Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Til Stortinget
I samsvar med § 75 bokstav i) i Grunnlova, legg departementet med dette fram for Stortinget ei liste over dei pensjonane som gjeld mellombels, og som ikkje blei reviderte av det førre Stortinget.
Heile summen av pensjonar som blei utbetalt i 2002, var på kr. 15 872 000. Det er løyvd kr. 14 926 000 på kap. 1541 Pensjonar frå statskassa, post 01, på statsbudsjettet for 2003.
For enkjer/enkjemenn gjeld pensjonen så lenge dei er ugifte.
Departementet nemner ei sak særskilt: Arbeids- og administrasjonsdepartementet tilrår at Valerij Berkov blir gitt ein pensjon frå statskassa frå 1. januar 2003.
Komiteen har ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak:
Stortinget gjev samtykke til at det vert gjeve pensjon frå statskassa i samsvar med framlagte forslag i St.prp. nr. 54 (2002-2003).
Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 26. mai 2003
|
Sonja Irene Sjøli leder |
Ola T. Lånke ordfører |