Forslag fra Senterpartiet:
Forslag 1
Stortinget ber Regjeringa leggje til rette for
statleg medfinansiering av nettutbygging i dei områda i
landet som ikkje får tilfredsstillande tilbod om teletenester
på annan måte.
Forslag 2
Det blir berre lyst ut ein av dei ledige UMTS-lisensane.
Det skal leggjast vekt på å få inn ein
ny, solid aktør. Dei opphavelege minstekrava til dekningsomfang
blir oppretthaldne, men det blir vurdert å lempe på minimumsprisen,
slik at konsesjonæren dels betaler for lisensen gjennom
større utbygging av nett.