Tilråding frå komiteen

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til dokumentet og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:

I

Stortinget ber Regjeringa om å tilretteleggje ein akuttberedskap som kan tiltre overfor næringsliv og lokalsamfunn ved omfattande nedlegging av arbeidsplassar.

II

Stortinget ber Regjeringa leggje til rette for utvikling av nye arbeidsplassar i område som er ramma av omfattande nedlegging av arbeidsplassar, og å gjere greie for tiltaka i den varsla stortingsmeldinga om distrikts- og regionalpolitikken.