Innstilling fra utenrikskomiteen om samtykke til ratifikasjon av konvensjon av 20. april 2001 om bevaring og forvalting av fiskeressursar i det søraustlege Atlanterhavet

Til Stortinget

Sammendrag

Konvensjonen etablerer Den søraustatlantiske fiskeriorganisasjonen (South East Atlantic Fisheries Organisation, SEAFO).

I tillegg til Noreg er konvensjonen underteikna av dei fire kyststatane Angola, Namibia, Storbritannia (på vegner av St. Helena) og Sør-Afrika, samt EU, Island, Sør-Korea og USA.

I og med at deltaking i konvensjonen inneber årlege økonomiske utgifter, er Stortingets samtykke til ratifikasjon naudsynt i medhald av Grunnloven § 26 andre leddet.

Den overordna målsetjinga til SEAFO-konvensjonen er langsiktig bevaring og berekraftig bruk av marine ressursar i det søraustlege Atlanterhavet. Partane pliktar å innføre tiltak som skal sikre ein langsiktig berekraftig bruk av fiskeressursane i konvensjonsområdet. Konvensjonsområdet er avgrensa til det opne havet, og omfattar såleis ikkje den økonomiske sona til kyststatane i området.

FNs havrettskonvensjon av 1982 gjev kyststatane suverene rettar til ressursutnytting i eiga økonomisk sone, men slår samstundes fast ei plikt til samarbeid for forvaltinga av bestandar som finst innanfor dei økonomiske sonene til to eller fleire statar eller i den økonomiske sona og på det opne havet. FN-avtala om fiske på det opne havet, som blei underteikna 4. desember 1995, vart sett i verk i desember 2001 og nedfeller også ei plikt for statane til regionalt samarbeid om fiskeriforvaltinga. Slikt regionalt samarbeid føreset etablering av ein organisasjon for regional fiskeriforvalting. Vidare heiter det at berre statar som er medlemer av ein organisasjon eller som samtykkjer i å bruke dei tiltaka for bevaring og forvalting som er fastsette gjennom ein slik organisasjon, skal ha tilgang til dei fiskeressursane som desse tiltaka gjeld for.

SEAFO-konvensjonen er den første regionale avtala om fiskeriforvalting som er etablert etter FN-avtala om fiske på det opne havet av 4. desember 1995. SEAFO representerer eit eksempel på gjennomføring av det internasjonale samarbeidet som FN-avtala legg opp til, og byggjer i stor grad på avtala og prinsippa i denne. SEAFO-konvensjonen går likevel lenger enn FN-avtala i og med at SEAFO både dekkjer stasjonære og vandrande bestandar.

SEAFO-konvensjonen vil ta til å gjelde 60 dager etter at han er ratifisert av 3 statar, dersom minst éin av desse er ein kyststat. Det er enno berre Namibia som har ratifisert konvensjonen.

Kapittel 3 i proposisjonen omtalar nærare dei ein­skilde artiklane i konvensjonen. Her vert nokre av dei nemde.

Artikkel 3 listar opp dei generelle prinsippa som skal leggjast til grunn av partane for å oppnå målsetjinga til konvensjonen. Partane pliktar for det første å innføre tiltak som skal sikre ein langsiktig berekraftig bruk av fiskeressursane i området basert på bruk av føre-var-prinsippet. Desse tiltaka skal vere baserte på dei beste tilgjengelege vitskapelege data.

Artikkel 5 slår fast at partane er einige om å etablere Den søraustatlantiske fiskeriorganisasjonen, heretter kalla "Organisasjonen". Organisasjonen vil bestå av sjølve kommisjonen, ein vitskapskomité, ein komité for kontroll- og handheving, samt eit sekretariat.

Artikkel 6 fastset kompetansen til kommisjonen. Kvart medlem skal ha ein representant i kommisjonen. Kommisjonen skal bl.a. kartleggje trong til bevaring og forvalting, utforme og vedta slike tiltak, fastsetje total tillaten fangst og/eller fiskeinnsatsnivå mv.

Artikkel 7 seier at Kommisjonen skal nytte eit føre-var-prinsipp i høve til bevaring, forvalting og utnytting av fiskeressursar i området for konvensjonen for å verne desse ressursane og bevare det marine miljøet.

Artikkel 12 omhandlar finansiering av og budsjett for organisasjonen. Partane sine tilskot skal reknast ut frå ein kombinasjon mellom like delar og fangst i området. I dei tre første åra skal likevel tilskotet delast likt mellom partane utan omsyn til fangst i området.

Artikkel 13 inneheld eit sett av klare plikter som vert knytte til det å vere medlem av SEAFO. For det første blir det kravd at partane gjev opplysningar om fiskeri, mellom anna om biologi, fangststatistikk og kva innsats som er bruka i fisket. Partane skal også regelmessig informere om korleis regelverket til Organisasjonen blir gjennomført i nasjonal lovgjeving. For det andre har kyststatane visse plikter til å samle inn informasjon om bestandar i sitt område, og til å opplyse om reguleringstiltak innanfor dei nasjonale sonene. For det tredje er det krav om at partane informerer om eventuelle sanksjonar overfor fartøy som har brote regelverket i organisasjonen.

Artikkel 14 fastset pliktene til partane som flaggstatar. Utgangspunktet er at ein flaggstat skal setje i verk tiltak som sikrar at fartøya held regelverket i SEAFO, og at slike fartøy ikkje driv noko form for aktivitet som reduserer effekten av slike reglar.

Artikkel 15 omhandlar rettane og pliktene havnestatane har til å fremje effektiviteten av tiltak om bevaring og forvalting.

Artikkel 17 omhandlar vedtak og slår fast at substansielle spørsmål skal vedtakast av kommisjonen ved konsensus blant dei partane som er til stades.

Artikkel 19 slår fast at partane må sikre ei einskapleg forvalting av bestandar som vandrar mellom konvensjonsområdet og dei nasjonale sonene. Det blir gjeve retningsliner for å sikre samsvar mellom dei tiltaka som blir sette i verk i regi av SEAFO, og dei tiltaka som blir sette i verk av kyststatane.

Artikkel 20 fastset kriteria som Kommisjonen skal kunne nytte ved fordeling av fiskerettar i konvensjonsområdet. Ved fordelingar av fiskerettar blir det lagt til grunn ein ganske klar kyststatprofil. For fjernfiskenasjonar vil "historisk fangst" vere det sentrale grunnlaget for slike rettar.

Artikkel 21 inneheld ei anerkjenning av den spesielle trongen utviklingslanda har til retningsliner for samarbeid mellom desse landa.

Artikkel 23 omhandlar gjennomføring av konvensjonen. Kommisjonsvedtak om bevaring og forvalting er bindande for partane. Ein part har rett til å kome med innvendingar mot eit vedtak. Parten skal opplyse om kva alternative tiltak han vil gjennomføre for bevaring og forvalting.

Artikkel 24 inneheld dei sentrale reglane om tvisteløysing. Ein tvist om tolking eller gjennomføring av konvensjonen skal først og fremst løysast ved semje mellom partane. Tvistar av substansiell karakter skal visast til ei bindande tvisteløysningsordning anten gjennom reglar i Havrettskonvensjonen eller i FN-avtala av 4. desember 1995 om fiske på det opne havet når det gjeld vandrande bestandar.

Bakgrunnen for at Noreg opprinneleg blei invitert til å delta i tingingane om ein organisasjon for forvaltinga av fisket i det søraustlege Atlanterhavet, var at norskflagga fartøy hadde fiska i det området som ville kome inn under SEAFOs forvaltingsansvar. Kyststatane i området såg svært gjerne at Noreg var med i SEAFO. Noreg har også gjennom ei rekkje bistandsprosjekt gjeve assistanse til fiskerisektoren, gjennom forvalting, forsking og lovgjeving, både til Angola, Namibia og Sør-Afrika. Noreg har såleis markert seg sterkt i området gjennom fleire år. Noreg blir i tillegg rekna for å kunne ha ei rolle som "brubyggjar" mellom kyststatar og fjernfiskenasjonar.

Dei norske kommersielle interessene i det søraustlege Atlanterhavet er relativt små, då bare eitt norsk fartøy har drive fiske i området dei siste åra.

Ein viktig grunn til at Noreg bør ratifisere SEAFO-konvensjonen er at Noreg prinsipielt er ein sterk tilhengar av regionalt samarbeid om forvalting av felles fiskeriressurser, og Noreg deltek aktivt i andre fiskeriorganisasjonar som Den nordvestatlantiske fiskeri­-organisasjon (NAFO) og Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC). Det er naudsynt med eit sterkt norsk engasjement i prosessane der det blir sett internasjonale rammer for forvaltinga av havområde og der naturressursar blir fastlagde. Det er ei overordna norsk målsetjing å støtte at regionale ordningar knytte til fiske på det opne havet i størst mogleg grad er i samsvar med prinsippa i FN-avtala av 4. desember 1995 om fiske på det opne havet. Norsk deltaking i SEAFO kan både gje innsyn i og høve til å påverke i forhold til statspraksis på området. Indirekte kan dette derfor også leggje tilhøva til rette for å auke påverknaden på den generelle rettsutviklinga, særleg i samband med saker som kan påverke tolkinga av FN-avtala.

Vidare vil Noregs bi- og multilaterale bistandsengasjement i regionen kunne styrkjast gjennom deltaking i SEAFO. Ved eit medlemskap vil Noreg både finansielt og gjennom bidrag til oppbygging av kapasitet og kompetanse medverke til å realisere grunnleggjande rettar for kyststatar som er fattige utviklingsland. Dette er eit eige argument for oppslutnad om reglane i Havrettskonvensjonen og 1995-avtala.

Dei økonomiske tilskota frå medlemene til organisasjonen skal reknast ut frå ein kombinasjon av like delar og fangst i området. I de tre første åra skal likevel tilskotet delast likt på medlemene. Noregs kontingent for 2003 er rekna til om lag 390 000 kroner.

I tillegg til det årlege tilskotet kjem organisasjonskostnader i samband med deltaking i organisasjonen, slik som reiser og opphald i samband med møte. Organisasjonsutgiftene skal dekkjast innanfor dei ordinære budsjetta til Fiskeridepartementet og Fiskeridirektoratet.

Medlemskap i organisasjonen vil ikkje vil ha nemnande administrative konsekvensar.

Uttalelse fra næringskomiteen

Komiteens utkast til innstilling har vært forelagt næringskomiteen som uttaler i brev av 3. desember 2002:

"Komiteen sine medlemer frå Sosialistisk Venstreparti viser til FN-avtala om fiske på det opne havet, underteikna 4. desember 1995 (heretter omtalt som "FN-avtala"). Her heiter det mellom anna at berre statar som er medlemer av ein organisasjon for regional fiskeriforvaltning eller som samtykkjer i å bruke dei tiltaka for bevaring og forvaltning som er fastsette gjennom ein slik organisasjon, skal ha tilgang til dei fiskerressursane som desse tiltaka gjeld for.

Desse medlemene viser til at FN-avtala stiller krav til gjennomsiktigheit, og slike organ skal mellom anna tillate private organisasjonar som har interesse for vandrande bestandar å delta som observatørar på møte og få tilgang til referat og rapportar. Desse medlemene viser til ordningane for deltaking og innsyn i Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjonen, NAFO. Desse medlemene ønskjer å presisere at det er nødvendig at norske styresmakter aktivt bidrar til å oppfylle intensjonane i FN-avtala om openheit og høve for deltaking i etableringa av Den søraustatlantiske fiskeriorganisasjonane, SEAFO."

Næringskomiteen viser ellers til de øvrige fraksjoners merknader i utenrikskomiteens utkast til innstilling til St.prp. nr. 10 (2002-2003) og har for øvrig ingen merknader.

Komiteens tilråding

Komiteen har ingen merknader, viser til proposisjonen og ber Stortinget gjøre følgende

vedtak:

Stortinget gir samtykke til ratifikasjon av konvensjon av 20. april 2001 om bevaring og forvalting av fiskeressursar i det søraustlege Atlanterhavet.

Oslo, i utenrikskomiteen, den 4. desember 2002

Thorbjørn Jagland

leder

Finn Martin Vallersnes

ordfører

Åslaug Haga

sekretær