Innstilling frå justiskomiteen om endringar på statsbudsjettet for 2001 under diverse kapittel administrerte av Justis- og politidepartementet

Til Stortinget

Samandrag

I proposisjonen vert det lagt fram forslag om endringar i løyvingane under diverse kapittel i statsbudsjettet for 2001.

Det blir foreslått at departementet får kompensert for dei meirutgiftene som følgjer av lønsauken til dommarane i Høgsterett ved ei auke i løyvinga på kap. 61, post 1 med kr 292 000.

Husleigeutgifter for Rogaland og Trondheim statsadvokatembeter har tidlegare blitt dekka over kap. 410 Herads- og byrettane. Desse embeta betaler no eiga husleige, og det blir derfor foreslått å redusere løyvinga på kap. 410, post 1 med 1,15 mill. kroner mot ein tilsvarande auke av løyvinga på kap. 445, Den høgare påtalemakta, post 1. På bakgrunn av rekneskapstal blir det vidare foreslått å auke løyvinga under kap. 410, post 21 med 5,2 mill. kroner.

På bakgrunn av rekneskapstal blir det òg foreslått å auke løyvinga under kap. 3410, Rettsgebyr, post 1 med 110 mill. kroner, og post 4 med 20 mill. kroner.

På bakgrunn av rekneskapstal blir det vidare foreslått å auke løyvinga under kap. 414, Domsutgifter, post 1 med 5 mill. kroner.

Det ser ut til å bli meirinntekter på kap. 3430 Kriminalomsorg, post 2 Inntekter frå arbeidsdrifta pga. auka aktivitet samanlikna med budsjettgrunnlaget i år. Overslag over inntektene er usikre og ein foreslår difor at Justisdepartementet i 2001 får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430, post 21 Spesielle driftsutgifter mot tilsvarande meirinntekt under kap. 3430, post 2 Inntekter frå arbeidsdrifta.

Som ein delvis inndekning for meirutgiftene under kap. 455, Redningstenesta, post 21 og kap. 460, Dei særskilde etterforskingsorgana, post 1 blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 432, Kriminalomsorgens utdanningssenter post 1 med 0,3 mill. kroner og løyvinga under kap. 451 Sivilt beredskap, post 45 med 4 mill. kroner.

Då Stortinget handsama Revidert nasjonalbudsjett for 2001 vart Politi- og lensmannsetaten tildelt 17,5 mill. kroner under kap. 440, Politi- og lensmannsetaten, post 1 til å opprette stillingar for nyutdanna politihøgskulestudentar. Oslo politidistrikt fekk 30 av desse. Ein foreslår difor å overføre 5,8 mill. kroner frå kap. 440, post 1 til kap. 441 Oslo politidistrikt, post 1.

Landsdelsordninga i politi- og lensmannsetaten vart avvikla 1. august 2001. Stillingar og ressursar er overførte frå Landsdelsstaben for Østlandet til Politidirektoratet eller særorgana. Ein foreslår etter dette å overføre 3,333 mill. kroner frå kap. 441, post 1 til kap. 440, post 1.

Det er eit lågt forbruk på kap. 440, post 22 Søk etter omkomne. På dette grunnlaget foreslår departementet å redusere kap. 440, post 22 med 15 mill. kroner.

Talet på nye pass til vaksne har gått monaleg ned i 2001 samanlikna med tidlegare år, og kap. 3440, Politi- og lensmannsetaten, post 1 Gebyr vert derfor redusert med 13 mill. kroner.

I samband med kronprins Håkon Magnus sitt bryllaup gjekk det med ekstraordinære utgifter ved Oslo politidistrikt. Det blir foreslått å auke kap. 441, post 1 med 9,0 mill. kroner for å dekke desse.

Sett i lys av terrorhandlingane i USA 11. september 2001 er tryggingsopplegget rundt Nobels Fredspris sitt 100 års jubileum svært omfattande. Ein foreslår derfor å auke løyvingane under kap. 441 (retta frå kap. 440 i proposisjonen), post 1 med 8 mill. kroner.

I Revidert nasjonalbudsjett 2001 vart post 21 under kap. 441 avvikla og løyvinga på 16,606 mill. kroner overført til kap. 440. I samband med momsreforma løyvde Stortinget ein kompensasjon for meirutgifter under kap. 441, post 21 på kr 944 000. Departementet legg fram forslag om å overføre dette beløpet til kap. 440, post 21.

På grunnlag av rekneskapstall og forventa utvikling ut året blir det foreslått å auke løyvinga på kap. 455 Redningstenesta, post 21 med 3,6 mill. kroner for 2001.

Utgiftene til SEFO er vanskelege å rekne ut, og kan variere sterkt. På bakgrunn av rekneskapstal blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 460, Dei særskilde etterforskingsorgana, post 1 med 2,7 mill. kroner.

Utgiftene på kap. 466 Advokatutgifter m.m., post 1 er regelbundne og blir påverka av saksmengda. Det er venta ei meirutgift på 148 mill. kroner under posten i 2001. Dei høge utgiftene ser særleg ut til å kome av at det sidan 1998 har vore ein auke i saksavviklinga og at stadig fleire av sakene er store og ressurskrevjande. Justisdepartementet har sett i gong eit arbeid for å sjå nærare på årsaka til det høge forbruket. Det blir på bakgrunn av rekneskapstal foreslått å auke løyvinga under kap. 466, post 1 med 148 mill. kroner.

Det blir foreslått å auke løyvinga på kap. 467 Norsk Lovtidend, post 1 med 1,7 mill. kroner. Meirutgiftene kjem av eit etterskot av utgifter til trykking og utsendingar frå 2000.

Det er venta ei monaleg meirutgift på kap. 470 Fri rettshjelp, post 70 Fri sakførsel i 2001. Dette kjem for ein stor del av ein auke i talet på ikkje-behovsprøva saker for fylkesnemndene sidan 2000, og at fleire av sakene er blitt meir omfattande og kostnadskrevjande. På bakgrunn av rekneskapstal blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 470, post 70 med 50 mill. kroner. Det er òg venta ei meirutgift på post 71 Fritt rettsråd i 2001. Dette kjem av ein auke i talet på saker. På bakgrunn av rekneskapstal blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 470, post 71 med 18 mill. kroner.

På bakgrunn av rekneskapstal blir det foreslått å auke løyvinga på kap. 471, Statens erstatningsansvar, post 70 Erstatning til valdsoffer med 6 mill. kroner, og å redusere løyvinga på post 71 Erstatningsansvar m.m. med 6 mill. kroner.

Utgiftene på kap. 475 Bubehandling, post 1 rettar seg etter talet på tvangsoppløysingar og den generelle aktiviteten i næringslivet. Det høge forbruket ser ut til å kome av endringane i aksjelova og konkurslova, og ein auke i talet på tvangsoppløysingar. Det er usikkert om meirverdiavgiftsreforma vil føre til ytterlegare auke av bukostnadene. På bakgrunn av rekneskapstal blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 475, post 1 med 19 mill. kroner.

Merknader frå komiteen

Komiteen viser til at Oslo politidistrikt har ekstraordinære utgifter inneverande år både i samband med kronprinsparet sitt bryllaup, og i samband med utdelinga av Nobels fredspris i desember d.å. Dette gjer det naudsynt med tilleggsløyvingar.

Komiteen viser vidare til at utgiftene på kap. 466 Advokatutgifter er regelbundne og vert påverka av saksmengda. Løyvinga på kapitlet vert foreslått auka med 148 mill. kroner, og komiteen er nøgd med at departementet har sett i gang eit arbeid for å sjå nærare på årsakene til det høge forbruket.

Komiteen har vidare merka seg at kap. 470 Fri rettshjelp vert foreslått auka med i alt 68 mill. kroner, og at auken m.a. kjem av ein auke i talet på ikkje-behovsprøva saker for fylkesnemndene og ein auke i talet på saker om fritt rettsråd.

Komiteen har elles ingen merknader til dei andre forslaga til endringar som vert lagde fram.

Tilråding frå komiteen

Komiteen viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:

I

I statsbudsjettet for 2001 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

61

Høgsterett (jf. kap. 3061)

1

Driftsutgifter, blir auka med

292 000

frå kr 47 185 000 til kr 47 477 000

410

Herads- og byrettane (jf. kap. 3410)

1

Driftsutgifter, blir redusert med

1 150 000

frå kr 819 541 000 til kr 818 391 000

21

Spesielle driftsutgifter, blir auka med frå kr 91 670 000 til kr 96 870 000

5 200 000

414

Domsutgifter

1

Driftsutgifter, blir auka med

5 000 000

frå kr 58 674 000 til kr 63 674 000

432

Kriminalomsorgas utdanningssenter

1

Driftsutgifter, blir redusert med

300 000

frå kr 94 670 000 til kr 94 370 000

440

Politi- og lensmannsetaten (jf. kap. 3440)

1

Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 441 post 1, blir

redusert med

2 467 000

frå kr 4 910 254 000 til kr 4 907 787 000

21

Spesielle driftsutgifter, blir auka med

944 000

frå kr 64 473 000 til kr 65 417 000

22

Søk etter omkomne, kan overførast, blir redusert med

15 000 000

frå kr 23 932 000 til kr 8 932 000

441

Oslo politidistrikt (jf. kap. 3441)

1

Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 440 post 1, blir

auka med

19 467 000

frå kr 1 053 847 000 til kr 1 073 314 000

21

Spesielle driftsutgifter, blir redusert med

944 000

frå kr 944 000 til kr 0

445

Den høgre påtalemakta (jf. kap. 3445)

1

Driftsutgifter, blir auka med

1 150 000

frå kr 65 673 000 til kr 66 823 000

451

Sivilt beredskap

45

Store nyinnkjøp, kan overførast, blir redusert med

4 000 000

frå kr 55 855 000 til kr 51 855 000

455

Redningstenesta (jf. kap. 3455)

21

Spesielle driftsutgifter, blir auka med

3 600 000

frå kr 5 099 000 til kr 8 699 000

460

Dei særskilde etterforskingsorgana

1

Driftsutgifter, blir auka med

2 700 000

frå kr 6 691 000 til kr 9 391 000

466

Advokatutgifter m.m.

1

Driftsutgifter, blir auka med

148 000 000

frå kr 301 935 000 til kr 449 935 000

467

Norsk Lovtidend,

1

Driftsutgifter, blir auka med

1 700 000

frå kr 3 040 000 til kr 4 740 000

470

Fri rettshjelp (jf. kap. 3470)

70

Fri sakførsel, blir auka med

50 000 000

frå kr 205 196 000 til kr 255 196 000

71

Fritt rettsråd, blir auka med

18 000 000

frå kr 141 666 000 til kr 159 666 000

471

Statens erstatningsansvar

70

Erstatning til valdsoffer, overslagsløyving, blir auka med

6 000 000

frå kr 41 640 000 til kr 47 640 000

71

Erstatningsansvar m.m., overslagsløyving, blir redusert

med

6 000 000

frå kr 70 040 000 til kr 64 040 000

475

Bubehandling

1

Driftsutgifter, blir auka med

19 000 000

frå kr 19 542 000 til kr 38 542 000

Inntekter

3410

Rettsgebyr (jf. kap. 410)

1

Rettsgebyr, blir auka med

110 000 000

frå kr 694 170 000 til kr 804 170 000

4

Gebyrinntektene til lensmennene, blir auka med

20 000 000

frå kr 123 400 000 til kr 143 400 000

3440

Politi- og lensmannsetaten (jf. kap. 440)

1

Gebyrer, blir redusert med

13 000 000

frå kr 195 360 000 til kr 182 360 000

II

Stortinget samtykkjer i at Justis- og politidepartementet i 2001 kan overskride løyvinga under kap. 430, post 21 Spesielle driftsutgifter mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430, post 2 Inntekter frå arbeidsdrifta.

Oslo, i justiskomiteen, den 6. desember 2001

Trond Helleland

leiar

Linda Cathrine Hofstad

ordførar

Jan Arild Ellingsen

sekretær