Innstilling frå sosialkomiteen om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om deltakinga til EØS/EFTA-statane i EU-programmet for folkehelse (2003-2008)

Til Stortinget

Samandrag

EU-programmet for folkehelse (2003-2008) vart formelt vedteke i EU 23. september 2002 ved europaparlaments- og rådsvedtak 1786/2002/EF. Folkehelseprogrammet (2003-2008) samlar EU sine eksisterande handlingsprogram for folkehelse i eitt program, samstundes som verkeområdet for programmet vert utvida.

Sidan 1995/96 har Noreg delteke i åtte handlingsprogram om folkehelse. Alle dei åtte handlingsprogramma sluttar å gjelde 31. desember 2002. Det nye folkehelseprogrammet vil ta til å gjelde frå 1. januar 2003.

Folkehelseprogrammet (2003-2008) opnar for deltaking frå EØS/EFTA-statane. Ei slik deltaking krev ei endring av protokoll 31 artikkel 16 i EØS-avtala. Norsk deltaking i programmet gjer det naudsynt med løyvingsvedtak, og i medhald av § 26 andre leddet i Grunnlova er det difor naudsynt med samtykke frå Stortinget til deltaking i avgjerda i EØS-komiteen.

Det nye folkehelseprogrammet (2003-2008) har tre hovedsøyler:

  • 1. Innsamling og analyse av helsedata og betring av informasjonen om desse data til brukargrupper

  • 2. Snøgg reaksjon mot helsetrugsmål

  • 3. Førebygging av risikofaktorar og fremjing av folkehelsa

Innan kvar og ein av desse tre søylene er det vedteke ei rekkje mål og tiltak.

For å hindre at Noreg seinkar datoen for når avgjerda tek til å gjelde, og for å gjere det mogleg for EØS/EFTA-statane å ta del i programmet så tidleg som mogleg, gjer Regjeringa eit framlegg om at Stortinget sitt samtykke vert innhenta før avgjerda er teken i EØS-komiteen som eit samtykke til deltaking i EØS-komitéavgjerda. Det vil dermed ikkje vere naudsynt for Noreg å ta atterhald for konstitusjonelle prosedyrar ved vedtakinga. Det er ikkje venta at det vil skje endringar i utkastet til avgjerda i EØS-komiteen. Dersom den endelege avgjerda avviker vesentleg frå det utkastet som er lagt fram i proposisjonen, vil saka verte lagt fram for Stortinget på nytt. Avgjerda i EØS-komiteen er venta i møtet til komiteen i januar 2003, men datoen kan verte endra.

Ved deltaking i EU sitt nye folkehelseprogram vil dei økonomiske utgiftene for Noreg auke med 10-15 prosent samanlikna med dei handlingsprogramma som er i bruk i dag. Den norske delen vil utgjere om lag åtte mill. kroner per år.

Deltaking i programmet gjer det mogleg for EØS/EFTA-statane å plassere nasjonale ekspertar i Kommisjonen. Noreg har gjennom dei tidlegare folkehelseprogramma plassert to ekspertar i Kommisjonen og vil i samband med det nye folkehelseprogrammet gjere det same. Lønn og godtgjersle til dei nasjonale ekspertane kjem i tillegg til programkostnadene.

Helsedepartementet rår til at Noreg tek del i ei avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om innlemming av EU-programmet for folkehelse (2003-2008) i EØS-avtala. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.

Uttale frå utanrikskomiteen

Utkast til innstilling er sendt over til utanrikskomiteen til uttale. I brev dagsett 28. november 2002 uttalar utanrikskomiteen at han ikkje har merknader til innstillingsutkastet.

Komiteen si tilråding

Komiteen har ingen merknader viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

Stortinget samtykkjer i at Noreg deltek i ei avgjerd i EØS-komiteen om deltakinga til EØS/EFTA-statane i EU-programmet for folkehelse (2003-2008).

Oslo, i sosialkomiteen, den 2. desember 2002

John I. Alvheim

leiar

Elisabeth Røbekk Nørve

ordførar

Åse Gunhild Woie Duesund

sekretær