5.1 Samandrag

Kap. 1380 Post- og teletilsynet (jf. kap. 4380)

Post 1 Driftsutgifter

Det vert gjort framlegg om å auke løyvinga på kap. 1380, post 1 Driftsutgifter, med 2 mill. kroner frå 140,4 mill. kroner til 142,4 mill. kroner, sjå omtalen under kap. 1360 Samferdselsberedskap.

Statleg garanti i samband med konkursen i Enitel AS

Det blir i proposisjon orientert om statleg garanti til konkursbuet for Enitel AS.

Verksemda Enitel AS blei teke under konkurshandsaming 17. september 2001. Ved konkursopninga blei Samferdsledepartementet gjort merksam på at buet var utan midlar til å kunne sikre vidare drift i Enitel AS. Buet oppmoda departementet til å garantere for driftskostnadene i ein periode på fem arbeidsdagar frå konkursopninga.

I brev av 17. september 2001 til konkursbuet ga staten ved Samferdselsdepartementet slik garanti, samla avgrensa til eit beløp på 7,3 mill. kroner.

I brev av 25. september 2001 frå konkursbuet heiter det at det ikkje har vore naudsynt for konkursbuet å trekkje på statsgarantien.

5.2 Merknader frå komiteen til programkategori 22.10 Post- og telekommunikasjonar

Komiteen har ingen merknader.