Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Til Stortinget
I samsvar med § 75 bokstav i) i Grunnlova, legg departementet med dette fram for Stortinget ei liste over dei pensjonane som gjeld mellombels, og som ikkje blei reviderte av det førre Stortinget.
Heile summen av pensjonar som blei utbetalt i 2000 var på kr 18 719 645. Det er løyvd kr 14 771 000 på kap. 1541, post 1, Pensjonar frå statskassa, på statsbudsjettet for 2001.
For enkjer/enkjemenn gjeld pensjonen så lenge dei er ugifte.
Departementet nemner to saker særskilt, jf. s. 1-3 i proposisjonen.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Jon Olav Alstad, Frank Willy Larsen, Liv Marit Moland, Oddbjørg Ausdal Starrfelt og Shahbaz Tariq, frå Kristeleg Folkeparti, leiaren May-Helen Molvær Grimstad og Ola T. Lånke, frå Framstegspartiet, Per Roar Bredvold og Per Sandberg, frå Høgre, Trond Helleland, frå Senterpartiet, Anne Enger Lahnstein, og frå Sosialistisk Venstreparti, Ågot Valle, og representanten Inger Stolt-Nielsen, har ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
Stortinget samtykkjer i at det vert gjeve pensjonar frå statskassa i samsvar med framlagt forslag i St.prp. nr. 62 (2000-2001).
Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 10. mai 2001
|
May-Helen Molvær Grimstad leiar |
Ola T. Lånke ordførar |
Oddbjørg Ausdal Starrfelt sekretær |