Innstilling fra utenrikskomiteen om samtykke til inngåing av avtale av 23. mars 1986 om oppretting av Det interamerikanske investeringsselskapet (IIC)

Til Stortinget

1. Sammendrag

Det interamerikanske investeringsselskapet (Inter-American Investment Corporation - heretter IIC) starta opp i 1989 som ein sjølvstendig søsterorganisasjon til Den interamerikanske utviklingsbanken (Inter-American Development Bank - heretter IDB). Avtalen legg opp til at IIC skal stimulere til økonomisk utvikling i medlemslanda i regionen gjennom å fremje etablering, utviding og modernisering av primært små og mellomstore private bedrifter, i ei form som støttar opp om det utviklingsarbeidet som IDB utfører i same regionen.

Under årsmøtet i IDB våren 1999 vedtok medlemslanda ei kapitalutviding i IIC på USD 500 mill. Dette opna for deltaking av nye medlemmer. Noreg valde, saman med Belgia, Portugal, Sverige og Finland, å bli medlem på føresetnad av parlamentarisk godkjenning. Alle medlemmene i IDB, med unntak av Canada og Storbritannia, vil i så fall vere medlemmer av IIC.

Norsk medlemskap i organisasjonen har som mål å medverke til vekst og sysselsetjing i regionen, særleg i dei fattigaste landa som har liten tilgang på privat kapital. Innanfor ramma av den nye strategien for næringsutvikling i sør vil formålet med norsk medlemskap i IIC vere å påverke organisasjonen i ei utvik­lingsfremjande retning, i tråd med norske utviklingspolitiske prioriteringar.

Den framforhandla norske deltakinga i kapitalutvidinga er på USD 3 930 000, fordelt på 393 aksjar à USD 10 000. Norsk medlemskap i IIC vil i 2001 innebere ei innbetaling på USD 1 068 960, og deretter USD 476 840 per år dei neste seks åra (2002-2007). Utgiftene vert å dekkje innanfor ODA-godkjend bistandsramme i det einskilde år. Innbetalingane i 2001 har dekning over kap. 163 post 70, jf. St.prp. nr. 1 (2000-2001).

I tråd med artikkel I i avtalen om oppretting av IIC arbeider IIC for å fremje økonomisk utvikling i dei regionale medlemslanda gjennom å stimulere til vekst i og modernisering av privat sektor. For å oppfylle si målsetjing, tilbyr IIC - åleine eller i samarbeid med andre långjevarar og investorar - finansiering i form av lån og eigenkapitalinvesteringar til private bedrifter. Det er eit krav at det ikkje skal vere statlege garantiar for den finansieringa som vert tilbydd. I tillegg til å yte finansiell assistanse tilbyr IIC rådgjevingstenester innan finansiering og omorganisering mot betaling. IIC skal også verke som katalysator for å gje private bedrifter auka tilgang til teknologi og kunnskap og til privat og offentleg kapital både frå nasjonale og internasjonale kjelder.

Etter kapitalutvidinga i 1999 har IIC ein samla aksjekapital på nærare USD 700 mill. Latin-Amerika og Karibia har aksjemajoriteten med aksjar for til saman USD 370 mill., som tilsvarer 52,67 pst. av det samla stemmetalet.

Noreg og dei andre nye nordiske medlemslanda har fått tilbod om medlemskap med ein aksjepost på 0,56 pst. kvar, noko som overstig vår aksjepost i IDB på 0,17 pst. Vidare har Noreg forhandla seg fram til eit valgruppesamarbeid med dei andre nordiske landa, slik vi har i dei fleste multilaterale finansinstitusjonane der Noreg er medlem. I tillegg vil Frankrike og Sveits delta i valgruppa. Ein slik aksjepost og ei slik valgruppeordning vil vere eit godt grunnlag for innverknad i institusjonen.

Sidan verksemda starta opp i 1989, har IIC investert USD 530 mill. i prosjekt i over 1 300 bedrifter. I tillegg har IIC mobilisert ytterlegare USD 400 mill. i samfinansieringsmidlar. Til saman har dette medført at prosjekt til ein verdi av meir enn USD 3 mrd. blir eller er blitt gjennomførte som følgje av investeringar IIC har gjort. 85 pst. av IIC-porteføljen er knytt til små og mellomstore bedrifter. Prosjekt som IIC har investert i, har medverka til meir enn 100 000 nye arbeidsplassar og nærare USD 700 mill. i valutainntekter til regionen.

Prosjekt som medverkar til utvikling i form av nye arbeidsplassar, generering av valutainntekter, tilførsel av ressursar og teknologi, forbetring av lokale leiingskunnskapar og ein breiare eigarskap i bedriftene, har prioritet. I tillegg prioriterer ein prosjekt som fremjar økonomisk integrasjon mellom Latin-Amerika og Karibia. I tråd med IIC sin miljøpolitikk må prosjekt som kan ha negative miljøkonsekvensar, dokumentere tiltak for å hindre desse.

IIC har utvikla ein 10-årsplan for verksemda, som mellom anna inneber auka satsing på miljøvennlege prosjekt og prosjekt med større utviklingseffekt. Vidare vil ein arbeide for å auke den noverande investeringsgraden på 25 pst. og i staden redusere låneverksemda. IIC har også forplikta seg til auka satsing i dei fattigare landa i regionen, spesielt dei som ikkje har tilgang til dei internasjonale kapitalmarknadene.

I punkta 2.5-2.9 i proposisjonen vert innhaldet i sjølve avtala om oppretting av IIC nærare omtala.

Etter artikkel IV skal det øvste styrande organet i IIC, rådet, vere samansett av guvernørane som medlemslanda i IIC vel til IDB, så sant medlemslandet ikkje ønskjer å velje ein annan representant. Rådet møtest årleg i samband med årsmøtet i IDB-gruppa. Eit styre tek seg av den daglege drifta i IIC. Kvart land har ei stemmevekt i styret tilsvarande talet på aksjar som landet har innbetalt og garantert. Vedtak i styret må ha støtte frå eit fleirtal i styret.

Artikkel IV slår fast at IIC er ein sjølvstendig institusjon i IDB-gruppa, og at kapitalen i IIC skal vere åtskild frå kapitalen i IDB.

Etter artikkel V i kan eit medlemsland om det ønskjer det, seie opp medlemskapen i IIC med seks månaders varsel. Det aktuelle medlemslandet vil likevel bli ståande finansielt ansvarleg for operasjonar som er igangsette før det er gjeve notifikasjon om oppseiing av medlemskapen.

Artikkel VII fastset at IIC skal tilkjennast rettsleg status, immunitet og privilegium i det omfang som er nødvendig for at organisasjonen skal kunne utføre sine oppgåver.

Artikkel IX fastset at spørsmål om tolking av føresegnene i avtalen skal avgjerast av styret. Styrevedtak om tolking kan i visse tilfelle leggjast fram for rådet. Dersom visse vilkår er oppfylte, kan ein tvist avgjerast ved skilsdom.

Regjeringa har hovudsakleg vurdert spørsmålet om norsk medlemskap i IIC ut frå følgjande tre forhold: 1) utviklingspolitiske vurderingar, 2) andre utanrikspolitiske omsyn og 3) næringslivsinteresser.

Fattigdomssituasjonen er prekær for store befolkningsgrupper i Latin-Amerika, trass i at utviklingspotensialet generelt sett er stort. Norsk og nordisk medlemskap og innverknad i IIC kan påverke institusjonen til å bidra til ei positiv utvikling for dei fattigaste landa og dei fattigaste befolkningsgruppene i Latin-Amerika.

IIC vil kunne bli eit nyttig instrument i den nye norske strategien for næringsutvikling i sør. IIC har eit mandat som går ut på å gje privat sektor ei større rolle i utviklingsprosessen ved å tilby finansiering og rådgjeving særleg til små og mellomstore bedrifter i regionen, noko som samsvarer godt med norske utvik­lingspolitiske prioriteringar.

Norsk medlemskap i IIC opnar for nærare nordisk samarbeid i IIC. Gjennom medlemskap i IIC vil Noreg, i utanrikspolitisk samarbeid med andre valgruppemedlemmer, vere med på å påverke organisasjonen frå innsida. Det overordna målet med slik påverknad vil vere å bidra til å styrkje fattigdomsorienteringa i IIC-arbeidet ved å auke utviklingseffekten av prosjekta institusjonen tek på seg.

Medlemskap i IIC har òg eit menneskerettsperspektiv. Investeringsreglane for IIC fremjar opne prosessar hos bedriftene som tek imot finansiering. Organisasjonen stiller også sosiale og miljømessige krav til prosjekta organisasjonen involverer seg i.

IIC kan bli ein viktig medspelar både for NORFUND og norsk næringsliv i regionen. IIC legg vekt på rådgjevingsfunksjonen, noko som vil kunne vere av stor verdi for norske firma ved etablering i regionen, og medlemskap i IIC opnar for interessante investerings- og samfinansieringsalternativ for norsk næringsliv.

2. Komiteens merknader

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, merker seg at Det interamerikanske investeringsselskapet (IIC) har som målsetting å stimulere til økonomisk utvikling i medlemslandene gjennom å fremme etablering av primært små og mellomstore private bedrifter. Flertallet mener IIC kan bli et nyttig instrument i den norske strategien for næringsutvikling i sør. Flertallet viser til at det i St.prp. nr. 1 (2000-2001) er satt av 17 mill. kroner til første aksjekapitalbidrag.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet mener det ikke bør være en prioritert oppgave for Norge å være medlem av Det interamerikanske investeringsselskapet (IIC). I den grad Norge skal bidra med bistand og lån på det amerikanske kontinent mener disse medlemmer at det like godt kan skje gjennom allerede etablerte institusjoner som for eksempel Verdensbanken eller gjennom andre etablerte kanaler. Disse medlemmer er skeptisk til nytten av enda et finansieringsselskap og ser ikke noe behov for norsk deltakelse i IIC. Disse medlemmer vil derfor stemme mot avtaleinngåelsen om opprettelsen av Det interamerikanske investeringsselskapet (IIC).

3. Komiteens tilråding

Komiteen har ellers ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

Stortinget samtykkjer i inngåing av avtale av 23. mars 1986 om oppretting av Det interamerikanske investeringsselskapet (IIC).

Oslo, i utenrikskomiteen, den 7. november 2001

Thorbjørn Jagland

leder

Julie Christiansen

ordfører

Åslaug Haga

sekretær