Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigrun Eng, Bjørgulv Froyn, Oddbjørg Ausdal Starrfelt og Tor-Arne Strøm, frå Høgre, Anne Berit Andersen, Brit I. H. Andreassen, Sverre J. Hoddevik og leiaren Petter Løvik, frå Framstegspartiet, Thore A. Nistad og Kenneth Svendsen,frå Sosialistisk Venstreparti, Geir-Ketil Hansen og Heidi Sørensen, frå Kristeleg Folkeparti, Odd Holten og Jan Sahl og frå Senterpartiet, Jorunn Ringstad, viser til at Samferdselsdepartementet i proposisjonen legg fram ein del saker under programkategoriane 21.20 Luftfartsformål, 21.30 Vegformål, 21.40 Særskilde transporttiltak, 21.50 Jernbaneformål og 22.10 Post og telekommunikasjonar.
Departementet foreslår i proposisjonen å redusere løyvinga
på kap. 1310 post 70 Godtgjersle for innanlandske flyruter,
med 9 mill. kroner som følgje av m.a. lågare kompensasjonskrav
frå flyselskapa etter at dei blei tekne ut av verkeområdet
for meirverdiavgifts-loven.
På grunn av utsett innflytting i utvida
bygg for Havarikommisjonen for sivil luftfart og jernbane, blir
løyvinga på kap. 1314 post 1 Driftsutgifter, foreslått
redusert med 1,5 mill. kroner.
Samferdselsdepartementet foreslår å opprette
eit interimselskap for å førebu omdanninga av
Luftfartsverket til aksjeselskap frå 1. januar 2003.
Departementet foreslår å løyve
100 000 kroner i eigenkapital til interimselskapet under kap. 1315
post 90 Eigenkapital.
Det blir foreslått å løyve
392 mill. kroner som avdrag på statslån til Oslo
Luftfhavn AS. I samsvar med avtalen blei første avdrag
på lånet betalt i juni 2002. Beløpet
er ved ein inkurie førebels ikkje budsjettert.
Komiteen har ingen
merknader og sluttar seg til forslaga.
Det blir i proposisjonen gjort greie for endringar
i bompengeinnkrevjinga i fastlandssambandet Hitra-Frøya-Fjellværøy
i Sør-Trøndelag. Bakgrunn for saka er å få ned
innkrevingskostnadene.
Den nye ordninga tek til 1. februar 2003 og
vil føre til at innkrevjingsperioden aukar til 2009/2010
mot avslutning i 2006 etter noverande opplegg. Takstane vil ikkje
auke. Innkrevjingskostnadene blir reduserte, men på grunn
av høgare renteutgifter vil dei totale kostnadene bli om
lag som i dag.
Det blir lagt opp til nedlegging av bomstasjonane
på Dolmøy og Ansnes, noko som vil føre
til at innbyggjarane på Hitra, Frøya og Fjellværøy
ikkje lenger vil betale bompengar ved trafikk mellom desse øyane.
Det vil berre bli kravd inn bompengar ved Sandstad bomstasjon på Hitra,
for trafikk gjennom tunnelen frå fastlandet til Hitra.
Fleirtalet i komiteen, alle
unnateke medlemene frå Framstegspartiet, har ingen merknader.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet mener
det vil være urimelig overfor befolkningen på Hitra å forlenge
bompengeperioden fordi bompengeinnkrevingen til de to andre øyene,
Fjellværøy og Frøya, er for lite lønnsom.
Saken illustrerer hvor lite hensiktsmessig bompengefinansiering
er i områder med lite trafikk. Disse medlemmer mener
Hitras befolkning bør få slippe å betale
for en bro og en tunnel som de i praksis ikke har noen nytte av. Disse
medlemmer vil derfor gå imot Regjeringens forslag,
og be om en sak der alle tre bompengestasjonene nedlegges, og der
de økonomiske forpliktelsene for bro- og tunnelanleggene
dekkes ved en bevilgning over statsbudsjettet.
Disse medlemmer foreslår:
"Stortinget ber Regjeringen legge
frem en sak om å nedlegge alle de tre bomstasjonene, og
at de angjeldende veianleggene finansieres over statsbudsjettet."
På grunn av mindre produksjon tidlegare år
enn rekna med, blir det foreslått å redusere løyvinga
på kap. 1330 post 71 Tilskot til ekspressbussar, med 9
mill. kroner.
Departementet foreslår at Senjaferjene
får utbetalt 1,75 mill. kroner til drifta i 2002. Departementet
legg til grunn at statleg tilskot i 2002 ikkje gir føringar
for statleg tilskot i seinare år.
Av praktiske årsaker foreslår
Samferdselsdepartementet at summen på 1,75 mill. kroner
blir postert på kap. 572 Rammetilskot til fylkeskommunar
post 60 Innbyggjartilskot.
Fleirtalet i komiteen, alle
unnateke medlemene frå Framstegspartiet, har ingen merknader
og sluttar seg til forslaga.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser
til at bevilgningen på post 71 kan overføres.
På bakgrunn av Regjeringens forslag til bevilgning på denne
posten for 2003, mener disse medlemmene at det vil
være behov for restmidlene i 2003.
Disse medlemmer vil derfor gå imot
Regjeringens forslag under kap. 1330 post 71.
Departementet foreslår å løyve
2,7 mill. kroner på kap. 1354 post 1 Driftsutgifter, for å oppretthalde
høgt prioriterte aktivitetar i Statens jernbanetilsyn.
Hovudårsaka til meirforbruket er at arbeidet med godkjenning av
rullande materiell til NSB AS og Flytoget AS har blitt meir omfattande
enn rekna med.
Det blir foreslått å auke
løyvinga på kap. 5671 post 80 Renter, med 19 mill.
kroner, m.a. som følgje av at lånet til BaneTele
AS er blitt forlengd i 2002.
På grunn av at det ikkje blei betalt
utbytte frå BaneTele for rekneskapsåret 2001,
foreslår departementet å redusere løyvinga
på kap. 5671 post 81 Utbytte, med 8 mill. kroner.
Komiteen har ingen
merknader og sluttar seg til forslaga.
Betaling av renter på ansvarleg lån
til Posten Norge BA blei høgare enn tidlegare budsjettert.
Departementet foreslår derfor å auke løyvinga
på kap. 5612 post 81 Renter av ansvarleg lån,
med 2,6 mill. kroner, frå 14 mill. kroner til 16,6 mill.
kroner.
Fleirtalet i komiteen, alle
unnateke medlemene frå Framstegspartiet, har ingen merknader
og sluttar seg til forslaget.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet mener
merinntekten på post 81 bør fremkomme som et avvik
i statsregnskapet i forhold til statsbudsjettet for 2002. Det er
en uheldig budsjettpraksis å endre budsjettet på sluttet
av budsjettåret når det ser ut til å bli
et merforbruk eller et mindreforbruk.
Disse medlemmer vil derfor gå imot
Regjeringens forslag under kap. 5612 post 81.
Forslag frå Framstegspartiet:
Stortinget ber Regjeringen legge frem en sak
om å nedlegge alle de tre bomstasjonene, og at de angjeldende
veianleggene finansieres over statsbudsjettet.
Komiteen har elles
ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget
til å gjere slikt
vedtak:
I statsbudsjettet for 2002 blir det gjort følgjande
endringar:
Kap. | Post | Formål: | Kroner |
| | Utgifter: | |
1310 | | Flytransport | |
| 70 | Godtgjersle for innanlandske
flyruter, kan nyttast under kap. 1311 post
71,
blir redusert med | 9 000 000 |
| | frå kr 411 400
000 til kr 402 400 000 | |
1314 | | Havarikommisjonen for sivil
luftfart og jernbane | |
| 1 | Driftsutgifter, blir
redusert med | 1 500 000 |
| | frå kr 20 450
000 til kr 18 950 000 | |
1315 (nytt) | | Etablering av Luftfartsverket
som aksjeselskap | |
| 90 | Eigenkapital, blir
løyvd med | 100 000 |
1330 | | Særskilde transporttiltak | |
| 71 | Tilskot til ekspressbussar, kan overførast, blir redusert med | 9 000 000 |
| | frå kr 18 200
000 til kr 9 200 000 | |
1354 | | Statens jernbanetilsyn | |
| 01 | Driftsutgifter, blir
auka med | 2 700 000 |
| | frå kr 21 200
000 til kr 23 900 000 | |
| | Inntekter: | |
4312 (nytt) | | Oslo Lufthavn AS | |
| 90 | Avdrag på lån, blir
løyvd med | 392 000 000 |
5612 | | Renter av lån
til Posten Norge BA | |
| 81 | Renter av ansvarleg lån, blir
auka med | 2 600 000 |
| | frå kr 14 000
000 til kr 16 600 000 | |
5671 | | Renter og utbytte frå BaneTele
AS | |
| 80 | Renter, blir auka med | 19 000 000 |
| | frå kr 7 500 000
til kr 26 500 000 | |
| 81 | Utbytte, blir redusert med | 8 000 000 |
| | frå kr 8 000 000
til kr 0 | |
Oslo, i samferdselskomiteen, den 4. desember 2002
Petter Løvik
leiar |
Sverre Hoddevik
ordførar |
Geir-Ketil Hansen
sekretær |