Vedlegg 3: Brev frå Fiskeridepartementet v/statsråden til næringskomiteen, dagsett 27. februar 2003

Dokument nr. 8:29 (2002-2003)

Eg syner til brev frå Næringskomiteen av 21. februar d.å. vedkomande forslag frå stortingsrepresentantane Olav Gunnar Ballo, Hallgeir H. Langeland, Heidi Sørensen og Åsa Elvik om å forvalte kongekrabben som ein uønska introdusert art - dokument 8:29 (2002-2003).

Eg har følgjande svar på dei spørsmåla som Næringskomiteen stiller i brevet:

1. Under høyring i komiteen fredag 21. februar 2003 vart det sagt at Gråsoneavtalen også regulerer forvaltninga av kongekrabben. Kva konkret dreier dette seg om?

"Avtalen mellom Norge og Sovjetunionen om en midlertidig praktisk ordning for fisket i et tilstøtende område i Barentshavet", eller "Gråsoneavtalen" som den også blir kalla, blei underteikna av Noreg og Sovjetunionen 11. januar 1978. Den tok til å gjelde med ein gong, og har sidan blitt fornya på årleg basis.

Koordinatene for "Gråsona" er følgjande:

1. 7040’N–3204,6’Ø

5. 7318’N–3330’Ø

2. 7130’N–3000’Ø

6. 7250’N–3630’Ø

3. 7400’N–3000’Ø

7. 7050’N–3630’Ø

4. 7400’N–3330’Ø

Ordningane for utøving av fisket som avtala fastset gjeld altså berre innafor dette området.

I artikkel 7 c) i avtala står følgjande: "Intet fartøy skal fange og oppbevare ombord Kamchatka-krabbe. Tilfeldig oppfisket Kamchatka-krabbe skal omgående i levende tilstand bringes tilbake i sjøen." Gråsoneavtala fastset altså eit utkastpåbod for konge-krabbe i området spesifisert ovanfor.

I artikkel 8 i avtala står like fullt følgjande: "Endringer i paragrafene 6 og 7 samt tilleggsvilkår for tredjelands fiske skal avtales innen rammen av den blandede norsk-sovjetiske fiskerikommisjon." I samsvar med Gråsoneavtala kan altså Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen vedta å endre utkastpåbodet for kongekrabbe.

2. Kva er den folkerettslege statusen til Gråsoneavtala?

Gråsoneavtala er ein bilateral, folkerettsleg bindande avtale mellom Noreg og Russland. Avtala blei godkjend av Stortinget 9. mars 1978. Avtala er tidsavgrensa, men har sidan 1978 blitt forlenga for eit år om gongen ved brevveksling mellom Noreg og Russland, siste gong til 1. juli 2003.