3.1 Etteroppgjer kompensasjon autodieselavgifit for bussdrift med tilskott frå fylkeskommunane

3.1.1 Samandrag

Departementet gjer i proposisjonen greie for opplegg for etteroppgjer til fylkeskommunar som har fått ein relativt stor nedgang i kompensasjon for autodieselavgift til bussdrift med tilskott frå fylkeskommunane.

Ut frå ei vurdering av kva som er rimeleg, vil regjeringa i ein omgrupperingsproposisjon i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2002 gjere framlegg om eit etteroppgjer til dei aktuelle fylkeskommunane som svarer til nominell nedgang i kompensasjon frå 1999 til 2000, på i alt 10,8 mill. kroner.

Av praktiske årsaker vil framlegget om eit etteroppgjer bli postert på kap. 572 Rammetilskott til fylkeskommunar post 60 Innbyggjartilskott.

Når det gjeld inndekking, vil Regjeringa i samband med framlegget om auke i rammetilskottet til fylkeskommunane i omgrupperingsproposisjonen for 2002 gjere framlegg om ein reduksjon i løyvinga på 10,8 mill. kroner over kap. 1330 post 71 Tilskott til ekspressbussar.

3.1.2 Merknader frå komiteen

Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartietføreset at departementet har kome fram til framlegg til kompensasjon for autodieselavgifta i eit tett samarbeid med dei fylkeskommunane som meiner dei har kome urettferdig ut. Under føresetnad av at framlegg til kompensasjon er akseptabelt for fylkeskommunane, gjev desse medlemenesin tilslutnad til framlegget og har elles ingen merknad.

Komiteen sine medlemer frå Høgre og Kristeleg Folkeparti støttar Regjeringa sitt forslag og har elles ingen merknader.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til budsjettavtalen mellom regjeringspartiene og Fremskrittspartiet som sikret økte tilskudd til drift av ekspressbussrutene. Disse medlemmer registrerer at regjeringen foreslår et etteroppgjør til fylkeskommuner som har fått en relativ stor nedgang i kompensasjonen for autodieselavgift til bussdrift.

Disse medlemmer vil vise til at ekspressbussruter som ikke kommer inn under den fylkeskommunale ordningen, har hatt en betydelig reduksjon i autodieselavgifts refusjonen de senere år.

På denne bakgrunn fremmer disse medlemmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen i forbindelse med framlegging av statsbudsjettet for 2003 sørge for at refusjon av autodieselavgiften for ekspressbusser etableres slik at det dekker det reelle behovet."

Disse medlemmer har for øvrig ingen merknader.

3.2 Status for ny hurtigruteavtale

3.2.1 Samandrag

I proposisjonen blir det orientert om status for ny hurtigruteavtale.

EFTAs overvakingsorgan (ESA) vedtok i brev av 19. desember 2001 ikkje å reise innvendingar mot at staten kjøper transporttenester frå hurtigruteselskapa. Vedtaket er i tråd med ein ny hurtigruteavtale mellom hurtigruteselskapa og Samferdselsdepartementet for perioden 2002 til og med 2004.

Regjeringa har godteke at avtaleperioden blir redusert til 3 år, med rett til forlenging med inntil eitt år dersom ei eventuell konkurranseutsetjing fører til at ein ny operatør blir vald og at ein samstundes treng lengre tid til bygging av nye skip. Eventuelle kjøp av transporttenester etter 2004 skal konkurranseutsetjast med utlysing av anbod.

I brev av 22. mars 2002 frå Samferdselsdepartementet v/statsråden til samferdselskomiteen blir det gitt følgjande orientering:

"HURTIGRUTEAVTALEN - ESA BER OM YTTERLIGERE INFORMASJON I ANLEDNING FUSJON MELLOM REDERIENE

Jeg viser til omtalen av status for den nye hurtigruteavtalen i St.prp. nr. 50 (2001-2002).

Etter at St.prp. nr. 50 (2001-2002) er blitt trykket og mangfoldiggjort, er det oversendt et brev datert 20. mars 2002 fra ESA om ytterligere informasjon. Grunnen til dette skyldes bl.a. tidligere omtale i media i slutten av 2001 om fusjonsplanene som forelå mellom begge hurtigruteselskapene. Denne fusjonen ble godkjent i rederienes generalforsamlinger 8. mars d.å.

ESA reiser derfor spørsmål om den innsparing denne fusjonen medfører, burde vært tatt hensyn til dersom disse planene var blitt kjent før ESA sin endelige vurdering og godkjenning i brev av 19. desember av gjeldende avtale for 2002-2004.

ESA ber derfor Samferdselsdepartementet om ytterligere spørsmål knyttet til denne fusjonen og har bedt om svar innen 15. april d.å.

Samferdselsdepartementet vil arbeide videre med denne saken og vil besvare brevet innen fristen etter først å ha innhentet uttalelser fra hurtigruterederiene."

3.2.2 Merknader frå komiteen

Komiteen tek saka til orientering.