Innstilling fra næringskomiteen om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om deltaking for EFTA/EØS-statane i fellesskapsprogrammet for å fremje europeisk digitalt innhald i globale nett (eContent)

Til Stortinget

Sammendrag

I proposisjonen vert Stortinget bede om å gje sitt samtykke til ei avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridommane. Endringa gjeld innlemming av EU-programmet eContent i EØS-avtala. Norsk deltaking i programmet krev eit eige budsjettvedtak, og difor er det naudsynt med samtykke frå Stortinget til deltakinga i avgjerda.

Noreg har gjennom EØS-avtala teke del i dei to føregåande EU-programma INFO2000 (1996-1999) og MLIS (Multilingual Information Society) (1997-1999). Frå 1. januar 2001 vart det nye programmet eContent skipa. eContent er eit fleirårig program (2001-2004) som tek sikte på å vidareføre dei føregåande programma som hadde som hovudmål å fremje språkleg mangfald innanfor EU og EØS-området, og på å stimulere europeiske informasjonsprodusentar til å utvikle og ta i bruk nye multimedieprodukt og -tenester. Programmet eContent skal vidare skape gunstige vilkår for næringsutvikling, utfylle andre igangverande initia­tiv innanfor EU, og må sjåast i samanheng med m.a. det femte rammeprogrammet for forsking og utvikling, rammeprogrammet for kultur, medieprogramma, utdanningstiltaka, tiltak for små og mellomstore føretak og handlingsplanen eEurope.

Det vert vektlagt at tiltak med omsyn til informasjonsinnhald bør ta omsyn til det fleirspåklege og fleirkulturelle særpreget i EU og at tilbod om innhald på ulike språk mellom anna medverkar til å gje borgarane lik tilgang til informasjonssamfunnet. Aktivitetane innanfor programmet har små og mellomstore føretak som målgruppe, og er konsentrerte rundt følgjande tre tiltaksområde:

  • – Tiltak for å betre tilgangen til og bruken av informasjon i offentleg sektor.

  • – Utvikle ein europeisk massemarknad for digitale innhaldsprodukt og -tenester ved å fremje digital innhaldsproduksjon i eit fleirspråkleg og fleirkulturelt miljø.

  • – Auke tilgangen til kapital for å stimulere den europeiske marknaden for digitalt innhald.

Programmet skal òg styrkje konkurranseevna og skape betre vilkår på marknaden for europeiske innhalds- og språkføretak, og såleis auke det fleir­språklege og fleirkulturelle nærværet til Europa på verdsomspennande nett.

EU-kommisjonen skal, med hjelp frå ein eigen komité, ha ansvaret for gjennomføringa av programmet og for samordninga med andre fellesskapsprogram. Sekretariatet for den norske oppfølginga vil førebels verta lagt til Nærings- og handelsdepartementet. Innanfor ramma av eContent-programmet vil to nasjonale ekspertar frå EFTA/EØS-statane vere knytte til EU-kommisjonen. Ekspertane kjem frå Noreg, og vil venteleg verte tilsette våren 2001.

Den norske deltakinga krev løyvingar over fire år. Stortinget må difor gje samtykke til deltaking i avgjerda i EØS-komiteen. Ei avgjerd her kan ikkje setjast i verk for alle EØS-statane i EFTA før alle naudsynte meldingar er mottekne om at dei konstitusjonelle prosedyrane er gjennomførde. Regjeringa meiner det er viktig å sikre at EFTA/EØS-statane kan ta del i programmet så tidleg som råd. Regjeringa gjer difor framlegg om at Stortinget gjev samtykke til deltaking i utkast til avgjerd i EØS-komiteen før avgjerda vert teken. Dersom den endelege avgjerda skil seg vesentleg frå det utkastet som følgjer med proposisjonen, vil saka verte lagd fram for Stortinget på nytt.

Noreg vil plikte seg til å gje finansiell støtte på om lag 1,8 mill. euro eller 15 mill. kroner. I tillegg kjem nasjonale ekspertar og andre administrative kostnader, tilsvarande om lag 310 000 euro eller 2,6 mill. kroner pr. år. Det vil òg påløpe utgifter til nasjonal oppfølging. Totale årlege kostnader knytte til programmet utgjer om lag 7,7 mill. kroner. For 2001 er det sett av midler til prosjekt på Nærings- og handelsdepartementet sitt budsjett.

Utbygginga av breiband og samansmelting av tele-, data- og mediesektorane opnar for ny produkt- og tenesteutvikling på innhaldssida. Det er viktig å ta del i utviklinga av dette. Stimulering av norsk innhaldsproduksjon vil vere naudsynt for å skape eit allsidig digitalt innhald som både tek omsyn til den norske kulturarven og er allmenndannande, og som samstundes kan medverke til effektivisering av offentleg sektor. Visjonen og innsatsområda i eContent-programmet er i tråd med dette. Det er fokusert på språk og kultur, på å utnytte offentleg informasjon betre og på auka verdiskaping. Deltaking i eContent-programmet går difor naturleg inn som ein del av norsk politikk for utvikling av informasjonssamfunnet i Noreg, og vert sett på som nyttig for norske forskingsmiljø og norsk næringsliv. Norsk deltaking i eContent vil òg medverke til å synleggjere norske interesser og aktørar i EU og på den europeiske marknaden. Regjeringa tilrår difor at Noreg tek del i ei avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 31 artikkel 2 i EØS-avtala om innlemming av programmet eContent i avtala.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Erling Brandsnes, Gunnar Breimo, Mimmi Bæivi, Karin Kjølmoen, Kjell Opseth og Rita Tveiten, fra Kristelig Folkeparti, Randi Karlstrøm og Jon Lilletun, fra Høyre, Ansgar Gabrielsen og Ivar Kristiansen, fra Fremskrittspartiet, Øystein Hedstrøm, fra Senterpartiet, lederen Morten Lund, fra Venstre, Leif Helge Kongshaug, og representanten Terje Knudsen, har merka seg at EU-programmet eContent er ei vidareføring av to tidlegare program, og at programmet må sjåast i samanheng m.a. med det femte rammeprogram for forsking og utvikling, med rammeprogrammet for kultur, medieprogramma og handlingsplanen eEurope. Komiteen ser på deltaking i eContent-programmet som vesentleg for norsk forskingsmiljø og næringsliv.

Uttalelse fra utenrikskomiteen

Utkastet til innstilling fra komiteen ble 3. mai 2001 sendt utenrikskomiteen til uttalelse. Utenrikskomiteen svarte i brev av 8. mai 2001 at den ikke hadde merknader til utkastet til innstilling.

Komiteens tilråding

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

Stortinget samtykker i at Noreg tek del i ei avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om deltaking for EFTA/EØS-statane i fellesskapsprogrammet for å fremje europeisk digitalt innhald i globale nett (eContent).

Oslo, i næringskomiteen, den 8. mai 2001

Morten Lund

leder

Erling Brandsnes

ordfører

Kjell Opseth

sekretær