Merknader frå komiteen

Komiteen viser til at Oslo politidistrikt har ekstraordinære utgifter inneverande år både i samband med kronprinsparet sitt bryllaup, og i samband med utdelinga av Nobels fredspris i desember d.å. Dette gjer det naudsynt med tilleggsløyvingar.

Komiteen viser vidare til at utgiftene på kap. 466 Advokatutgifter er regelbundne og vert påverka av saksmengda. Løyvinga på kapitlet vert foreslått auka med 148 mill. kroner, og komiteen er nøgd med at departementet har sett i gang eit arbeid for å sjå nærare på årsakene til det høge forbruket.

Komiteen har vidare merka seg at kap. 470 Fri rettshjelp vert foreslått auka med i alt 68 mill. kroner, og at auken m.a. kjem av ein auke i talet på ikkje-behovsprøva saker for fylkesnemndene og ein auke i talet på saker om fritt rettsråd.

Komiteen har elles ingen merknader til dei andre forslaga til endringar som vert lagde fram.