Samferdselsdepartementet legg i proposisjonen fram ein del saker under programkategoriane 21.20 Vegformål, 21.40 Særskilde transporttiltak, 21.60 Samferdselsberedskap og 22.10 Post og telekommunikasjonar.

1.1 Generelle merknader frå komiteen

Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti, Anne Berit Andersen, Sverre J. Hoddevik, Odd Holten, Hans R. Kjæstad og leiaren Petter Løvik, Thore A. Nistad, Jan Sahl og Kenneth Svendsen, vil vise til at Stortinget og regjeringa har det overordna ansvaret for riksvegnettet.

Fleirtalet vil peike på at fylkeskommunane si rolle består i komme med forslag til prioriteringar av dei statlege midlane til stamvegane og dei øvrige riksvegane, og særleg for dei øvrige riksvegane blir det lagd vekt på fylkeskommunane sine prioriteringar. Også ved søknad om bompengeprosjekt spelar fylkeskommunane ei viktig rolle. Like fullt er det nødvendig at Storting og regjering har moglegheit til å føreta prioriteringar mellom ulike vegstrekningar og ulike bompengeprosjekt for å sikre ei formålstenleg prioritering av vegstrekningar og plassering bompengeprosjekt rundt om i fylka.

Fleirtalet vil derfor vidareføre eksisterande prosedyrar for godkjenning av bompengeprosjekt.

Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, Sigrun Eng, Bjørgulv Froyn, Geir-Ketil Hansen, Jorunn Ringstad, Oddbjørg Ausdal Starrfelt, Tor-Arne Strøm og Heidi Sørensen, stiller seg noko kritisk til at såpass store saker som omlegging av produksjonen til Statens vegvesen samt tre til dels kontroversielle bompengeprosjekt er samla i ein proposisjon.

Når det gjeld haldninga til nye bomprosjekt, syner desse medlemenetil Innst. S. nr. 134 (2001-2002) der eit fleirtal ber om ein gjennomgang av bompengeprosjekt med sikte på å koma fram til klårare rammer og retningsliner for slike prosjekt.