gjensidig rettsleg hjelp, blir framheva. Statspartane skal rapportere til FNs barnekomité om gjennomføringa av pliktene etter protokollen. Ein syner elles til proposisjonen når det gjeld merknader til dei einskilde artiklane i protokollen.

Den valfrie protokollen om sal av barn, barneprostitusjon og barnepornografi må sjåast som eit viktig tiltak for å styrkje barn sine menneskerettar. Barn sine rettar blir prioriterte høgt både på nasjonalt plan og i det internasjonale engasjementet til Noreg for vern av menneskerettane. Det er viktig at Noreg støttar kampen mot seksuell og anna utnytting av barn ved å ratifisere protokollen så snart som råd. Norsk ratifikasjon av protokollen vil vere eit ledd i den norske innsatsen på dette feltet.

Det blir lagt til grunn at gjennomføringa av protokollen i norsk rett ikkje gjer det naudsynt med lovendringar og heller ikkje medfører særlege økonomiske eller administrative konsekvensar.

Komiteens merknader

Komiteen vil understreke at kampen mot salg av barn, barneprostitusjon og barnepornografi må bygges på samarbeid og være av internasjonal karakter. Det er viktig å bekjempe rekruttering av barn til barneprostitusjon og produksjon av barneporno. Men komiteen vil også peke på det behov for hjelp og rehabilitering som offer for ufrivillig prostitusjon har, og vil understreke det ansvar Norge har for en beredskap i forhold til dette.

Komiteens tilråding

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

Stortinget gir samtykke til ratifikasjon av valfri protokoll av 25. mai 2000 om sal av barn, barneprostitusjon og barnepornografi, til FNs konvensjon av 20. november 1989 om rettane til barnet.

Oslo, i utenrikskomiteen, den 2. mai 2001

Einar Steensnæs

leder

Lisbet Rugtvedt

ordfører

Haakon Blankenborg

sekretær