Innstilling frå kommunalkomiteen om endringer på statsbudsjettet for 2003 i forbindelse med endringer i permitteringsregelverket

Dette dokument

Til Stortinget

Samandrag

Arbeids- og administrasjonsdepartementet legger i proposisjonen frem forslag til endringer i statsbudsjettet for 2003 under kap. 2541 Dagpenger post 70.

Stortinget vedtok 19. juni 2003 endringer i lov 6. mai 1988 nr. 22 om lønnsplikt under permittering og lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd. Lovendringene ga Regjeringen adgang til ved forskrift å forlenge perioden på 26 uker før arbeidsgivers lønnsplikt gjeninntrer for permitterte innen bestemte næringer, samt å forlenge perioden med rett til dagpenger for permitterte innen bestemte næringer.

På denne bakgrunn fastsatte Arbeids- og administrasjonsdepartementet først en generell forskrift med utvidelse av permitteringsperioden med rett til dagpenger til inntil 42 uker i løpet av en 18 måneders periode. Forskriften trådte i kraft 1. juli 2003. 16. juli ble ny forskrift gitt. Denne forskriften gjelder bestemte næringer.

Ved kgl. res. av 27. juni 2003 ble det med hjemmel i bevilgningsreglementets § 11 første ledd bl.a. fastsatt at utgiftene i forbindelse med forskriften, gjeldende frem til 1. november 2003, ble pådratt og dekket. Beløpet var i juni 2003 anslått til inntil 40 mill. kroner. Forskriften er forlenget til 1. januar 2004 og merutgiftene knyttet til forskriften anslås nå til 20 mill. kroner under kap. 2541 post 70 Dagpenger. Anslaget er basert på mer oppdatert tallmateriale.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigvald Oppebøen Hansen, Reidar Sandal, Karl Eirik Schjøtt-Pedersen og Signe Øye, frå Høgre, Peter Skovholt Gitmark, Kari Lise Holmberg og MarieKürstein, frå Framstegspartiet, Torbjørn Andersen og Per Sandberg, frå Sosialistisk Venstreparti, Karin Andersen og Heikki Holmås, frå Kristeleg Folkeparti, Leif Christian Johansen og Anita Apel­thun Sæle, og frå Senterpartiet leiaren Magnhild Meltveit Kleppa, viser til at Stortinget vedtok endringar i lov om lønsplikt under permittering og folketrygdlova med verknad frå 1. januar 2002 der trygdeperioden blei redusert frå 52 til 26 veker.

Komiteen viser også til at det i juni 2001 blei vedteke ei mellombels lov om overgangsreglar særskilt retta inn mot asfaltbransjen. I samband med at Stortinget den 19. juni 2003 vedtok å gje Regjeringa høve til å forlenge perioden på 26 veker før arbeidsgjevars lønsplikt trer inn att og ein forlenga perioden med rett til dagpengar for permitterte innan bestemte næringar, har departementet utvida permitteringsperioden med rett til dagpengar i 42 veker for bestemte næringar med verknad frå 1. juli 2003.

Komiteen registrerer at departementet gjennom forskrift har avgjort at dette unntaket bare skulle gjelde fram til 1. november 2003, og seinare har departementet utvida denne forskrifta fram til 1. januar 2004.

Komiteen vil peike på at ei slik avgrensing i tid ikkje var Stortingets meining då Stortinget vedtok dette og viser til vedtekne endring i § 3 første ledd: "Departementet kan gi forskrift om adgang til å forlenge perioden på 26 uker før arbeidsgivers lønnsplikt gjeninntrer, for permitterte innen bestemte næringer."

Komiteen viser også til at Regjeringa meiner at gjeldande regelverk kan vere i strid med reglane i EØS-avtala og at Regjeringa gjorde reglane mellombels til ho kunne kome attende til Stortinget med framlegg om endringar, jf. Ot.prp. nr. 12 (2003-2004).

Komiteen har elles ingen merknader og viser til at Stortinget vil kome tilbake til eventuelle andre endringar i lova gjennom behandling av Ot.prp. nr. 12 (2003-2004).

Tilråding frå komiteen

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

I statsbudsjettet for 2003 gjøres følgende endringer:

Kap.

Post

Formål:

Kroner

2541

Dagpenger

70

Dagpenger, overslagsbevilgning, forhøyes med

20 000 000

fra kr 10 500 000 000 til kr 10 520 000 000

Oslo, i kommunalkomiteen, den 13. november 2003

Magnhild Meltveit Kleppa

leiar

Sigvald Oppebøen Hansen

ordførar