1.1 Innleiing

Ein omfattande del av norsk fiske (målt i vekt) skjer på bestandar som vi deler med andre land. Dette var bakgrunnen for at Regjeringa forhandla fram rammeavtalar som både gav fiskekvotar til dei landa som utvidinga til 200 n. mils økonomisk sone fekk verknad for frå 1. januar 1977, og som tok vare på tradisjonelle norske fiskeinteresser i dei økonomiske sonene til andre land.

Etter FN sin havrettskonvensjon har kyststatane suverene rettar til å utnytte ressursane i havet innanfor dei økonomiske sonene. Dei kyststatane som deler ein eller fleire fiskebestandar skal samarbeide om regulering og vern av bestandane.

1.2 Dei ulike fiskeriavtalane for 2002

I tråd med dei etablerte rammeavtalene fører norske styresmakter kvart år forhandlingar med andre land.

Dei viktigaste bilaterale forhandlingane for 2002 er førte med Russland, EU, Færøyane og Grønland. Det er også ført forhandlingar med EU på vegne av Danmark og Sverige om fiske i Skagerrak og Kattegat, og med EU på vegne av Sverige om ein avtale om svensk fiske i Noreg si økonomiske sone. I tillegg har Noreg ført kvoteforhandlingar med Polen.

Noreg har også samarbeid om gjennomføring av trepartsavtala med Island og Grønland om regulering av lodde og med Island om kvotebytte og oppfølging i tråd med Smottholavtala.

Det er også gjennomført fempartsforhandlingar om norsk vårgytande sild mellom Noreg, Island, Færøyane, EU og Russland.

Noreg tek vidare del i forhandlingane om makrell både i forhold til trepartsavtala mellom Noreg, EU og Færøyane og i forhandlingane om internasjonale makrellreguleringar. Noreg er dessutan med i forhandlingane om etablering av eit internasjonalt forvaltningsregime for kolmule.

I fiskeriforhandlingane med Russland om ei kvoteavtale for 2002 vart partane samde om å føre vidare avtalen som dei inngjekk året før om ein totalkvote (TAC) for norsk arktisk torsk på 395 000 tonn, medrekna 40 000 tonn murmansktorsk for kvart av åra 2001-2003 og kvoten på 40 000 tonn norsk kysttorsk for kvart av åra. Med den treårige kvoten forventar partane å redusere fiskepresset og byggje opp gytebestanden i perioden. I alle høve vil torskebestanden framleis vere utanfor føre-var grensen som er sett for fiskedødelegheit. Difor har Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen no sett ned ei arbeidsgruppe som skal utarbeide forslag til langsiktige forvaltingsstrategiar for mellom anna norsk arktisk torsk.

På møtet i Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen hausten 2000 vart partane samde om å opne for kommersiell fangst av kongekrabbe frå sesongen hausten 2002/vinteren 2003. På kommisjonsmøtet hausten 2001 blei det fastsatt ein totalkvote på 400 000 krabbar for denne sesongen, fordelt med 300 000 krabbar til Russland og 100 000 til Noreg.

Eit hovudfokus for samarbeidet mellom Noreg og Russland om forvaltning og kontroll i Barentshavet i 2002 vil vere å føre vidare arbeidet med felles omrekningsfaktorar for fiskeprodukter. Partane skal også mellom anna føre vidare arbeidet med løysingar på problema med bifangst av kongekrabbe i andre fiskeri.

Situasjonen for fleire av botnfiskbestandane i Nordsjøen er framleis svært dårleg, og då særleg for nordsjøtorsken. Noreg og EU vart i kvoteavtalen for 2002 difor samde om å halde fram med det felles arbeidet med å forbetre beskatninga av botnfisk.

Noreg og EU inngjekk i 2001 ei ny treårig avtale om forvaltning av nordsjøsild. Denne avtala byggjer på dei same prinsippa som avtala frå 1997.

I 1999 vart Noreg, EU og Færøyane samde om ei trepartsavtale for forvaltning av makrell i Nordaust-Atlanteren. Med denne avtalen aksepterte Noreg og EU at Færøyane er kyststat til makrellen. NEAFC vedtok for 2002 ei regulering av makrellfisket i internasjonalt farvatn med ein kvote på 66 400 tonn makrell for dette området. Island har sett fram ein formell reservasjon mot denne reguleringa.

EU, Færøyane, Island, Noreg og Russland har sett ein totalkvote for norsk vårgytande sild i 2002 på 851 500 tonn. Dei fem landa vil avgrense sitt fiske til 850 000 tonn. Den norske kvoten er på 484 500 tonn. NEAFC har for 2002 sett ein kvote på 76 500 tonn norsk vårgytande sild for områda utanfor nasjonal jurisdiksjon. Kvoten er ein del av det totale uttaket av norsk vårgytande sild vedteke i tråd med fempartsavtala for 2002.

Med verknad frå 1996 vedtok NEAFC ei multilateral avtale for fiske av uer i Irmingerhavet. Noreg er etter denne avtala tildelt ein kvote på 3 596 tonn i 2002, som i 2001.

Rekefisket ved Flemish Cap (NAFO område) har sidan 1996 vore regulert gjennom talet på fartøy som kan delta i fisket og det samla talet på døgn som fartøya kan fiske. Det vert no vurdert om ein skal gå over til å kvoteregulere dette fisket. Noreg har sidan 1993 fiska reker i dette området.

Noreg har også i 2001 vore representert i ulike møte i regionale og globale forvaltningsorganisasjonar. Noreg er no medlem i SEAFO (South East Atlantic Fisheries Organsation) ein regional fiskeriorganisasjon som vart formelt oppretta 20. april 2001.

1.3 Kontrollordningar

For å kunne nå målsettinga for ressursforvaltninga, trengst det informasjon om og kontroll med alt ressursuttak i norske jurisdiksjonsområde. Ein sentral del av det norske systemet for kontroll og handheving er fysisk kontroll med all fiskeaktivitet. Dette inneber kontroll på alle nivå, til havs, under landing og ved omsetjing av fiskefangstar.

Kystvakta har ansvaret for kontrollen på havet, i første rekkje utanfor 4 n. mil. Frå 1996 er Kystvakta utvida med ei Indre Kystvakt som skal gjennomføra fiskerioppsynet innanfor 4. n. milsgrensa.

Fiskeridirektoratet står for kontroll ved landing av fangstar, og har også ein viss kontroll på sjøen i spesielle område og i spesielle fiskeri. Det er etablert lokale fiskerioppsyn langsmed kysten i regi av Fiskeridirektoratet. Direktoratet har også ansvar for kvotekontrollsystemet både for utanlandske og norske fartøy. Dei ulike salslaga har eit kontrollansvar i samband med omsetjing og eksport av fisk.

Ein viktig del av kontrollen går føre seg under ut­øvinga av fisket. I denne fasen blir det kontrollert at fisket skjer med riktig reiskap, til rett tid og på rett område.

For å føre kontroll med utanlandsk fiske i Noreg si økonomiske sone etablerte Fiskeridirektoratet i 1977 eit kvotekontrollsystem som er basert på bruk av edb. Databasen inneheld mellom anna opplysningar om fiske- og fangstaktiviteten til utanlandske fartøy og er ein viktig reiskap for kontroll i norske jurisdiksjonsområde.

Kystvakta har direkte tilgang til dei opplysningane som er lagra på databasen i kvotekontrollsystemet. Opplysningane vil under kontroll på feltet bli halde opp mot opplysningane som går fram av fartøyet si fangstdagbok, eventuelle sluttsetlar og innhaldet i lasterommet eller lastetankane på fartøyet. Kvotekontrollsystemet er ein særs viktig reiskap i det kontrollarbeidet Kystvakta gjennomfører.

Eit viktig nytt framsteg i kontrollsamanheng er etablering av satellittsporing av fiskefartøy. Noreg og Russland innførte satellittsporing av fiskefartøy i kvarandre sine soner frå 1. september 2000. Noreg er samde med EU og Færøyane om gjensidig satellittsporing frå 1. januar 2001. Noreg og Grønland sette i verk gjensidig satellittsporing 15. oktober 2001. Fiskeridepartementet har frå 1. juli 2000 innført satellittovervaking av alle norske fiske- og fangstfartøy over 24 m. Slike fartøy vil vere underlagt sporing i områder både under norsk og utenlandsk fiskerijurisdiksjon. Vidare vil alle norske fartøy, uansett storleik, sporast ved fiske i internasjonalt farvatn.

Norske myndigheiter har dei seinare åra innført ei rekkje tiltak for å angripe ulovleg og uregulert fiske. Eit sentralt tiltak har vore den såkalla "svartelistinga" av fartøy som har drive uønska aktivitet i område utanfor norsk jurisdiksjon.

1.4 Norsk og utanlandsk utnytting av kvotar

Dei norske fartøya har nytta kvotane på fellesbestandane torsk og hyse nord om 62oN fullt ut i 2000 og 2001. I tillegg til Noreg sine ordinære kvotar på torsk og hyse nord om 62oN, kjøpte norske reiarlag kvotar på desse artane frå Russland i 2000.

I Nordsjøen vart dei norske kvotane på fellesbestandane makrell, sild og sei oppfiska i 2000 og 2001. Kvotane på dei andre konsumfellesbestandane vart ikkje utnytta i same høge grad.

Norske linefartøy utnytta om lag 77 pst. av botnfiskkvotane av blålange, lange og brosme i EU sine farvatn i 2000, mens graden av utnytting var om lag 61 pst. i 2001. I færøyske farvatn har norske fartøy fiska heile botnfiskkvoten i både 2000 og i 2001.

Noreg har kvotar ved Grønland etter dei årlege kvoteavtalene med Grønland og EU. For norske fiskarar er kvotane på blåkveite, kveite, uer og reker av stor verdi. Desse kvotane blir godt utnytta.

Når det gjeld utanlandsk utnytting av kvotar er det eit generelt trekk at kvotane av torsk, hyse og sei nord om 62oN er godt utnytta av dei landa som har kvoterettar i området. Hovudtyngda av EU sitt fiske i Nordsjøen og i Skagerrak skjer på botnfiskartar (torsk, hyse, sei o.a.), sild, makrell og industrifisk som tobis, augepål og kolmule. Ifølgje offisiell fangststatistikk har EU likevel i dei seinare åra hatt relativt låg utnytting av kvotane sine av torsk, hyse og sei i Nordsjøen. Utnyttinga av dei fastsette kvotane i Skagerrak var derimot gjennomgåande høg for EU.